Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap)
Olje- og energiministeren skal sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane i landet.
Tiltrådte:
14.10.2021
Fratrådte:
07.03.2022
Født:
1975
Marte Mjøs Persen (f. 1975) blei torsdag 14. oktober 2021 utnemnd til ny statsråd i Olje- og energidepartementet i Jonas Gahr Støres regjering. Marte Mjøs Persen var ordførar i Bergen frå 2015 og fram til i hausten 2021, då ho blei vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland valkrets. Ho er leiar for Vestland Ap og sit også i sentralstyret i Arbeidarpartiet. Ho har også vore leiar av Arbeiderpartiet i Bergen mellom 2011-2015.
Mjøs Persen har mange års erfaring som folkevald i bystyret i Bergen, og som tillitsvald og fagorganisert i LO.
Ho har studert litteraturvitskap og sosiologi, og har ein bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare også jobba i hotell- og restaurantbransjen, og som organisasjonssekretær for bl.a. Human-Etisk Forbund.
Marte Mjøs Persen er gift, har fire barn og er busett i Bergen.