Vil sikre at alle får tilgang til eID
Pressemelding | Dato: 24.04.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Alle som har behov for sikker og brukarvennleg digital identitet skal få det. Det er målet når vi no legg fram ein ny nasjonal strategi for eID i offentleg sektor, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Noreg er eit føregangsland innan digitalisering, men enkelte grupper fell utanfor. Elektronisk ID (eID) er avgjerande for å fungere i det digitale samfunnet.
– I eit moderne samfunn er eID inngangsporten til mye av det ein treng i livet – både banktenester, helseinformasjon og i kommunikasjon med NAV eller Skatteetaten. For dei som ikkje får eID på høgt tryggingsnivå blir livet satt på hald. Det vil vi gjere noko med, seier Gjelsvik.
Viktige mål og tiltak i strategien er mellom anna at alle som har behov skal få tilgang til ein sikker og brukarvennleg digital identitet og ein skal greie ut korleis ein kan lage sikre og brukarvennlege digitale fullmaktsløysingar.
– Vi veit at til dømes eldre, hjelpetrengande, barn og unge under 15 år og ikkje-digitale brukarar har problem med å få BankID, som er dominerande i dag. Vi må ha ei løysing som varetek behovet til alle relevante brukargrupper. Derfor vil vi mellom anna se på moglegheita for ein eID på høgt tryggingsnivå i offentleg regi, seier Gjelsvik.
I tillegg vil det vere til stor hjelp med gode digitale fullmaktsløysingar.
– Det er for tungvint i dag å hjelpe pårørande som treng digital bistand til å betale rekningar eller få innkalling til sjukehus. Samtidig må vi passe på at både personvern og tryggleik varetas i ein digital fullmaktsløysing, seier Gjelsvik.
Strategien omfattar óg tiltak for kopling av utanlandske identitetar, digital ID-kontroll og at dei offentlege løysingane skal tilpassast marknads- og teknologiutviklinga. Det skal vidare sest nærare på løysingar for sikker pålogging for offentleg tilsette.
Tiltaka i den nye strategien blir følgt opp i samarbeid mellom offentlege styresmakter, næringslivsaktørar og andre organisasjonar.
– Vi ønskjer å vareta det gode samarbeidet mellom offentleg og privat sektor. Dette har mellom anna vist seg å bidra til stor utbreiing av dei digitale eID-løsningene i den norske befolkninga, seier Gjelsvik.