Statens pensjonskasse
Ekstern verksemd | | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statens pensjonskasse (SPK) administrerer den obligatoriske offentlege tenestepensjonsordninga for statstilsette og for kommunalt og fylkeskommunalt tilsette lærarar.
I tillegg er ein del fristilte statlege verksemder og nokre ideelle-, religiøse og arbeidslivsorganisasjonar medlemmer hos SPK. Desse verksemdene kan melde seg ut av SPK dersom dei ønskjer det. SPK administrerer også tenestepensjonsordningar for bl.a. statsrådar, stortingsrepresentantar, apotekverksemd med fleire.
Ytingane frå SPK er alderspensjon, uførepensjon og etterlatnepensjon. SPK er ei underliggjande verksemd til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, men SPK forvaltar også ordningar som tilhøyrar andre departement sitt sektoransvar. Mellom anna administrerer SPK gruppelivs- og yrkesskadeforsikring samt bustadlånsordninga for staten. Desse ordningane tilhøyrar Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt sektoransvar. SPK blei oppretta i 1917 og har ca. 465 tilsette.
Nettside: http://www.spk.no/