Helse- og omsorgsdepartementet sine verdiar

«Open, profesjonell og initiativrik» er HOD sine verdiar og desse er raud tråd for vår lønns- og personalpolitikk. Vi er ein moderne kunnskapsorganisasjon med gjennomføringsevne. Verdiane er grunnmuren og fundamentet i vår lønns- og personalpolitikk.

Verdiane til HOD er forankra i Etiske retningslinjer for statstenesta.

Open

  • Vi lyttar, lærer og deler
  • Vi kommuniserer opent og tydeleg
  • Vi gir og mottar tilbakemeldingar konstruktiv
  • Vi har respekt for kvarandre sine meiningar

Profesjonell

  • Vi er saklege og objektive
  • Vi sørger for kvalitet og effektivitet
  • Vi viser at vi er ansvarlege og lojale
  • Vi har god rolleforståing for politiske prosessar

Initiativrik

  • Vi tar initiativ og ansvar for heilskapen
  • Vi er pådrivarar for framtidsretta utvikling

Kjenneteikn på godt medarbeidar- og leiarskap er formulert gjennom HODs medarbeidar- og leiar kriterium:

Medarbeidarkriterium

Eg skaper resultat gjennom å…

  1. Arbeide etter avtale mål og prioriteringar
    • Ha god system- og rolleforståing
    • Avklare konkrete krav og forventningar til mine leveransar
    • Levere forventa kvalitet til rett tid
    • Ha eit aktivt forhold til HOD sine verdiar og etiske retningslinjer
  2. Jobbe for at min leiar og kollegaer skal lykkast
    • Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
    • Vere hjelpsom, imøtekommande og støttande
    • Vere raus og spele andre gode
  3. Sjå etter og foreslå forbetringar
    • Ta initiativ
    • Gi og motta konstruktive tilbakemeldingar
    • Bidra til nye måter å løyse oppgåvene på
    • Utforske og utnytte teknologiske moglegheiter
  4. Samarbeide og utveksle kompetanse på tvers av organisatoriske einingar
    • Dele min kompetanse
    • Aktivt bidra inn i samarbeidsarenaer
    • Samhandle med relevante miljø internt og eksternt

Leiarkriterium

Eg skaper resultat gjennom å…

  1. Vise retning, prioritere, formidle mål og følge opp avtalte leveransar
    • Ha god system- og rolleforståing
    • Kommunisere tydeleg kva rolle, myndigheit og ansvar den enkelte har
    • Sørge for at medarbeidarar forstår kva krav og forventningar det er til kvar enkelt sine leveransar
    • Vere tilgjengeleg og støttande, slik at det blir flyt i oppgåveløysinga
  2. Sjå medarbeidarar og vere ein god rollemodell
    • Ha eit aktivt forhold til HOD sine verdiar og etiske retningslinjer
    • Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
    • Jobbe for at medarbeidarar og kollegaer skal lykkast
    • Vere raus og framheve medarbeiderane sin innsats
  3. Legge til rette for utvikling og forbetring
    • Gi og motta konstruktive tilbakemeldingar
    • Skape rom for kompetanseutvikling
    • Ta initiativ og spørre etter forslag til forbetring og effektivisering
    • Utforske og utnytte teknologiske moglegheiter
  4. Sikre heilskap i oppgåveløysinga på tvers av organisatoriske einingar
    • Samhandle med relevante miljø internt og eksternt
    • Skape samarbeidsarenaer for evaluering og læring
    • Sørge for at leveransene tener samfunnet som heilskap