Statsbudsjettet 2025

Vil slette 25 000 kroner av studielånet årleg for deg som bur i desse 189 kommunane

Mangel på kompetanse er ei stor utfordring i heile Noreg. Effekten av kompetansemangelen merkast mest i distrikta og i Nord-Noreg. Difor kjem regjeringa med ei ny og målretta satsing for å sikre velferd og verdiskaping i heile landet: Alle med utdanningslån som er i jobb vil få sletta 25 000 kroner årleg. I Nord-Troms og Finmark doblar regjeringa kor mykje ein kan få sletta til heile 60 000 kroner årleg.

Nye rapportar viser at dei minst sentrale kommunane har hatt eit stort flyttetap over lang tid. Talet på 15-åringar i desse kommunane er halverte frå 1978 til 2023. Når ein først har flytta frå ein av dei minst sentrale kommunane, viser ei undersøking frå SSB at det er få som flyttar tilbake. I tillegg har desse kommunane sterkast aldring. SSBs framskrivingar viser ein eldredel på 28 prosent i 2050.

No tek regjeringa kraftige grep for å snu ei negativ trend som har fått utvikle seg over lang tid:

–  Skal vi ta Noreg framover treng vi verdiskapande næringsliv og gode velferdstenester i heile landet. Til det trengs folk med rett kompetanse. No styrker vi tilgangen på kompetanse der mangelen merkast mest. Det gjer vi på den mest effektive måten – direkte i lommeboka. Gjennom denne nye ordninga vil ein nyutdanna arbeidstakar kunne spare fleire hundre tusen kronar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Gjennom ordninga vil alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6  få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må være busett i ein av desse kommunane, og være yrkesaktiv, i minst eit år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er tatt opp.

Doblar satsen for gjeldsslette  i Finnmark og Nord-Troms

I tillegg blir vilkåra for gjeldssletting i Finnmark og Nord-Troms betydeleg bedra: satsen doblast frå 30 000 kroner i året, til 60 000 kroner i året frå 2026. Til saman aukar dei to endringane løyvingsbehovet til gjeldssletting i Lånekassen med om lag 1,3 mrd. kroner i året, frå 2026. Det er meir enn ein dobling av løyvinga. 

– Vi veit frå erfaringane lengst nord i Noreg at sletting av studiegjeld har ein dokumenterbar effekt på busettinga. I våre nordlegaste kommunar er det naudsynt med ekstra kraftfulle grep. Ved å doble satsen her, gir vi eit tydeleg signal og insentiv: Vi skal ha busetting, utvikling og kompetanse i heile landet, og det prioriterer denne regjeringa, seier Oddmund Hoel.

Dei som nyttar seg av ordninga vil ikkje berre tene på å få sletta delar av gjelda årleg. Dei vil også få reduserte renteopptening når gjelda slettast. Tabellen viser kor mykje personar med ulik gjeldsmengde vil tene på ordninga, samla sett over heile nedbetalingsperioden. Ei fast rente på 5 pst. er lagt til grunn.

Lånebeløp

Ordinær kostnad

Samla reduksjon distriktskommunar

Samla reduksjon Finnmark og Nord-Troms

200 000 kr

270 400 kr

158 200 kr

246 400 kr

400 000 kr

644 356 kr

345 756 kr

560 356 kr

600 000 kr

966 534 kr

419 034 kr

785 034 kr

Sone 5:

Alstahaug, Alvdal, Aremark, Aukra, Austevoll, Austrheim, Averøy, Bardu, Bokn, Brønnøy, Bømlo, Drangedal, Etne, Etnedal, Fitjar, Flå, Frosta, Gjemnes, Gjerstad, Gloppen, Grong, Grue, Hadsel, Haram, Heim, Hemnes, Hemsedal, Herøy (Møre og Romsdal), Hjartdal, Hjelmeland, Hol, Hustadvika, Hægebostad, Indre Fosen, Iveland, Kinn, Krødsherad, Kvinesdal, Kvinnherad, Kviteseid, Kvæfjord, Lund, Luster, Lærdal, Meråker, Midtre Gauldal, Målselv, Nesbyen, Nord-Fron, Nærøysund, Oppdal, Overhalla, Rauma, Rennebu, Rindal, Ringebu, Rollag, Røros, Saltdal, Sauda, Sel, Selbu, Seljord, Senja, Sigdal, Sirdal, Sogndal, Sokndal, Stad, Stranda, Stryn, Sunndal, Sunnfjord, Surnadal, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Sørreisa, Tingvoll, Tinn, Tolga, Trysil, Tynset, Tysnes, Ullensvang, Vaksdal, Vegårshei, Vestnes, Vestre Slidre, Vestvågøy, Vindafjord, Vågan, Vågå, Våler (Innlandet), Øksnes, Ørland, Øystre Slidre, Ål, Åmli, Åmot, Årdal, Åsnes

Sone 6:

Andøy, Askvoll, Aure, Aurland, Balsfjord, Beiarn, Bindal, Bremanger, Bygland, Bykle, Bø, Dovre, Dyrøy, Dønna, Eidfjord, Engerdal, Evenes - Evenássi, Fedje, Fjaler, Fjord, Flakstad, Flatanger, Folldal, Frøya, Fyresdal, Gildeskål, Grane, Gratangen, Gulen, Hamarøy, Hattfjelldal, Herøy (Nordland), Hitra, Holtålen, Hyllestad, Høyanger, Høylandet, Ibestad, Kvitsøy, Leirfjord, Leka, Lesja, Lierne, Loabák - Lavangen, Lom, Lurøy, Lødingen, Masfjorden, Meløy, Modalen, Moskenes, Namsskogan, Nesna, Nissedal, Nore og Uvdal, Os, Osen, Rendalen, Rødøy, Røst, Raarvihke - Røyrvik, Salangen, Sande, Skjåk, Smøla, Snåase - Snåsa, Solund, Steigen, Stor-Elvdal, Suldal, Sømna, Sørfold, Tjeldsund, Tokke, Træna, Tydal, Ulvik, Utsira, Valle, Vang, Vanylven, Vega, Vevelstad, Vik, Vinje, Værøy, Åfjord, Åseral

Kommunar i Finnmark og Nord-Troms:

Karlsøy, Lyngen, Storfjord - Omasvuotna - Omasvuono, Gáivuotna - Kåfjord - Kaivuono, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Alta, Hammerfest, Sør-Varanger, Vadsø, Kárásjohka - Karasjok, Guovdageaidnu - Kautokeino, Loppa, Hasvik, Måsøy, Nordkapp, Porsanger - Porsángu - Porsanki , Lebesby, Gamvik, Deatnu - Tana, Berlevåg, Båtsfjord, Vardø, Unjárga - Nesseby