Arbeidsretten
Ekstern verksemd | | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidsretten er ein særdomstol som behandlar tvistar om gyldigheit og tolking av tariffavtalar og visse tvistar om tolking av arbeidstvist- og tenestetvistlova sine reglar, tvistar om brot på tariffavtalar og om sanksjonar ved slike avtalebrot. Arbeidsretten behandlar også tvistar om erstatningsansvar ved avtalebrot og ulovleg arbeidsstans.
Arbeidsretten er oppretta med heimel i lov om arbeidstvistar, § 7, og er tillagt oppgåver etter lov om offentlege tenestetvistar. Arbeidsretten er ein særdomstol som behandlar tvistar om gyldigheit og tolking av tariffavtalar og visse tvistar om tolking av arbeidstvist- og tenestetvistlova sine reglar, tvistar om brot på tariffavtalar og om sanksjonar ved slike avtalebrot. Arbeidsretten behandlar også tvistar om erstatningsansvar ved avtalebrot og ulovleg arbeidsstans. Arbeidsretten sine dommar er å finne på Lovdata.
Sidegjeremål
Frå 1. mars 2012 blei dei tre fagdommarane sine sidegjeremål registrerte. Hensikta med registeret er å sikre openheit og at ingen skal trenge å vere i tvil om dommarane si uavhengigheit. Reglane om sidegjeremål går fram av lov 27. januar 2012 nr. 9 om arbeidstvistar § 36 tredje ledd. Det er departementet som fører registeret.
Arbeidsretten sine faste dommarar:
- Arbeidsretten sin leiar, Tron Løkken Sundet
- Arbeidsretten sin nestleiar, Hanne Inger Bjurstrøm
- Dommar i Arbeidsretten, Eli Mette Jarbo
For ytterlegare informasjon og oversikt over Arbeidsretten sine medlemmar, sjå Arbeidsretten si nettside.
Nettside: http://www.arbeidsretten.no/