Vil vurdere lokalisering av statlege arbeidsplassar til mindre sentrale kommunar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa har endra retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Dei nye retningslinjene som i dag blei fastsett ved kongeleg resolusjon, slår fast at ein alltid skal vurdere minst eit alternativ i ein middels eller lite sentral kommune når ein vurderer kvar ei verksemd skal lokaliserast.

– Statlege verksemder bidreg til å skape eit større mangfald av kompetansearbeidsplassar kring om i landet. Regjeringa vil legge til rette for at statlege arbeidsplassar kan styrke fleire regionale arbeidsmarknader og bidra til ein jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar i Noreg. Med dei nye retningslinjene vil vi aktivt gjere vurdering av lokalisering til mindre sentrale kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Etter dei nye retningslinjene skal nye og omlokaliserte statlege verksemder no som hovudregel ikkje lokaliserast i Oslo-regionen eller andre større byar. Vekst i eksisterande verksemder med ein regional struktur skal også i hovudsak skje utanfor storbyane.

– Statlege arbeidsplassar er i dag i stor grad lokalisert i dei mest sentrale områda av landet, og denne trenden auka under den førre regjeringa. Dette er ei utvikling vi ynskjer å snu, og dei nye retningslinjene blir eit viktig verktøy i dette arbeidet, seier Gjelsvik.

Departementa har det overordna ansvaret for at retningslinjene blir følgt, og for å gjere det endelege vedtaket om lokalisering av underliggande verksemder.