8 Ymse endringar
8.1 Pålegg om at det må stillast trygd for
løysingssummen ved odelsløysing
Odelslova §§ 70 er endra slik at
retten etter krav frå saksøkte skal retten påleggje saksøkjaren å
stille trygd for løysingssummen dersom ikkje løysinga skal
gjennomførast straks. Det er presisert at det normalt skal setjast
ein frist på ein månad, som svarar til den allmenne fristen for å
anke eller krevje overskjønn. Etter endringa av odelslova § 75 går
det fram at dersom saksøkjaren ikkje stiller pålagt trygd for
løysingssummen til den tid som er fastsett, misser han odelsretten
til eigedomen. Dersom saksøkjaren sitt finansielle grunnlag er
tilfredsstillande, vil det gå greitt å stille slik trygd. Ein vil
med ein slik regel neppe unngå at løysingssak vert reist utan at
det er økonomisk dekning for dette, og ein vil heller ikkje unngå
at det kan gå noko tid før den som har overteke ein odelseigedom
utan å ha best odel, får avklart sin situasjon. Saksøkte vil
likevel i større grad unngå unødig uvisse i tida etter at det er
klarlagt både at saksøkjaren har løysingsrett i høve til saksøkte
og at løysingssummen er fastsett.
8.2 Overgangsføresegner ved endring i storleiken
på forseinkingsrenta
Når forseinkingsrenta vert endra,
kan det kome opp spørsmål om kva verknad den nye renta skal få for
dei pengekrav der det allereie før endringa hadde kome
forseinkingsrente på kravet. Den naturlege oppfatninga av reglane
synest vere at storleiken på renta skal fastsetjast etter den renta
som gjeld til ein kvar tid, om ikkje Kongen fastset særlege
overgangsføresegner i samband med at rentesatsen vert endra. Det er
no vedteke ein uttrykkeleg regel om at endring av forseinkingsrenta
skal få verknad frå iverksetjinga sjølv om det alt har kome til
forseinkingsrente i eit kravshøve. Det same gjeld sjølv om kravet
var fastsett i ein dom. Sjå endring av forseinkingsrentelova §
3.
8.3 Fastsetjing av forseinkingsrente i dommar
Det er ikkje uvanleg at
domsslutningar der det vert tilkjent forseinkingsrente, vert
formulert på ein måte som ikkje tek omsyn til at storleiken på
forseinkingsrenta kan verte endra før dommen vert oppfylt, eller
slutninga er formulert på ein slik måte at det kan framstå som
uklårt kva slag rente det er tale om. Eit døme på dette kan vere at
saksøkte skal betale kr xx til saksøkjaren - med tillegg av 12 %
rente frå xx.xx.2000 til betaling skjer. Det er då ikkje klårt at
det er forseinkingsrente og ikkje annan avtalt rente som slutninga
omhandlar. Dersom forseinkingsrenta vert auka i tida etter dommen,
vil saksøkjaren dessutan ikkje ha tvangsgrunnlag for den auka
renta, sjølv om vedkomande materielt sett har krav på dette, jf.
pkt 8.2 ovanfor. Ved nedsetjing av renta vert spørsmålet endå meir
komplisert. Saksøkjaren har då ikkje materielt krav på den høgare
renta som er fastslått i dommen, men det er uklart om saksøkte må
angripe dommen ved oppattaking eller om namsmannen sjølv kan tolke
dommen og ta omsyn til nedsetjinga. Dersom namsstyresmaktene kan
gjere dette, vert det vidare spørsmål om skuldnaren lyt krevje
dette eller om namsstyresmaktene av eige tiltak skal eller kan ta
omsyn til at forseinkingsrenta er sett ned.
Dette er bakgrunnen for at
tvistemålslova har fått ein ny § 148 a om utforming av domsslutning
ved tilkjenning av forseinkingsrente. Endringa gjeld òg for
borgarlege rettskrav som vert pådømde i ei straffesak, jf. endring
i straffeprosesslova § 432.
Det gjer seg særlege omsyn
gjeldande for slike domsslutningar av di dei er standardiserte og
som regel vert formulerte slik at det kan vere uklart kva verknad
dommen skal ha ved seinare endringar av forseinkingsrenta. Den
nærare utforminga av domsslutninga vil likevel kunne variere etter
som kravet har forfalle allereie før domstidspunktet eller ikkje.
Dersom kravet har forfalle før dommen vert avsagd, noko som i
praksis er det mest vanlege, kan dommen såleis fastsetje eit fast
beløp fram til avseiinga og at rente for tida deretter skal følgje
føresegnene i forseinkingsrentelova. Det vil likevel ikkje vere
nødvendig med ei slik konkret fastsetjing fordi renta kan gjevast
ved ei generell vising til forseinkingsrenta. Dersom det har kome
til forseinkingsrenter etter ulik sats, kan det likevel vere
praktisk at summen av renter etter tidlegare satsar vert presisert
i dommen. Om kravet først skal forfalle til dømes to veker etter at
dommen vert avsagd, skal det derimot gå fram av domsslutninga at
rente etter forseinkingsrentelova skal reknast frå og med dagen
etter (eller ein bestemt dato).