2 Endringar i sivilprosessen
2.1 Direktesending av prosesskriv
Det partane i ei sivil sak vil kome
med av mellom anna krav, utsegner og prov utanfor rettsmøte, skal
som hovudregel setjast fram gjennom prosesskriv, jf. tvistemålslova
kap. 10. Dette kan vere dokument som lyt forkynnast for motparten,
t.d. forliksklager, stemningar og fråsegne om bruk av rettsmiddel,
men òg andre skriftstykke som vert utveksla som ledd i ei
saksførebuing.
Direktesending til motparten kan
gje ei monaleg vinning der det ikkje er trong for å setje ein frist
til å svare på prosesskrivet. Jamvel der dommaren set ein slik
frist, kan direktesending gje raskare sakshandsaming, av di fristen
etter tilhøva kan vere kortare når motparten alt kjenner til
prosesskrivet. Nummer på direktesende dokument - som det er viktig
å ha om ein skal halde god orden og oversikt under
hovudførehandlinga- kan retten gje i samband med eventuell frist,
eller elles neste gong retten sender ei melding til partane. Det er
ein føresetnad at direktesending av prosesskriv skundar på
sakshandsaminga, men ikkje minskar dommaren si aktive prosessleiing
under saksførebuinga.
Etter endringslova går det fram av
tvistemålslova § 123 første leddet i kva høve retten ikkje treng
meddele eit prosesskriv til motparten når advokaten har sendt det
direkte. Men når lova krev forkynning av prosesskrivet, eller
prosesskrivet dreg inn nye krav eller er ei fråsegn om bruk av
rettsmiddel, må retten syte for at prosesskrivet vert forkynt for
eller meddelt parten, jamvel om det er sendt direkte. Etter § 120
nr. 3 skal prosesskrivet seie frå om det er sendt direkte til
motparten, jf. likeins § 317 femte leddet andre punktum jf. §§ 306
tredje leddet, 372 fjerde leddet og 401 tredje leddet. Etter dei
nemnde føresegnene er utgangspunktet under saksførebuinga og ved
bruk av rettsmiddel at ein advokat skal sende prosesskriva direkte
til motparten, jf. uttrykket "bør". Men retten kan i særlæge
tilfelle ta på seg å meddele prosesskriva til partane dersom det
etter tilhøva er meir tenleg, jf. § 317 femte leddet fjerde
punktum.
Om endringane sjå tvistemålslova §§
120, 123, 306, 317, 372 og 401, skjønsprosesslova § 21.
2.2 Sams frist for anke og kjæremål og
harmonisering av lengda på ulike rettsmiddelfristar
Den allmenne anke- og
kjæremålsfristen skal vere ein månad. Ein sams frist på ein månad
reduserer behovet for lange kjæremålsfristar i særlege tilfelle, og
vil føre til at ein del problem knytt til val av rettsmiddel, vert
fjerna. Samstundes vert ei rekkje særlege rettsmiddelfristar endra.
Sjå tvistemålslova § 296, 360, 398 og § 466, skjønsprosesslova §§
31 og 33 rettergangsordningas ikraftsetjingslov § 8, skiftelova §
40, tinglysingslova § 10, jordskiftelova § 63, rettshjelpslova § 28
a, konkurslova § 153, husleigelova og § 13-2. Departementet ber om
at domstolane i ein overgangsfase gjer god informasjon partane
særleg om endringane i ankefristen.
2.3 Avgrensing av oppfyllingsvernetinget
Vernetingsreglane regulerer kva
stad ein lyt finne seg i å bli saksøkt. Utgangspunktet er at eit
søksmål skal reisast på den staden saksøkte bur (heimtinget), jf.
tvistemålslova § 17 jf. § 18. For selskap er heimtinget der
hovudkontoret er registrert i Foretaksregisteret, eventuelt der
styret har setet sitt, jf. § 20. I visse høve kan søksmålet i
staden reisast ved eit frivillig særleg verneting, jf.
tvistemålslova §§ 23-35, eller på ein stad som saksøkte har vedteke
å kunne verte saksøkt, jf. § 36. Oppfyllingsvernetinget i § 25 er
eitt av dei særlege vernetinga. § 25 har fått eit tillegg som
avgrensar høvet til å nytte oppfyllingsvernetinget ved søksmål om
kontraktsskuldnader til å betale pengar. Endringa gjeld ikkje når
saksøkte ikkje har heimting i riket.
2.4 Utvida høve til overprøving av
sakskostnadsavgjerder
Tvistemålslova § 181 første og
andre leddet regulerer kompetansen til å overprøve avgjerder om
sakskostnader. Det har vore eit problem at ein høgare rett berre
har ein avgrensa kompetanse til å overprøve underinstansen sine
avgjerder der sjølve saka ikkje vert brakt inn for den høgare
domstolen. Tvistemålslova § 181 er endra slik at kjæremålsretten i
visse høve kan treffe ny avgjerd om sakskostnader.
2.5 Innkalling av vitne i sivile saker
Etter endring av tvistemålslova §
200 kan ein domstol påleggje advokatar å syte for frivillig
innkalling av dei vitna som parten vil føre og om nødvendig syte
for utfylling og forkynning av vitnestemningar, jf. domstollova §
163 a. Denne ordninga er allereie vanleg ved fleire domstolar.
Advokaten sin rett og plikt til å stemne vitne etter framlegget
gjeld berre dei vitna som han eller ho sjølv har tilbode under
saksførebuinga, jf. tvistemålslova § 188, utan at vitnet er avskore
av retten. I desse høva gjer stemninga vitnet ei straffesanksjonert
plikt til å møte (jf. domstollova § 205). Sjølv om advokaten som
hovudregel sjølv utarbeide og forkynne vitnestemninga til dei vitne
parten vil føre, er ikkje føresegna til hinder for at andre
forkynningsmåtar i staden vert nytta.
2.6 Vitna si plikt til å opplyse om bustad
Straffeprosesslova § 130 vart ved
lov 7. april 1995 nr. 15 endra slik at vitna under vitneavhøyr kan
velje å opplyse om arbeidsstaden i staden for bustadadressa.
Tilsvarande endring er no gjort i tvistemålslova § 215. I visse
saker, t.d. ulike tvangssaker der dei som har førebudd saka for
forvaltningsorganet gjerne må gje vitneprov, kan behovet for vern
vere like stort som i straffesaker. Regelen vil gjere det
vanskelegare å få greie på kvar vitnet bur, samstundes som retten
sitt behov for å få tak i vitnet ved eit seinare høve er ivareteke
ved at arbeidsstaden den vert opplyst.
2.7 Opning for at visse saker mot stat og kommune
kan bringast inn for forliksrådet
Tvistemålslova § 273 er endra slik
at jamvel visse saker mot staten eller ein kommune skal kunne
bringast inn for forliksrådet, men ordninga er frivillig for
saksøkjaren. At det vert "lettare" å gå til sak mot stat og kommune
får berre nokon realitet om forliksrådet seier dom til gunst for
klagaren. Med omsyn til den saklege avgrensinga er tvistemålslova §
273 nr. 3 endra slik at mekling i forliksrådet berre er utelukka i
dei saker som skal handsamast etter dei særlege reglane i kapittel
30. Samstundes er tvistemålslova § 274 gjeven eit tillegg om at
mekling i forliksrådet ikkje er nødvendig i saker mot staten og
kommunar m.fl. som fell utanfor kapittel 30 i tvistemålslova. Den
som vil gå til sak mot det offentlege risikerer såleis ikkje å få
saka avvist frå herads- og byretten av di det ikkje er mekla.
Det vil då være vilkåra i
tvistemålslova § 435 som er avgjerande for om mekling i
forliksrådet skal vere utelukka eller ikkje. Det vil i visse høve
vere tvil om kva som ligg i utrykket "utelukkende privatrettlig
art", jf. § 435 andre leddet. For nokre saksfelt kjem ikkje
spørsmålet på spissen av di andre lovføresegner fastset at mekling
i forliksrådet ikkje kan gjennomførast. Det vil mellom anna gjelde
for avskils- og oppseiingssaker, jf. arbeidsmiljølova § 61 A og
tenestemannslova § 19 nr. 6. Det er venteleg ulike offentlege
tenesteytingar som då vil kunne valde mest tvil. Slike saker ligg
gjerne i skjeringspunktet mellom utøving av offentleg styring og
privatrettslege disposisjonar. Det kan såleis vere at ein
privatrettsleg avtale har sin bakgrunn i at eit offentleg organ har
plikt til å syte for tilgang på t.d. barnehageplassar, vatn eller
straum. Usemje mellom det offentlege organet og forbrukaren om kor
mykje vatn eller straum som er brukt vil kunne vere av reint
privatrettsleg art. Ein forbrukar som krev tilbakebetaling pga.
feilmåling vil såleis kunne kalle inn til mekling i
forliksrådet.
2.8 Utvida høve til hovudforhandling i munnlege
saksførebuande møte
Saksførebuinga i ei sivil sak kan
gå føre seg skriftleg, dvs. ved utveksling av prosesskriv, eller
munnleg. Etter endring av tvistemålslova § 305 andre leddet kan
dommaren fastsetje at saksførebuande møte skal gå over til
hovudforhandling der dommaren finn det "ubetenkelig" og partane i
innkallinga til møte er varsla om dette. Utvida høve til å gå
beinveges over til hovudforhandling vil gje domstolane eit veleigna
middel til å korte ned sakshandsamingstida. Prinsippet om at ein
part skal få høve til å leggje fram saka si i ei hovudforhandling,
vil gjelde òg ved direkte overgang. Retten vil i det heile måtte
leggje vekt på kva partane meiner om spørsmålet når den tek
stilling til om beinvegs overgang er "ubetenkelig". Hovudføremålet
med det munnlege saksførebuande møtet vil framleis vere å leggje
rammene for saka, ikkje å få avslutta henne. Når det gjeld
spørsmålet om varsling føreåt, har automatisk varsling lite føre
seg. I kor stor del av dei munnlege saksførebuingsmøta det kan
verte aktuelt med beinveges overgang til hovudforhandling, vil
likevel henge saman med kor ofte munnleg saksførebuing vert brukt i
staden for skriftleg ved vedkomande domstol. Det bør ikkje visast
til regelen om beinveges overgang i innkallinga om ikkje dette for
dommaren står fram som ei løysing som lett vil kunne verte
aktuell.
2.9 Utviding av området for obligatorisk forenkla
rettergang
Reglane om forenkla rettergang er
etter endringa av tvistemålslova § 322 ikkje avgrensa til
gjeldssaker, men er endra til "saker om formuesverdier". Vidare er
den forelda tilvisinga til § 1 sløyfa.
2.10 Sakshandsaminga ved fremming av anker under
ankesummen
Reglane om handsaming av anker
under ankesummen for lagmannsretten og for Høgsterett er endra.
Endringane inneber at det ikkje lenger er førstelagmannen eller
lagmannen som skal ta stilling til om ein anke skal tillatast
fremma der verdien på ankegjenstanden er under kr 20 000.
Lagmannsretten skal ta stilling til dette samstundes som den tek
stilling til om anken skal avvisast. Avgjerda kan ikkje takast av
formannen åleine. Søknad om ankesamtykke skal setjast fram i sjølve
ankeerklæringa. Der lagmannsretten finn at ankesamtykke er
nødvendig og dette ikkje vert gjeve, skal såleis avgjerd om at
ankesamtykke ikkje vert gjeve og orskurd om at anken vert avvist,
utgjere slutninga i avvisningsorskurda. Det kan nyttast rettsmiddel
mot avvisningsorskurda, men ikkje mot avgjerda om nekting av
ankesamtykke. Kjæremål til Høgsteretts kjæremålsutval kan dermed
ikkje verte grunna med at samtykke til anke skulle vore gjeve, men
kan sjølvsagt grunnast med at lagmannsretten har teke feil når den
bygde på den føresetnad at slikt samtykke var nødvendig. Til
skilnad frå lagmannsretten skal Kjæremålsutvalet ved søknad om
direkte anke berre ta stilling til dette spørsmålet, ikkje sjølve
avvisingsspørsmålet. Om samtykke ikkje vert gjeve, skal anken
derimot handsamast av lagmannsretten på vanleg måte. Sjå endringar
i tvistemålslova §§ 6, 356, 359 og 370.
2.11 Ankesumskravet i saker om fast eigedom
Tvistemålslova § 16 er endra frå at
ei sak som ikkje fyller kravet til ankesum "skal som regel fremmes"
til å bli slik at ei sak som ikkje fyller kravet til ankesum "kan
fremmes". Omsynet med endringa er å redusere tale på saker som
gjeld krav under ankesumskravet.
Ved endringa av tvistemålslova §
372 får den retten som har avsagt ein dom som vert påanka, plikt
til å varsle ankedomstolen dersom vedkomande meiner at anken gjeld
ein formuesverdi som ikkje oppfyller kravet til ankesum. Retten
pliktar likevel ikkje å foreta nærare undersøkingar. Tvistemålslova
§ 166 vil regulere sakshandsamingsspørsmålet der retten har fleire
medlemmar eller førebuinga av saka er overlaten til ein annan
dommar. Endringa av § 372 tredje ledd er av redaksjonell art. Sjå
endringane i tvistemålslova §§ 16 og 372 og skjønnsprosesslova § 33
a.
2.12 Ankeordninga etter tvistemålslova kapittel
33
Tvistemålslova § 485 er endra slik
at ankar over herads- og byrettens avgjerder etter tvistemålslova
kapittel 33 ikkje lenger skal gå direkte til Høgsterett. Endringa
vil berre ha praktisk verknad for overprøving av tvangsvedtak etter
psykiske helsevernlova (lov 2. juli 1999 nr. 62 når ho trer i kraft
1. januar 2001), fordi sosialtjenestelova § 9-10 allereie fastset
at anke over avgjerd frå herads- og byretten går til
lagmannsretten.
2.13 Innkalling til mekling i forliksrådet sjølv
om den som er klaga inn, har godteke klagaren sin påstand
Etter den "tilsvarsordninga" som
vart innførd ved lov 27 juni 1986 nr 48 innkallar ikkje
forliksrådet til mekling dersom den som er klaga inn, godtek
klagaren sin påstand eller let ver å gje inn tilsvar. Forliksrådet
seier i tilfelle fråværsdom eller dom i samsvar med godtakinga,
utan at det kjem til kostnader knytt til frammøte i forliksrådet.
Før denne lovendringa vart partane innkalla til mekling sjølv om
det ikkje var nokon reell tvist mellom dei. Bakgrunnen for endringa
var såleis å forenkle inkassosakene og halde kostnadene nede for
jamvel kreditor og debitor. Ein ulempe ved tilsvarsordninga er
likevel at det forsvann eit verdifullt høve for partane til å
møtest, og t.d. bli samde om ei nedbetalingsordning i eit
rettsforlik. Nedbetalingsordningar som skuldnaren sjølv har vore
med på å utarbeide og som er tilpassa hans eller hennar
betalingsevne, vert truleg oppfylte frivillig i større utstrekning
enn ein dom som byggjer på klagaren sin opphavlege påstand.
Etter endring i tvistemålslova §
277 kan forliksrådet kalle partane inn til mekling sjølv om den som
er innklaga, har godteke klagaren sin påstand i tilsvaret. Endringa
har ikkje noko å seie for krav som ikkje treng ein dom for å vere
tvangskraftige, t.d. gjeldsbrev som inneheld ei vedtaking av at
gjelda kan drivast inn utan søksmål, jf tvangsfullføringslova §
7-2. Det vert heller ikkje eit ytterlegare ledd i sakshandsaminga.
Anten vert det eit rettsforlik mellom partane som òg er
tvangsgrunnlag, eller så avseier forliksrådet dom. Dersom
forliksrådet innkallar til mekling, har partane ikkje personleg
møteplikt. Sjå endringar i tvistemålslova §§ 277, 278 og 288.
2.14 Høvet for advokatar m.fl. til å møte i
forliksrådet
Det er gjort endringar i
tvistemålslova §§ 279 og 288 a som skal klargjere reglene for når
ein part kan bruke fullmektig eller medhjelpar i forliksrådet.
Etter det nye § 279 andre leddet er utgangspunktet at ein part som
ikkje har personleg møteplikt etter tvistemålslova § 278 under
meklinga kan møte
saman med ein medhjelper eller
forliksfullmektig, eller parten kan velje å la seg
representere av ein
forliksfullmektig. Ein part har ikkje personleg møteplikt når han
anten bur utanfor den kommunen der saka kjem opp eller han har
gyldig forfall. Medhjelparen eller forliksfullmektigen må fylle
vilkåra i § 279 første leddet. I høve der den eine parten har ein
medhjelpar eller forliksfullmektig, kan jamvel motparten ta med ein
medhjelpar. I slike høve har likevel motparten alltid personleg
møteplikt. Han kan ikkje velje å sende ein fullmektig i staden for
å møte sjølv. Forliksrådet kan òg i andre høve tillate ein part som
har personleg møteplikt, å møte saman med ein medhjelpar. Det kan
være t.d. være aktuelt der styrke tilhøvet mellom partane er ulikt,
t.d. der den eine av partane sjølv er advokat eller der ein advokat
møter som tilsett i eit selskap. Det samme gjeld der ein part treng
spesiell støtte under møtet i forliksrådet, t.d. på grunn av høg
eller låg alder.
Etter § 279 tredje leddet byggjer
på andre leddet slik det var før lovendringa. Uttrykket "møte med"
er endra til "bruke" fordi uttrykksmåten "møte med" lett kan bli
oppfatta som "møte sammen med". Ved sida av en part som har
personleg møteplikt kan det ikkje møte ein annan person som
forliksfullmektig. I slike høve må parten nytte ein medhjelpar. I
røynda har denne skilnaden ikkje mykje å seie.
I høve der ein part har varsla om
at han vil møte med advokat anten som medhjelpar eller
forliksfullmektig, har motparten rett til å nytte advokat eller ein
annan som fyller vilkåra for å vere forliksfullmektig utan å varsle
om dette.
Etter endringa i § 288 a gjeld
varslingsregelen i § 279 tredje leddet tilsvarande for
domsforhandlinga i forliksrådet.