3 Endringar i tvangsfullføringslova m.m.
3.1 Sal av motorvogner m.m. etter lov om salsrett
for handverkarar
Sal etter lov 29. mai 1953 nr. 1 om
rett for handverkarar o.a. til å selje ting som ikkje vert henta
skal etter § 5 i lova skje på forsvarleg måte. Føresegna gjeld
tilsvarande for sal etter visse andre lover, jf. mellom anna
vegtrafikklova (lov 18. juni 1965 nr. 4) § 37 femte leddet og
handverkartenestelova (lov 16. juni 1989 nr. 63) § 47 andre leddet.
Før lova vart endra ved tvangsfullføringslova 1992, gjekk det fram
av føresegna i § 5 at sal som hovudregel skulle skje ved offentleg
auksjon. Det var såleis vist til auksjonslova 1918 (lov 14. august
1918 nr. 3) § 1 som igjen viste til reglane om tvangsauksjon i
tvangsfullføringslova av 1915. Desse endringane har ført til visse
problem ved sal etter lov om salsrett for handverkarar, særleg
gjeld dette ved sal av motorvogner. I motorvogner er det ofte hefte
registrert i Lausøyreregisteret, og sjølv om salet kan ha ført til
at heftet materielt sett har falle vekk, vil det kunne vere
vanskeleg for kjøparen å få heftet sletta frå Lausøyreregisteret.
Ein annan vanske er at korkje seljar eller kjøpar har kompetanse
til å skrive salsmelding til Statens vegvesen. Lova er difor endra
slik at kravshavaren no kan krevje at tingen vert seld gjennom
namsmakta etter reglane om tvangssal så langt dei høver, jf. § 5
nytt andre ledd.
3.2 Tvangsfråviking ved leige av fast eigedom og
lausøyre
Skriftleg avtale om leige av fast
eigedom som inneheld vedtaking av at utleigaren kan krevje
fråviking om leiga ikkje vert betalt, er tvangsgrunnlag for
fråviking av fast eigedom, jf. tvangsfullføringslova § 13-2 tredje
leddet bokstav a første punktum. For leige av lausøyre gjeld
tilsvarande, jf. § 13-2 andre leddet bokstav a. Leigetakaren kan
unngå tvangsfråviking dersom "leien med renter og kostnader blir
betalt før fullbyrdelsen gjennomføres", jf. andre punktum som òg
fastset at dette skal gå fram av varselet som leigetakaren på
førehand har fått i samsvar med tvangsfullføringslova § 4-18. Når
eit krav om tvangsinndriving vert lagt fram for saksøkte, skal det
opplysast at tvangsinndrivinga kan stoggast ved at "den skyldige
leie med rente og kostnader blir betalt", jf. § 13-6 første leddet
tredje punktum.
Tvangsfullføringslova § 13-2 og §
13-6 er no endra slik at det går klart fram at leigaren betaler den
leiga som har forfalle på det tidspunktet leigaren tilbyr betaling.
I tillegg må òg utanrettslege kostnader som utleigaren har hatt til
inndriving betalast om leigaren skal kunne stogge inndrivinga.
3.3 Varsel ved fleire krav om tvangssal av same
realregistrerte formuesgode
Ved tvangssal av realregistrerte
formuesgode som det er teke fleire avgjerder om tvangssal av, kan
seinare saksøkjarar krevje å tre inn som saksøkjar i tvangssal det
tidlegare er teke avgjerd om, jf. tvangsfullføringslova § 11-11
andre leddet. Ordninga føreset at den seinare saksøkjaren får
beskjed om den tidlegare avgjerda om tvangssal.
Tvangsfullføringslova § 11-11 er difor endra slik at varslingsplikt
for namsretten kommer til uttrykk direkte i lovteksten. Det kan òg
vere at namsretten ikkje har kjennskap til ei tidlegare avgjerd om
tvangssal av di det aktuelle realregisteret blir ført ved eit anna
embete eller det gjeld tvangssal av skip og luftfartøy. Etter at
ein namsrett har teke avgjerd om tvangssal skal den etter
tvangsfullføringslova § 11-9 tredje leddet syte for at det vert
gjort merknad om dette i vedkomande realregister, og realregisteret
skal stadfeste at avgjerda er registrert. Der ein annan namsrett
tidlegare har fått merka av ei avgjerd om tvangssal, vil ei melding
frå realregisteret om denne saman med melding om avmerking av det
seinare tvangssalet, sikre at namsretten får slik kunnskap. § 11-9
tredje leddet er no endra slik at ei varslingsplikt kjem klart til
uttrykk.
3.4 Medhjelparen si varsling av rettshavarar ved
tvangssal av realregistrerte formuesgode
Tvangsfullføringslova § 11-16
første leddet er endra slik at det klårt går fram at medhjelparen
har ei plikt til å opplyse om kven som er saksøkjar og eventuelt
kva krav som er grunnlaget for kravet om tvangssal.
3.5 Kjøparen si stilling ved anke over
stadfestingsorskurd ved tvangssal av realregistrerte
formuesgode
3.5.1 Kjøparen si renteplikt
Tvangsfullføringslova § 11-27
inneheld ei regulering av korleis og til kva tid kjøpesummen ved
tvangssal av realregistrerte formuesgode skal betalast m.m.
Kjøparens betalingsplikt inntrer på oppgjersdagen, som er tre
månader etter at bodet er lagt fram for rettshavarane og namsretten
eller tre månader etter auksjonsmøtet. Betalingsplikta inntrer
likevel ikkje før tidlegast to veker etter at stadfestinga av bodet
er endeleg. Etter endringa av andre leddet i føresegna skal ein
kjøpar om betaler etter oppgjersdagen, men før det har gått to
veker etter at bodet er stadfesta, betale eit rentetillegg fastset
av Kongen. Ved forskrift om kjøpers renteplikt ved betaling etter
oppgjørsdagen, fastsett ved kronprinsregentens res. 28. april 2000,
er renta sett til 6 % p.a. Sjå vedlegg 2 til dette brevet.
3.5.2 Informasjon til kjøparar
Interesserte kjøparar bør få
tilstrekkeleg informasjon om sin mogelege stilling ved anke over
stadfestingsorskurd. For medhjelparsal følgjer ei slik
informasjonsplikt av tvangsfullføringslova § 11-24 tredje leddet
som fastset at salsoppgåva skal gje "de nødvendige opplysninger om
salgsordningen etter denne loven". Nokon tilsvarande
informasjonsregel ved auksjonssal har ikkje gått fram av lova.
Tvangsfullføringslova § 11-46 er no endra slik at kunngjeringa skal
seie frå at mogelege kjøparar kan få opplysningar om salsordninga
ved å vende seg til namsmakta. Sjølv om slike opplysningar i
praksis vert gjevne, vil ei slik direkte oppfordring i det minste
kunne minne kjøparane på at det eksisterer andre reglar ved
tvangssal enn ved frivillig sal.
3.6 Tvangsbruk av fast eigedom med driftslausøyre
og varelager
Tvangsdekning kan skje ved anten
tvangssal eller ved tvangsbruk. Alternativet tvangsbruk inneber at
panthavaren sjølv tek over drifta av heile eller delar av
eigedomen. Retten kan likevel nekte tvangsdekning ved tvangsbruk
dersom dette av særlege grunnar kan valde skade for saksøkjaren
eller andre rettshavarar og saksøkjaren er like godt tent med
tvangssal. I motsetning til den gamle tvangsfullføringslova 1915
tillet ikkje tvangsfullføringslova 1992 at tvangsbruk av fast
eigedom vert utvida til å omfatte motorvogner, anleggsmaskiner,
landbruksdriftstilhøyrsle og varelager. Tvangsfullføringslova §§
7-20, 11-18, 11-55 og 11-57 er no endra slik at det kan opnast for
tvangsbruk av motorvogner, anleggsmaskiner,
landbruksdriftstilhøyrsle og varelager der saksøkjaren krev dette.
Om saksøkjaren skal få medhald i eit slikt krav, må likevel
vurderast etter tvangsfullføringslova § 11-1 tredje leddet. Etter
denne skal tvangsbruk nektast dersom den vil påføre saksøkte eller
rettshavarar vesentleg skade eller ulempe, eller saksøkjaren
venteleg vil vere like godt tent med tvangssal. Sjå endringar i
tvangsfullføringslova §§ 7-20, 11-18, 11-55 og 11-57. Samstundes er
omgrepet "driftsløsøre" i tvangsfullføringslova harmonisert med
pantelova.
3.7 Medhjelpar ved tvangssal
I utreiinga "Vurdering av
domstolenes merarbeid med tvangsalg etter loven av 1992" vart det
gjort framlegg om å dispensere frå reglane om habilitet ved
tvangssal av fast eigedom. Det har vore eit visst behov for å
avvike frå dei allmenne reglane om habilitet i samband med
tvangssal av fast eigedom. Utgreiinga peiker på at bankane ofte har
eigne eigedomsavdelingar, som til vanleg ikkje har noko å gjere med
banken si drift elles. I slike høve synest det vere små
innvendingane mot at banken si eigedomsavdeling kan vere
medhjelpar. Habilitetsregelen i tvangsfullføringslova § 2-10 er
difor endra og gjort generell. På denne måten blir
habilitetsreglane for alle medhjelparar like. Vilkåret må likevel
alltid vere at valet av medhjelparen "finnes ubetenkelig, og
vedkommende har særlige forutsetninger for å forestå salget". Ved å
halde oppe dette kravet vil ikkje eigedomsavdelinga til ein bank
som er saksøkjar, kunne vere medhjelpar etter tvangsfullføringslova
§ 2-10. Men eigedomsavdelinga til ein bank som har pant i
eigedomen, men ikkje krev tvangssal, vil kunne vere medhjelpar.
3.8 Om salsmåten ved tvangssal
Etter tvangsfullføringslova § 11-12
tredje leddet skal namsmannen som hovudregel vere medhjelpar ved
sal av fast eigedom i lensmannsdistrikt. Lensmennene har i mange år
har gjort eit godt arbeid i samband med tvangssal av fast eigedom.
Likevel har mange av lensmennene sine andre prioriterte oppgåver
gjort at tida ofte ikkje strek til for tvangssal. Av den grunn er
pålegget i tvangsfullføringslova § 11-12 tredje leddet om at
lensmannen som hovudregel alltid skal vere medhjelpar, opphev. Det
går no fram av den ålmenne regelen i tvangsfullføringslova § 2-10
tredje leddet at namsmannen "kan" vere medhjelpar ved tvangssal av
"fast eiendom og adkomstdokumenter til leierett til bolig".
3.9 Innhenting av konsesjonspris ved
medhjelparsal
Av tvangsfullføringslova § 11-44
tredje leddet framgår at namsretten ved tvangsauksjon skal innhente
høgste konsesjonspris som vil bli godkjent. Lova er endra slik at
namsretten skal innhente konsesjonspris utan omsyn til om salet
gjennomførast som medhjelparsal eller auksjonssal. Sjå
tvangsfullføringslova § 11-13.
3.10 Kor lenge skal eit bod vere bindande?
Tvangsfullføringslova § 11-26 er
endra slik at namsretten har høve til å ta omsyn til bod med
bindingstid ned til 15 dagar. Einskilde høyringsinstansar frykta at
namsretten og rettshavarane ikkje skal få god nok tid til å
handsame saka dersom bodfristen vert kortare. Dette er eit forhold
som namsretten i stor utstrekning kan styre sjølv. Namsretten bør
ha oversikt over kva for problem som reiser seg i samband med
godkjenning av bodet. I dei sakene der det knyter seg særlege
problem til handsaminga av bodet, kan namsretten la vere å godta
korte bodfristar. I andre høve kan kortare bodfristar verkar
positivt på prisane slik at tvangssal ikkje vert vesentleg meir
omstendeleg enn vanleg sal. Det vil vere ein stor fordel om
namsretten kan ta avgjerda om lengda av bodfristen i staden for at
alle rettshavarane må gje sitt samtykkje. Denne ordninga vil òg
vere mykje lettare å administrere for medhjelparen.
3.11 Nytt salsforsøk
Etter tvangsfullføringslova § 11-54
kan det krevjast ny auksjon dersom "det ikke blir gitt bindende bud
eller saksøkeren i auksjonsmøtet erklærer at ingen av budene vil
bli begjært stadfestet". Det har vore noko tvil om tilfelle der
saksøkjaren kan krevje nytt "tvangssal". Dette er ikkje
nødvendigvis er ny "tvangsauksjon". Ordlyden i
tvangsfullføringslova § 11-54 er endra slik at det vert klart at
det kan krevjast nytt "tvangssal" og ikkje berre ein ny
tvangsauksjon.