Tilknytte verksemder
-
Domstoladministrasjonen
Domstoladministrasjonen (DA) er eit sjølvstendig forvaltningsorgan, og skal vareta og støtte opp under sjølvstendet til domstolane og dommarane. DA har ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane, og skal bidra til at dei er i best mogleg stand til å møte utfordringane sine.
Nettside: http://www.domstol.no/
-
Grensekommisæren for den norsk-russiske grensa
Noregs Grensekommissær for den norsk-russiske grensa har som hovudoppdrag å sjå til at Grenseavtalen av 1949 og andre bilaterale overeinskomstar som regulerer grenseforholda mellom Noreg og Russland blir overhaldne av begge partar.
Nettside: http://www.politi.no/grensekommissariatet/om_grensekommisariatet/
-
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker / Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker
Gjenopptakingskommisjonen avgjer om ein domfelt med rettskraftig dom skal få behandla saka si på nytt av retten. Kommisjonen er uavhengig av politiet, påtalemyndigheita og domstolane.
Nettside: https://www.gjenopptakelse.no/
-
Påtalemakta / Påtalemyndigheten
Riksadvokaten er øvste leiar av påtalemakta, har det overordna ansvaret for all straffesaksbehandling, både i politiet og i Den høgare påtalemakta. Påtalemakta omfattar også statsadvokatar og påtalejuristar. Justis- og beredskapsdepartementet har administrativt ansvar for Riksadvokaten.
Nettside: http://www.riksadvokaten.no/
-
Sivilforsvaret
Sivilforsvarets primæroppgåve er å beskytte befolkninga i krig. Etaten er også statens beredskapsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatar ved større ulykker og hendingar.
Nettside: https://www.sivilforsvaret.no/
-
Spesialeininga for politisaker / Spesialenheten for politisaker
Spesialeininga for politisaker har ansvaret for å etterforske, påtaleavgjere og føre saker mot tilsette i politi- og påtalemakt om straffbare handlingar i tenesta.
Nettside: http://www.spesialenheten.no/
-
Tilsynsrådet for advokatverksemd / Tilsynsrådet for advokatvirksomhet
Tilsynsrådet for advokatverksemd fører tilsyn med Noregs praktiserande advokatar og rettshjelparar. Dei skriv også ut advokatløyve, autorisasjonar som advokatfullmektig, samt løyve til ulike rettshjelparar og rettshjelpetiltak.
Nettside: http://tilsynet.no/