Utval om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar
Styre/råd/utval | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal greie ut moglege årsaker til at vi får færre barn enn tidlegare, korleis det vil påverke samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga. Utvalet skal levere ein NOU vinteren 2026, med ein delleveranse innan april 2025.
Opprettet: 9. august 2024
Opphører: 2026
Mandat for offentleg utval om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar
Utvalgets nettside: Utvalg om fødselstall og velferdsordninger for barnefamilier
Utvalet har desse medlemmene:
Leiar:
Rannveig Kaldager Hart, Oslo, førsteamanuensis ved institutt for helse og samfunn, UiO, Seniorforskar, FHI.
Medlemmer:
Sara Cools, Oslo, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.
Heidi Tiller, Tromsø, Overlege fødselshjelp og kvinnesjukdommar og professor ved Universitet i Tromsø.
Sylo Taraku, Drammen, Rådgivar i Tankesmien Agenda og forfattar.
Vegard Fykse Skirbekk, Oslo, Professor, forskar ved Universitet i Oslo og Forskningsleiar ved Senter for Fruktbarhet og Helse.
Kristoffer Chelsom Vogt, Bergen, Instituttleiar og professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen.
Kari Løvendahl Mogstad, Trondheim, Lege, spesialist i allmennmedisin og forfattar.
Katrine Vellesen Løken, Bergen, Professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole.
Alexander Berg Erichsen, Eidskog, Rådgivar i Fagforbundet og høgskulelektor på Høgskulen i innlandet.
Eva Victoria Sparrman, Oslo, Samfunnsøkonom i NHO.
Erlend Sæther, Alstadhaug, student.
Maiken Køien Andersen, Engerdal, studenttillitsvald i Norsk studentorganisasjon.