Statens arbeidsmiljøinstitutt
Ekstern verksemd | | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet og eit sentralt kunnskapsorgan for arbeidsmiljø og arbeidshelse.
Instituttet skal fremje, foredle og formidle kunnskap om arbeidsmiljø og arbeidshelse. Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er eit forskingsinstitutt, underlagt departementet. Instituttet utgjer eit tverrfagleg kunnskapsmiljø med kompetanse innan medisin, fysiologi, kjemi, biologi, psykologi og andre fag. Instituttet rettar seg mot alle delar av norsk arbeidsliv, og kartlegg miljø- og helseforhold, vurderer faremoment og foreslår førebyggjande tiltak på arbeidsplassane.
Nettside: http://www.stami.no/