Seksjon for tryggleik, informasjonsforvalting og digitalisering (SID)

Seksjonen har ansvar for tryggleik og beredskap i departementet, og skal koordinere tryggleiks- og beredskaparbeidet i sektoren og i landbruks- og matforvaltinga. Seksjonen har det overordna ansvaret for dei digitale tenestene i departementet, og skal koordinere digitaliseringsarbeidet i departementet og i forvaltinga. Innan informasjonsforvalting har seksjonen ansvar for intranettet og sak- og arkivsystemet. Seksjonen driftar departementet sitt servicetorg.