10 Samisk lærarutdanning...

10 Samisk lærarutdanning

10.1 Innleiing

Samisk lærarutdanning er tidlegare omtalt og gjort greie for mellom anna i St meld nr 40 (1990-91) Frå visjon til virke. Om høgre utdanning, i NOU 1996: 22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal og seinast i ei stortingsmelding om norsk samepolitikk som ligg føre våren 1997.

10.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet legg vekt på at samisk lærarutdanning må førebu for ei heilskapleg samisk opplæring med sterk forankring i samisk språk og kultur. Utvalet framhevar at vanskar med å rekruttere studentar til samisk lærarutdanning gir grunn til uro og foreslår derfor at det blir oppretta utdanningsstipend for å dekkje lærarbehovet i område der det har vore vanskeleg med rekruttering av lærarar. Det blir dessutan foreslått ei studentrekrutteringsordning i form av forkurs for høgre utdanning og det blir understreka at lærarar som ikkje er samiskspråklege og som skal undervise i samiske område, også treng kunnskap i samisk.

Utvalet tilrår på denne bakgrunn at:

  • det blir utvikla nye studieplanar for samisk allmennlærarutdanning
  • det blir oppretta eit 1-årig intensivstudium i samisk for ikkje-samisktalande
  • duodji som fag i yrkesfaglærarutdanninga blir vurdert
  • "tradisjonskunnskap" blir oppretta som nytt fag på 10 vekttal i samisk lærarutdanning
  • Samisk høgskole blir styrka fagleg ved ein auka FoU-aktivitet.

10.3 Høyringsfråsegner

Sametinget støttar utvalet i at alle allmennlærarstudentar må få innføring i samisk kultur, og at dette blir innarbeidd i rammeplanane for faga i allmennlærarutdanninga. Sametinget er derimot ikkje nøgd med utvalets arbeid når det gjeld samisk lærarutdanning, og meiner mellom anna at utgreiinga manglar eit historisk oversyn og ein analyse av dagens samiske lærarutdanning. Sametinget ber derfor departementet om å gjennomføre ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning, og tinget ser det som naturleg å bli rådspurt om fastsetjing av mandat og oppnemning av medlemmer til eit utval.

Samisk høgskole sluttar seg ikkje til lærarutdanningsutvalets tilrådingar om samisk lærarutdanning. På same måte som Sametinget, ønskjer høgskolen ei eiga utgreiing der samisk lærarutdanning blir sett inn i og forklart ut frå eit historisk og samfunnsmessig perspektiv og der forskjellane mellom samisk lærarutdanning og anna lærarutdanning i Noreg kjem fram. Samisk høgskole meiner i tillegg at dei oppgåvene Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Bodø har i samisk lærarutdanning må klargjerast. Også Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Nord-Trøndelag og dei statlege utdaningskontora i Finnmark og Nordland ønskjer ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning.

Samisk høgskole er positiv til at det er foreslått spesielle rekrutteringstiltak til samisk lærarutdanning og ønskjer at dette vert utdjupa ved ei kartlegging av potensielle rekruttar. Samisk utdanningsråd saknar og ein betre analyse av rekrutteringsproblematikken, og foreslår mellom anna at høgskolen tilbyr desentraliserte undervisningsopplegg i dei ulike samiske regionar. Utdanningsrådet etterlyser dessutan ein breiare omtale av utdanning lærarar i lule- og sørsamiske språk.

Samisk høgskole problematiserer om faget tradisjonskunnskap bør integrerast i alle fag i samisk lærarutdanning eller om kunnskapen best kan bli ivaretatt og utvikla gjennom eit eige fag. Etablering av faget blir dessutan sett i forhold til valfridomen til studentane.

Universitetet i Tromsø understrekar at det må utdannast lærarar som kan undervise i samisk, då dagens situasjon er at for få elvar har grunnlag i språket til å kunne studere samisk ved høgskolen i Kautokeino.

Fylkeskommunane i Finnmark og Troms framhevar behov for lærarar med kompetanse i samisk, og støttar utvalets framlegg om eittårig intensivstudium for ikkje-samisktalande.

Norsk Lærerlag, Lærerforbundet og Landslaget for Norges Lærerstudenter støttar utvalets tilråding om å vurdere å opprette duodji som fag i ei yrkesfaglærarutdanning.

Statens utdanningskontor i Finnmark drøftar på same måte som Samisk høgskole faget tradisjonskunnskap. Utdanningskontoret stiller òg spørsmål til om det teoretiske "kunnskaps"-omgrepet er riktig brukt i forhold til samisk kultur. Statens utdanningskontor i Troms meiner at utvalet ikkje har drøfta godt nok behovet for ei lærarutdanning som er tilpassa dei samiske distrikta der vaksne og barn kan lite samisk. Utdanningskontoret tilrår at samiske fag ved dei nordnorske høgskolane vert styrkt både for å kunne inngå som del av grunnutdanninga og som vidareutdanning for lærarar. Vidare foreslår utdanningskontoret ein desentralisert utdanningsmodell for samisk lærarutdanning der 40 vekttal blir tatt ved Samisk høgskole og 40 vekttal blir tatt desentralisert ved andre høgskolar. Statens utdanningskontor i Nordland ser det som eit viktig rekrutteringstiltak å motivere blant samar frå distrikt der dagens ungdom tilhøyrer første eller andre generasjon samar med norsk som morsmål.

Lærarutdanningsrådet (LR) vurderer utvalets behandling av samisk lærarutdanning som kortfatta, summarisk og mangelfull. Rådet meiner at utvalet ikkje har gitt ein analyse av svake sider og behov ved dagens samiske lærarutdanning tilsvarande den som er gitt av norsk lærarutdanning. LR ser derfor på konklusjonane i kapittel 6.2.11 som til dels generelle og til dels svakt underbygde, noko som gir eit dårleg grunnlag for nye tilrådingar. Det blir vidare sett på som ein mangel at utvalet ved behandling av samisk lærarutdanning stort sett overser andre moglege løysingar enn dei som kjem frå Samisk høgskole.

Opplæringsrådet for duodji foreslår at samisk lærarutdanning blir organisert i modular på bakgrunn av samisk kultur og språk, og meiner at dette også kan vere med på å styrkje duodji. Rådet støttar utvalets syn på ei yrkesfaglærarutdanning i duodji og tilrår at ei slik utdanning blir bygd på ulike modellar.

10.4 Departementets vurderingar og framlegg

10.4.1 Samisk høgskole

I 1989 vart Samisk høgskole etablert som utdannings- og forskingsinstitusjon med hovudvekt på samisk lærarutdanning og med nordsamisk som undervisnings- og administrasjonsspråk. Det er føresett at høgskolen skal ha eit ansvar i forhold til alle samiske språkområde når det gjeld dei ulike samiske språkgruppene i Noreg og samisk befolkning i andre land. Samisk høgskole er såleis open for søkjarar frå Finland, Sverige og Russland. Dette nordiske samarbeidet er ei særleg administrativ og fagleg utfordring for Samisk høgskole, til dømes når det gjeld undervisning i svensk og finsk og tilbod om praksisplassar i Sverige og Finland.

Samisk lærarutdanning er særskilt tilrettelagt for det samiske samfunnets behov. Utdanninga er det sentrale verkemiddelet for å sikre dei samiske områda godt kvalifisert personell til barnehagar og skoleverk, og er såleis ein del av den kulturelle oppbygginga som skal bidra til å styrkje og vidareutvikle samhaldet mellom samar. Oppgåva til samiske lærarar er mellom anna å føre tradisjonell samisk kunnskap vidare til komande generasjonar, samstundes som dei er med på å utvikle kunnskap. Alle faga i samisk lærarutdanning tar omsyn til dei oppgåvene samiske lærarar har, og særleg faga samisk språk, samfunnsfag og pedagogikk blir brukt som reiskap i denne samanheng. Samisk lærarutdanning gir spesiell kompetanse som lærar i det samiske samfunnet, og er samstundes eit likeverdig utdanningstilbod på linje med anna lærarutdanning. Lærarstudentane får på denne måten ein dobbelkvalifikasjon.

Fagpersonalet ved Samisk høgskole skal drive med forsking og utviklingsarbeid og på dette grunnlaget heve kvaliteten på utdanninga, vere fagleg basis for undervisning og byggje opp og vidareutvikle kompetanse. Fagpersonalet skal i samarbeid med andre drive FoU-arbeid, formidle forskingsresultat til samfunnet, og innhente ny kunnskap og idear frå andre kjelder.

Ei særleg utfordring på FoU-området framover, er oppfølginga av skolereformene og dei nye samiske læreplanane (L 97 Samisk).

Ved Samisk høgskole er det for tida tre stipendiatstillingar i respektive samisk språk, "samisk kunnskap og forståing" og naturfag. Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet vil til ei kvar tid vurdere tildeling av stipendiatstilingar på det samiske området.

Det auka omfanget av obligatoriske fag i allmennlærarutdanninga vil medføre at studentar ved Samisk høgskole, der også samisk er obligatorisk, får ein avgrensa valfridom. Høgskolen har i dag ikkje gitt tilbod i engelsk, men må etter den nye modellen som er foreslått i meldinga organisere eit slikt studium. På grunn av storleiken på høgskolen ser departementet at det kan vere vanskeleg med ei organisering av faga som er knytt opp til det enkelte studentkullet slik det er foreslått for andre høgskolar. Med eit særleg utgangspunkt i dei nye samiske læreplanane (L-97 Samisk), grunnskolereforma (Gr 97), Reform 94 og Lærarutdanningsreforma (Lu 98), må det derfor utviklast ein ny samisk studieplan for allmennlærarutdanninga. Samisk høgskole vil ha eit særleg ansvar for utforminga av den framtidige samiske lærarutdanninga, men det vil samstundes vere viktig å opprette eit samarbeid med andre høgskolar i dette arbeidet.

10.4.2 Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Nord-Trøndelag

Samisk høgskole er den einaste høgskolen som tilbyr ei fullstendig samisk lærarutdanning. I tillegg har ein ved Høgskolen i Bodø undervisning i lulesamisk språk og kultur og ved Høgskolen i Nord-Trøndelag tilbod i sørsamisk språk og kultur. Studia blir tilbydt som del av grunnutdanninga for lærarstudentar eller som vidareutdanning for lærarar og andre som har behov for faga i sine yrke. Det er ei særleg utfordring for desse høgskolane å byggje opp eit tilbod overfor små samiske språkgrupper som bor spreidd over eit stort område og i ulike regionar. Det er derfor viktig med eit godt samarbeid mellom institusjonar som tilbyr studium innanfor samisk lærarutdanning.

Det er for tida ei stipendiatstilling i lulesamisk ved Høgskolen i Bodø og ei stipendiatstilling i sørsamisk ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet vil også på desse samiske områda til ei kvar tid vurdere tildeling av stipendiatstillingar.

10.4.3 Rekruttering

Stortingets endring av samelova i 1990 jamstelte samisk språk med norsk. Samstundes vart grunnskolelova endra for å styrkje opplæringa i og på samisk. Dette har ført til at talet på elevar som får opplæring i samiske språk aukar. Samisk utdanningsråd har rekna ut at det er behov for ca 200 samiske lærarar på norsk side. Det er såleis ein stadig mangel på lærarar som kan undervise i nord-, sør- og lulesamisk.

Etablering av Samisk høgskole har vore eit sentralt virkemiddel for å styrkje samisk lærarutdanning. Høgskolen kan ta opp 35 allmennlærarstudentar og 10 førskolelærarstudentar kvart år. Studieåret 1996/1997 er det totalt 51allmennlærarstudentar og 18 førskolelærarstudentar ved høgskolen. Dette viser at dagens utdanningskapasitet ved Samisk høgskole ikkje er fullt utnytta og at det er vanskar med rekrutteringa til samisk lærarutdanning.

Ei av årsakene til dette kan vere at det tidlegare har vore liten tradisjon blant samar for å skaffe seg studiekompetanse. Departementet har derfor lagt vekt på særskilde tiltak for å betre rekrutteringa av samiske søkjarar til høgre utdanning, ma gjennom vaksenopplæringstiltak som forkurs ved dei to samiske vidaregåande skolane i Kautokeino og Karasjok. Det kan vere grunn til å tru at Reform 94 vil føre til at ein større del av den samiske ungdomen skaffar seg studiekompetanse.

10.4.4 Utgreiing om samisk lærarutdanning

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil ta initiativet til ei eiga utgreiing der samisk lærarutdanning blir sett inn i og forklart ut frå historisk og samfunnsmessig samanheng, og der skilnadane mellom samisk lærarutdanning og anna lærarutdanning i Noreg kjem tydeleg fram. Det vil og vere naturleg å gjennomføre ei kartlegging som viser utdanningsbakgrunnen til og utdanningsbehovet for samiske lærarar. Dette er viktig bakgrunnsdokumentasjon for vidare analysar av manglar og behov ved dagens samiske lærarutdanning, ma for å vurdere behovet for etter- og vidareutdanning i samiskspråklege område.

Det vil òg vere ønskjeleg å kartleggje rekrutteringsgrunnlaget når det gjeld samiske søkjarar til høgre utdanning generelt og lærarutdanning spesielt. Ei slik kartlegging vil mellom anna vere formålstenleg for å vurdere tiltak for å betre rekrutteringa til lærarutdanninga av samiske studentar i ulike aldersgrupper, språkgrupper og regionar, til dømes når det gjeld bruk av forkurs til høgre utdanning, særlege stipendiatordningar eller desentralisert utdanning. Kartlegginga og utgreiinga må rettast mot dei tre samiske språkgruppene. Sametinget vil få en sentral rolle i dette arbeidet.

10.4.5 Etablering av nye studietilbod

Departementet har merka seg utvalets tilråding om oppretting av nye studium i tradisjonskunnskap og 1-årig intensivstudium i samisk for ikkje-samisktalande. Før departementet kan ta stilling til eventuelle søknader frå Samisk høgskole, må behovet og rekrutteringsunderlaget for nye studium utgreiiast av høgskolen.

Innafor vidaregåande opplæring er det i dag mogleg å ta fagbrev i duodji og reindrift, og det er derfor behov for yrkesfaglærarar som har fagleg og pedagogisk bakgrunn i dei to faga. Departementet vil vurdere situasjonen for dei to faga i samband med utviklinga av ny modell for yrkesfaglærarutdanning.

10.4.6 Oppsummering

Departementet:

  • ser det som viktig å styrkje rekrutteringa til samisk lærarutdanning og få ei betre dekning av samisktalande personell innan opplæringssystemet og førskolesektoren
  • vil ta initiativ til å utvikle ein eigen studieplan for samisk lærarutdanning som mellom anna tar omsyn til samisk læreplanverk (L-97 Samisk)
  • vil ta initiativ til ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning som inkluderer alle dei tre samiske språkgruppene.
Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen