4 Endringar i straffeprosessen og
fellesprosessen
4.1 Vitneplikta si geografiske utstrekning
Både i straffesaker og i sivile
saker har vitne hatt plikt til å møte for herads- og byretten når
reiseavstanden ikkje er lenger enn 300 km med rutegåande
transportmiddel eller 50 km på annen måte. For lagmannsretten
gjaldt dei doble avstandane. Attåt dette har retten hatt høve til å
påleggje vitne å møte jamvel om dei har lengre reiseavstand. Med
endringslova er desse reglane i straffeprosesslova § 109 og
tvistemålslova § 199 lagde heilt om. Hovudregelen er no generell
frammøteplikt, men med høve for retten til å gje fritak dersom
reiselengde vert større enn fastsett i lov. Av di retten alt i dag
har høve til å påleggje møteplikt uavhengig av reiseavstand, til å
nytte fjernavhøyr og få opptatt forklaring frå vitnet i rettsmøte
under saksførebuinga (bevisopptak), vil endringa truleg ikkje få så
store praktiske utslag. Grensa på 800 km med rutegåande
kommunikasjonsmiddel dekker avstanden mellom større byer i dei
ulike landsdelane og pålegg vitnet å utføre ei slik reise for å gje
sitt vitneprov i retten. For reiser på ein annan måte er
minsteavstanden sett til 125 km. Ved større reiselengder kan retten
frita eit vitne frå å møte når tidsbruken eller ulempa for vitnet
vil vere stor i høve til kor viktig det er å få høyre vitnet under
hovudførehavinga. Samstundes er straffeprosesslova § 270 og
tvistemålslova § 220 endra. For sivile saker vil det av samanhengen
gå fram at eit vitne med mindre reiseavstand enn fastsett i
fritaksheimelen i § 199, i særlege tilfelle kan bli fritatt etter
tvistemålslova § 220 nr. 5. Til dømes vil denne regelen kunne
nyttast i tilfelle der sjølv ei kort reise vil påføre vitnet særleg
ulempe på grunn av handikap eller sjukdom. For straffesaker må
slike spørsmål avgjerast etter straffeprosesslova § 296 første
ledd. Sjå endringar i tvistemålslova §§ 115, 199 og 220,
straffeprosesslova §§ 109 og 270 og barnelova § 20.
4.2 Fjerning av tittelen "rettsskrivar"
Domstollova §§ 9, 17 og 24 har
føresegner om "rettsskrivarar" ved h.h.v. Høgsterett,
lagmannsrettane og herads- og byrettane. I tillegg er
"rettsskrivarane" nemnde i ei rekkje andre lovføresegner, flest
gonger i domstollova og tvistemålslova, men òg i mellom anna
industrikonsesjonslova, rettsutdraglova, skiftelova,
riksrettsrettergangslova og lova om ikraftsetjing av
rettergangsordninga. I dag er det ingen rettsskrivarar ved
lagmannsrettane og herads- og byrettane. I Høgsterett er det
rettskrivarar, men dei har i dag titlane direktør og
protokollsekretær. I tillegg er det i Høgsterett tilsett
utgreiarar, men desse er ikkje nemnde i lovverket. Med endringslova
er den forelda stillingstittelen "rettsskrivar" fjerna frå
lovverket og det gjeld nye føresegner om administrasjonen i
Høgsterett i domstollova §§ 61 og 62. Sjå endringar i domstollova
§§ 9, 17, 24, 61, 62, 66, 91, 106, 110, 113, 138, 162, 179 og 229,
tvistemålslova §§ 125, 133, 134, 140, 333 og 407, lov om
umyndiggjering § 2, industrikonsesjonslova § 2, rettsutdraglova §§
5, 6 og 10, rettergangsordninga si ikraftsetjingslov § 7,
svalbardlova § 7, arbeidstvistlova §§ 24 og 46, skiftelova § 5 og
riksrettsrettergangslova §§ 5, 6 og 26.
4.3 Trekking av meddommarar og
lagrettemedlemmer
Domstollova § 92 er no endra slik
at utfallet av loddtrekking og avgjerder etter § 91, dvs.
uttrekking og forbigåing av meddommarar og lagrettemedlemmer, ikkje
lenger skal førast inn i ei særskilt bok, men skrivast ned og
oppbevarast saman med dokumenta i saka.
Domstollova § 86 er endra for å
klargjere føresegna i første leddet sjette punktum. Meddommarar til
straffesaker i lagmannsretten skal etter denne føresegna kunne
trekkjast anten mellom dei som er trekt ut etter domstollova § 85
eller mellom dei som gjer teneste etter at talet på
lagrettemedlemmer er redusert ved utskyting etter
straffeprosesslova § 356. Det avgjerande vil då vere tidspunktet
for trekkinga. Dei som er utskotne, reiser gjerne heim att og er
ikkje lenger budde på å måtte gjere teneste i ei anna sak på kort
varsel. Gruppa av personar som meddommarane blir trekte frå, vil
uansett vere minst 10 personar. Lovendringa gjer det klart at dei
som er utskotne, og dermed ikkje gjer teneste i lagretten, heller
ikkje skal vere med i ei trekking som skjer etter utskytinga.
4.4 Om når advokatar kan opptre ved
fullmektig
Domstollova § 223 er endra slik at
ein advokat, ved hovudforhandling i dei alvorlegaste straffesakene
for herads- og byretten, ikkje har høve til å opptre ved fullmektig
som ikkje sjølv har advokatløyve. Samstundes kan retten for den
einskilde saka tillate at advokaten møter med fullmektig jamvel ved
hovudforhandling i lagmannsretten i sivile saker og i saker om
straff som ikkje gjeld brotsverk som etter lova kan medføre fengsel
i meir enn seks år. For straffesaker er endringane ei følgje av
to-instansreformen. Føresegna utgjer i alle høve berre ei ytre
ramme for når ein advokat kan opptre ved fullmektig. For
straffesaker vil straffeprosesslova § 95 andre leddet vere
viktigare. Det er etter denne føresegna berre advokatar som kan
vere forsvarar, og forsvararoppdraget er personleg. Dette set visse
grenser for når advokaten kan la sin fullmektig opptre som
forsvarar i saka på sine vegne, jamvel om vilkåra i domstollova §
223 første leddet er til stades. Til dømes å la ein annan møte for
seg som forsvarar i hovudforhandling, vil ikkje kunne sameinast med
forsvararoppdraget, utan at det var ein føresetnad allereie ved
oppnemninga at advokaten skulle kunne utføre vervet som forsvarar
ved fullmektig, eller den som er sikta og retten godtek ei slik
endring i forsvararoppdraget. Ein situasjon der dette kan vere
aktuelt, er der advokaten uventa får forfall. Eit alternativ vil
vere å oppnemne fullmektigen som forsvarar, men det må i tilfelle
skje etter straffeprosesslova § 95 andre leddet andre punktumet,
jf. "en annen skikket person". Då er det ikkje som fullmektig at
vedkomande vert oppnemnd, og avgrensinga i domstollova § 223 vert
følgjeleg ikkje aktuell. I ei vurdering etter første leddet tredje
punktum av om advokaten kan opptre med fullmektig, kan ein mellom
anna leggje vekt på om saka er komplisert, om fullmektigen er
tilstrekkeleg med erfaring, om fullmektigen tidlegare har opptrådt
i saka og om saka vil verte unødig forseinka om advokaten må møte
sjølv. Dersom det gjeld ei straffesak, må retten dessutan vurdere
om det ligg innanfor forsvararoppdraget til vedkomande advokat å
møte med fullmektig, eller om det er grunnlag for å nytte
straffeprosesslova § 95 andre leddet andre punktum slik at
forsvararoppdraget går over på fullmektigen.
4.5 Føring av aktorat ved lagmannsrettane og
herads- eller byrettane
Etter straffeprosesslova § 76 andre
leddet kan straffesaker for lagmannsrett og herads- eller byrett
førast av statsadvokatar, polititenestemenn som høyrer til
påtalemakta eller advokatar. Om saka gjeld "en forbrytelse som
etter loven kan medføre fengsel i mer enn 6 år, skal den føres av
en statsadvokat". Når "særlige grunner" ligg føre, kan likevel
riksadvokaten overføre aktoratet til andre, t.d. til ein
politijurist. Dette gjeld likeins for vedgåingssaker som vert
handsama i forhøyrsretten, når strafferamma er over 6 års fengsel.
Samstundes er det gjort endringar i reglane om kva saker
statsadvokatane kan overlate til dømes til polititenestemenn innan
påtalemakta å aktorere, og dei sakene berre riksadvokaten i særlege
høve kan gjere dette. Det skal vere opp til statsadvokatane å
avgjere kven som skal aktorere vedgåingssaker som før
to-instansreformen ville ha gått for herads- eller byrett. Som
hovudregel bør statsadvokatane aktorere saker om sikring (etter at
lov 17. januar 1997 nr. 11 tek til å gjelde vil dette vere saker om
overføring til tvunge helsevern etter straffelova § 39 eller
forvaring. Sjå elles § 76 for omredigering av paragrafen.
4.6 Endringar i domstollova § 2
Domstollova § 2 inneheld ei
opplisting av dei ulike særdomstolane. Denne opplistinga har over
tid vorte forelda. Dei militære straffedomstolane (§ 2 nr 6)
forsvann ved lov 24 juni 1994 nr. 36 som tok til å gjelde 1. juli
1997. Fiskeridomstolane (§ 2 nr 4) vart ikkje førde vidare når
noverande lov om saltvannsfiske (lov 3. juni 1983 nr. 40) vart
vedteken. I domstollova § 2 nr. 3 vert det vist til
skjønnskommisjoner som er sett ned etter lov om bygningsvesenet i
Kristiania av 26. mai 1899 § 12. Den korrekte tilvisinga skal no
vere plan og bygningslova § 60.
4.7 Protokollasjon ved saksførebuande møte
Straffeprosesslova § 20 inneheld
reglar om protokollering av forklaringar som partar, vitne eller
sakkunnige gjev i rettsmøte utanfor hovudforhandling. Hovudregelen
er etter første leddet at slike forklaringar skal protokollerast. I
tredje leddet er det gjort eit unntak for rettsmøte under
saksførebuinga. I slike rettsmøte kan retten sjølv avgjere i kva
grad forklaringar skal protokollerast eller ikkje. I denne
unntaksføresegna vert det i ein parentes vist til
straffeprosesslova § 272, og dette har reist tvil om unntaket berre
knyter seg til dei særskilde saksførebuande rettsmøta etter § 272,
og ikkje den generelle heimelen for saksførebuande møte som vart
vedteken som § 274 andre leddet ved lov 24. august 1990 nr. 54.
Tilvisinga til § 272 må reknast som eit hjelpemiddel til å finne
fram til reglane om saksførebuande møter, som då regelen vart
gjeve, utelukkande var § 272. At ein i tilknyting til lovendringa i
1990 oversåg at tilvisinga burde fjernast eller endrast, får dermed
ikkje den verknad at føresegna ikkje gjeld for saksførebuande møter
etter § 274 andre leddet. For å unngå liknande tvilstilfelle i
framtida er tilvisinga fjerna, jf. straffeprosesslova § 20.