Kriminalomsorgsdirektoratet

Kriminalomsorga er straffegjennomføringsapparatet i samfunnet, og skal gjennomføre dei reaksjonane som påtalemakt eller domstol har avgjort. Dette skjer gjennom bruk av fengsel, strafferettslege særreaksjonar, forvaring, samfunnsstraff og varetektsfengsling.

Det norske straffegjennomføringssystemet er basert på humanistiske prinsipp og på individuell tilrettelegging for dei domfelte og innsette. Omsynet til kravet frå samfunnet om vern mot kriminelle handlingar skal balanserast med omsynet til utsiktene den einskilde domfelte og innsette har for å vende tilbake til samfunnet som framtidig lovlydige borgarar.

Straffa eller varetektsfengslinga skal gjennomførast på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Det skal leggjast til rette for at lovbrytarar kan gjere ein innsats for å endre det kriminelle handlingsmønsteret sitt.

Det er Lov om gjennomføring av straff - straffegjennomføringslova som regulerer og legg rammene for korleis straff skal gjennomførast både i og utanfor fengsel.

Kriminalomsorga er organisert i tre nivå:

Organisasjonskart med bokser fordelt over tre nivåer
Foto: Kriminalomsorga

Direktorat

Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har det øvste faglege og administrative ansvaret for kriminalomsorga. Direktoratet blir leia av direktør Lise Sannerud.

Regionar

Det er fem regionar i kriminalomsorga. Desse har ansvar for straffegjennomføringa i sin region og skal sikra heilskapleg ressursutnytting og eit godt samarbeid med andre regionar.

Fengsla, overgangsbustadene og friomsorgskontora

Fengsla og friomsorgskontora har ansvaret for den daglege drifta av eininga si.

Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS

Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS er kompetansesenter for kriminalomsorga i Noreg. KRUS tilbyr ei toårig høgskuleutdanning i straffegjennomføring (fengselsbetjentutdanning) og er den einaste staden i Noreg du kan utdanna deg til fengselsbetjent. I tillegg driv KRUS forsking og formidlingsarbeid, og tilbyr etatsretta utdanning for verksbetjentar, og etter- og vidareutdanning for tilsette i kriminalomsorga og hos samarbeidspartnarar.

Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar

Nettside: http://www.kriminalomsorgen.no/