8 Faglærarutdanning
Underside | | Kunnskapsdepartementet
8 Faglærarutdanning
8.1 Innleiing
I lov om lærarutdanning §21 nr 4 er det fastsett:
"Faglærarutdanning skal femne om:
a) Pedagogisk teori og praksis.
b) Studium i eitt eller to fag, fagområde eller arbeidsområde og innføring i nærskylde emne som høver for arbeid i skolen."
Etter §6 nr 1 i lova skal utdanninga ha eit omfang på minst tre år.
Departementet har fastsett nasjonale rammeplanar for seks faglærarutdanningar:
-Ñernæring, helse- og miljøfag
-Ñøkonomisk-administrative fag
Samla vert det utdanna i omlag 500 faglærarar pr år etter desse rammeplanane. Tala i parentes ovafor viser måltal for opptak i 1996.
Eigenarten til faglærarutdanningane som er styrte gjennom nasjonale rammeplanar kan ma karakteriserast ved:
- utdanninga har ei relativt sterk fordjuping med inntil 50 vekttal i eitt fag
- fagstudia har mål, innhald og arbeidsformer som er klårt rette inn mot arbeid som lærar. Fagdidaktikk er som regel integrert i eller foregår parallelt med fagstudia
- pedagogisk teori og praksis er oftast lagt over to eller tre studieår, og det er lagt vekt på god samanheng mellom pedagogikk og fag.
Nokre av faglærarutdanningane er og organiserte i ein 2+1 modell, dvs eit toårig fagstudium med eit etterfølgjande eittårig praktisk-pedagogisk studium. Faglærarutdanningane kvalifiserer for arbeid på ungdomssteget i grunnskolen og for vidaregåande opplæring.
Det er ulike historiske årsaker til at det finst eigne faglærarutdanningar på visse fagområde. Fleire av desse har sitt utspring i tidlegare faglærarhøgskolar, musikkonservatorium mv, nokre av dei med lange tradisjonar og fagleg tilknyting til ein profesjon. Andre vart oppretta som eigen utdanningsveg for å styrkje vedkomande fagområde som skolefag.
Faglærarar med fagleg fordjuping på eitt eller to område kombinert med pedagogisk skolering har vore eit verdfullt supplement til allmennlærarane, særleg på ungomsteget i grunnskolen. Det er likevel fleire grunnar til å vurdere kritisk om ein skal halde fram med faglærarutdanning som eigen utdanningskategori:
- faglærarkompetansen har vist seg ofte å vere for smal i forhold til skolens behov, mange faglærarar har derfor tatt tilleggsutdanning for å få utvida undervisningskompetanse
- faglærarutdanning er ein utdanningskategori der det blir utdanna relativt få lærarar pr år
- noverande faglærarutdanningar er ikkje godt tilpassa utviklinga i grunnskolen og vidaregåande opplæring og må derfor omorganiserast
- ein må stille spørsmålet om faglærarutdanninga har ein spesiell funksjon i opplæringssystemet som ikkje kan dekkjast gjennom dei andre utdanningsvegane, allmennlærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning eller fagutdanning med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Dersom ein vel framleis å ha faglærarutdanning, bør det vurderast nærare kva slag faglærarutdanning som skal regulerast gjennom nasjonale rammeplanar og korleis desse utdanningane skal byggjast opp.
8.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling
8.2.1 Faglærarutdanning generelt
Lærarutdanningsutvalet har peikt på at fleire ulike lærarkategoriar som arbeider saman på ulike steg (såkalla overlappande kompetanse) er eit verdfullt særtrekk ved det norske opplæringssystemet. Utvalet meiner at dei ulike kategoriane utfyller og kompletterer kvarandre, slik at norske elevar møter eit langt meir allsidig og variert lærarkollegium enn elevar i mange andre land.
Med dette som utgangspunkt tilrår lærarutdanningsutvalet at faglærarutdanninga framleis bør vere ein eigen lærarutdanningskategori. Utvalet tilrår at omfanget framleis bør vere tre år. Med tanke på å framheve eigenarten i faglærarutdanninga tilrår utvalet at pedagogisk teori og praksis bør inngå i alle dei tre studieåra. I tillegg har utvalet gitt særskilde tilrådingar om dei ulike faglærarutdanningane som blir styrte ved nasjonale rammeplanar.
8.2.2 Dei enkelte faglærarutdanningane
Utvalet tilrår at den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helse- og miljøfag blir avvikla og vidareført etter den nye modellen for yrkesfaglærarutdanning som utvalet har gjort framlegg om (jf kapittel 9). Utdanninga vil i så fall byggje på fagbrev og hovudsakleg kvalifisere for studieretningane helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag i vidaregåande opplæring.
Eit fleirtal i lærarutdanningsutvalet tilrår at faglærarutdanningane i kroppsøving og i naturfag med matematikk bør leggjast ned. Eit mindretal gjer framlegg at dei bør halde fram som ei felles faglærarutdanning i kroppsøving, naturfag og matematikk.
Lærarutdanningsutvalet gjer framlegg om at den noverande faglærerutdanninga i musikk bør omorganiserast til ei meir differensiert og fleksibel utdanning som også omfattar dans og drama. Utvalet tilrår at den nye utdanninga får namnet "Faglærarutdanning i musiske kunstfag - musikk, dans og drama".
Utvalet gjer dessutan framlegg om at den noverande faglærarutdanninga i forming og formingsfag vert vidareført etter to studiemodellar:
- Yrkesfaglærarutdanning i formgivingsfag etter den nye modellen utvalet har gjort framlegg om (jf kapittel 9). Denne utdanninga skal byggje på fagbrev og primært siktast inn mot formgivingsfag i vidaregåande opplæring.
- Faglærarutdanning som tidlegare, men organisert som "Faglærarutdanning i visuelle kunstfag - formgiving, kunst og handverk" etter same modell som utvalet har gjort framlegg om for musiske kunstfag.
Faglærarutdanninga i økonomisk-administrative fag tilrår utvalet omorganisert til yrkesfaglærarutdanning etter den nye modellen for yrkesfaglærarutdanning som utvalet har gjort framlegg om (jf kapittel 9). Utdanninga bør etter utvalets meining siktast inn mot butikkfag, kontorfag og resepsjonsfag i vidaregåande opplæring. Anna lærarutdanning innanfor økonomisk-adminstrative fag meiner utvalet kan baserast på fagutdanning med etterfølgjande praktisk-pedagogisk utdanning.
8.3 Høyringsfråsegner
Faglærarutdanning er ikkje mellom dei sakene som er mest kommenterte i høyringa. Nokre høyringsfråsegner tek opp faglærarutdanning generelt, men dei fleste gjeld dei enkelte faglærarutdanningane.
8.3.1 Faglærarutdanning generelt
Av dei statlege utdanningskontora sluttar 3 seg til framlegget om at pedagogisk teori og praksis bør inngå i alle studieåra. Det same gjer 4 kommunar/fylkeskommunar og 2 lærar-/studentorganisasjonar. Dei andre høyringsinstansane i desse gruppene har ikkje kommentert saka eksplisitt.
Kunsthøgskolen i Oslo, Norsk Lærerlag, Lærerforbundet og Landslaget for Norges Lærerstudenter meiner at omfanget av faglærarutdanninga må aukast til fire år.
8.3.2 Dei enkelte faglærarutdanningane
Eitt av dei statlege utdanningskontora seier seg samd i at den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helse- og miljøfag bør omorganisast til yrkesfaglærarutdanning. Det gjer også 3 av dei statlege rådsorgana (m a Lærarutdanningsrådet), 2 av dei statlege høgskolane (Agder og Akershus), 6 kommunar/fylkeskommunar, 2 næringslivsorganisasjonar (LO, YS) og 3 lærar-/studentorganisasjonar (Landslaget for Norges Lærerstudenter, Norsk Skolelederforbund, Norsk Studentunion). Ein lærarorganisasjon (Lærerforbundet) går mot omorganisering. Dei andre høyringsinstansane i dei gruppene som er nemnde, uttalar seg ikkje eksplisitt om saka.
2 statlege høgskolar seier seg einige i å avvikle faglærarutdanninga i kroppsøving. Det same gjer 10 kommunar/fylkeskommunar, ein næringslivsorganisasjon (LO) og 3 lærar-/studentorganisasjonar (Norsk Skolelederforbund, Norsk Studentunion, Skolenes landsforbund).
Følgjande høyringsinstansar meiner faglærarutdanninga i kroppsøving bør halde fram: 4 statlege utdanningskontor, eitt statleg rådsorgan (Lærarutdanningsrådet), ein vitskapleg høgskole (Noregs idrettshøgskole), 4 statlege høgskolar og ein lærarorganisasjon (Lærerforbundet).
Dei andre høyringsinstansane i desse gruppene omtalar ikkje saka eksplisitt.
Følgjande høyringsinstansar sluttar seg til framlegget om at faglærarutdanninga i naturfag med matematikk bør leggjast ned: 8 kommunar/fylkeskommunar, ein næringslivsorganisasjon (LO) og 3 lærar-/studentorganisasjonar (Landslaget for Norges Lærerstudenter, Norsk Skolelederforbund, Skolenes landsforbund). Desse instansane går inn for at utdanninga må halde fram: 6 statlege utdanningskontor, 2 statlege rådsorgan (Ingeniørutdanningsrådet, Lærarutdanningsrådet). Dei andre høyringsinstansane i de nemnde gruppene har ikkje uttalt seg eksplisitt om saka.
Framlegget om å omgjere den noverande faglærarutdanninga i musikk til faglærarutdanning i musiske kunstfag - musikk, dans, drama får tilslutning frå 2 statlege rådsorgan (Lærarutdanningsrådet, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet), 2 universitet/vitskaplege høgskolar (NTNU, Noregs musikkhøgskole), 4 statlege høgskolar, 5 kommunar/fylkeskommunar og ein lærarorganisasjon (Skolenes landsforbund).
Ingen av høyringsinstansane går eksplisitt mot framlegget, men fleire instansar har innvendingar og kommentarar. Høgskolen i Tromsø meiner omfanget av denne faglærarutdanninga må vere 4 år. Både NTNU og Noregs musikkhøgskole tilrår at ordet "musiske" vert fjerna frå namnet på utdanninga. NTNU åtvarar mot skadeverknader av "kafeteriaprinsippet" i organiseringa av utdanninga. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet tilrår yrkespraksis som opptakskrav til faglærarutdanninga.
Eitt statleg utdanningskontor sluttar seg til framlegget om å omorganisere den noverande faglærarutdanninga i forming og formingsfag, dels til yrkesfaglærarutdanning og dels til faglærarutdanning i visuelle kunstfag. Det same gjer 2 statlege rådsorgan (Lærarutdanningsrådet, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet), 4 statlege høgskolar (Agder, Bergen, Oslo, Telemark), 5 kommunar/fylkeskommunar og ein lærar-/studentorganisasjon (Landslaget for Norges Lærerstudenter). Skolenes landsforbund støttar omgjering til yrkesfaglærarutdanning, men ikkje omorganisering til faglærarutdanning i visuelle kunstfag. Høgskolen i Oslo meiner at faglærarutdanninga bør vere fireårig dersom ho skal kvalifisere for to fag både i grunnskole og vidaregåande opplæring. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet tilrår yrkespraksis som opptakskrav.
5 kommunar/fylkeskommunar og 2 lærar-/studentorganisasjonar (Landslaget for Norges Lærerstudenter, Norsk Skolelederforbund) sluttar seg til framlegget om å organisere faglærarutdanning i økonomisk-administrative fag som yrkesfaglærarutdanning. Landslaget for Norges Lærarstudenter meiner at all lærarutdanning i økonomisk-administrative fag bør organiserast som faglærarutdanning og ikkje fagstudier med etterfølgjande praktisk-pedagogisk utdanning. Lærerforbundet etterlyser alternative studievegar slik det er gjort framlegg om under visuelle kunstfag.
8.4 Departementets vurderingar og framlegg
8.4.1 Faglærarutdanning generelt
Departementets vurderingar i denne meldinga er avgrensa til å gjelde faglærarutdanningar som er regulerte gjennom rammeplanar. Ei tilsvarande avgrensing er gjort av lærarutdanningsutvalet. Departementet vil seinare vurdere om andre utdanningsvegar som òg fører fram til faglærarkompetanse, bør gjennomgåast med tanke på samordning av innhald og organisering.
Departementet har i sine vurderingar lagt vekt på:
- dei ulike lærarutdanningsvegane må samla gi lærarar med variert og allsidig kompetanse som dekkjer behovet i opplæringssystemet
- faglærarutdanningar som gir ein kompetanse som kan oppnåast gjennom ei anna lærarutdanning, bør ikkje oppretthaldast som eigen utdanningsveg
- innhald og organisering av den enkelte faglærarutdanninga må tilpassast nye behov i grunnskole og vidaregåande opplæring
- nasjonale rammeplanar bør primært nyttast til styring og samordning av utdanning som blir gitt ved mange ulike lærarutdanningsinstitusjonar.
Samanlikna med andre utdanningsvegar er det relativt få lærarar som blir utdanna gjennom treårig faglærarutdanning. Desse lærarane får dessutan ein smal undervisningskompetanse som gjer at det kan vere vanskeleg i visse tilfelle å få full post på same skole. Mange faglærarar tar derfor vidareutdanning for å kunne undervise i fleire fag. Det kan derfor vere grunn til å vurdere om denne utdanningskategorien bør avviklast og eventuelt erstattast av liknande utdanning innanfor dei større, etablerte lærarutdanningane. Kvar faglærarutdanning bør vurderast i høve til den kompetanse allmennlærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning eller fagutdanning med praktisk-pedagogisk utdanning kan gi.
Fagutdanning med etterfølgjande praktisk-pedagogisk utdanning kan gi utdanning med tilsvarande eller større fagleg fordjuping enn faglærarutdanning. Det ser likevel ut til å vere vanskeleg å organisere denne utdanninga slik at yrkesinnretting og samanheng mellom fag, fagdidaktikk og pedagogisk teori og praksis blir like god som i faglærarutdanninga.
Ein ny modell for yrkesfaglærarutdanning, jf kapittel 9, vil ivareta både yrkesinnretting og samanheng mellom fag og pedagogikk. Den nye strukturen i vidaregåande opplæring gjer det dessutan aktuelt å omgjere faglærarutdanningar som siktar inn mot yrkesfaglege studieretningar, til yrkesfaglærarutdanning.
Eit anna alternativ til faglærarutdanning kan vere allmennlærarutdanning med maksimal fordjuping på dei aktuelle fagområda. Allmennlærarutdanninga har som oftast god samanheng mellom fag, fagdidaktikk og pedagogisk teori og praksis. Denne utdanninga har tradisjonelt gitt lite rom til fagleg fordjuping jamført med faglærarutdanninga. Ein modell for allmennlærarutdanning som gir rom for relativt stor grad av spesialisering mot ungdomstrinnet i enkelte sentrale fag, vil til ein viss grad kunne erstatte faglærarutdanning som eigen utdanningsveg.
Departementet vurderer faglærarutdanning som ein fortsatt viktig del av norsk lærarutdanning, men denne utdanningskategorien bør bare vidareførast i fag der faglærararutdanning har ein heilt klar funksjon som ikkje kan ivaretakast av dei andre lærarutdanningane. Faglærarutdanninga inneheld kvalitetar som gjer at faglærarane utfyller og supplerer andre lærarar på ein fruktbar måte. Departementet har merka seg framlegget frå lærarutdanningsutvalet om at pedagogisk teori og praksis bør inngå i alle tre åra i faglærarutdanninga. Etter departementets vurdering kan dette medvirke til å framheve sterke sider ved eigenarten til faglærarutdanninga. I arbeidet med nye rammeplanar for faglærarutdanning vil departementet derfor leggje vekt på å organisere faglærarutdanninga slik.
Departementet ser det ikkje som ønskjeleg å utvide omfanget av faglærarutdanninga til fire år. Med tanke på arbeidet i skolen kan det vere viktig at faglærarar kan undervise i fleire fag. Det vil derfor ofte heller vere ønskjeleg at faglærarar nyttar eit fjerde og eventuelt femte utdanningsår til utdanning i andre fag med tanke på å oppnå undervisningskompetanse i fleire fag.
8.4.2 Dei enkelte faglærarutdanningane
Etter departementets vurdering er det eit klart behov for lærarutdanning spesielt innsikta mot studieretningane helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag i vidaregåande opplæring. Desse studieretningane fører i hovudsak fram til fagbrev. I kapittel 9 gjer departementet framlegg om ei ny yrkesfaglærarutdanning med hovudmål å kvalifisere for lærararbeid i dei yrkesfaglege studieretningane i vidaregåande opplæring etter Reform 94. Departementet vil derfor følgje framlegget frå lærarutdanningsutvalet om å omgjere den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helse- og miljøfag til yrkesfaglærarutdanning basert på søkjarar med fagbrev og generell studiekompetanse. Lærarar til undervisning i heimkunnskap i grunnskolen kan i hovudsak dekkjast av allmennlærarar med heimkunnskap i fagkrinsen.
Det er få institusjonar som gir faglærarutdanning i kroppsøving og på landsbasis er det få studieplassar i dette studiet. Departementet meiner derfor det ikkje er grunn til å oppretthalde ei eiga faglærarutdanning i kroppsøving. Det vil og vere mogleg å ta fagstudium i idrett og eittårig praktisk-pedagogisk utdanning ved Noregs idrettshøgskole eller ein statleg høgskole som har dette fagtilbodet.
Også faglærarutdanning i naturfag med matematikk har svært få studieplassar fordelte på to høgskolar. Bakgrunnen for å opprette denne faglærarutdanninga var vanskar med å rekruttere naturfaglærarar. Dette er fortsatt eit alvorleg problem, men departementet er einig med eit fleirtal i lærarutdanningsutvalet i at behovet for å styrkje lærarutdanninga i naturfag og matematikk kan ivaretakast betre på andre måtar enn å halde oppe ei eiga faglærarutdanning i naturfag. I kapittel 6.4.2 foreslår departementet ein modell for allmennlærarutdanning som legg til rette for val av relativt tung fordjuping i realfag. I kapittel 6.4.4 blir ulike andre tiltak for å styrkje realfaga i allmennlærarutdanninga drøfta.
Departementet ønskjer å følgje lærarutdanningsutvalets framlegg også når det gjeld lærarutdanning for økonomisk-administrative fag. Det bør etablerast yrkesfaglærarutdanning innsikta mot butikkfag, kontorfag og resepsjonsfag. Anna lærarutdanning i økonomisk-administrative fag meiner departementet kan baserast på fagutdanning med etterfølgjande praktisk-pedagogisk utdanning.
Ny faglærarutdanning i musikk, dans og drama
Faglærarutdanninga i musikk er innsikta mot undervisning både i grunnskole og vidaregåande opplæring. I tillegg er det eit stort behov for musikkpedagogar utanfor skoleverket, t d i dei kommunale musikkskolane og det frivillige musikklivet. I den nasjonale evalueringa av høgre musikkutdanning kom det fram at det har foregått ei utvikling bort frå det opprinnelege hovudmålet å utdanne musikklærarar til ei sterkare vektlegging av utdanning av utøvarar. Denne utviklinga har særleg ført til ei svekking av utdanninga av musikklærarar til grunnskolen.
Departementet støttar lærarutdanningsutvalets framlegg om ei meir allsidig og fleksibel faglærarutdanning som omfattar musikk, dans og drama. Ei faglærarutdanning med større breidde vil etter høgskolereformen kunne trekke på kompetanse i fleire fagmiljø enn det som fanst i dei tidlegare musikkonservatoria. I den nye faglærarutdanninga vil det vere mogleg å velje mellom musikk, dans eller drama som hovudområde. Innafor det enkelte hovudområdet kan studenten velje spesialisering retta mot grunnskolen eller vidaregåande kurs i vidaregåande opplæring.
Ny faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk
I grunnskolen vil innføringa av det nye faget kunst og handverk og den auka vektlegginga av den estetiske dimensjonen i all opplæring føre til behov for lærarar med god fagleg og pedagogisk fordjuping på dette fagområdet. Lærarar med slik utdanning kan også nyttast som pedagogar i kunstskolar og andre fritidsaktivitetar og slik vere med på å realisere at grunnskolen skal vere ein aktiv og levande kulturinstitusjon i lokalsamfunnet. Etter departementets vurdering er det også eit klart behov for lærarutdanning spesielt innsikta mot formgivingsfag i vidaregåande opplæring. Departementet meiner at framlegget frå lærarutdanningsutvalet løyser behova både til grunnskolen og vidaregåande opplæring på ein god måte.
Også i denne faglærarutdanninga vil det vere mogleg å velje mellom ulike hovudområde og spesialiseringar. I arbeidet med revisjon av rammeplanar vil departementet derfor gå inn for at den noverande faglærarutdanninga i forming og formingsfag blir organisert på ein meir differensiert og fleksibel måte på same vis som faglærarutdanninga i musikk, dans og drama. I tillegg til denne omorganiseringa vil departementet ta initiativ til yrkesfaglærarutdanning i formgivingsfag, jf kapittel 9.
Modellen for faglærarutdanning i musikk, dans og drama og faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk må tilpassast utviklinga når det gjeld desse fagas plass og innhald i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Dei to faglærarutdanningane vil vere eit viktig supplement til dei estetiske faga i allmennlærarutdanninga.
8.4.3 Oppsummering
Departementet vil:
- endre den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helse- og miljøfag til yrkesfaglærarutdanning basert på søkjarar med fagbrev, yrkespraksis og generell studiekompetanse
- avvikle ordninga med eigne rammeplanar for faglærarutdanning i kroppsøving, faglærarutdanning i naturfag med matematikk og faglærarutdanning for økonomisk-administrative fag
- foreslå at dei to faglærarutdanningane i musikk og i forming og formingsfag blir vidareførte og fornya som faglærarutdanning i musikk, dans og drama og faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk, begge med eigne rammeplanar
- seinare vurdere andre utdanningsvegar som fører fram til faglærarkompetanse med tanke på ei samordning av innhald og organisering.