Historisk arkiv

Opptaksutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Opptaksutvalet skal gjere ein heilskapleg gjennomgang og vurdere regelverket for opptak til høgare utdanning. Dei skal foreslå eit forståeleg og fleksibelt opptaksregelverk, som varetar rettstryggleiken til søkarane og som kan tilpassast høgare utdanning i framtida og den teknologiske utviklinga.

Arbeidet til utvalet skal ende med ei norsk offentleg utgreiing (NOU), som skal leverast Kunnskapsdepartementet seinast 1. desember 2022.

Medlemmene i utvalet:

Marianne Aasen (leiar), leiar for Simula School of Research and Innovation

Ingeborg Marie Østby Laukvik, dagleg leiar for Halden Næringsutvikling

Ingebjørg Buli Trydal, avdelingsleiar HR i Agder Energi

Bjørnar Klausen Pande Wølner, seksjonssjef for opptak ved Universitetet i Sørøst-Norge

Asbjørn Strandbakken, professor i jus ved Universitetet i Bergen

Astrid Marie Jorde Sandsør, forskar ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, med ei bistilling ved NIFU

Marit Reitan, prorektor for utdanning ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Nina Ellingsen Høiskar, fylkesdirektør for utdanning og kompetanse i Nordland fylkeskommune

Gard Tekrø Rolid, rektor ved Fagskolen Innlandet

Morten Wolden, kommunedirektør i Trondheim kommune

Terje Mørland, divisjonsdirektør for Divisjon utdanning og administrasjon i Sikt - Kunnskapssektorens tjenesteleverandør

Hege Nilssen, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Kristin Schultz, student

Joachim Børlie, Norsk studentorganisasjon