Vinje i Telemark er årets nynorskkommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kulturdepartementet
Nyhet | Dato: 19.11.2018
Kulturdepartementet har kåra Vinje kommune i Telemark til årets nynorskkommune. Statssekretær Jan-Christian Kolstø overrekte i dag prisen på 100 000 kroner til Vinje kommune, ved ordførar Jon Rikard Kleven.
Vinje kommune er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, kommunen har òg nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål.
Juryen seier Vinje kommune fører vidare ein rik kulturarv. På sitt trygge kulturgrunnlag har årets nynorskkommune arbeidd strategisk og kreativt for å gjere nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk.
Språkrådet leier juryarbeidet på vegne av Kulturdepartementet. I juryen sit òg representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.