Integreringsavdelinga

Integreringsavdelinga har ansvar for politikk og verkemiddel som skal bidra til at fleire innvandrarar kjem i jobb og så raskt som mogleg bli ein del av og bidrar i samfunnet på lik linje med andre. Avdelinga har ei pådrivarrolle og eit ansvar for samordning av integreringspolitikken på tvers av ulike sektorar.

Avdelinga har eit særskilt ansvar for busetting av flyktningar, tilskot til kommunar for arbeid med integrering, integreringslova som gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogram for nykomne vaksne innvandrarar, og for kvalifiseringstiltaket Jobbsjansen. Vidare har avdelinga ansvar for statsborgarlova, tolkelova og tilrettelegging for tolking til og frå talespråk i offentleg sektor.

Avdelinga gir og tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar. Arbeid med førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og rasisme, diskriminering og ekstremisme inngår også i integreringsmyndigheitene sitt arbeid.

Integreringsavdelinga har dessutan ei pådrivarrolle og eit ansvar for å samordne integreringspolitikken på tvers av ulike sektoraransvar.

Avdelinga har ansvar for administrativ og fagleg styring av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som skal setje i verk integreringspolitikken på departementet sitt ansvarsområde. Avdelinga har òg fagleg styring av det pedagogiske arbeidet med opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i HK-dir, behandlinga av statsborgarsaker etter statsborgarlova i Utlendingsdirektoratet, og arbeid med negativ sosial kontroll i Bufdir.

Avdelinga har tre seksjonar:

Seksjon for arbeidsmarknadsintegrering og juridiske oppgåver

Seksjonen har ansvar for dei juridiske verkemidla på integreringsfeltet og arbeidsmarknadsintegrering, mellom anna integreringslova, statsborgarlova, tolkelova, kvalifisering av vaksne innvandrarar, tryggleik og beredskap og juridiske oppgåver på tvers.

Avdelingsdirektør: Toril Melander Stene

Seksjon for budsjett og busetting

Seksjonen har ansvar for dei økonomiske verkemidla i integreringspolitikken, statsbudsjett, etatsstyring, digitalisering, busetting av flyktningar, tilskot til kommunar og frivillige organisasjonar, overføringsflyktningar og frivilligheit.

Avdelingsdirektør: Tarjei Havnes

Seksjon for analyse og mangfald

Seksjonen har ansvar for arbeid mot negativ sosial kontroll, mangfald, rasisme og diskriminering, ekstremisme, likeverdige offentlege tenester, FoU (forsking og utvikling) og internasjonale oppgåver.

Avdelingsdirektør: Sigrid Bay