Anders Tharaldsen
Artikkel | Sist oppdatert: 09.01.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Namn: Anders Tharaldsen
Tittel: Seniorrådgjevar i folkehelseavdelinga ved seksjon for ernæring og mattryggleik (SEM)
Utdanning: Næringsmiddelkandidat frå Norges landbrukshøgskole (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet), noko som tilsvarar mastergrad i dag. Eg har også tatt etterutdanning i toksikologi ved Karolinska Instituttet utanfor Stockholm i Sverige.
Kvifor søkte du jobb i Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)?
Eg søkte jobb i HOD fordi den faglege bakgrunnen og erfaringa mi passa veldig godt til jobben. Eg har lang fartstid i eit direktorat og har også vore fleire år i det private næringslivet, i matbransjen. Å kunne jobbe med alle sidene av mattryggleik på eit overordna nivå, i skjeringspunktet mellom fag og politikk, tiltalte meg. Utsiktene til å jobbe meir med berekraft i matkjeda syntest eg også var spennande.
Korleis opplever du å jobbe her?
Eg trivst veldig bra. Arbeidsmiljøet er godt, og dei faglege utfordringane aktuelle og interessante. Takhøgda er stor, og det er veldig givande å jobbe med så trivelege og kunnskapsrike folk, både i seksjonen og avdelinga så vel som resten av HOD og dei andre departementa vi samarbeider med.
Kva er ein typisk arbeidsdag for deg?
Det typiske er at få dagar er like. Og det er det store spennet i oppgåver som også gjer det ekstra spennande å jobbe her. Ein del møter blir det naturleg nok, og då ofte med folk frå andre departement vi samarbeider med på matområdet, først og fremst Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Arbeidsoppgåvene spenner frå prosjektarbeid til å skrive notat og talepunkt til politikarane, bidra til mediasaker og koordinere EØS-arbeidet på matområdet. Av og til deltar eg på internasjonale møter i regi av FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO).
Viss ein av dine framtidige kollegaer les dette, kva råd ville du gitt vedkommande om kva ein kan forvente her?
Hen kan forvente ein arbeidsplass der du får brukt mykje av deg sjølv. Å kunne samarbeide er viktig. Ein kjem borti problemstillingar og avgjerder som har noko å seie for store og små delar av samfunnet. Ein må forvente både å måtte dykke ned i smalare, faglege saker og å finne løysingar og avvege ulike omsyn i overordna prinsippsaker.
Kan du gi eit døme på ei givande oppleving du har hatt i di tid i HOD?
Det er litt vanskeleg å peike på ei spesiell oppleving, men det eg generelt synest er mest givande er å kome fram til gode resultat gjennom samarbeid med eigne kollegaer, underliggande etatar og andre departement. Av det ikkje-faglege kan eg nemne opplevingane med det ad-hoc-baserte koret i avdelinga. Eg er ein ivrig songar på fritida, så det er moro av og til å få sunge litt på jobben også, i ein uhøgtideleg samanheng.