Møt våre medarbeidarar
Artikkel | Sist oppdatert: 06.01.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Møt tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet som fortel om sin arbeidsdag, korleis dei bruker si utdanning og kvifor dei trivst.
Korleis opplever du å jobbe her?
– Det er eit veldig godt arbeidsmiljø i kommunetenesteavdelinga. Eg set pris på at saksbehandlarane sine faglege vurderingar blir vektlagde og at vi får ta del og ansvar for ulike møter og arbeid som er relevante for porteføljen vår. Eg opplever at mine kollegaer har stor kompetanse og genuin interesse for kommunale helse- og omsorgstenester. Det er motiverande!
Elisabeth Krüger Østbøll har ein mastergrad i internasjonal historie.
– Eg trivst veldig godt her i HOD. Eg blir utfordra på mi faglege kompetanse, eg får ansvar og eg trivst godt i ein kvardag med mykje tempo. I tillegg opplever eg eit veldig godt arbeidsmiljø her i HOD: Alle er hyggelege og imøtekomande, alle er transparente og ønsker å dele læring og erfaring, og alle har eit brennande engasjement for helsesektoren.
Hanne Pedersen Sjursen har to bachelorgradar, i høvesvis IT og informasjonssystem og folkehelsearbeid.
– Eg føler på ein stoltheit, men òg eit stort ansvar overfor det norske folket. Avgjerder som blir tatt i HOD, kan ha direkte innverknad på menneske sine liv. Det at ein kan gjere ein forskjell for enkeltindivid er noko av det som motiverer meg mest ved jobben. Og så er det alltid hyggeleg å slå av ein kaffiprat med gode kollegaer.
Carlos Vidal har to mastergradar, i høvesvis farmasi og helseøkonomi og leiing.
– Arbeidsmiljøet er godt, og dei faglege utfordringane aktuelle og interessante. Takhøgda er stor, og det er veldig givande å jobbe med så trivelege og kunnskapsrike folk, både i seksjonen og avdelinga så vel som resten av HOD og dei andre departementa vi samarbeider med.
Anders Tharaldsen er næringsmiddelkandidat frå Norges landbrukshøgskole (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet), noko som tilsvarar mastergrad i dag. Han har også vidareutdanning i toksikologi frå Karolinska institutt utanfor Stockholm.