Regjeringa deler ut 171 millionar til fritidsaktivitetar
Nyheit | Dato: 15.05.2023 | Barne- og familiedepartementet
I desse dagar får kommunar og organisasjonar over heile landet tildelt midlar til lokale aktivitetstilbod. Midlane skal gå til fritids- og ferieaktivitetar retta mot barn og unge som står i fare for å falle utanfor.
- For barn og unge som veks opp i låginntekt kan økonomi hindra deira høve til å delta i fritidsaktivitetar. Spesielt no, med ei høg prisstigning som rammar dei familiane som har aller minst aller hardast. Gode lågterskeltilbod tilpassa lokale behov er derfor viktig for at alle barn og unge skal kunne få vere med, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Gjennom den andre runda med tildelingar i 2023 frå ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge delast det no ut i overkant av 171 millionar kronar til tiltak som styrker barn og unges høve til deltaking. Regjeringa styrka tilskotsordninga med om lag 96 millionar i 2023-budsjettet og dei to siste åra har ordninga har blitt styrka med om lag 181 millionar kroner. Dette inneber at ordninga i år er på om lag 664 millionar kroner.
- Regjeringa vil at alle barn i Noreg skal vekse opp med høve til å delta i fritidsaktivitetar og vere del av det fellesskapet det gir. Aktivitet og deltaking bidrar til å inkludere barn og unge og førebyggjer einsemd og utanforskap, seier Toppe.
Tilskota går til kommunar, private aktørar og frivillige organisasjonar som organiserer tilboda. Målgruppa for ordninga er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar ordninga og oversikten over tildelingane finn du på Bufdir sine nettsider.