Elisabeth Krüger Østbøll

Ansattfoto av Elisabeth Krüger Østbøll
Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Namn: Elisabeth Krüger Østbøll
Tittel: Seniorrådgjevar ved kommunetenesteavdelinga (KTA)
Utdanning: Mastergrad i internasjonal historie frå London School of Economics

Kvifor søkte du jobb hjå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)?

Eg var tilsett i HOD for nokre år tilbake i eit utvalssekretariat, og fekk eit veldig godt inntrykk av departementet og dåverande sjef, som no også er min sjef.

Korleis opplever du å jobbe her? 

Det er eit veldig godt arbeidsmiljø i KTA. Eg set pris på at saksbehandlarane sine faglege vurderingar blir vektlagde og at vi får ta del og ansvar for ulike møter og arbeid som er relevante for porteføljen vår. Eg opplever at mine kollegaer har stor kompetanse og genuin interesse for kommunale helse- og omsorgstenester. Det er motiverande!

Kva er ein typisk arbeidsdag for deg? 

Det er veldig spennande og ulike kvardagar med både hasteoppdrag og meir strategisk arbeid. Eg trivst med kombinasjonen og det tette samarbeidet internt, og på tvers av avdelingar ved behov.

Viss ein av dine framtidige kollegaer les dette, kva råd ville du gitt vedkommande om kva ein kan forvente her?  

For å gjere ein god jobb må ein vere fleksibel og kunne kaste seg rundt når saker dukkar opp. Ein kan støtte seg på gode kollegaer som deler av si erfaring og kunnskap, og ein er med på å utvikle politikk som både er viktig for samfunnet som heilskap og for enkeltpersonar. Det er veldig inspirerande.

Kan du gi eit døme på ei givande oppleving du har hatt i di tid i HOD? 

Eg diggar at vi i min seksjon kan gå frå ein latterkule til gode fagsamtalar og så fortsette latteren etterpå. Eg har stor tru på at vi blir betre medarbeidarar av det, uansett nivå!