Arbeidsmarknadsavdelinga

Arbeidsmarknadsavdelinga har ansvaret for å fremme ein velfungerande arbeidsmarknad. Avdelinga har ansvaret for politikken og verkemidla for utsette grupper i arbeidsmarknaden, arbeidsinnvandringsregelverket og inntektspolitikken.

Avdelinga forvaltar mellom anna lov om arbeidsmarknadstenester, regelverket for dagpengar under arbeidsløyse) og stønad til einsleg mor eller far (folketrygdlova kapittel 4 og 15), og lov om lønnsplikt under permitteringar. Avdelinga har ansvar for utlendingslovgjevinga si regulering av EØS-borgarar sine rettar, i tillegg til arbeidsinnvandring frå land utanfor EØS. Avdelinga har også oppgåver i samband med inntekts- og lønnsoppgjer og ansvaret for Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU).

Avdelinga har koordineringsansvar for det internasjonale arbeidet som gjeld fleire av avdelingane i departementet.

Avdelinga har følgjande seksjonar:

Analyse- og inntektspolitisk seksjon (AIS)

Seksjonen har ansvar for forsking, utgreiing, overvaking og analysar knytt til arbeidsmarknaden, inkludert tilgang og avgang frå arbeidsstyrken, arbeidsløyse, arbeidsinnvandring, inntekts- og lønnsutvikling m.m.

Avdelingsdirektør: Sigrid Russwurm

Tiltaks- og budsjettseksjonen (TBS)

Seksjonen har ansvaret for utforming og dimensjonering av arbeidsmarknadstiltak for arbeidssøkarar, tiltak for å styrke tilgangen på arbeidskraft og arbeidsmarknadspolitikk retta mot utsette grupper i arbeidsmarknaden.

Avdelingsdirektør: Morten Søndergaard Henningsen

Juridisk seksjon (JS)

Seksjonen har ansvaret for å forvalte og utvikle regelverket som regulerer ulike område av arbeidsmarknaden, slik som dagpengar under arbeidsløyse, permitteringar, arbeidsmarknadslova, arbeidsinnvandring, spørsmål knytt til fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området og stønader til einsleg mor eller far.

Avdelingsdirektør: Cathrine Opstad Sunde

Ansvarsområde

Arbeidsmarknad

Arbeidsmarknadspolitikken skal legge til rette for ein velfungerande arbeidsmarknad. Høg yrkesdeltaking og god utnytting av arbeidskrafta er ein føresetnad for høg verdiskaping og for å oppretthalde og vidareutvikle velferdssamfunnet.

Ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk skal stimulere til god tilgang på arbeidskraft, motverke avgang frå arbeidslivet til varige trygdeytingar og redusere og førebygge arbeidsløyse. Politikken for arbeidsinnvandring skal legge til rette for at bedrifter og verksemder ved behov kan rekruttere kvalifisert arbeidskraft frå utlandet på ein enkel og effektiv måte.
Høg yrkesdeltaking er viktig for å jamne ut økonomiske og sosiale skilnader og hindre fattigdom.

Inntektspolitikk

Inntektspolitikken og det inntektspolitiske samarbeidet har som føremål å bidra til koordinering av lønnsdanninga og såleis bidra til ein moderat pris- og lønnsvekst, som vil styrke grunnlaget for varig høg sysselsetting og låg arbeidsløyse.