Hanne Pedersen Sjursen
Artikkel | Sist oppdatert: 03.01.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Namn: Hanne Pedersen Sjursen
Tittel: Rådgjevar i digitaliseringsavdelinga
Utdanning: Ein bachelorgrad i IT og informasjonssystem og ein anna i folkehelsearbeid
Kvifor søkte du jobb i Helse- og omsorgsdepartemenett (HOD)?
Eg har alltid vore engasjert i helsepolitikk og spesielt utjamning av sosiale ulikskapar i helse. Dette baserer seg i stor grad både på mi arbeidserfaring med mange år i helsesektoren i ulike jobbar som heimesjukepleiar, samt innanfor utdanningsløpet mitt i folkehelsearbeid. Eg fekk òg auga opp for korleis digitalisering kan bidra til å oppnå betre helsetenester og for å utjamne ulikskapar i helse gjennom åra mine med IT-utdanning. Eg har i tillegg alltid vore litt politisk nerd, så å jobbe i skjeringspunktet mellom politikk og fag er veldig spennande.
Korleis opplever du å jobbe her?
Eg trivst veldig godt her i HOD. Eg blir utfordra på mi faglege kompetanse, eg får ansvar og eg trivst godt i ein kvardag med mykje tempo. I tillegg opplever eg eit veldig godt arbeidsmiljø her i HOD: Alle er hyggelege og imøtekomande, alle er transparente og ønsker å dele læring og erfaring, og alle har eit brennande engasjement for helsesektoren.
Kva er ein typisk arbeidsdag for deg?
Arbeidsdagen varierer veldig frå dag til dag. Det er stort sett ein del møte internt og eksternt, oppfølging av underliggande etatar, lesing og skriving av ulike dokument og notat, samt at vi av og til er med politisk leiing på ulike besøk.
Om ein av dine framtidige kollegaer les dette, kva råd ville du gitt vedkommande om kva ein kan forvente her?
Aksepter at det tek litt tid før ein lærer seg sjargongen og korleis det er å jobbe i eit departement, og hugs å spørje mykje – alle ønsker å bidra til å gjere kvarandre betre. I tillegg er byråkratar mykje artigare enn ein skulle tru sett utanfrå.
Kan du gi eit døme på ei givande oppleving du har hatt i di tid i HOD?
Då vel eg å trekke fram eit møte som kollega Vidar leia med alle IKT-leiarane i dei regionale helseføretaka om korleis dei arbeida med informasjonssikkerheit. Det var veldig spennande å høyre kor langt ein er komen i dette arbeidet og korleis dei jobbar med det. I tillegg var det ein veldig fin og uformell tone på møtet, som gjorde det lett å ha ein god dialog. Ikkje-fagleg sett vil eg trekke fram lunsjane ved bordet på avdelinga vår og avdelingsseminaret.