Etatar og verksemder
-
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap / Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. DSB skal sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering.
Nettside: https://www.dsb.no/
-
Hovudredningssentralen / Hovedredningssentralen
Hovudredningssentralen har overordna operativt ansvar ved søk- og redningsaksjonar i Noreg.
Nettside: https://www.hovedredningssentralen.no/
-
Konfliktråda / Konfliktrådene
Konfliktråda organiserer ei gratis meklarteneste, og som har til føremål å løyse tvistar mellom private partar eller mellom individ og samfunn. Konfliktrådet tilbyr arena for konfliktløysing både i sivile saker og i straffesaker.
Nettside: https://www.konfliktraadet.no/
-
Kontoret for valdsoffererstatning / Kontoret for voldsoffererstatning
Kontoret for valdsoffererstatning er eit statleg forvaltningsorgan som handsamar søknader om valdsoffererstatning, og gir råd og rettleiing til kriminalitetsutsette.
Nettside: https://www.voldsoffererstatning.no/
-
Kriminalomsorgsdirektoratet
Kriminalomsorga er straffegjennomføringsapparatet i samfunnet, og skal gjennomføre dei reaksjonane som påtalemakt eller domstol har avgjort. Dette skjer gjennom bruk av fengsel, strafferettslege særreaksjonar, forvaring, samfunnsstraff og varetektsfengsling.
Nettside: http://www.kriminalomsorgen.no/
-
Nasjonalt tryggingsorgan / Nasjonal sikkerhetsmyndighet
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er Noregs ekspertorgan for informasjons- og objekttryggleik, og er det nasjonale fagmiljøet for IKT-tryggleik.
Nettside: https://nsm.no/
-
Politidirektoratet
Politidirektoratet er den øvste leiinga i politiet. Politidirektoratets hovudoppgåver er fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av politidistrikta og særorgana til politiet.
Nettside: https://www.politiet.no/
-
Politiets tryggingsteneste / Politiets sikkerhetstjeneste
Politiets tryggingsteneste (PST) er eit særorgan i politietaten, direkte underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Politiets tryggingsteneste skal førebyggje og etterforske truslar mot tryggleiken, ulovleg etterretningsverksemd og politisk motivert vald i riket.
Nettside: https://www.pst.no/
-
Sivil klareringsmyndighet
Sivil klareringsmyndigheit (SKM) er eit direktorat og forvaltningsorgan under Justis- og beredskapsdepartementet. Som den sentrale sivile klareringsmyndigheita er deira samfunnsoppdrag å beskytte nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidarar.
Nettside: https://sivilklareringsmyndighet.no/
-
Statens sivilrettsforvaltning
Sivilrettsforvaltninga (SRF) er ansvarleg for ei rekkje statlege ordningar som har mykje å seie for enkeltpersonar i Noreg. Desse ordningane skal styrkje rettstryggleiken og sikra rettane til kvar enkelt. SRF er også sekretariat for fleire kommisjonar og utval.
Nettside: http://www.sivilrett.no/
-
Sysselmeisteren på Svalbard / Sysselmesteren på Svalbard
Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten til regjeringa på øygruppa og har rolle både som politimeister og statsforvaltar.
Nettside: https://www.sysselmesteren.no/
-
Utlendingsdirektoratet (UDI)
Utlendingsdirektoratet (UDI) skal setje i verk flyktning- og innvandringspolitikken på Justis- og beredskapsdepartementet sitt ansvarsområde.
Nettside: https://www.udi.no/
-
Utlendingsnemnda (UNE)
Utlendingsnemnda (UNE) er eit sjølvstendig, uavhengig og domstolsliknande organ som behandlar klager i utlendingssaker og statsborgarsaker. Uavhengige nemnder eller nemndleiarar avgjer den enkelte saka, etter reglane i utlendingslova og utlendingsforskrifta.
Nettside: https://www.une.no/