Vurderer å gjera om Omsetningsrådet sitt vedtak om tilskotsordning for kjøt
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet vurderer førebels at det er grunnlag for å vurdera å gjera om på vedtaket til Omsetningsrådet om PNS-tilskot.
Nortura har i mange år hatt høve til å få prisnedskrivingstilskot (PNS) for kjøt som konsernet har eksportert til «spesialmarknader», i tråd med eit regelverk fastsett av Omsetningsrådet.
Tilskotet har blitt finansiert med omsetningsavgiftsmidlar frå husdyrprodusentane. I denne samanhengen er «spesialmarknad» definert som Svalbard, oljeinnretningar på den norske sokkelen og skip som fer utanriks. Tilskotet kunne i hovudsak gjevast for heile/halve slakt, men ordninga blei lite brukt.
I 2020 vedtok Omsetningsrådet å endra ordninga slik at tilskotet kan bli utbetalt for eksport av kjøtprodukt som i større grad ber preg av å vera ferdigvarer til bruk i storhushald. Endringa blei gjord for å auka bruken av PNS-ordninga. Det skal vera mogleg å gje tilskotet når det er overskot av kjøt i dei aktuelle dyreslaga (svin, storfe og sau/lam). Rådet vidareførte samstundes avgjerda om at det berre er marknadsregulatoren Nortura som kan få tilskotet.
Tiltak som skal bidra til betre marknadsbalanse i kjøtsektoren skal gjennomførast så nært produsentnivået som mogleg og skal utformast konkurransenøytralt overfor omsetningsledda. Etter PNS-endringa, grip han i høgare grad inn i marknaden for ferdigvarer i kjøtsektoren. Derfor kan tilskotet bidra til å redusera konkurransemoglegheitene for dei andre aktørane i kjøtbransjen når det gjeld leveransar til spesialmarknadene, sidan det berre er Nortura som kan få PNS-tilskotet.
Landbruks- og matdepartementet vurderer derfor førebels at det er grunnlag for å vurdera å gjera om på vedtaket til Omsetningsrådet. Som del av denne vurderinga har departementet bedt om kommentarar frå aktuelle aktørar til saka i brev av 7. oktober. Fristen for fråsegner er sett til 1. januar 2025.
- Les brevet av 7. oktober her Forhåndsvarsel om eventuell omgjøring av Omsetningsrådets vedtak om tilskudd ved salg av kjøtt til spesialmarkeder