Statsbudsjettet 2025

Vil oppgradere krisesentera

Regjeringa vil styrke krisesentertilbodet og føreslår å løyve 10 millionar kroner til å etablera ei tilskotsordning for oppgradering av krisesenterbygg.

– Kvinner, menn og barn som er utsett for vald i nære relasjonar, skal få eit betre krisesentertilbod. Det er for mange valdsutsette som ikkje får eit butilbod på krisesenter fordi bygga ikkje er eigna – til dømes dei som treng skjerming eller universell utforming, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Krisesentera er eit av dei viktigaste tilboda for dei mest sårbare utsette – dei som ikkje har ein annan stad å dra til når det er for farleg å vere heime.

Regjeringa foreslår derfor å løyve 10 millionar kroner til å etablera ei tilskotsordning for oppgradering av krisesenterbygg, så kommunar over heile landet kan søke om støtte til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine.

Kommunane må bidra med ein eigendel på 50 prosent. Tilskotet erstattar ikkje dei lovpålagde pliktene til kommunane på krisesenterområdet, men er ei ny tilskotsordning som skal bidra til at fleire kommunar no får betre bygg til krisesenter.

Med dette følgjer regjeringa opp eit oppmodingsvedtak som Stortinget fatta i samband med behandling av revidert nasjonalbudsjett, om oppgradering av krisesenterbygg.