Vil vurdere fribeløpet for uføre
Pressemelding | Dato: 21.12.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa vil gjere det lettare for uføre å jobbe. Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna vil no innhente meir kunnskap for å finne ut om endringar i regelverket kan gjere at det i større grad løner seg i å jobbe for uføre.
– Me har eit mål om at fleire uføre skal kombinere jobb og uføretrygd, og at dei som allereie gjer det, skal gjere det i større grad. Om reglane hindrar dei i å jobbe, må det gjerast noko. Med ny kunnskap kan me betre vurdere kva som skal til for at fleire kan jobbe litt, jobbe litt meir, eller komme seg ut i jobb på fulltid, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Fribeløpet gjer at uføre i dag kan tene nærmare 48 000 kroner, eller 0,4 G, utan at det går ut over uføretrygda. Tener ein meir enn dette, blir uføretrygda redusert, men det vil framleis løne seg å jobbe ut over fribeløpet. Årsaka er at arbeidsinntekt og uføretrygd alltid vil vere høgare enn berre uføretrygd. Med ny forsking vil regjeringa få eit betre grunnlag for å vurdere om fribeløpet bør aukast, setjast ned eller vere på same nivå som i dag.
Må løne seg
Uføreordninga skal sikre inntekt og gi økonomisk tryggleik for dei som får uføretrygd. Den skal også stimulere til deltaking i arbeidslivet. For å vekte desse to omsyna, og sikre at det løner seg å jobbe, ønskjer regjeringa å skaffe seg meir kunnskap om regelverket for å kombinere uføretrygd og arbeid, og om det tener dette føremålet.
– Arbeidslinja byggjer på ideen om at flest mogleg skal kunna forsørgje seg sjølv ved hjelp av arbeidsinntekt, og at det skal løne seg for den enkelte. Derfor er det naudsynt at me har eit system der arbeid løner seg, seier Brenna.
Viktig for den enkelte, viktig for samfunnet
Regjeringa er oppteken av at dei som kan og har moglegheit, skal få høve til å jobbe. Det gjeld også dei som får uføretrygd. Arbeid er kjelde til sosial tilhøyrsel og personleg utvikling. Gjennom arbeid får kvar enkelt høve til å ta del i fellesskapet, oppleve meistring og meining.
– Arbeid er bra for den enkelte, og bra for oss som samfunn. Det bidreg til aktivitet i økonomien og at oppgåver blir løyste. Me er heilt avhengige av å inkludere fleire i arbeid, både fordi aldringa vil føre til større behov for arbeidskraft og fordi det er arbeid som finansierer velferdsstaten. Då må me også få med dei som har høve til å jobba litt, seier Brenna.
Utgreiinga skal leggjast fram for Arbeids- og inkluderingsdepartementet i mai 2024. Regjeringa vil vurdere eventuelle endringar i reglane for å kombinera uføretrygd og arbeidsinntekt i forslaget sitt til statsbudsjett for 2025.
Her er utlysinga til oppdraget om utredning av modellar for kombinasjon av arbeidsinntekt og uføretrygd.