Lokale forhandlingar...
Underside | | Kunnskapsdepartementet
Tillegg nr. 3 til F- 42-98
23.12.98 98/13470
Statens utdanningskontor
Fylkeskommunane
Fylkesrevisjonane
Kommunane
Kommunerevisjonane
Kommunekasserarane
Folkehøgskolane
Private skolar
Statens Pensjonskasse
Lærarorganisasjonane
Kommunenes Sentralforbund
Lokale forhandlingar for skoleverket med verknad frå 01.09.98
Det er ført lokale forhandlingar for skoleverket etter punkt 2.3.3 i hovudtariffavtalen for staten, innanfor ei ramme på 0,55 % av lønnsmassen. Resultatet frå forhandlingane inneber at gjeldande særavtale om lønn og godtgjersler m.m i skoleverket er revidert.
Den nye reviderte særavtalen om lønn og godtgjersler m.m. i skoleverket er vedlagd. Denne særavtalen kjem i staden for den tidlegare særavtalen som står på sidene 42 - 51 i rundskriv F - 42/98.
Endringar av innhaldet er merkt med feit tekst eller med lita tekst [klammeparentes] der tekst er stroken i den nye avtalen. Desse endringane er gjeldande med verknad frå 01.09.98.
Endringar av redaksjonell art eller som berre inneber ei ajourføring av særavtalen i forhold til gjeldande reglar i m.a. hovudtariffavtalen er merkt med kursivert tekst.
Departementet ber verksemdene setje avtalen i verk.
Med helsing
Carl O. Geving e.f.
fung. avdelingsdirektør
Vidar Kåsin
fung. byråsjef