Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga
-
Ekspedisjonssjef Ragnhild Nordaas
Nordaas er leier av arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga.
E-post: ragnhild.nordaas@aid.dep.no
Telefon: 22 24 85 00
Arbeidsrett og HMS er ein del av EØS-avtalen, og EU/EØS-arbeid er derfor ein sentral del av avdelinga sitt arbeid. Avdelinga har også ansvaret for Noregs forhold til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), rapportering og oppfølgingsansvar for Den europeiske sosialpakta og relevante FN-konvensjonar.
Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt og administrativt ansvar for Riksmeklaren og Arbeidsretten. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga har eit utvida samarbeid med andre aktørar som partane i arbeidslivet, aktuelle myndigheiter, forskings- og kompetansemiljø mv.
Avdelinga er organisert utan faste seksjonar, men med faggrupper og avdelingsdirektørar med fag- og personalansvar.
Ansvarsområde
Arbeidsmiljø
Målet med arbeidsmiljø- og tryggleikspolitikken er eit arbeidsliv med plass for alle, som sikrar arbeidstakarane si medverknad, medbestemming og behov for vern og tryggleik, og som gir ei hensiktsmessig tilpassing til utviklinga i næringslivet. Hovudstrategien er å bidra til at verksemdene sjølv, gjennom systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, førebyggjer ulukker og helseskade. Myndigheitene sine hovudverkemiddel i arbeidet er regelverk, tilsyn, rettleiing, kunnskapsutvikling og samarbeid.