Revidert nasjonalbudsjett
Vil styrke NAV med 50 millionar for raskare sakshandsaming
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
NAV skal og må gje gode tenester og sikre folk tryggleik. Derfor føreslår regjeringa å styrke NAV med 50 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for raskare sakshandsaming.
– Den viktigaste jobben til regjeringa er å skape tryggleik, få fleire i jobb og å halda oppe velferda. Eit påliteleg og velfungerande NAV er sentralt for å lykkast med å gje folk tryggleik i kvardagen. Å styrke NAV, er å styrke fellesskapet, seier arbeids- og inkluderingsminister, Tonje Brenna.
Sakshandsamingstidene i NAV er for lange på fleire område. Derfor tar regjeringa grep og styrker finansieringa, for å snu trenden. NAV har eit breitt samfunnsoppdrag. Det er også høge forventningar om gode, tilgjengelege og effektive tenester. Derfor skal folk får svar på søknader innan rimeleg tid. Målet er raskare sakshandsaming og færre klagesaker.
Raskt og riktig
– Målet er fleire i jobb og færre på trygd. Dei som oppsøker NAV skal få raskt svar, få god oppfølging, og ha tillit til vedtaka dei får. Derfor er det riktig å styrke NAV no, seier Brenna.
Regjeringa har allereie tatt fleire grep for å styrke NAV. For statsbudsjettet i 2022 blei det sørga for ei varig og generell styrking av driftsbudsjettet til NAV på 225 millionar kroner. Auken som no kjem i revidert nasjonalbudsjett, er altså ei ytterlegare styrking.
– Eit sterkt NAV gir oss alle tryggleik og tillit til at sakene blir handsama riktig. Det er viktig for den enkelte som oppsøker NAV og treng hjelp, og for dei som jobbar i NAV.
NAV har store oppgåver framover: Sjukefråværet har auka, og fleire mottar arbeidsavklaringspengar. Den demografiske utviklinga gjer at fleire blir eldre, som også vil gje vekst i talet på brukarar av hjelpemiddel. Alle desse oppgåvene vil i åra framover krevje rask og god sakshandsaming.
Styrkar NAV med totalt 103,7 millionar kroner
I framlegget til revidert nasjonalbudsjett aukar driftsbudsjettet til NAV med 103,7 millionar kroner:
- 25 millionar kroner skal brukast på arbeidsretta oppfølging ved utsette Nav-kontor
- 50 millionar kroner skal brukast til å redusere sakshandsamingstida i NAV
- 28,7 millionar kroner skal brukast til ulike administrative utgifter