Fagskolerådet

Kunnskapsdepartementet har utnemnt medlemmer og varamedlemmer til Nasjonalt fagskoleråd for 2024–2025. Dei neste to åra skal dette fagskolerådet gi råd til departementet i spørsmål om høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg.

Nasjonalt fagskoleråd blir utnemnt for ein periode på to år, og rådet består av 18 medlemmer og to varamedlemmer til kvar medlem. Dei skal gi råd til Kunnskapsdepartementet i spørsmål om høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskolerådet skal også vidareutvikle fagskolesektoren og fremme samarbeid mellom sektoren og arbeidslivet.

Det er partane i arbeidslivet og organisasjonar frå fagskolesektoren som sit i Nasjonalt fagskoleråd, og dei respektive organisasjonane har sjølv nominert sine medlemmer. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er sekretariat. Fagskolerådet utnemner eigne arbeidsgrupper for spesielle formål etter behov og samarbeider med faglege nasjonale utval.

Kunnskapsdepartementet har utnemnt følgjande medlemmer og varamedlemmer til Nasjonalt fagskoleråd for 2024–2025:

Medlemmer

  • Trude Tinnlund (LO), Østfold
  • Arvid Ellingsen (LO), Oslo
  • Margrethe Gjessing (NHO), Oslo
  • Tord Hauge (NHO), Oslo
  • Brynjard Rønningen (KS), Østfold
  • Odd Joar Svendsen (KS), Agder
  • Kristine Bettum (Virke), Oslo
  • Trond Bergene (Spekter), Akershus
  • Ingeborg Lovise Tyse (Utdanningsforbundet), Rogaland
  • Einar Hanisch (YS), Oslo
  • Anja Johansen (FFF), Oslo
  • Aage Alexander Hoff (FFF), Akershus
  • Elin Dahling (HØY), Vestfold
  • Ketil Solbakke (HØY), Østfold
  • Trine Røssevold (NFFL), Møre og Romsdal
  • Marthe Dirdal (Kompetanseforbundet), Oslo
  • Thea Tuset (ONF), Oslo
  • Ingrid Marie Aarre (ONF), Oslo

Varamedlemmer

  • Benedikte Sterner (LO), Oslo
  • Kristian Ilner (LO), Oslo
  • Tonje Thorbjørnsen (LO), Akershus
  • Jan Oddvar Holthe (LO), Østfold
  • Målfrid Rønnevik (NHO), Rogaland
  • Henrik Hamborg (NHO), Oslo
  • Inger Dyrnes (NHO), Akershus
  • Svein Harald Larsen (NHO), Oslo
  • Kristin St. Hilaire (KS), Oslo
  • Kristin Holm Jensen (KS), Akershus
  • Thomas Volden (KS), Oslo
  • Lars Runar Zahl-Jensen (KS), Oslo
  • Helene Ytteborg (Virke), Akershus
  • Arild Grande (Virke), Oslo
  • Ingrid P. Gulbrandsen (Spekter), Oslo
  • Olav Wendelbo Kvam (Spekter), Akershus
  • Kristin Vik (Utdanningsforbundet), Oslo
  • Anne Yun Rygh (Utdanningsforbundet), Vestfold
  • Bente Søgaard (YS), Oslo
  • Jill Hellem (YS), Rogaland
  • Ragnhild Bjerkvik (FFF), Rogaland
  • Ommund Vegge (FFF), Akershus
  • Olav Slettahjell (FFF), Oslo
  • Kaia Brækken (FFF), Akershus
  • Adeline Berntsen Landro (HØY), Vestland
  • Gunnbjørg Engehagen (HØY), Agder
  • Jens Christian Thysted (HØY), Telemark
  • Harry Arbe Haugen (HØY), Troms
  • Gry Ulvedalen (NFFL), Oslo
  • Audun Raen (KFF), Agder
  • Thorleif Hjeltnes (FuN), Trøndelag
  • Signe Baksaas Gjeldstad (FuN), Vestfold
  • Nikolas Frogner (ONF), Oslo
  • Edvart Aune (ONF), Akershus
  • Tom Alexander Østensen (ONF), Vestland
  • Vetle Morales Ree (ONF), Troms

Fagskolerådet skal

  • Bidra til å utvikle rammar og strategiar for fagskoleutdanninga som varetek den enkelte, verksemdene og samfunnet sine behov for yrkesretta kompetanse og livslang læring.
  • Fremme dei samla interessene til fagskulane som sjølvstendig del av utdanningssystemet, arbeid for at fagskulane får føreseielege og tilfredsstillande økonomiske vilkår og gi råd til regionale og sentrale styresmakter i aktuelle fagskolesaker.
  • Bidra til fleksible fagskoletilbod tilpassa kvar enkelt student og arbeidslivet sine behov.
  • Arbeide for at studentane sine rettar blir godt varetekne gjennom forskrifter, lovgiving og andre rammevilkår.
  • Styrke samarbeid mellom offentleg og privat fagskolesektor, samarbeide med dei nasjonale fagutvala, og leggje til rette for kvalitetsutvikling i fagskolesektoren.
  • Arbeide for å utvikle system for overgangar begge vegar mellom høgare yrkesfagleg utdanning og høgskole- og universitetsutdanning i samarbeid med NOKUT og UHR.
  • Arbeide for at fagskoletilboda står fram som attraktive utdanningstilbod for dei som ønskjer ei høgare yrkesfagleg utdanning.
  • Vareta kontakt med arbeidslivet for å gi råd om kompetansebehov innan aktuelle fagområde.
  • Bidra til synleggjering av høgare yrkesfagleg utdanning, vurdere behovet for og presentasjon av informasjon om høgare yrkesfagleg utdanning og foreslå område for forsøk, statistikk- og utviklingsarbeid og forsking innanfor fagskolesektoren.
  • Fremme internasjonalisering av og i høgare yrkesfagleg utdanning.