Vy og Flytoget er inviterte til forhandlingar om direktetildeling av togtilbodet på Austlandet
Pressemelding | Nr: 48/22 | Dato: 07.04.2022 | Samferdselsdepartementet
– Regjeringa vil gjere togtilbodet på Austlandet enda meir attraktivt for dei reisande. Vi meiner at tydeleg statleg styring er best for å oppnå dette. Regjeringa har difor bede Jernbanedirektoratet om å invitere våre to statlege togselskap Vy og Flytoget til forhandlingar om direktetildeling av togtilbodet på Austlandet. Båe selskap har kompetanse og erfaringar som vi ønskjer at Jernbanedirektoratet skal vurdere, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa avlyste i november 2021 vidare arbeid med konkurransar om å drive persontogtilbodet på Austlandet.
– Den statlege jernbanen er utvikla av fellesskapets midlar gjennom over 150 år. For oss er det viktig å bevare sterke statlege togselskap, slik at vi alltid kan garantere dei reisande eit togtilbod. Dette er ein samfunnskritisk funksjon. Med direktetildeling er regjeringa garantist for at fellesskapet òg i framtida vil ha eigarskap til togselskapa som køyrer på jernbanenettet vårt, seier samferdselsministeren.
Godt eigna for å gjere togtilbodet meir attraktivt
Heilt sidan togtrafikken til og frå Gardermoen starta i 1998 har dei to statlege selskapa Vy og Flytoget drifta alle lokal-, regional- og flytogtilbod på Austlandet.
– I fleire år fram til koronapandemien trefte oss i 2020, var det ein stor auke i talet på togreiser på Austlandet. Både Vy og Flytoget har lang erfaring med attraktive togtilbod til dei reisande. Alt ligg difor til rette for at dei to selskapa er godt eigna til å tiltrekkje seg enda fleire passasjerar, seier samferdselsministeren.
Jernbanedirektoratet skal gjennomføre forhandlingane. Direktoratet har nettopp fått mandatet frå regjeringa, og skal no leggje opp ein prosess som er i tråd med EUs kollektivtransportforordning og anna relevant regelverk.
– Vi er opptekne av at togtilbodet på Austlandet skal drivast effektivt og til beste for dei reisande. Staten kjem dermed til å vere offensiv i forhandlingar om direktekjøp, seier Nygård.
Følgjande strekningar er omfatta av forhandlingar:
Spikkestad/Asker – Lillestrøm
Stabekk/Skøyen – Ski
Oslo S – Hakadal/Jaren
Stabekk – Moss
Oslo S – Mysen/Rakkestad
Oslo S – Ski
Oslo S – Halden
Oslo S – Gjøvik
Skien – Eidsvoll
Drammen – Lillehammer
Kongsberg – Eidsvoll
Drammen – Dal
Asker – Kongsvinger
Notodden – Porsgrunn
Vidare framdrift
Jernbanedirektoratet vil tildele kontraktar seinast sommaren 2023. Trafikken skal starte opp i desember 2023.
For fleire opplysningar – sjå:
- Pressemelding av 19. november 2021 frå Samferdselsdepartementet: Togtilbudet på Østlandet: Regjeringen avlyser konkurransene om trafikkpakkene 4 og 5