Forskings- og administrasjonsavdelinga (FA)

Seksjonen jobbar med vidareutvikling av forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikken. Viktige oppgåver er oppfølging av regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning og attpåtil utvikling av sirkulære bioøkonomien i Noreg. Seksjonen har ansvar for departementet si etatsstyring av NIBIO og styringsdialogen med Noregs forskingsråd. Seksjonen følgjer òg opp landbruks- og matfaglege forskingsmiljø og internasjonalt forskingssamarbeid i tillegg til rekruttering til landbruks- og matutdanning og kompetansetiltak i sektoren.

Avdelinga skal bidra til å vidareutvikle og gjennomføre forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikken retta mot landbruks- og matsektoren. Avdelinga har ansvar for etatsstyring av Norsk institutt for bioøkonomi og styringsdialogen med Norges forskingsråd, og skal koordinere etatsstyringa av departementet sine underliggjande verksemder. Avdelinga skal òg koordinere arbeidet med tryggleik, beredskap og digitalisering i landbruks- og matforvaltinga.

Avdelinga skal leggje til rette for god personalforvalting og organisasjonsutvikling, gode digitale tenester, og vareta tryggleik og beredskap i departementet. Avdelinga koordinerer òg arbeidet med statsbudsjettet og den interne verksemdstyringa.

Statsrådseininga (SRE)

Eininga koordinerer og tilrettelegg det praktiske og administrative arbeidet for politisk leiing og departementsråd, til dømes ved arrangement, møter og reiser. Eininga koordinerer òg departementet sitt arbeid med regjeringsnotat, saker i Statsråd, statsråden sin deltaking i Stortinget og rapporteringar til Statsministeren sitt kontor og Stortinget.
 

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon for tryggleik, informasjonsforvalting og digitalisering (SID)

    Seksjonen har ansvar for tryggleik og beredskap i departementet, og skal koordinere tryggleiks- og beredskaparbeidet i sektoren og i landbruks- og matforvaltinga. Seksjonen har det overordna ansvaret for dei digitale tenestene i departementet, og skal koordinere digitaliseringsarbeidet i departementet og i forvaltinga. Innan informasjonsforvalting har seksjonen ansvar for intranettet og sak- og arkivsystemet. Seksjonen driftar departementet sitt servicetorg.

  • Seksjon for forskning, innovasjon og utdanning (FIU)

    Seksjonen jobbar med vidareutvikling av forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikken. Viktige oppgåver er oppfølging av regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning, samt utvikling av bioøkonomien i Noreg. Seksjonen har ansvar for departementet si etatsstyring av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og styringsdialogen med Norges forskingsråd. Seksjonen følgjer òg opp landbruks- og matfaglege forskingsmiljø og internasjonalt forskingssamarbeid, samt rekruttering til landbruksutdanning og kompetansetiltak i sektoren.

  • Seksjon for økonomiforvaltning og budsjett (ØB)

    Seksjonen har ansvar for fleire store koordineringsoppgåver i departementet. Dei viktigaste er å utarbeide departementet sine forslag til det årlege statsbudsjettet, bidra til effektiv intern styring og drift i departementet, følgje opp riksrevisjonssaker og delta i styringa av underliggjande verksemder. I tillegg skal seksjonen rapportere statsrekneskapen, rettleie avdelingane i budsjett- og økonomisaker og forvalte departementet sine eigedomar.

  • Seksjon for personal og organisasjon (PO)

    Seksjonen har ansvar for utvikling av organisasjonen, god personalforvalting og godt medarbeidarskap. Seksjonens viktigaste oppgåver er rekruttering, kompetanseutvikling, lønsforhandlingar og HMS-arbeid. Seksjonen gir råd til leiarar både internt i departementet og i underliggjande verksemder, om blant anna omstillingsarbeid, arbeidsrett, offentleglova og forvaltningslova.