Ynskjer innspel til arbeid med skogstrategiar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 15.01.2018
Regjeringa skal utarbeide to strategiar knytt til skog- og trenæringa. Ein strategi for stimulering av etterspurnaden etter grøne trebaserte produkt, og ein strategi for auka forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa. Landbruks- og matdepartementet opnar for eksterne innspel til arbeidet med skogstrategiane.
Grøn konkurransekraft og god måloppnåing i klimaarbeidet krev omstilling og innovasjon. Noreg har gode føresetnadar for fortsatt berekraftig vekst og verdiskaping innan sektorar som baserar seg på fornybare biologiske ressursar, som skog- og trenæringa. Utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar står sentralt for at skognæringa kan ta ut sitt potensial for industriell vekst innanfor bioøkonomien. Samtidig vil rammene for innretninga av produksjonen dels liggje i etterspurnaden i marknaden og dels i dei rammer og føresetnadar offentlege reguleringar og tiltak inneber.
Landbruks- og matdepartementet opnar for eksterne innspel til arbeidet med skogstrategiane, med vekt på følgjande problemstillingar:
- Kva er dei viktigaste hindringane for grøne trebaserte produkt i dagens marknad?
- Kva er dei viktigaste tiltaka for å stimulere etterspurnaden etter slike produkt?
- Kva kan næringsaktørane sjølv gjere innanfor dagens rammevilkår?
- Kva er dei viktigaste utfordringane og tiltak for auka FoUI-innsats i næringa?
- Kva er dei viktigaste kunnskapsbehova for å utløyse næringa sitt potensial i bioøkonomien?
- Korleis kan ein legge til rette for at ny kunnskap og teknologi blir teke i bruk i næringa?
Innspela bør vere så konkrete som råd og på maksimalt to A4-sider.
Frist for innspel er 7. februar 2018 til postmottak@lmd.dep.no.
Kontaktperson knytt til treproduktstrategi er
Arne.Sandnes@lmd.dep.no.
Kontaktperson knytt til FoUI-strategi er
Gunn-Cecilie-Timberlid.Hundere@lmd.dep.no.