Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for at befolkninga får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av bustad og økonomi. Departementet styrer helse- og omsorgstenesta gjennom eit omfattande lovverk, årlege løyvingar og ved hjelp av statlege etatar, verksemder og føretak.

Departementet har ansvar innanfor følgande hovudområde:

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvar for fire regionale helseføretak (RHF) samt fleire underliggande etatar.

Under kan du lese meir om ansvarsområda til departementet. 

Departementet har ei sentral rolle i å fremje digitalisering i helse- og omsorgssektoren, og sikrar at tiltaka er i tråd med utviklingsmåla for tenestene. Tiltaka inkluderer digital samhandling, som til dømes Pasientens legemiddelliste, Helseteknologiordninga, digitale tenester for innbyggarar og helsepersonell, betre tilgang og bruk av helsedata for forsking og analyse, kunstig intelligens, digital tryggleik, samt det europeiske helsedataområdet og anna internasjonalt samarbeid.

Departementet ivaretar etatsstyringa av Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for medisinske produkt, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, Statens helsetilsyn, Bioteknologirådet, Norsk pasientskadeerstatning, Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Departementet ivaretar også eigarstyringa av dei regionale helseføretaka (RHF), Norsk helsenett SF og Vinmonopolet AS.

Folkehelsearbeidet skal bidra til at folk får fleire leveår med god helse, redusert risiko for sjukdom og bidra til å redusere sosial ulikskap i helse. Tobakksførebygging, auka fysisk aktivitet, god ernæring, trygg mat og trygt drikkevatn er viktige innsatsområde for å betre folkehelsa.

Folkehelsearbeidet omfattar også miljøretta helsevern, smittevern og strålevern med tilhøyrande lovområde. Departementet har også ansvar for alkohol- og narkotikapolitikken.

Helse- og omsorgsdepartementet har det nasjonale ansvaret for helseberedskapen, og for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i tråd med krava i samfunnssikkerhetsinstruksen. Dette blir mellom anna ivaretatt gjennom systematisk arbeid og utvikling av regelverk, gjennomføring av tilsyn, budsjett- og tilskotsforvaltning, samt gjennom leiing, organisering og styring av forvaltninga og føretak, inkludert dei regionale helseføretaka. Departementet leier Helseberedskapsrådet og deltar i Kriserådet.

Departementet har ansvaret for helselovgivinga, med mellom anna pasient- og brukarrettighetsloven, spesialisthelsetjenesteloven, helse- og omsorgstjenesteloven, tannhelsetjenesteloven og folkehelseloven. Enkelte tenester har sine særskilte lover, som til dømes abortloven, transplantasjonslova og bioteknologiloven. Særlege plikter for helsepersonell er fastsett i helsepersonelloven og statsforvaltarar og Statens helsetilsyn fører tilsyn med helse- og omsorgstenesta etter helsetilsynsloven.

Noreg har eit stort internasjonalt helsepolitisk engasjement gjennom samarbeid i EU/EØS, FN/WHO, OECD, Europarådet, Nordisk ministerråd og nordområda. EU-samarbeidet er prioritert, og Helse- og omsorgsdepartementet har ei variert EU/EØS-portefølje. Vi samarbeider med EU om mattryggleik, ernæring, legemiddel, digitale helsetenester, og folkehelseproblem som tobakk, ikkje-smittsame sjukdommar, kreft og mental helse. Helseberedskap er viktig, og regjeringa arbeider for å knyte seg til EUs helseberedskapssamarbeid. Departementet deltar i fleire EU-program, inkludert EU4Health, UCPM og Horisont Europa.

Noreg er medlem av WHOs styre frå 2024 til 2027, og har publisert ein eigen strategi for dette. WHO er FN sin helseorganisasjon og spelar ei viktig rolle i globale helseutfordringar, normer, standardar og krisehandtering. Noreg prioriterer styring, universell helsedekning, og beredskap i helse- og humanitære kriser.

Kommunane har ansvar for tenestetilbodet til personar med behov for helse- og omsorgstenester. Dei største brukargruppene for desse tenestene inkluderer eldre personar. I yngre aldersgrupper er dei største brukargruppene personar med nedsett funksjonsevne og personar med psykiske helseproblem eller rusmiddelproblem.

Helse- og omsorgstenestene i kommunane skal gi folk tryggleik for at dei får nødvendig helsehjelp der folk bur eller oppheld seg. Fastlegane er ein viktig del av denne tenesta, saman med mellom anna legevakt, helsestasjonar og skulehelseteneste, fysioterapi, heimebaserte tenester og sjukeheim.

Befolkninga skal ha god tilgang til sikre og effektive legemiddel. Det offentlege dekker det vesentlegaste av utgiftene til reseptpliktige legemiddel. Omsetningskjeda for legemiddel er gjennomregulert. Apoteka sikrar at pasientane får utlevert legemidla saman med viktig informasjon om riktig bruk.

Hjelp til personar med psykiske plager og lidingar blir gitt dels gjennom den kommunale helse- og omsorgstenesta og dels gjennom spesialisthelsetenesta, samt gjennom frivillige tilbod utanfor den offentlege helsetenesta. Kommunen skal sørge for at personar med psykiske plager og lidingar blir tilbydd nødvendige helse- og omsorgstenester.

Hjelp til personar med rusmiddelproblem blir gitt dels gjennom den kommunale helse- og omsorgstenesta og dels gjennom spesialisthelsetenesta, samt gjennom frivillige tilbod utanfor den offentlege helsetenesta.

Kommunen skal sørge for at personar med rusmiddelproblem blir tilbydd nødvendige helse- og omsorgstenester. Sjukehusa skal sørge for at personar som er avhengige av rusmiddel får tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). TSB omfattar både akutte tenester, avrusing, polikliniske og ambulante tenester og døgntenester.

Spesialisthelsetenesta omfattar sjukehus, poliklinikkar, legespesialistar, ambulanseteneste og anna. Ansvaret for spesialisthelsetenesta er tillagt dei fire regionale helseføretaka (RHF), som er eigd av staten ved Helse- og omsorgsdepartementet. Spesialisthelsetenester blir ytt i sjukehus og frå privatpraktiserande spesialistar og klinikkar.

Dei regionale helseføretaka (RHF) skal sørge for spesialisthelsetenester til befolkninga, enten gjennom sjukehus som RHF-ane eig, og som er organisert som helseføretak, eller ved avtale med private tenesteytarar.

Barn og unge har rett til gratis tannhelseteneste frå fylkeskommunal tannklinikk fram til det året dei fyller 18 år. Deretter har dei rett til tannhelsetenester frå fylkeskommunal tannklinikk mot 25 prosent eigenandel fram til det året dei fyller 24 år. I tillegg har nokre andre grupper i samfunnet rett til gratis tannhelseteneste frå fylkeskommunen, først og fremst utviklingshemma, personar som mottar heimesjukepleie i eit visst omfang og bebuarar i sjukeheim, samt enkelte grupper  rusavhengige.  

Vidare skal fylkeskommunen sørge for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som bur eller mellombels oppheld seg i fylket. Mange fylkeskommunar tar derfor imot betalande vaksne pasientar, ofte grunna svak privat tannlegedekning.