Korleis er det å jobbe hjå oss?

Vi veit at vi har tilsette som trivst. Vi veit også at det er fordi dei får faglege utfordringar og har eit godt arbeidsmiljø. Difor arbeider vi kontinuerleg med dette.

Kven er vi som jobbar i Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)?

I HOD er vi rundt 240 tilsette, fordelt på ulik alder og bakgrunn. Vi er eit høgt utdanna departement, der dei fleste har mastergrad. Dei vanlegaste utdanningsbakgrunnane hjå oss er juristar, statsvitarar, samfunnsvitarar og økonomar, men vi har også mange tilsette med helsefagleg bakgrunn.

Vi er i dag organiserte i sju avdelingar som blir leia av ekspedisjonssjefar og deira avdelingsdirektørar. Avdelingane er organiserte etter både sektorområde og tverrgåande verkemiddel, noko som krev mykje og godt samarbeid på tvers.

Kva er våre verdiar?

«Open, profesjonell og initiativrik» er HOD sine verdiar og desse er den raude tråd for vår lønns- og personalpolitikk. Vi er ein moderne kunnskapsorganisasjon med gjennomføringsevne. 

Verdiane er grunnmuren og fundamentet i vår lønns- og personalpolitikk. Verdiane til HOD er forankra i Etiske retningslinjer for statstenesta.

Arbeidsmiljø og kultur

Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Som tilsett i Helse- og omsorgsdepartementet får du jobbe i skjeringsfeltet mellom fag og politikk i ein sektor med høg politisk merksemd. Helse- og omsorgssektoren er landets største beredskapsressurs.

Helse- og omsorgsdepartementet styrer det førebyggande beredskapsarbeidet og koordinerer handteringa av kriser i sektoren. Departementet har ei 24/7 beredskapsvaktordning og jamlege møter i kriseleiinga.

HOD er ein travel og spennande arbeidsplass med god trivsel og «kort veg» til politisk leiing. Arbeidsoppgåvene er utfordrande og nye medarbeidarar får raskt arbeidsoppgåver der dei må nytte sin kompetanse til å vurdere og analysere faglege problemstillingar. I tillegg til godt fagleg samarbeid og motiverte tilsette, legg vi til rette for at folk skal trivst her. Vi har nye, lyse kontorlokale med eige treningsrom og takterrasse, og har ein eigen velferdskomité som arrangerer både små og store arrangement for våre tilsette.

Kva forventar vi av våre tilsette?

Vårt departement har hovudansvar for at befolkninga får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Alle våre medarbeidarar er forventa å ta ansvar for at arbeidet deira bidreg til overordna mål.

Det blir lagt vekt på godt samarbeid, kompetansedeling og å gjere kvarandre gode. 

Karriere- og kompetanseutvikling 

Vi jobbar mykje med kompetanseutvikling hjå oss, både fordi det er viktig for at den enkelte skal kunne gjere ein best mogleg jobb og fordi vi skal vere ein kvalifisert og attraktiv arbeidsplass for våre tilsette. Kvart år lagar vi derfor ein kompetanseplan i samarbeid med avdelingane.

Som nytilsett i Helse- og omsorgsdepartementet får du moglegheita til å delta på eit introduksjonskurs både internt i departementet og på tvers av departementsfellesskapet. Du får også tildelt ein fadder frå di avdeling. Du vil få opplæring i basiskunnskapar som er viktige for å kunne gjere ein god jobb i departementet. Sjølv om du er heilt nyutdanna og har fersk kunnskap med deg, vil du etter kvart få behov for ny kompetanse og jamleg påfyll.

Helse- og omsorgsdepartementet er avhengig av å rekruttere, utvikle og behalde kompetente og motiverte medarbeidarar. Departementet har derfor ei eiga kompetansestipendordning som blir brukt til å stimulere til fagleg utvikling innanfor våre kjerneområde. Vidare er det også gode moglegheiter for å delta på kurs og seminar. Den viktigaste kompetanseutviklinga føregår likevel i det daglege arbeidet. Gjennom konkrete og utfordrande arbeidsoppgåver lærer du mykje – supplert med god rettleiing og støtte frå dine medarbeidarar og leiarar.

Internasjonale karrieremoglegheiter

Vi samarbeider også mykje utover eigne landegrenser, som kan gi deg moglegheiter for kortare og lengre utanlandsopphald og opparbeide deg internasjonal erfaring.

Frå HOD har vi spesialutsendingar ved EU-delegasjonen i Brussel og ved FN-delegasjonen i Genève, og nasjonale ekspertar i EU-kommisjonen. Vi har også moglegheiter for hospiteringsordningar i EU-kommisjonen og i andre nordiske departement.

Som tilsett i Helse- og omsorgsdepartementet kan du få:

  • Ein meiningsfull jobb med interessante oppgåver
  • Faglege utfordringar innan helsepolitiske saker
  • Kurs, seminar og hospiteringsordningar slik at du får fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Sosiale aktivitetar
  • Sommartid frå mai til september
  • Gode pensjonsordningar
  • Trening i arbeidstida (to timar per veke)
  • Treningsrom
  • Eiga bedriftshelseteneste

Vi held til i eit nytt, moderne bygg sentralt i Oslo, rett bak Tinghuset.