Avdelinger i Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet består av politisk ledelse, departementsrådens stab og seks avdelinger.
-
Arbeidsmarknadsavdelinga
Arbeidsmarknadsavdelinga har ansvaret for å fremme ein velfungerande arbeidsmarknad. Avdelinga har ansvaret for politikken og verkemidla for utsette grupper i arbeidsmarknaden, arbeidsinnvandringsregelverket og inntektspolitikken.
-
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga
Avdelinga har ansvaret for forvaltning av arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter, HMS-forskriftsverk og arbeidstvistlovgivinga. Avdelinga arbeider med politikkutvikling, regelverk, forvaltning og kunnskapsutvikling knytt til ulike sider ved arbeidslivet, som arbeidstid, stillingsvern, systematisk helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS), inkluderande arbeidsliv, partssamarbeid, medverknad og medbestemming, bekjemping av arbeidslivskriminalitet, useriøsitet og sosial dumping. Avdelinga har også ansvaret for ferielova og regelverk for medbestemming i selskapslovgivinga.
-
Budsjett- og styringsavdelinga
Budsjett- og styringsavdelinga samkøyrer, kvalitetssikrar og følgjer opp departementet sitt arbeid med statsbudsjettet. Avdelinga har vidare ansvar for tryggleiks- og beredskapsarbeidet i departementet, samt etatsstyringa av Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten. Avdelinga har også ansvaret for koordinering av forsking og utvikling i departementet, kommunikasjonen med Riksrevisjonen, tverrgåande oppgåver i styringa av underliggjande verksemder (etatsstyringa), høyringssaker, økonomiforvaltninga i departementet og departementet si interne planlegging og styring. Avdelinga er sekretariat for Berekningsgruppa for folketrygda.
-
Integreringsavdelinga
Integreringsavdelinga har ansvar for politikk og verkemiddel som skal bidra til at fleire innvandrarar kjem i jobb og så raskt som mogleg bli ein del av og bidrar i samfunnet på lik linje med andre. Avdelinga har ei pådrivarrolle og eit ansvar for samordning av integreringspolitikken på tvers av ulike sektorar.
-
Pensjonsavdelinga
Pensjonsavdelinga har det overordna ansvaret for pensjonspolitikken, inkludert arbeidet med pensjonsreforma.
-
Kommunikasjonseininga
Kommunikasjonseininga har ansvar for å informere om dei politiske sakene og vedtaka i departementet. Kommunikasjonseininga har den daglege kontakten med media. Eininga har kontakt med fagavdelingane og hjelper statsråden og politisk leiing i mediesaker. Dette inneber m.a. pressemeldingar, pressekonferansar, innlegg, taler, publisering på regjeringa.no. m.m.
-
Stabsavdelinga
Stabsavdelinga har ansvar for departementet sin organisasjon og fellessystem. Dette omfattar overordna arbeidsgjevarfunksjon i departementet, organisasjonsutvikling, personalpolitikk og internkommunikasjon. Avdelinga har også ansvar for arbeidsprosessar, tryggleik, informasjonsforvaltning og saksbehandlingssystem, i tillegg til drifts- og kontorstøttefunksjonar.
-
Velferdspolitisk avdeling
Velferdspolitisk avdeling har oppgåver knytt til inntektssikring, levekår og oppfølging av dei som har falle utanfor arbeidslivet på grunn av helsemessige eller sosiale problem. Avdelinga har eit særskilt ansvar for sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, samt for sosialtenestelova. Avdelinga har også ansvar for ei rekkje andre ordningar i folketrygda, inkludert pleiepengar, grunn- og hjelpestønad og hjelpemiddel. Avdelinga koordinerer departementet sitt arbeid med oppfølging av intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen).