11 Fellestiltak for all...

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

11 Fellestiltak for all lærarutdanning

11.1 Vurdering om kandidatar er skikka for læraryrket

11.1.1 Innleiing

Ordninga med ei særskild vurdering om kandidatar er skikka for læraryrket vart sist vurdert av departementet i samband med ny lov om universitet og høgskolar, jf Ot prp nr 85 (1993-94) og Innst O nr 40 (1994-95). Departementet gjorde her framlegg om å vidareføre heimelen, i påvente av framlegg til ny opplæringslov, der fleire av paragrafane i lærarutdanningslova var til vurdering (jf kapittel 3). Eit sentralt spørsmål er om det er behov for ei eiga lovheimla vurdering om studentar er skikka for yrket i tillegg til dei andre vurderingsformene i lærarutdanningane. Spørsmålet er handsama av både opplæringslovutvalet og lærarutdanningsutvalet.

11.1.2 Grunnlaget for vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket

Lov av 8. juni 1973 nr 49 om lærarutdanning omfattar alle lærarutdanningane og gir i §§24 nr 3 og 5a heimel til institusjonane om å gjere ei vurdering om kandidatane er skikka for læraryrket før dei får endeleg lærarvitnemål. Lovparagrafen seier:

"Ved slutten av ei lærarutdanning skal utdanningsinstitusjonen ta endeleg stilling til om kandidaten er skikka for læraryrket, og i tilfelle, gje kandidaten lærarvitnemål. Vitnemålet skal gje opplysningar om kva for undervisning eller andre oppgåver i skolen utdanninga særleg høver for. Andre kandidatar får vitnemål for dei studia dei har fullført med godkjent resultat."

Lærarutdanningsinstitusjonane har på dette feltet hatt eit anna ansvar enn mange andre institusjonar som gir yrkesutdanning, men som ikkje har ansvaret for sertifisering til yrkesutøvinga.

Bakgrunn for lovheimelen var iflg Ot prp nr 36 (1972-73) og Innst O nr 66 (1972-73) eit ønske om å utvide dåverande ordning med at det første året var eit prøveår. Det var slik at utdanningsinstitusjonen ved slutten av første undervisningsår skulle avgjere "om lærarstudenten har dei faglege og personlege føresetnader for å halde fram med lærarutdanninga," og denne ordninga ønskte Lærarutdanningsrådet å utvide. I departementet sine vurderingar heiter det:

"lærarutdanningsintitusjonane bør ha eit ansvar for rettleiing og vurdering av kandidatane i høve til sjølve læraryrket. Pedagogisk høgskole har såleis eit ansvar for rådgjeving av lærarkandidatane gjennom heile studietida. Dette er slik å forstå at dersom ein student saknar føresetnader for læraryrket, kan skolen rå studenten til å ta sikte på eit anna yrke.

Lærarkandidatane får i dag karakter i praktisk lærardugleik. Departementet reknar med at lærarstudentane må ha gjennomført øvingsopplæringa med godkjent resultat for å få lærarvitnemål. Dei må såleis i praksis ha vist at dei har dei faglege og pedagogiske føresetnader som krevst for læraryrket."

Det heiter vidare at det bør fastsetjast retningslinjer for kva faktorar det skal leggjast vekt på i tilfelle der det ikkje skal skrivast ut vitnemål for lærarutdanning.

Stortingskomiteen avga Innst O nr 66 (1972-73) der det ma heiter at

"Nemnda vil leggje stor vekt på det ansvar ein pedagogisk høgskole har for rådgjeving av lærarstudenten gjennom heile studietida. Ein student som saknar føresetnader for læraryrket, bør få råd i studietida om å ta sikte på eit anna yrke, slik departementet peikar på i proposisjonen"

Lovparagrafen ga imidlertid ikkje heimel for utfyllande forskrift. Dette var det behov for og departementet sende ut brev 21. februar 1984 med nærare "reglar" for vurdering om ein kandidat er skikka for læraryrket til dei institusjonane som hadde lærarutdanning.

Vurderingane skulle byggje på:

  1. Mål for lærarutdanning i lov og studieplan (no rammeplan), og mål for studieeininga pedagogisk teori og praksis.
  2. Om studenten har vist uverdig framferd utanom studietida.

Det var særleg punktet om uverdig framferd som fekk plass i utfyllande kommentarar i brevet. Dette hadde Justisdepartementet kommentert, og det heiter at uverdig framferd er framferd som ikkje høver for ein som førebur seg til læraryrket.

Vidare går det fram av brevet at straffbare forhold må vere klargjorde ved dom eller påtaleunnlatelse for eit straffbart forhold.

Studieplanen for allmennlærarutdanning hadde alt i 1980 eit avsnitt om vurdering av om ein kandidat er skikka for yrket. Det heiter at denne vurderinga skal vere ei totalvurdering av studenten og skal skje med utgangspunkt i siktemålet for lærarutdanninga og i målet for allmennlærarstudiet. Det heiter vidare:

"I denne vurderinga må det leggjast avgjerande vekt på korleis studenten fungerer i praktisk lærararbeid og i samarbeid med barn og vaksne. Dette arbeidet må godkjennast for at studentane skal kunne få lærarvitnemål."

Rammeplanar for ulike lærarutdanningar frå1992 har òg eit eige avsnitt om vurdering av om ein kandidat er skikka for yrket. Her er det lagt vekt på høgskolane sitt ansvar for å legge opp gode rutiner for oppfølging og rettleiing av studentane gjennom heile studiet. Institusjonane vert pålagde ansvar for tidleg varsling av studentar som det er reist tvil om. Lovparagrafen understrekar likevel klart at det er først mot slutten av utdanninga at ei formell underkjenning kan finne stad.

Vurderinga skal vere ei "helhetsvurdering som omfatter både faglige, pedagogiske og personlige forutsetninger for å kunne fungere som lærer. Departementet kan gi nærmere retningslinjer for slik vurdering av skikkethet."

11.1.3 Andre vurderingsformer. Bortvising

Det er i tillegg andre måtar å stoppe studentar som i løpet av studietida ikkje viser seg kvalifiserte eller eigna til å bli lærarar:

  • studenten kan stryke i eitt eller fleire av dei obligatoriske faga
  • studenten kan stryke i pedagogisk praksis
  • studenten kan mellombels bortvisast med heimel i §42 i lov om universitet og høgskolar (inntil 3 år).

Alle desse måtane å stoppe lærarstudentar på er døme på kvalitetssikring innan lærarutdanningane og siktemålet med dei er fleirsidig. Sett frå ståstaden til barn og foreldre, barnehagar, skole og opplæring, arbeidsgivar, samfunnet og læraren sjølv er det grunnleggjande at lærarar fungerer godt, ivaretar barns og unges læring og utvikling og arbeider for å fremje mål for barnehage, skole og opplæring. Det ligg eit stort ansvar til institusjonar som sertifiserer lærarar.

Studentar som ikkje oppnår gode nok resultat i dei faglege studieeiningane, får karakterar som inneber ikkje godkjent. Studenten har likevel rett til å gå opp til ny eksamen. Etter tidlegare forskrifter for lærarutdanning har studentane hatt rett til å gå opp til eksamen i alt tre gongar i kvar studieeining. Det er no opp til den einskilde institusjonen å fastsetje reglar på dette området, jf lov om universitet og høgskolar §50 nr 6. Etter noverande lærarutdanningslov har lærarstudentar som ikkje har oppnådd lærarvitnemål, rett til å få utskrive studievitnemål. Universitets- og høgskolelova gir ikkje lenger høve til vitnemål for delar av ei utdanning. I slike tilfelle får studenten eksamensutskrift.

Dersom ein student får karakterar som inneber ikkje godkjent som resultat etter ein praksisperiode, har det tidlegare vore mogleg å få prøve seg på nytt inntil to gonger. Det er no opp til den enkelte institusjonen å fastsetje reglar på dette området dersom det ikkje vert regulert gjennom rammeplanar.

Arbeidet med lov om universitet og høgskolar aktualiserte spørsmålet om det er behov for ei eiga vurdering om enkelte lærarstudentar er skikka for yrket. Vidare reiste saka spørsmål om kven som skal utføre denne vurderinga og kvar ordninga skulle lovfestast dersom ho skulle vidareførast.

I NOU 1993:24 Lov om universiteter og høgskoler vart den særskilte vurderinga om kandidatar er skikka for læraryrket sett som ein del av yrkessertifiseringa av lærarar. I utgreiinga vart det tilrådd å vurdere om slik sertifisering burde flyttast frå utdanningsinstitusjonane til t d dei nye statlege utdanningskontora.

I Ot prp nr 85 (1993-94) Om lov om høgre utdanning understreka departementet at vurdering om kandidatar er skikka for læraryrket ikkje berre gjeld straffbare tilhøve, men og om vurdering av korleis studentane fungerer i lærarrolla, knytt til vurdering ut frå måla for lærarutdanning i lov og studieplan og for studieeininga pedagogisk teori og praksis (brev 21. februar 1984 som gir nærare reglar for vurderinga). Dei straffbare tilhøva vert ivaretatt av ny bortvisningsparagraf, medan den andre delen ligg nært opp til spørsmålet om studentane har bestått utdanninga, inkludert pedagogisk praksis.

Lov om universitet og høgskolar §42 nr 2 omhandlar bortvising av studentar:

"En student som grovt klanderverdig har opptrådt på en slik måte at det er skapt fare for liv eller helse for pasienter, klienter, barnehagebarn, elever eller andre som studenten har å gjøre med som del i klinisk undervisning eller praksisopplæring, eller som gjør seg skyldig i grove brudd på taushetsplikt eller i grovt usømmelig opptreden overfor disse, kan etter vedtak av styret selv utestenges fra studiet i inntil 3 år."

Det skal svært mykje til før ein student kan bortvisast. I Ot prp nr 85 (1993-94) fremja departementet i tillegg at styret for institusjonane skulle ha høve til å utestenge ein student for alltid dersom det kunne godtgjerast at studenten er varig uskikka til det yrket vedkommande utdannar seg for. Departementet grunnga framlegget med pasientar, klientar, barnehagebarn og elevar sine krav til tryggleik i situasjonar der dei er i kontakt med studentar frå dei profesjonsutdanningar som lova omfattar. Vidare vart det vist til at slike brot på lovbestemt teieplikt, grovt klanderverdig oppførsel som skaper fare for liv og helse for pasientar mm er typiske forhold som kan medføre disiplinærtiltak som suspensjon eller avskil i eit arbeidsforhold.

Stortinget meinte at forslaget ville gå ut over det som er styrets kompetanseområde og innebere brot med det rettsvernet studentar bør ha. Komiteen ba likevel departementet om å komme tilbake med nytt forslag til endring av lova som kunne ivareta intensjonane i det forslaget som vart forkasta.

Departementet har arbeidd vidare med spørsmålet om varig utestenging og bruk av politiattest når studentar skal ha praksisopplæring eller klinisk undervisning der dei skal vere i nærkontakt med pasientar, klientar, elevar, barnehagebarn eller andre.

I barnehagelova §20 vert det stilt krav om at søkarar som vil arbeide i barnehagar må leggje fram tilfredsstillande politiattest som skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt, eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, er utelukka frå arbeid i barnehagar.

I Ot prp nr 36 (1996-97) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) har departementet, gått inn for å foreslå at det før tilsetjing av ein lærar, kan stillast krav om politiattest som viser om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn, og at personar som er dømt for seksuelle overgrep mot barn ikkje skal kunne tilsetjast. (Jfr §20 i lov om barnehagar.)

Kriminelle forhold som kriterium for å fastslå at ein student ikkje er skikka for læraryrket er forhold som i dag fell inn under §42 i universitets- og høgskolelova. Men §42 omfattar berre forhold som skjer i studietida, mao ikkje kva studenten måtte gjere som privatperson. Td vil kjøp/sal av narkotika og overgrep mot barn utanfor studiesituasjonen òg falle utanfor den noverande §42 nr 2. Studenten kan bli straffedømt etter straffelova, men kan halde fram i utdanninga. Departementet vurderer ei endring av universitets- og høgskolelova som vil gi heimel til å krevje politiattest og til i visse tilfelle å nekte deltaking i praksisopplæring der studentane kjem i kontakt med barn. Forslag om lovendring vil bli lagt framfor Stortinget våren 1997.

11.1.4 Andre utdanningar med offentleg godkjenning for yrkesutøving

Det er andre framgangsmåtar for godkjenning av kandidatar /utsiling av ueigna studentar i andre yrkesretta utdanningar. Sosial og helsedepartementet har ansvar for sertifisering av ulike helsefagutdanningar i form av offentleg godkjenning, delegert til fylkeslegen. Det er særlover for ei rekkje yrke knytte til helsestellet, ma fysioterapeut, sjukepleiar, ortopediingeniør, pleiarar i psykiatriske sjukehus, psykolog, lege og tannlege.

For dei aller fleste av desse profesjonane er vilkåret for tilbakekalling av autorisasjon/offentleg godkjenning at vedkommande har vist seg uskikka til å utøve verksemda. For psykologar og fysioterapeutar er det eit vilkår for i det heile tatt å få godkjenning at vedkommande har vist "hederlig vandel".

Lov 14. juni 1974 om godkjenning av helsepersonell omfattar helsepersonell som ikkje kom inn under særlovene, dvs radiografar, bioingeniørar, vernepleiarar, ergoterapeutar, fotterapeutar, hjelpepleiarar, tannpleiarar, optikarar og kiropraktorar. For desse gjeld krav om "hederlig vandel" for å få godkjenning. Slikt helsepersonell kan miste godkjenninga dersom dei vert vurderte som uskikka til å utøve verksemda.

Fleire av desse yrkesgruppene kan bli fråtatt godkjenninga dersom det ligg føre "andre forhold som anses uforenlig med utøving av virksomheten "eller når vedkomande "forsømmer sine plikter etter lov og forskrifter". Andre formuleringar som blir brukte er "at vedkommende er ute av stand til å utføre sin gjerning forsvarlig og umyndiggjort". Når det gjeld sjukepleiarar, kan dei miste godkjenninga på grunn av sjukdom, misbruk av rusmidlar eller dersom dei av andre særlege grunnar blir vurderte som uskikka til forsvarleg utøving av yrket.

Framlegg til ny lov om helsepersonell (NOU 1993:33) inneheld framlegg om samordna og einsarta sanksjonsreglar for alle yrkesgrupper i helsesektoren med offentleg godkjenning/autorisasjon. Framlegget går ut på at yrkesutøvarar innan desse gruppene blir nekta/fråtatt autorisasjon dersom han eller ho vert vurdert som uskikka til å utøve yrket sitt av nærare oppgitte årsaker.

Våren 1991 nedsette Det norske universitetsråd eit utval leia av professor Torstein Ekchoff for å utgreie spørsmålet om utdanningsinstitusjonane sitt ansvar for vurdering om kandidatar er eigna for framtidig yrke/profesjon. Ekchoff-utvalet konkluderte med at institusjonane sjølve bør ha ansvaret for at dei kandidatane dei uteksaminerer er skikka til det yrket dei er utdanna til. Universitets- og høgskolelovutvalet var ikkje einig i dette. Etter lovutvalet sitt syn er vurdering om ein kandidat er skikka ei oppgåve for dei organ som har ansvar for tildeling av autorisasjon for eller tilsetjing i dei aktuelle yrka.

Helsedirektøren har ma i den seinare tid fokusert på spørsmålet om narkotikamisbruk og studentars tilgang på medikament og har teke til orde for utsiling av studentar med stoffproblem frå pleiarutdanningane. Til dette vil truleg vandelsattest vere til lite hjelp, fordi vandelsattestar berre seier om vedkomande har vore i kontakt med politiet.

Ved arbeid med rammeplanar for helsefagutdanningane dei siste åra, har spørsmålet om å vurdere om studentar som eignar seg/ikkje eignar seg for yrket blitt fokusert. Det er lagt opp til at ei utsiling av dei som ikkje eignar seg særleg må gjerast gjennom praksisopplæringa. I høgskolane sine fagplanar for sjukepleiarutdanning er dette knytt til godkjend/ikkje godkjend praksis og det er utarbeidd kriterium for slik vurdering.

11.1.5 Opplæringslovutvalets innstilling

I NOU 1995:18 Ny lovgivning om opplæring" er det gjort framlegg om at den særskilte vurderinga om kandidatar er skikka for læraryrket fell bort. Grunngivinga er at det vanskeleg kan skiljast mellom fagleg vurdering og vurderinga om kandidatar er skikka og at begge deler må inngå i den samla vurderinga som dannar grunnlag for godkjenning eller sertifisering for læraryrket. I utgreiinga heiter det m a

"Det må antas at kandidater som ikke er skikket for pedagogiske oppgaver i skolen, som regel heller ikke vil bestå praksisdelen av lærerutdanningen.(...) Etter utvalgets oppfatning vil adgangen til å vurdere lærerkandidatenes skikkethet bli vurdert i tilstrekkelig grad gjennom den obligatoriske pedagogiske praksis, tilfredsstillende tilsettingsprosedyrer, oppsigelses-/avskjedsadgang og adgangen til bortvisning fra utdanningsinstitusjonene."

Lærarutdanningsrådet gjekk imot dette framlegget og framhevar følgjande kvalitetar hos den som skal fylle dagens lærarrolle:

"Det handler om å kunne gi faglig god undervisning, om å ha ansvar for oppdragelse og omsorg, om å kunne legge til rette for et godt læringsmiljø og om å kunne samhandle med foreldre, kolleger og hele det formelle og uformelle nettverket som utgjør elevenes oppvekstmiljø. Lærerens personlige egenskaper og holdninger blir i en slik sammenheng svært viktige, og det er dette skikkethetsvurderingen i første rekke bør dreie seg om. Dette må dessuten være en særskilt vurdering som er overordnet studentens rent faglige prestasjoner".

11.1.6 Høyringsfråsegner til opplæringslovutvalet

Dei fleste av dei kommunane som har uttalt seg om spørsmålet om yrkessertifiseringsvurdering av lærarstudentar, ser ut til å vere negative til framlegget om å fjerne denne ordninga.

Dei fleste høgskolane og universiteta som har uttalt seg om den særskilte vurderinga om kandidatar er skikka for yrket, er negative til framlegget frå utvalet om å fjerne denne ordninga. Det blir mellom anna vist til at det er usikkert om det tradisjonelle praksisomgrepet er vidt og prinsipielt nok til å dekkje dei kriteria som til no har vore relaterte til yrket. Universitetet i Tromsø støttar at den særskilde vurderinga om studenten er skikka for yrket går ut, og viser til at ein gjennom den ordinære vurderinga av pedagogisk teori og praksis er i stand til å vurdere kven som er eigna til å undervise i skolen.

Barneombodet støttar framlegget om å fjerne den særskilde vurderinga om lærarstudentar er skikka for yrket. Det blir vist til at lærarstudentane blir vurderte gjennom praksisopplæringa og at denne vurderinga bør styrkjast. Barneombodet meiner at denne vurderinga bør supplerast med ei lovbunden oppfølgingsplikt for arbeidsgivaren.

Ei rekkje av dei andre høyringsinstansane vil vidareføre den lovfesta "skikkethetsvurderinga". Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) gjer framlegg om å skjerpe denne vurderinga i lærarutdanninga og å få det uttrykt i opplæringslova.

Forskerforbundets forening for lærerutdanning, Landslaget for Norges Lærerstudenter og Norsk Lærerlag, hevdar at forslaget om å fjerne paragrafen fra lovverket er eit heilt feilaktig signal. LO/Norsk Lærerlag gjer framlegg om at departementet får heimel til å gi forskrifter om vurderinga.

Då Stortinget hausten 1995 behandla St meld nr 29 (1995-96) Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole oppsto det debatt rundt spørsmålet om vurdering om studentar er skikka for læraryrket. Debatten kom under høyringa til framlegget til opplæringslov. Komiteen seier i Innst S nr. 15 (1995-96):

"Komiteen er opptatt av å sikre høy kvalitet på lærere i skolen. Det er derfor nødvendig å sikre at studenter som ikke egner seg som lærere, stoppes før de kommer ut i skolen. Komiteen vil derfor understreke behovet for å sikre at den lovpålagte skikkethetsvurderingen av lærerstudenter fungerer etter hensikten. Komiteen forutsetter også at jobbintervju gjennomføres ved ansettelse av lærere".

11.1.7 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet tilrår at

  • institusjonar som gir lærarutdanning framleis bør ha ansvar for vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket
  • lov om lærarutdanning bør endrast slik at institusjonane kan gjennomføre vurdering om studentar er skikka med endeleg verknad gjennom heile studietida og ikkje som no, berre ved avslutninga av studiet
  • departementet må gi ein definisjon av kva ein skikka/uskikka lærar er og utarbeide kriterium for å vurdere dette. Utgangspunktet må vere §§2 og 19 i lov om lærerutdanning og omtale av lærarrolla i styringsdokumenta for skoleverket
  • vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket må handsamast i ein breitt samansett kommisjon på avdelingsnivå og slutthandsamast i institusjonens styre. Departementet må fastsetje klare reglar for prosedyrar og slutthandsaming
  • ved opptak til lærarutdanning bør alle nye studentar få skriftleg informasjon om den vurderinga som utdanningsinstitusjonane skal utføre
  • det bør utgreiast nærare å opprette eit nasjonalt register over godkjende lærarar.

Utvalet gjer vidare framlegg om at endeleg vurdering om ein lærarkandidat er skikka for yrket blir gjort i løpet av eit kandidatår, pkt 7.3. s 125.

Utvalet viser til undersøkingar om praktisering av vurdering om kandidatar er skikka for yrket innan allmennlærarutdanninga og praktisk-pedagogisk utdanning ved universiteta*. Denne undersøkinga er seinare følgt opp (1996) og Lærarutdanningsrådet (1996) har gjort ei tilsvarande undersøking innan førskolelærarutdanninga.

* Gabrielsen, Egil (1993): Skikkethetsvurdering i lærerutdanningen. Rapport nr 2/1993, Stavanger lærerhøgskole.

Dokumentasjonen viser at det vart reist svært få, berre 10 slike saker, ved lærarutdanningsinstitusjonane i perioden 1987-92, samstundes som det vart uteksaminert 9000 studentar frå allmennlærarutdanninga og 2000 gjennom praktisk-pedagogisk utdanning. Det vert opplyst at ei gruppe på ca 70 studentar årleg slutta i utdanninga. Undersøkinga viser at det er behov for klarare kriterium og prosedyrar for slik vurdering. Berre 4 av dei 23 institusjonane som var med i undersøkinga hadde ei eiga nemnd for slike saker og institusjonane hadde ulike framgangsmåtar og rutiner for å utføre vurdering om kandidatar var skikka for læraryrket.

Dei seinare undersøkingane viser at det er både ein auke i talet på formelle "skikkethetssaker" og i talet på studentar som blir rettleia ut av dei ulike lærarutdanningane. Dette kan tyde på at høgskolane tek vurdering om kandidatar er skikka for læraryrket meir på alvor.

Utvalet meiner at mangelen på presise kriterium for vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket er noko av grunnen til dei dokumenterte tilhøva. Vidare meiner utvalet at mange studentar som får rettleiing om å slutte, ville blitt vurdert som uskikka for læraryrket. Utvalet er likevel ikkje sikker på om noverande praksis er god nok. Utvalet meiner at uklare kriterium for "skikkethetsvurdering" medfører at institusjonane berre reiser formelle saker i tilfelle der det vert opplevd som heilt naudsynt å reise slik sak.

Vidare hevdar utvalet at det er vanskeleg å ivareta studentars rettsvern på ein god måte når det ikkje ligg føre klare kriterium for vurderinga. Av same grunn meiner utvalet det er naudsynt at ein på sentralt hald definerer "lærerskikkethet", fastset klarare kriterium for vurderinga og relativt detaljerte reglar for prosedyrar og sakshandsaming som er forpliktande for utdanningsinstitusjonane. Utvalet tilrår at saker som gjeld om ein student er skikka for læraryrket, blir handsama av ein breitt samansett kommisjon og vert slutthandsama av institusjonens styre.

Utvalet har vurdert krav om utvida vandelsattest ved opptak til lærarutdanning som alternativ eller supplement til noverande vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket. Utvalet avviser ei slik ordning, fordi dette gjeld eit stor mengd søkjarar. Utvalet gjer heller framlegg om at studentane alt ved opptaket får ei fullstendig skriftleg orientering om kriterier og prosedyrer for vurdering av "skikkethet" for læraryrket.

Utvalet ønskjer ikkje at dagens ordning med sertifisering på livstid skal vidareførast. Tilsetjande instans bør ha tilgang på informasjon om lærarar har vist seg uskikka i arbeid, og foreslår derfor eit register over godkjende lærarar.

11.1.8 Høyringsfråsegner til lærarutdanningsutvalet

I oppsummeringa av høyringa viser det seg at om lag ein tredel av høyringsinstansane har gitt svar i høve til punkt 7.2.9 Vurdering av lærerskikkethet i NOU 1996:22. Andre har uttalt seg indirekte om dette i pkt 7.3 Kandidatår der det blir gjort framlegg om at endeleg vurdering av om ein student er skikka for læraryrket skal avgjerast i løpet av eit kandidatår. Hovedtendensen i svara viser at høyringsinstansane:

  • støttar utvalet sine forslag om at det framleis skal vere slik at lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for denne vurderinga
  • støttar at slik vurdering bør pågå i heile studietida
  • går imot at endeleg vurdering av om kandidatar er skikka vert lagt til eit kandidatår.

Døme på kommentarar og grunngivingar:

  • utvalet har handsama temaet på ein grundig og gjennomtenkt måte
  • denne vurderinga er viktig av omsynet til lærarane sine samfunnsoppgåver omsyn til barn og unge, læraren sjølv og læraryrkets status
  • framlegget frå utvalet ivaretar dei juridiske sidene ved vurderinga
  • begrepet skikka for læraryrket må nærare utgreiast
  • øvingslærar må stå særleg sentralt i vurderinga
  • spørsmålet om kandidatar er skikka for læraryrket må knyttast til bestått-ikkje bestått pedagogisk praksis
  • øvingslærarar, fag- og pedagogikklærarar, administrasjon og fagleg leiing må skolerast på dette feltet.

Når høyringsinstansane seier at det framleis skal vere lærarutdanningsinstitusjonane som har ansvar for denne vurderinga, går dei imot utvalets framlegg om at endeleg vurdering blir lagt til eit kandidatår (for grunngiving, sjå kapittel 11.2).

Det er svært få som uttaler seg om at det bør utgreiast eit nasjonalt register over godkjende lærarar, 14 instansar er for dette, medan 4 uttaler at dei er imot.

Kommentarar frå dei ulike gruppene av høyringsinstansar:

Fleirtalet av dei statlege utdanningskontora støttar forslaget i innstillinga. Fleire av kommentarane påpeikar at slik vurdering må skje både i undervisning og praksis og plasserer øvingslærar sentralt i denne vurderinga.

Halvparten av høyringsgruppa universitet og vitskaplege høgskolar uttalar seg om spørsmålet og støttar i hovudsak framlegget frå utvalet. Universitetet i Bergen meiner at vurdering om ein student er skikka for læraryrket må vere knytt til praksis og inngå i praksiskarakter. Andre former for slik vurdering finn universitetet problematisk av omsyn til studentane sitt rettsvern. NTNU etterlyser ein definisjon av omgrepet å vere skikka og kriterium og retningslinjer for vurderinga. Universitetet i Tromsø er for å sile grundig ut tidleg i studiet.

Dei statlege høgskolane: 10 høgskolar uttaler seg eksplisitt om dette framlegget frå utvalet. Desse støttar at lærarutdanningsinstitusjonane framleis bør ha ansvar for "skikkethetsvurdering" og at slik vurdering bør vere mogleg gjennom heile studiet. Vidare er det fleire høgskolar som går imot at endeleg vurdering av om lærarar er skikka skal leggast til eit kandidatår. Desse uttaler at slik vurdering bør vere avslutta i løpet av studietida.

Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Nesna legg vekt på at sentralt gitte retningslinjer for denne vurderinga vil kunne ivareta kvalitetsmessige krav og sikre ein mest mogleg eins praksis. Høgskolen i Volda framhevar at storleiken på studentgruppene er avgjerande for at ein kan gjennomføre vurdering om studentane er skikka for yrket.

Begge dei private høgskolane som har lærarutdanning sluttar opp om utvalet sitt framlegg om ei eiga vurdering av om kandidatar er skikka for yrket, men går imot at endeleg vurdering skal leggjast til eit kandidatår.

Fleirtalet av dei lærar- og elevorganisasjonane som har sendt inn høyringsfråsegn støttar forslaget. Organisasjonane som støttar tilrådingane er opptekne av at det må utarbeidast klare kriterium og prosedyrar i samband med vurderinga som tek vare på både studenten og kvaliteten i utdanninga. Norges Gymnasiastsamband presiserer at krava må oppfølgjast strengare og Landslaget for Norges Lærerstudenter (LNL) hevdar at lærarar som ikkje er gode nok må seiast opp. LNL går òg inn for å styrke kontaktnettet rundt personane som står for vurderinga og går inn for at studenten skal ha medarbeidarsamtale med øvingslærar og ein faglærar i løpet av dei to første åra. Forskerforbundets forening for lærerutdanning meiner at avgjerande instans må vere breitt samansett med lærarar og øvingslærarar i fleirtal. Skolenes landsforbund og AF held fram at utvalet har gjort eit grundig arbeid og ivaretek studentane sitt rettsvern i framlegget.

Norsk Lærerlag meiner at vurdering av om studentane er skikka er eit viktig arbeidsområde for utdanningsinstitusjonane og støttar framlegget om at institusjonane må ta ansvar og betre rutinene for slik vurdering. NL påpeikar at både teori- og øvingslærarar har ei sentral oppgåve i vurderinga, og bør kvalifiserast for dette.

NHO legg vekt på tidleg vurdering pga kostnadene for studentar som vert avvist vert større di lengre i studiet det lid. LO meiner òg at utvalet har gjort eit grundig arbeid og ivaretar studentane sitt rettsvern i framlegget.

Kommunar/Fylkeskommunar: KS seier ja til framlegget under eitt og understrekar at høgskolelærarane må vere med i denne prosessen. Fleirtalet av fylkeskommunane støttar utvalet sitt framlegg. Sør-Trøndelag og Vestfold fylkeskommunar meiner at departementet må gi ein definisjon og utarbeide kriterium for "skikkethet". Finnmark, Østfold og Møre- og Romsdal rosar utvalet. Akershus utdanningsstyre hevdar at praksis bør vurderast med bestått/ikkje bestått og at retningslinjer for skikkethetsvurdering bør vere slik at grensa for bestått ikkje bestått blir den same ved institusjonane.

Når det gjeld dei øvrige gruppene er det 7 av 28 i kategorien statlege råd som uttalar seg og støttar framlegget, medan det berre er eit lite mindretal i dei øvrige gruppene som har uttalt seg om spørsmålet. To av dei statlege råda hevdar at "lærerskikkethet" må definerast klarare. Lærarutdanningsrådet støttar utvalet sitt framlegg. Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag hevdar at begrepet "mestring i praksis" bør ha hovudfokus i vurderinga, men at òg andre moment må inn. Kyrkjerådet gir sterk støtte til utvalets forslag om at vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket vert videreført som utdanningsinstitusjonens ansvar.

11.1.9 Departementets vurderingar og framlegg

Det er etter departementets syn viktig at lærarstudentar er på "prøve" i studietida. Det er ikkje alle som skal kunne bli lærarar. Men det er uklare skilje mellom kva som er grunnlag for å gi ein student ikkje godkjent i praksis, det å vurdere ein student som uskikka og det som etter universitets- og høgskolelova er grunnlag for bortvising. Det som er nytt i høve til lov om lærarutdanning, er at omsynet til tryggleiken til barnehagebarn og elevar er ivaretatt gjennom §42 i universitets- og høgskolelova.

I departementets vurderingar blir det vidare lagt til grunn at

  • studenten kvalifiserer seg til læraryrket gjennom arbeid med det faglege innhaldet, gjennom systematisk erfaringslæring og gjennom utvikling av grunnleggjande haldningar til lærararbeid i løpet av heile studiet
  • studenten får vurdering og rettleiing gjennom heile studiet av eige arbeid, framferd og haldningar i høve til lærarrolla, herunder krav til kompetanse i å undervise, kommunisere og samarbeide og til å rettleie og leie barn og unge i deira læring og utvikling
  • faglærarar, pedagogikklærar og øvingslærar har ansvar for å samarbeide om studentens kvalifisering for læraryrket og for gjennomgåande rettleiing og vurdering basert på eit felles grunnlag for rettleiingsarbeidet og med klare ordningar for samarbeid og ansvarsdeling
  • om ein student er skikka eller uskikka som lærar må dokumenterast gjennom observasjon og analyse av studentens arbeid, framferd og haldningar i såvel den teoretiske undervisninga som i praktisk lærararbeid, i den gjennomgåande vurderinga og rettleiinga av studenten, jf rammeplan for studieeininga Pedagogisk teori og praksis. Rammeplanen føreset ei reell vurdering om studenten duger til å vere lærar. Ei vurdering av lærardugleik i tråd med krava i rammeplanen har heimel i universitets- og høgskolelova §§46 og 50
  • departementet vil utarbeide felles kriterium for å vurdere om lærarstudentar er skikka for yrket som skal inngå i rammeplanane
  • vurdering om ein student er uskikka som lærar avdi vedkommande har vist disiplinære problem, har skapt fare for liv og helse for barn/elevar i praksis, har brote teieplikta, har vist usømmeleg framferd, har fuska eller prøvd å fuske ved eksamen, eller er dømt/tiltalt for kriminell handling, kjem inn under §42 i universitets- og høgskolelova. Stortinget har stilt strenge krav til rettsvernet for studenten i slike saker.

Departementet tilrår på dette grunnlaget at vurdering av om kandidatar er "skikka" ikkje blir lovheimla særskilt. Heile lærarutdanninga skal sikre at studentane blir skikka for yrket, dvs at kandidaten har oppnådd den kompetansen og utvikla dei haldningar til lærarrolla som rammeplanar og fagplanar krev. Utsiling av studentar som ikkje er skikka skal særleg knyttast til vurdering av pedagogisk praksis, men og til fagleg vurdering. Slik vurdering skal pågå gjennom heile studiet. Med heimel i universitets- og høgskolelova §50 nr 6 skal rammeplanen gi reglar om høve til ny praksisperiode og kriterium og prosedyre for å nekte dette.

Departementet vil framheve det ansvaret som institusjonen har for å vurdere grundig om studenten er skikka for yrket. Rammeplanens krav om vurdering som rettleiing, og innhaldet i den avsluttande vurdering av resultata i praksis må dermed takast på alvor. Rammeplanane og høgskolens fagplan må innehalde klare kriterium for bestått pedagogisk praksis. Underkjenning av praksis kan skje etter kvar periode. Studentar som ikkje eignar seg som lærarar bør ikkje bestå praksis.

Dei nasjonale planane frå lærarutdanningane har sidan 1980 hatt omtale av vurdering av skikka/ikkje skikka lærarar. Særleg i 1980-planen vart det lagt avgjerande vekt på at det praktiske lærararbeidet må godkjennast før studenten kan få lærarvitnemål.

Det heiter i lov om universitet og høgskolar §50 nr 1. Eksamen og sensur at:

"Styret skal sørge for at studentenes kunnskaper og ferdigheter blir prøvet og vurdert på en upartisk og faglig betryggende måte. Vurderingen skal også sikre det faglige nivå ved vedkommende studium."

I §50 nr 6 heiter det at:

"Styret selv gir forskrift om avleggelse av og gjennomføring av eksamener og prøver, herunder vilkår for å gå opp til eksamen eller prøve på nytt eller for adgang til ny praksisperiode, og bestemmelser om oppmelding og vilkår for oppmelding. For yrkesutdanninger med nasjonale rammeplaner fastsatt etter §46 nr.2 må forskriften ta utgangspunkt i de generelle bestemmelser om eksamen og sensur som gis i rammeplanen. Styret kan delegere til den enkelte avdeling selv å gi utfyllende regler om forhold som er særegne for den enkelte eksamen."

§50 nr 6 gir styret rom for å utforme utfyllande reglar om forhold som er særeigne for den enkelte eksamen, til dømes kriterium for krav til godkjend praksis. Fleire høgskolar har alt innarbeidd slike i fagplanane. Høgskolane bør òg vurdere kriterium/reglar for å ikkje la studentar gå opp til ny praksisperiode.

Rettsvernet skal ivaretakast i vurderinga av studentane sine prestasjonar og i prøving av kunnskapar og dugleik. Det må òg vere eit krav når det gjeld vurdering om dei er skikka som lærarar. Dette skal sikrast ved fastsetjing av:

  • tidspunktet for vurderinga
  • kriterium for vurderinga
  • framgangsmåtar i slike saker
  • klagerett.

Ei klargjering av formell framgangsmåte og kriterium for vurdering av praksis bør liggje i informasjonen til studentane frå studiestart. Rett til å reagere, rett til å ha med seg ein person når saka deira blir vurdert og klagerett er òg viktige sider ved studentars rettsvern.

Departementet vil halde fram at studentane bør få vise sitt potensial for framgang, noko som er sjølvsagt i lærarutdanningane. Det må likevel nøye vurderast til kva tid ein student bør varslast om at han/ho står i fare for at praksis ikkje blir godkjend. I nokre tilfelle bør det reisast tvil om ein student bør få ta om att første praksisperiode. Men dei fleste studentar bør få høve til å ta første praksisperiode om att og dessutan få vise evt framgang i andre praksisperiode, som derfor blir avgjerande. Det er nødvendig å utforme klarare og meir eksplisitte krav til gjennomføring av praksis.

Ein viktig forskjell mellom gjeldande vurdering om kandidatar er skikka for yrket og den vurdering som her er gjort framlegg om, gjeld vurdering av åtferd utanom studiesituasjonen. Det som her er gjort framlegg om, inneber at vurdering utanom studiesituasjonen blir avgrensa til straffbare tilhøve. Noverande ordning åpnar òg for vurdering av andre forhold utanfor studiesituasjonen. Dette kan ma vere:

  • Grunnleggande karaktertrekk som vanskeleg kan sameinast med læraryrket. (Døme på dette er karaktertrekk/haldningar som har komme til uttrykk ved utøving av rasistisk aktivitet og satanistisk utøving i kontakt med skoleelevar på fritida).
  • Svak psykisk helse kan neppe sameinast med å vere lærar, men treng likevel ikkje skape store problem i korte praksisperiodar.

Kriterium for vurdering av om lærarar er skikka for yrket må ta utgangspunkt i generelle kompetanse og kvalifikasjonskrav i høve til lærarrolla. Desse er omtalte i kapittel 2 Perspektiv på lærarutdanning, som yrkesetisk, fagleg, didaktisk, sosial og endrings- og utviklingskompetanse. Lærarutdanninga må gi studentane utfordringar og hjelp til å bli sjølvstendige og handlingsretta yrkesutøvarar som er kyndige og reflekterte. At lærarane er kyndige føreset kunnskapar og dugleik i fag, i bruk av arbeidsreiskap og dugleik i eit breidt spekter av undervisningsstrategiar. Lærarutdanninga har eit ansvar for at lærarstudentane utviklar sine føresetnader for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning og oppseding. Utdanninga skal gi kompetanse for å skape gode og faste rammer for elevane sitt arbeidsfellesskap og kreativitet.

Utdanninga må òg stimulere studentane sin refleksjon gjennom å gi innsikt i ma pedagogisk grunnlagstenking og analyser av opplæringssamfunnet, den må ta utgangspunkt i lover og læreplanar som bestemmer struktur, innhald og arbeidsmåtar og den må gi innsikt i samanhengen i opplæringa. Refleksjonen inneber vidare at studentane utviklar eit etisk grunnsyn på oppseding og undervisning og at dei er viljuge til å delta i kontinuerleg prøving. Refleksjon føreset derfor analytisk vurdering av den aktuelle situasjonen og må følgjast av yrkesetiske vurderingar.

Følgjande kompetanseområde blir derfor sentrale ved vurdering av om lærarstudentar er skikka for yrket. Rammeplanen kan gi ei nærare omtale av desse:

Yrkesetisk kompetanse:

Yrkesetisk kompetanse inneber at den enkelte lærarstudenten forpliktar seg på fellesskapsverdiar i samfunnet og innan institusjonen og arbeider for å realisere desse verdiane i den pedagogiske verksemda. Det vil ma seie at lærarstudenten skal vere både dyktig og ansvarleg og kan grunngje sine val og haldningar som profesjonell yrkesutøvar.

Fagleg kompetanse:

Fagleg kompetanse inneber at læraren kan utføre oppgåva i å bistå nye generasjonar med å tileigne seg kunnskapar, dugleik, haldningar og verdiar som samfunnet ønskjer å føre vidare og sette dei i stand til å utnytte desse på ein forsvarleg måte. Læraren skal oppfylle det nasjonale og den enkelte elevens behov på dette området.

Didaktisk kompetanse:

Didaktisk kompetanse inneber kunnskapar og dugleik i å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning, noko som igjen føreset ma evne til å analysere og reflektere omkring mål for opplæringa, læreplanens innhald, elevføresetnader, vurdering og rammene for undervisninga. Didaktisk kompetanse inneber vidare innsikt i tilsvarande problemstillingar knytte til det enkelte fag. Kunnskap om leiing og om opplæringssystemet er andre sentrale sider ved didaktisk kompetanse.

Sosial kompetanse:

Sosial kompetanse er nært knytt til personlege eigenskapar og personleg tryggleik, og er sentral for utøving av læraryrket. Sosial kompetanse inneber ma evne og vilje til å ta den enkelte elev på alvor, ta ansvar, kommunisere med og samarbeide med elevar, kollegaer, foreldre og andre.

Endrings- og utviklingskompetanse

Endrings- og utviklingskompetanse inneber ma evne og vilje til å ta imot rettleiing og endre atferd for å nå dei faglege måla som gjeld for teoristudiet og for praksisopplæringa.

Oppsummering

  • Heile lærarutdanninga skal sikre at studentane blir skikka for yrket, dvs tileignar seg den lærardugleik, dei kunnskapar og haldningar som lærarrolla krev og som er rammeplanens mål for utdanninga. Vurdering av studentens arbeid, framferd og haldningar som lærar skal skje gjennom heile studiet og må dokumenterast gjennom utført pedagogisk praksis og anna fagleg arbeid. Underkjenning av praksis kan skje etter kvar praksisperiode.
  • Rammeplan og fagplan skal gi klare kriterium for krav til godkjend praksis og reglar om høve til ny praksisperiode og prosedyre for å nekte dette. Departementet vil fastsetje felles kriterium og saksbehandlingsreglar i rammeplanane.
  • Vurdering om ein student er uskikka som lærar fordi vedkommande har vist alvorlege disiplinære problem, har skapt fare for liv og helse for barn/elevar i praksis, har brote teieplikta, har vist usømmeleg framferd, har fuska eller prøvd å fuske ved eksamen, eller er dømt/tiltalt for kriminell handling fell inn under §42 i universitets- og høgskolelova.
  • I Ot prp nr 36 (1996-97) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) har departementet foreslått at det før tilsetjing av ein lærar kan stillast krav om politiattest som viser om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn, og at personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn ikkje skal kunne tilsetjast. (Jfr §20 i lov om barnehagar.)
  • Departementet vurderer ei endring i §42 i lov om universitet og høgskolar som vil gi heimel til å krevje tilfredsstillande politiattest før praksisopplæring og i visse høve til å nekte rett til å delta i praksisopplæringen.

På dette grunnlaget er det departementets syn at det ikkje skal fastsetjast ein eigen lovheimel for vurdering om lærarstudentar er skikka for yrket. Vurderinga om studentane i lærarutdanninga er skikka til å vere lærarar må gjerast innafor ramma av dei vurderingane som skal skje i høve til rammeplanens mål for utdanninga og etter dei retningslinjer som rammeplanen gir for slik vurdering.

11.2 Kandidatår

11.2.1 Innleiing

Ulikt fleire andre land har ikkje Noreg noko nasjonalt system for overgang frå utdanning til yrke for lærarar.

Skottland har t d ein toårig "probation period" for lærarar. Etter fullført lærarutdanning får kandidatane ei førebels godkjenning som lærar for å kunne gjennomføre prøveperioden i skolen. I denne perioden får lærarkandidatane rettleiing og vurdering ved den skolen der dei er tilsette. Etter prøveperioden kan dei søkje det nasjonale rådet "The General Teaching Council for Scotland" om endeleg registrering som godkjend lærar. Rådet baserer si avgjerd på rapportar og tilråding frå rektor ved den skolen der kandidaten har hatt prøveperioden sin. Utfallet på søknaden frå kandidatane kan bli:

  • endeleg godkjenning og oppføring i det nasjonale registeret over godkjende lærarar
  • forlenging av prøveperioden
  • oppheving av den mellombels godkjenninga som lærar.

Lærarutdanningsutvalet tilrår ei liknande ordning i Noreg (jf avs 11.2.2).

OECD-kommisjonen som vurderte det norske utdanningssystemet i 1988 var også opptatt av prøving og rettleiing av nyutdanna lærarar. I rapporten frå vurderinga uttalte kommisjonen m a:

"Finally, teachers, and particularly young teachers, should be well supported and counselled and not left to find their own way. In particular, teachers just leaving initial teacher training should be regarded as being at the beginning and not at the end of the acquisition of professional attitudes and skills. We are surprised to hear that there was no effective period of probation and counselling in these yearly years of teaching work."

Det kan vere grunn til å vurdere om ein bør gjere noko på nasjonalt nivå for å sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke for lærarar.

11.2.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Eit fleirtal i lærarutdanningsutvalet (14 av 15 medlemmer) har nytta vurderinga til OECD-kommisjonen som utgangspunkt og gjer framlegg om eit obligatorisk kandidatår som skal følgje etter all lærarutdanning. Framlegget frå utvalet har mykje til felles med den prøveperioden ein har for lærarar i Skottland (jf avs 11.2.1).

Framlegget frå dette fleirtalet i lærarutdanningsutvalet inneber i hovudtrekk:

  • Alle lærarar må gjennomføre eit kandidatår med rettleiing og vurdering etter avslutta lærarutdanning før dei kan oppnå endeleg godkjenning som lærarar.
  • Kandidatåret skal gjennomførast ved den barnehage eller skole der læraren får si første tilsetjing. Barnehage-/skoleeigaren og den lærarutdanningsinstitusjonen der læraren har fått si utdanning skal ha eit felles ansvar for rettleiing og vurdering.
  • Lærarkandidaten skal ha vanlege løns- og arbeidsforhold i kandidatåret.
  • Lærarutdanningsinstitusjonen skal ha ansvar for ei førebels vurdering av om kandidaten er skikka som lærar før kandidatåret tar til. Institusjonen skal òg ha ansvar for den endelege vurderinga av om kandidaten er skikka som lærar når kandidatåret er fullført. Den avsluttande vurderinga skal skje i samråd med den som har vore arbeidsgivaren for kandidaten i kandidatåret.
  • Utgiftene for lærarutdanningsinstitusjonen til rettleiing og vurdering i kandidatåret er vurdert til å vere ca 20% av kostnadene pr normal studieplass. Oppgåvene til arbeidsgivar går ein ut frå kan dekkjast innafor dei ordinære ressursane til leiing av barnehagar og skolar.

Det nemnde fleirtalet i lærarutdanningsutvalet tilrår ei gradvis innføring av obligatorisk kandidatår og at ein startar med allmennlærarutdanning.

Eit mindretal i lærarutdanningsutvalet (ein medlem) sluttar seg til prinsippet om eit kandidatår, men ønskjer ikkje at kandidatåret skal omfatte vurdering av om kandidaten er skikka. Denne medlemen meiner at slik vurdering må skje i utdanningstida og vere lærarutdanningsinstitusjonens ansvar.

11.2.3 Høyringsfråsegner

Framlegget om kandidatår har vore mykje kommentert i høyringa. Fråsegnene er til dels motstridande.

Dei fleste innvendingane mot framlegget gjeld vurderinga av om kandidatane er skikka for læraryrket. Mange høyringsinstansar meiner at slik vurdering må skje som del av sjølve lærarutdanninga, og at eit eventuelt kandidatår må baserast berre på rettleiing. Eksempel på grunngiving kan vere:

  • Det er ikkje akseptabelt for kandidatar å bli vurderte som uskikka eitt år etter avslutta utdanning. Studentane må få avgjerd i slike spørsmål så tidleg som mogeleg i utdanninga.
  • Personalet i barnehagar og skolar er lite kvalifiserte til å delta i vurdering av om kandidatar er skikka som lærarar. Det kan bli store skilnader frå stad til stad. Rettstryggleiken til kandidatane blir dårleg.
  • Dersom ein skal vurdere om kandidatane er skikka i eit kandidatår etter fullført utdanning, vil lærarutdanningsinstitusjonane lett kunne leggje mindre vekt på slik vurdering i løpet av utdanningstida.
  • Vurdering av om lærarkandidatar er skikka for læraryrket etter at dei har fullført utdanninga, har juridiske og økonomiske konsekvensar som er for lite utgreidde.

Fleire høyringsinstansar ser likevel positive sider ved eit kandidatår med systematisk rettleiing av nye kandidatar. Det er særleg lagt vekt på at lærarutdanningsinstitusjonar og barnehagar/skolar får eit felles ansvar som kan medføre nærare kontakt mellom desse partane.

Av dei statlege utdanningskontora går eitt kontor inn for kandidatår som omfattar både rettleiing og vurdering av om kandidatane er skikka som lærarar, medan 13 kontor går imot ei slik løysing. Seks av kontora tilrår kandidatår utan vurdering av om kandidatane er skikka som lærarar.

Av dei statlege utdanningsråda går to råd inn for kandidatår med både rettleiing og vurdering av om kandidatane er skikka, medan fem råd går mot eit slikt kandidatår. Tre råd, mellom dei Lærarutdanningsrådet, går inn for kandidatår berre basert på rettleiing.

Blant universiteta og dei vitskaplege høgskolane går ein institusjon inn for kandidatår med både rettleiing og vurdering. Fire institusjonar går inn for kandidatår basert berre på rettleiing.

Dei statlege høgskolane har gitt utførlege kommentarar til framlegget om kandidatår. Ein høgskole stør framlegget om kandidatår med både rettleiing og vurdering av om kandidatane er skikka som lærarar. 10 av høgskolane tilrår kandidatår basert berre på rettleiing.

Kommunar og fylkeskommunar har også gitt omfattande kommentarar til framlegget. Seks av høyringsinstansane, inkludert Kommunenes Sentralforbund, sluttar seg til framlegget om kandidatår med både rettleiing og vurdering av om kandidatane er skikka. Kommunenes Sentralforbund understrekar likevel at auka økonomiske rammer er ein føresetnad for å kunne gjennomføre ei slik ordning. Fem av instansane i denne gruppa tilrår kandidatår basert på berre rettleiing.

Ingen av næringslivsorganisasjonane som har sendt inn høyringsfråsegn, sluttar seg eintydig til framlegget om kandidatår, verken med eller utan vurdering av om kandidatane er skikka som lærarar. Næringslivets Hovedorganisasjon vurderer likevel eit kandidatår som interessant fordi det er behov for å integrere og introdusere nytilsette, og fordi eit kandidatår vil gjere skolens haldning og praksis overfor nytilsette meir synleg.

Mellom elev-, student- og lærarorganisasjonar er det to organisasjonar (Norsk Elevorganisasjon og Sør-Trøndelag Elevforsamling) som stør framlegget om kandidatår med både rettleiing og vurdering av om kandidatane er skikka. Ingen av lærarorganisasjonane stør framlegget. Fem av høyringsfråsegnene (Akademikernes Fellesorganisasjon, Forskerforbundet, Landslaget for Norges Lærerstudenter, Lærernes Yrkesforbund, Norges Gymnasiastsamband) tilrår kandidatår basert på berre rettleiing. Landslaget for Norges Lærerstudenter framhevar at nytilsette må ha redusert lesetid og at rettleiarane må ha formell rettleiarkompetanse.

Norsk Lærerlag er positiv til framlegget om oppfølging og rettleiing etter avslutta lærarutdanning, men ikkje med vurdering av om kandidatane er skikka for læraryrket. Organisasjonen meiner at eit kandidatår må gjennomførast i eit forpliktande samarbeid mellom arbeidsgivar og ein lærarutdanningsinstitusjon i den regionen der læraren får si første tilsetjing. Det treng etter lærarlagets meining altså ikkje vere den institusjonen der læraren har fått utdanninga si.

Lærerforbundet tek avstand frå framlegget om kandidatår som omfattar vurdering av om kandidatane er skikka som lærarar. Forbundet kommenterer ikkje eit mogeleg kandidatår basert berre på rettleiing.

11.2.4 Departementets vurderingar og framlegg

Departementet har merka seg at fleire sentrale høyringsinstansar klart frårår å innføre eit obligatorisk kandidatår som omfattar vurdering av om kandidatane er skikka for læraryrket. Høyringsfråsegnene gir mange vektige argument mot slik vurdering i eit kandidatår etter fullført utdanning, jf. pkt. 11.2.3 ovafor.

Høyringsfråsegnene er langt meir positive til ei ordning som byggjer berre på oppfølging og rettleiing av dei nyutdanna kandidatane.

Departementet har ma merka seg følgjande argument for ei slik ordning:

  • Nyutdanna lærarar får betre oppfølging enn det som no er vanleg. Samarbeid mellom barnehage-/skoleeigar og lærarutdanningsinstitusjon kan gjere rettleiinga meir profesjonell og meir forpliktande
  • Nærare kontakt mellom arbeidsgivar og lærarutdanningsinstitusjon kan vere til det gode for begge partar. Lærarutdanninga kan bli meir praksisnær, og barnehagar/skolar kan bli meir opptekne av ny kunnskap og av FoU-verksemd.
  • Det blir mogleg for lærarutdanningsinstitusjonane å følgje opp lærarutdanninga gjennom rettleiing når dei tidlegare studentane skal nytte det dei har lært til i eige arbeid.

Departementet har også merka seg problem knytte til m a:

  • svak rettleiarkompetanse hos personalet i barnehagar/skolar
  • manglande erfaring med fjernrettleiing frå lærarutdanningsinstitusjonane basert på elektronisk post og elektroniske konferansar
  • kostnadene ved formalisert rettleiing gjennom eit heilt år både for lærarutdanningsinstitusjonane og for barnehage-/skoleeigarane.

Generelt vil departementet understreke arbeidsgivars ansvar for å følgje opp nyutdanna lærarar særskilt, gjerne i samarbeid med utdanningsinstitusjonane. Det er og viktig å byggje ut fleire formaliserte kontaktformer mellom lærarutdanningsinstitusjon og mottakarinstitusjon enn dei som er etablerte i dag. Eit formalisert samarbeid om rettleiing av nyutdanna lærarar vil, i tillegg til å vere verdfull støtte for kandidaten, kunne gi nyttig tilbakeføring av kunnskap om kvaliteten i studiet til utdanningsinstitusjonen.

Full innføring av eit obligatorisk kandidatår med oppfølging og rettleiing både frå lærarutdanningsinstitusjonane og frå barnehage-/skoleeigar vil vere svært kostnadskrevjande. Lærarutdanningsutvalet har vurdert kostnadene for lærarutdanningsinstitusjonane til vel 9.000 kr pr kandidat i eit eventuelt kandidatår. Berre for allmennlærarutdanninga vil dette utgjere ein årleg kostnad på om lag 23 Mkr. Slike kostnader til eit eventuelt kandidatår for lærarar må vurderast i høve til kva ein elles kan oppnå med tilsvarande ressursar på andre område i utdanningssektoren.

Så lenge ein ikkje har meir kunnskap om kva ein reelt kan oppnå gjennom eit obligatorisk kandidatår for lærarar, finn departementet det vanskeleg å gi tilråding om ei slik ordning. Ordninga vil òg ha juridiske og økonomiske konsekvensar som er lite utgreidde. Departementet meiner likevel det er viktig å bidra til at dei nye lærarane skal fungere best mogleg i barnehage, skole og anna opplæring. På den bakgrunn vil departementet prøve ut i ein avgrensa periode ei ordning med formalisert samarbeid mellom barnehage-/skoleeigar og utdanningsinstitusjon om rettleiing av nyutdanna kandidatar. Departementet kan i denne samanhengen ma vere interessert i å prøve ut korleis IT-basert kommunikasjon kan nyttast til fjernrettleiing frå lærarutdanningsinstitusjonane. Slik rettleiing kan også vere av interesse i den ordinære øvingsundervisninga. Departementet meiner prosjektet bør avgrensast til om lag 20 kandidatar frå eit par høgskolar i ein tre års periode. Det må vere ei evalueringsordning kopla til prosjektet.

Oppsummering

Departementet vil ta initiativ til eit avgrensa prøveprosjekt med rettleiing av nyutdanna lærarkandidatar i samarbeid mellom barnehage-/skoleeigar og utdanningsinstitusjon. Prosjektet bør omfatte om lag 20 kandidatar og to høgskolar og utprøvast i ein tre-års periode. Evaluering må vere ein del av prosjektet.

11.3 Informasjonsteknologi (IT)

11.3.1 Innleiing

Stortinget har med utgangspunkt i St meld nr 24 (1993-94) Om informasjonsteknologi i utdanningen drøfta ulike sider ved informasjonsteknologi i utdanningssystemet. Med utgangspunkt i desse drøftingane har departementet fastsett ein eigen handlingsplan for IT i norsk utdanning for perioden 1996-99. Denne planen omfattar ma fleire konkrete tiltak for lærarutdanning.

Som grunnlag for handlingsplanen kartla Statistisk sentralbyrå (SSB) i 1995 etter oppdrag frå departementet bruk av IT både i grunnskole, vidaregåande opplæring og i lærarutdanning. Resultata viste store variasjonar mellom lærarutdanningsinstitusjonane både når det gjeld IT-utstyr og bruk av IT. Generelt ser det ut til at institusjonane i liten grad nytta IT til undervisning. SSB fann at omtrent ingen nytta IT til norskundervisning. Om lag halvparten av institusjonane brukte IT til undervisning i matematikk og om lag ein firedel nytta IT til undervisning i forming, kroppsøving eller musikk.

Departementet fastsette våren 1996 eit tillegg om IT til gjeldande rammeplanar for allmennlærarutdanning. I dette plantillegget er det tatt med emne som syner korleis høgskolane skal ta i bruk IT i alle aktuelle fag som inngår i allmennlærarutdanninga. I tillegg har departementet fastsett eigen plan for eit suppleringskurs om IT for studentar som har svak bakgrunn på dette området. Planane er sette i verk frå studieåret 1996/97. Departementet arrangerte i 1996 dessutan kurs om bruk av IT i seks fag for fagpersonale som underviser i allmennlærarutdanning. Departementet tek sikte på å arrangere tilsvarande kurs i fem nye fag i 1997.

Departementet har også tatt initiativ til å utarbeide ein ny rammeplan for vidareutdanning med omfang 10+10 vekttal i IT for lærarar. Rammeplanen vil bli sett i verk frå haustsemesteret 1997.

11.3.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet gav departementet råd om det plantillegget om IT som alt er sett i verk for allmennlærarutdanning. Utvalet har dessutan gitt meir generelle tilrådingar i den offentlege utgreiinga. Her tilrår utvalet m a:

  • Bruk av IT må vere ein naturleg del av all lærarutdanning. Det bør vere eit mål at alle lærarstudentar skal bruke IT som hjelpemiddel i studium og framtidig yrke.
  • Kunnskap om IT og bruk av IT må inngå i rammeplanane for alle fag der lærestoff om IT og bruk av IT er aktuelle på det området i utdanningssystemet som studentane utdannar seg for.
  • Departementet bør ta initiativ til å utvikle ein samla strategi for IT i lærarutdanninga.

11.3.3 Høyringsfråsegner

IT i lærarutdanninga er ikkje av dei emna som er mest kommenterte i høyringsfråsegnene. Det ser likevel ikkje ut til at nokon har hatt vesentlege innvendingar til framlegga frå lærarutdanningsutvalet.

Eitt av dei statlege utdanningskontora stør framlegget om at IT må inn i alle rammeplanar for lærarutdanning. Dei andre kontora har ikkje uttalt seg eksplisitt om framlegget.

Fleire av dei statlege rådsorgana for utdanning har merknader til framlegga frå lærarutdanningsutvalet. Lærarutdanningsrådet har ikkje innvendingar til framlegga frå utvalet, men meiner at tilrådingane er svakt grunngjevne. Rådet saknar eit langsiktig perspektiv på lærarens kompetanse til informasjons- og kunnskapsformidling i medie- og informasjonssamfunnet - med utgangspunkt ma i tendensar innanfor teknologisk utvikling. Ingeniørutdanningsrådet stør framlegget frå utvalet om å utarbeide ein samla strategi for IT i lærarutdanning. Rådet saknar likevel heilskapstenking i utgreiinga sidan IT ikkje er drøfta nærare for dei einskilde faga i lærarutdanninga. Rådet etterlyser også tiltak for å kvalifisere dei som underviser i lærarutdanninga, til å bruke IT slik at studentane kan integrere IT i si eiga undervisning når dei har fullført utdanninga.

Blant universiteta peiker NTNU på at lærarutdanningsutvalet har vore relativt lite konkret med tanke på korleis IT kan integrerast didaktisk i lærarutdanninga. Universitetet tilrår at dette må vere med i arbeidet med ein strategisk plan for IT i lærarutdanninga. Universitetet i Bergen stør dei vurderingane lærarutdanningsutvalet har gjort om IT i lærarutdanning. Dette universitetet understrekar i tillegg at ein bør leggje vekt på dei meir kunnskapsteoretiske aspekta av denne teknologien, slik at IT i lærarutdanninga kan bli noko meir enn eit reint teknisk hjelpemiddel i undervisninga.

Mellom dei statlege høgskolar gir to høgskolar støtte til framlegga frå lærarutdanningsutvalet. Fleire høgskolar understrekar behovet for etterutdanning av dei tilsette ved institusjonane og seier at dei saknar eit meir langsiktig perspektiv på dette feltet.

I høyringsfråsegnene frå kommunar/fylkeskommunar er det ei fråsegn som eksplisitt stør framlegga frå lærarutdanningsutvalet. Ei anna fråsegn gir uttrykk for at utgreiinga til utvalet er for knapp på dette området.

Blant næringslivsorganisasjonane stør Landsorganisasjonen i Norge tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet, men påpeikar at tilrådingane er så overordna at dei ikkje gir føringar for det vidare arbeidet. Organisasjonen meiner utvalet i liten grad har gjort vurderingar av dei utfordringane og konsekvensane som IT gir den framtidige læraren. Næringslivets hovedorganisasjon stør framlegget om å utvikle ein samla strategi for IT i lærarutdanninga. Organisasjonen peiker på at strategien også må omfatte etterutdanning av lærarar som no er i lærarstilling.

Elev-, student- og lærarorganisasjonane er jamt over positive til framlegga om IT frå lærarutdanningsutvalet, men fleire organisasjonar har konkrete merknader. Norsk elevorganisasjon meiner utvalet i alt for snever grad har lagt vekt på IT-opplæring i ny lærarutdanning. Organisasjonen meiner det er vesentleg at alle lærarstudentar får ei omfattande og obligatorisk IT-opplæring. Norsk Studentunion og Lærerforbundet understrekar ma at det er behov for større ressursar. Lærerforbundet meiner dessutan at studentane må få høve til å skaffe eigne personlege datamaskinar gjennom gunstige låne- eller stipendordningar. Norsk Lærerlag meiner utvalet i liten grad har tatt opp dei utfordringane IT vil gi kommande lærarar, ikkje berre som teknisk verktøy, men også som kjelde til informasjon og kunnskap.

11.3.4 Departementets vurderingar og framlegg

Departementet legg til grunn for sine vurderingar at alle lærarar bør vere gode brukarar av personlege datamaskinar. Dei må ha god generell kunnskap om IT, og dei må kunne nytte IT både som fagleg og pedagogisk hjelpemiddel i sitt arbeid. Det er særleg viktig at det blir lagt til rette for kvinnlege lærarar sine føresetnadar og behov. Lærarutdanninga må vere eit sentralt verkemiddel for å nå slike mål. Det gjeld både grunnutdanning for nye lærarar og etter- og vidareutdanning for lærarar som er i arbeid. Lærarutdanningsinstitusjonane må òg ha ei viktig rolle i forsking og utviklingsarbeid knytt til IT som hjelpemiddel i pedagogisk verksemd.

Departementet har merka seg resultata frå undersøkinga til Statistisk sentralbyrå om bruk av IT i lærarutdanninga (jf avs 11.3.1). Situasjonen har truleg endra seg noko til det betre etter at undersøkinga vart gjennomført i 1995. Departementet meiner likevel at resultata gir grunn til uro, og at ein raskt må finne tiltak for å styrke bruken av IT i lærarutdanninga.

På kort sikt vil departementet ta initiativ til:

  • Alle nye rammeplanar for lærarutdanning (førskolelærarutdanning, allmennlærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og faglærarutdanning) skal omfatte kunnskap om IT og bruk av IT på minst same nivå som i det eksisterande mellombels rammeplantillegg for allmennlærarutdanning (jf avs 11.3.1).
  • Det må gjennomførast etterutdanningstiltak for fagleg personale som underviser i ulike typar lærarutdanning.

I meir langsiktig perspektiv vil departementet ta initiativ til å utvikle ein samla strategisk plan for IT i norsk lærarutdanning slik lærarutdanningsutvalet har tilrådd. Denne planen må omfatte både kompetanseoppbygging ved lærarutdanningsinstitusjonane, grunnutdanning, etter- og vidareutdanning og FoU-verksemd på området. Planen må ta utgangspunkt i Noregsnettet for høgre utdanning og dei funksjonane dei ulike lærarutdanningsinstitusjonane er tiltenkte i dette nettet. Planar for bruk av IT i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring må òg vere viktige premissar for ein strategisk plan for IT i lærarutdanninga.

11.4 Vaksenopplæring

11.4.1 Innleiing

Mange land har lagt aukande vekt på vaksenopplæring dei siste åra. Vaksenopplæring blir vurdert som ein viktig faktor både med tanke på konkurranseevne, verdiskaping og utvikling av sosial velferd. EU markerte 1996 som året for livslang læring, og i OECD er livslang læring eit av hovudtemaene for utdanningssamarbeid.

Eit breitt fleirtal i Stortinget bad i 1996 departementet om å leggje fram ei stortingsmelding om ei reform innan livslang læring, jf Innst S nr 133 (1995-96). Målet for meldinga skal vere å skape eit grunnlag for ein nasjonal handlingsplan for etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring.

Vaksenopplæring og vaksenpedagogikk har til no ikkje vore noko sentralt tema i norsk lærarutdanning. Det gjeld både grunnutdanning og vidareutdanningstilbod spesielt innsikta mot vaksenpedagogikk. I framtida er det grunn til å tru at mange lærarar vil komme til å ha heile eller vesentlege delar av arbeidet sitt knytt til vaksenopplæring. Det bør derfor vurderast korleis ein kan møte denne utviklinga i lærarutdanninga.

11.4.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet har i si utgreiing skissert utviklinga på vaksenopplæringsfeltet og konkludert med at ein må rekne med ein monaleg vekst på dette området. På den bakgrunn tilrår utvalet konkret:

Pedagogisk teori og praksis i all lærarutdanning bør omfatte innføring i vaksenpedagogikk og grunnleggjande prinsipp for undervisning av vaksne.

Det bør etablerast utdanningstilbod i vaksenpedagogikk som kan inngå i valfrie delar av lærarutdanning eller nyttast som vidareutdanning.

11.4.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste høyringsinstansane som uttalar seg om vaksenopplæring, sluttar seg til tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet. Det finst likevel døme på interessante meiningsskilnader.

Tre av dei statlege utdanningskontora uttalar seg eksplisitt om saka. To sluttar seg til tilrådinga om at all lærarutdanning må innehalde innføring i vaksenpedagogikk. Eitt kontor meiner det ikkje er mogeleg å finne plass til vaksenpedagogikk innanfor den bundne ramma i utdanninga. Eitt kontor seier seg samd i at vaksenpedagogikk bør vere vidareutdanningstilbod og dessutan kunne inngå i den valfrie delen av allmennlærarutdanninga.

Mellom dei statlege utdanningsråda seier Lærarutdanningsrådet seg ueinig i framlegget om at innføring i vaksenpedagogikk skal vere med i pedagogisk teori og praksis i all lærarutdanning. Rådet ser behovet for vaksenpedagogikk, men meiner det ikkje er plass i grunnutdanningane. Behovet for vaksenopplæring må heller stettast gjennom etter- og vidareutdanning. Folkehøgskolerådet meiner at ei innføring i vaksenopplæring også må omfatte norsk og nordisk folkeopplysningstradisjon. Dei andre råda har ikkje uttalt seg eksplisitt om saka.

Universitetet i Bergen meiner det er vanskeleg å sjå korleis ein skal kunne få plass til innføring i vaksenpedagogikk innanfor dei tronge rammene ein allereie har i praktisk-pedagogisk utdanning. Ein vurderer det som mogeleg å etablere vidareutdanning på dette feltet. Universitetet i Oslo meiner at tilrådingane om innføring i prinsipp for vaksenopplæring verker lause og lite gjennomarbeida. Ein stiller seg tvilande til om det er mogeleg å gi ei lærarutdanning på eitt år ved universiteta som dekkjer både mellomsteget og ungdomssteget i grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Universitetet meiner likevel at den faglege og praktisk-pedagogiske utdanninga som universitetet tilbyr, gir eit godt grunnlag for undervisning i vaksenopplæring. Dei andre universiteta eller vitskaplege høgskolane har ikkje kommentert tilrådingane om vaksenopplæring.

Av dei statlege høgskolane stør tre høgskolar framlegget om at innføring i vaksenpedagogikk må vere med i pedagogisk teori og praksis i all grunnutdanning av lærarar. Ein høgskole sluttar seg til framlegget om at vaksenpedagogikk må vere vidareutdanningstilbod og dessutan kunne inngå i valfrie delar av lærarutdanning. Dei andre høgskolane har ikkje uttrykt seg eksplisitt om desse sakene.

Fire kommunar/fylkeskommunar seier seg samde i framlegget om at innføring av vaksenpedagogikk må inn i pedagogisk teori og praksis i all grunnutdanning av lærarar. Ein høyringsinstans i denne gruppa sluttar seg til framlegget om at vaksenpedagogikk må vere vidareutdanningstilbod og dessutan kunne inngå i valfrie delar av lærarutdanning. Dei andre kommunane/fylkeskommunane har ikkje uttrykt seg eksplisitt om desse spørsmåla.

Mellom næringslivsorganisasjonane er det berre Landsorganisasjonen i Norge som har tatt konkret stilling til framlegga om vaksenopplæring. Organisasjonen seier seg samd i framlegga om vaksenopplæring og vaksenpedagogikk frå lærarutdanningsutvalet.

Tre av student- og lærarorganisasjonane uttalar seg om vaksenopplæring. Landslaget for Norges Lærerstudenter seier seg samd i at innføring i vaksenpedagogikk bør vere del av grunnutdanning for lærarar, men berre dersom omfanget av pedagogikkfaget vert auka. Organisasjonen reknar dessutan med at vaksenpedagogikk ikkje skal innarbeidast i førskolelærarutdanninga. Lærerforbundet stør framlegga frå lærarutdanningsutvalet om vaksenpedagogikk. Organisasjonen meiner dessutan at ein må ta sikte på å tilby 10- og 20-vekttals kurs i vaksenpedagogikk fleire stader i landet, både som fulltids- og deltidsstudium. Skolenes landsforbund sluttar seg til både framlegg og grunngjeving frå lærarutdanningsutvalet når det gjeld vaksenpedagogikk i lærarutdanninga.

11.4.4 Departementets vurderingar og framlegg

Departementet legg til grunn for sine vurderingar at etter- og vidareutdanning og andre typar vaksenopplæring er eit prioritert område. Det er derfor grunn til å vente eit aukande behov for vaksenpedagogisk kompetanse hos lærarar på alle nivå, ma på grunn av etter- og vidareutdanningsreforma og regjeringas framlegg i Ot prp nr 36 (1996-97) som kan auke tilgangen for vaksne til grunnskole- og vidaregåande opplæring. Etter departementets vurdering er ikkje innhaldet av vaksenpedagogikk i grunnutdanningane og omfanget av vidareutdanningstilbod på dette området i dag tilstrekkeleg til å møte dei nye utfordringane.

I samband med departementets revisjon av rammeplanar for lærarutdanning vil derfor innføring i vaksenpedagogikk inngå i pedagogisk teori i all grunnutdanning for lærarar. I tillegg vil departementet ta initiativ til å utarbeide rammeplan for vidareutdanning i vaksenpedagogikk med omfang 10+10 vekttal som kan inngå i valfri del av allmennlærarutdanninga og som vidareutdanningstilbod. Departementet vil også vurdere spørsmål om vidare utvikling av vaksenpedagogisk kompetanse i samband med knutepunktfunksjonar for lærarutdanning i Noregsnettet.

11.5 Forsking og utviklingsarbeid

11.5.1 Innleiing

Undervisning innan høgre utdanning skal vere forskingsbasert. Dette er fastsett generelt for høgre utdanning i §2 i universitets- og høgskolelova. I tillegg er det i §19 i lov om lærarutdanning fastsett at høgskolar som gir lærarutdanning, skal drive pedagogisk utviklingsarbeid med sikte på å styrkje lærarutdanninga og fremje den pedagogiske og faglege utviklinga i dei skoleslag høgskolane utdannar lærarar for. Føremålet med kravet til forsking og utviklingsarbeid er altså todelt. Forsking og utviklingsarbeid skal vere med å sikre kvaliteten i utdanninga ved lærarutdanningsinstitusjonane, og det er venta at desse institusjonane skal utvikle ny kunnskap som kan vere til gagn for opplæringssystemet og dei som arbeider der.

Kravet om at lærarutdanninga skal vere forskingsbasert har mange og ulike implikasjonar. Det må i alle høve innebere at det faglege personalet i lærarutdanninga til vanleg skal ha forskingskompetanse innan det feltet der dei underviser, og at det ved lærarutdanningsinstitusjonane skal vere eit aktivt forskingsmiljø som arbeider med pedagogisk orienterte spørsmål. Ein del lærarutdanningsinstitusjonar har problem på dette området:

  • Ved dei tidlegare lærarhøgskolane er det framleis fagpersonale som vart tilsette før forsking og utviklingsarbeid vart ein vanleg del av arbeidet ved desse institusjonane. Dette er personale som vart tilsette etter andre kvalifikasjonskrav enn dei som nyttast no, og dei er dermed ikkje alltid kvalifiserte og motiverte for forsking. Det er også personale frå fagområde der det inntil ganske nyleg ikkje har vore mogeleg å få ei akademisk og forskingskvalifiserande utdanning.
  • Ved dei fleste lærarutdanningsinstitusjonane er det vanskeleg å rekruttere fagpersonale med forskingskompetanse i fagdidaktikk. Sjølv om dette burde vere eit grunnleggjande kompetansekrav for dei som skal ha ansvar for fagundervisning i lærarutdanninga, har dei fleste som blir tilsette i ei slik stilling berre fagutdanning og forskingskompetanse knytt til vedkommande fag. Internasjonalt har fagdidaktikk dei siste 20-30 åra vakse fram som eit nytt forskingsområde, ofte organisert med studietilbod heilt fram til doktorgradsnivå. I Noreg er det førebels ikkje mange slike studietilbod i fagdidaktikk. Lærarutdanningsinstitusjonane må derfor i mange høve framleis rekne med å tilsetje personar med fagkompetanse og sjølve syte for at dei utviklar kompetanse i fagdidaktikk etter at dei er tilsette.

Lærarutdanningsrådet har i 1996 gjennomført ei kartlegging av forsking og utviklingsarbeid knytt til lærarutdanning ved høgskolar og universitet. Resultata tyder på at dette er eit område som er i god vekst. Det er mange prosjekt i gang, og mange av prosjekta inngår i doktorgradsarbeid for fagpersonale i lærarutdanninga. Det ser ut til å vere nokolunde lik fordeling på dei ulike skolefaga, men det er likevel relativt få prosjekt knytte til engelsk, heimkunnskap og samfunnsfag. Dei fleste prosjekta ser ut til å ha god relevans for opplæringssektoren og lærarutdanninga, og fleire av prosjekta er direkte knytte til ulike sider ved reformene i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring.

11.5.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet har vurdert forsking og utviklingsarbeidet ved lærarutdanningsinstitusjonane, ma på bakgrunn av den kartlegginga som Lærarutdanningsrådet har gjort. Utvalet fann det vanskeleg å danne seg noko sikkert bilete av korleis vilkåra for FoU-verksemda i lærarutdanningane faktisk er. Situasjonen blir karakterisert som variert og lite oversiktleg, ma fordi FoU-politikken ved mange institusjonar framleis er i støypeskeia etter omorganiseringa av høgskolesektoren. Utvalet konkluderer med at det skjer eit monaleg FoU-arbeid ved lærarutdanningsinstitusjonane, at det er klart relevant for utdanning og yrke og at det spelar ei viktig rolle i kompetanseoppbygginga ved institusjonane. Sett i høve til dei personressursane som blir brukte til FoU-arbeid, meiner utvalet likevel at ein bør kunne vente enda større produksjon

Lærarutdanningsutvalet peiker på at det er store udekte kunnskapsbehov i lærarutdanninga. Etter utvalets vurdering gjeld dette særleg yrkesfaglærarutdanninga og undervisninga i yrkesdidaktikk. Konkret tilrår lærarutdanningsutvalet at lærarutdanningsinstitusjonane bør utvikle langsiktige planar for kompetanseoppbygging til FoU-verksemd som er relevant i samband med lærarutdanning. Utvalet tilrår dessutan eit nasjonalt forskingsprogram innanfor allmenn didaktikk, fagdidaktikk og yrkesdidaktikk med tanke på at lærarutdanninga i større grad skal bli forskingsbasert. Programmet bør særleg rettast mot studieretningar i vidaregåande opplæring som heilt eller delvis er yrkesfaglege. Utvalet gjer framlegg om at programmet bør omfatte 10-15 stipendiatstillingar og gå over ein periode på 5 år. Dessutan meiner utvalet at lærarstudentane i større grad bør vere med i FoU-verksemda ved utdanningsinstitusjonane.

11.5.3 Høyringsfråsegner

Tilrådingane om forsking og utviklingsarbeid er ikkje mellom dei meste kommenterte i høyringsfråsegnene. Dei høyringsinstansane som uttalar seg eksplisitt om saka, sluttar seg til tilrådingane frå utvalet. Det er likevel interessante skilnader i argumentasjon og utfyllande kommentarar.

Tre av dei statlege utdanningskontora meiner at forskinga i større grad bør vere praksisbasert og praksisrelatert. Eitt av kontora meiner at noko av forskingsressursane bør kunne styrast, t d mot relevante problemstillingar i regionane.

Mellom dei statlege rådsorgana peiker Opplæringsrådet for elektro- og elektronikkfag på at det er lagt for lite vekt på FoU-arbeid i yrkesfag, yrkespedagogikk og yrkesdidaktikk. Norges forskningsråd stiller seg generelt positivt til det forskingsprogrammet lærarutdanningsutvalet har gjort framlegg om. Rådet legg særleg vekt på dei allmenne behova for fagdidaktisk kompetanse og peikar på at fagdidaktisk forsking er svakt utbygd også innan dei sentrale skolefaga. Forskingsrådet tilrår at eit eventuelt nytt fagdidaktisk forskingsprogram må etablerast gjennom kontakt og samarbeid med programmet "Kompetanse, utdanning og verdiskaping" som no er under oppstarting. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet meiner det bør vere eit nasjonalt kompetansesenter med overordna og koordinerande ansvar for utdanning av yrkesfaglærarar. Dette senteret bør også ha ansvar for forsking og hovudfagsutdanning i yrkesfaglærarutdanning. Folkehøgskolerådet gjer framlegg om at det vert arbeidd ut planar for ein sentral høgskole der folkeopplysingstradisjonen vert eit profilert emne. Denne høgskolen kunne også drive forsking på folkeopplysning og folkehøgskole. Statens lærarkurs ser positivt på etablering av eit forskingsprogram for fagdidaktiske tema, men meiner likevel at ei grundig utgreiing av innhaldet i dei ulike yrkesfaglærarutdanningane og eventuelle hovudfagstilbod bør ha høgre prioritet.

I gruppa av universitet og vitskaplege høgskolar understrekar Universitetet i Bergen at det er viktig at lærarutdanninga i aukande grad vert forskingsbasert. Universitetet ser framlegget om eit forskingsprogram innanfor allmenn didaktikk, fagdidaktikk og yrkesdidaktikk som positivt. Samstundes understrekar universitetet at forskingsfeltet ikkje må snevrast inn og peikar i den samanheng på at det ligg mange utfordringar innanfor området praktisk pedagogikk. Ved Universitetet i Oslo peiker Det utdanningsvitenskapelige fakultet på at det er naudsynt med forskingsprogram som rettar seg mot verksemda i klasserommet. Fakultetet meiner dei ulike fagområdene er komne svært ulikt i utviklinga og at yrkesfaga nesten stiller på bar bakke. I fråsegna frå Det historisk-filosofiske fakultet ved same universitet seier Klassisk og romansk institutt seg samd i lærarutdanningsutvalets framlegg om forskingsprogram, men meiner at behovet for forsking i yrkesfaga ikkje må vere til hinder for øremerka stipend til fransk og tysk. Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo peiker på at ein strategi for heving av fagdidaktisk kompetanse bør knytast nær opp til ein strategi for heving av den generelle faglege kompetansen ved lærarutdanningsinstitusjonane. I fråsegna frå Universitetet i Tromsø stør UNIKOM lærarutdanningsutvalets framlegg om forskingsprogram innanfor allmenn didaktikk, fagdidaktikk og yrkesdidaktikk. Institusjonen meiner dette er spesielt viktig i høve til det nye forskingsprogrammet "Utdanning, kompetanse og verdiskaping" som ikkje ser ut til å gi rom for fagdidaktisk og praktisk-pedagogisk forsking.

Av dei statlege høgskolane gir fem institusjonar eksplisitt støtte til framlegga om forsking og utviklingsarbeid. Ingen går mot.

I gruppa av lærar- og studentorganisasjonar stør Norsk Lærerlag tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet om forsking og utviklingsarbeid. Lærarlaget meiner at FoU-arbeid i større grad må initierast ut frå praksisfeltet, og at lærarstudentane også må ta del i arbeidet. Forskarforbundet stiller seg derimot spørjande til framlegget om at lærarstudentar i større grad bør involverast i FoU-arbeid. Landslaget for Norges Lærerstudenter understrekar i si fråsegn ma at lærarstudentar må ta del i FoU-arbeid. Organisasjonen meiner det er ein føresetnad for utviklinga ved høgskolane at studentane tar aktivt del i dette arbeidet.

11.5.4 Departementets vurderingar og framlegg

Departementet vil understreke at lærarutdanning, slik som all anna høgre utdanning, skal vere forskingsbasert. Med utgangspunkt ma i dei problema som er skisserte i punkt 11.5.1, ser departementet at det er behov for langsiktige planar for kompetanseoppbygging til forsking og utviklingsarbeid slik lærarutdanningsutvalet har gjort framlegg om. Slike planar kan spesielt vere viktige ved høgskolar der lærarutdanninga blir organisert med utgangspunkt i fleire avdelingar. Det er eit ansvar for utdanningsinstitusjonane at dei som har undervisningsoppgåver innan lærarutdanning, kvalifiserer seg for oppgåvene ma gjennom relevant pedagogisk orientert forsking og utviklingsarbeid. Institusjonane bør stimulere til og leggje til rette for at fagpersonale gjennomgfører FoU-arbeid direkte knytt til barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring. Dette vil kunne styrkje samanhengen mellom utdanning og yrke til fordel for både studentar og fagpersonale, samstundes som opplæringsinstitusjonane vil kunne ha utbytte av slikt samarbeid med høgskolane. Institusjonar som tilset fagpersonale med tanke på undervisning i lærarutdanning utan at dei har forskingskompetanse i fagdidaktikk, har eit særleg ansvar for å leggje tilhøva til rette for at dei kan utvikle slik kompetanse etter tilsetjing.

Vidare er departementet samd med lærarutdanningsutvalet i at kompetanseutvikling innan allmenn didaktikk, fagdidaktikk og yrkesdidaktikk er eit viktig satsingsområde for å styrkje det vitskaplege grunnlaget for lærarutdanning. Både utgreiinga frå lærarutdanningsutvalet og høyringsfråsegner tyder på at det er eit særleg behov for kunnskapsutvikling med tanke på yrkesfaglærarutdanninga. Som nemnt under punkt 9.4.4, vil departementet vurdere å styrkje yrkesdidaktisk forsking som er relevant for fag- og yrkesopplæringa.

Departementet vil understreke at det er viktig at lærarutdanningsinstitusjonane kan vere kompetansesentra for opplæringssystemet og lokale/regionale og statlege styresmakter. Ei særleg viktig oppgåve er pedagogisk og didaktisk utviklingsarbeid.

11.6 Etter- og vidareutdanning for lærarar

11.6.1 Innleiing

Lærarar kan oppdatere seg gjennom etterutdanning og vidareutdanning. Etterutdanning er definert som mindre studieeiningar med vekt på ajourføring og oppdatering utan at dei gir ny formell kompetanse. Vidareutdanning er større studieeiningar i same fag som kan gi ny formell kompetanse og mogleg utteljing innafor gradssystemet.

Etterutdanning er nemnt i universitets- og høgskolelelova som ein del av verksemda ved universitet og høgskolar. I §2 nr 6 heiter det:

"Institusjonene har ansvar for å gi eller organisere tilbud om etterutdanning på sine fagområder."

Etterutdanning for lærarar er også spesielt nemnt i lov om lærarutdanning §4:

  1. Etterutdanning er ulike former for utdanning som tek sikte på fornying og utviding av fagleg og pedagogisk kunnskap og å halde lærarane orienterte om og på høgd med utviklinga i skole og samfunn, utan innverknad på kompetanseforhold.
  2. Stat, fylke og kommune skal medvirke til at lærarar, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket, får høve til etterutdanning. På nærare vilkår som blir fastsette av departementet, kan det gjevast permisjon for etterutdanning.

Arbeidstidsavtalen for lærarar i grunnskole og vidaregåande opplæring som trådte i kraft i 1994, regulerer bruk av tid både til undervisning og til andre oppgåver i skolen. Rektor avgjer etter drøfting med organisasjonane ma kor mykje av arbeidstida som skal nyttast til kompetanseutvikling av ulike slag. Denne ordninga gjer det mogeleg for skoleeigar å organisere etterutdanning meir systematisk enn tidlegare

Etterutdanning er i hovudsak ei oppgåve for arbeidsgivar. I samband med utdanningsreformene har departementet likevel tatt initiativ til ulike etterutdanningstiltak. I vidaregåande opplæring har departementet saman med fylkeskommunane gjennomført ei lang rekkje etterutdanningskurs for fleire lærarkategoriar. I gjennomsnitt har lærarar i vidaregåande opplæring til no nytta om lag tre veker til etterutdanning i samband med Reform-94. Etterutdanningstilboda har så langt vore mest omfattande for lærarar i yrkesfag fordi endringane er størst på dei yrkesfaglege studieretningane. Departementet arbeider for tida med eit omfattande opplegg for etterutdanning av lærarar i grunnskolen i samband med Grunnskolereform-97. Denne etterutdanninga skal gjennomførast i samarbeid med kommunane i perioden 1997-2000.

I tillegg til den etterutdanning som skjer i arbeidstida, er det mange lærarar som på eige initiativ tar etterutdanning utanom den regulerte arbeidstida.

Vidareutdanning blir nytta som nemning for utdanning med omfang på eit halvt år eller meir og som gir formell kompetanse i relasjon til t d adjunkt- eller lektorstatus. Allmennlærarutdanning er organisert slik at studieeiningar som studentane ikkje vel som del av grunnutdanninga, kan takast som vidareutdanning. Det same gjeld i nokon mon for førskolelærar- og faglærarutdanning. I tillegg har departementet godkjent rammeplanar for ulike typar vidareutdanning, som regel med omfang 10+10 vekttal. Døme på slik vidareutdanning er drama, informatikk for lærarar, migrasjonspedagogikk, spesialpedagogikk m m.

Som nemnt i kapittel 2, har departementet i samband med grunnskolereformen tatt initiativ til nye rammeplanar for vidareutdanning i "Informasjonsteknologi for lærarar", "Pedagogisk arbeid på småskolesteget" og "Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering", alle med omfang 10+10 vekttal. Desse rammeplanane vil bli sette i verk frå hausten 1998.

I tillegg til dei vanlege vidareutdanningstilboda med omfang 10 og 20 vekttal har det dei siste åra vakse fram fleire hovudfagstilbod innsikta mot arbeid i barnehage og skole. Det finst for tida om lag 20 ulike hovudfagstilbod av denne typen ved høgskolar og universitet.

Vurdert som strategiske verkemiddel for kompetanseutvikling er etter- og vidareutdanning rasktvirkande tiltak. Endringar i grunnutdanningane for lærarar må vurderast som langsiktige tiltak. Når ei endring er gjennomført i rammeplanane for lærarutdanning, vil det ta opp til fire år før dei første lærarane med ny utdanning er utdanna. I tillegg utgjer talet på nyutdanna lærarar pr år berre ca 6 % av det samla talet på lærarar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Nye lærarar utgjer derfor ein nokså liten del av det samla talet av lærarar. Etter- og vidareutdanning må derfor nyttast som virkemiddel både for kontinuerleg kompetanseutvikling av eksisterande personale og med tanke på å møte behov for raske endringar, t d i samband med reformer i utdanningssystemet.

11.6.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet har lagt vekt på at all grunnutdanning for lærarar må utformast slik at den fungerer som utgangspunkt for vidare kvalifisering. Utvalet meiner at all lærarutdanning må byggjast opp og organiserast med tanke på at ein ventar at lærarar kvalifiserer seg vidare, ma gjennom etter- og vidareutdanning. Det norske systemet med tillegg i løn for vidareutdanning, fungerer etter utvalets meining godt. Utvalet meiner denne ordninga er ein viktig årsak til det høge utdanningsnivået blant lærarar i opplæringssystemet i Noreg.

Utvalet peikar på at både den generelle utviklinga i samfunnet og konkrete reformer i opplæringssystemet krev ny kompetanse hos lærarane. Fordi nyutdanna lærarar alltid vil vere ein liten del av lærarane, kan ein ikkje løyse dette primært gjennom endringar i grunnutdanninga. Rask endring og kompetanseutvikling på brei front kan etter utvalets meining berre løysast gjennom etterutdanning. Utvalet peiker på at barnehage- og skoleeigarane har det grunnleggjande ansvaret for etterutdanning av eige personale. Det er derfor nærliggjande at desse eigarane kjøper etterutdanningstenester frå lærarutdanningsinstitusjonane. Eit fleirtal i utvalet meiner at lærarutdanningsinstitusjonane i tillegg må kunne finansiere etterutdanning, heilt eller delvis, over eige budsjett.

Lærarutdanningsutvalet meiner at det må vere like gode tilbod om etter- og vidareutdanning for alle kategoriar av lærarar. Utvalet meiner at dette ikkje er tilfelle no, og at tilbodet må bli betre spesielt for yrkesfaglærarar. Den faglege og teknologiske utviklinga går på fleire område så raskt at det er eit kontinuerleg behov for etterutdanning av yrkesfaglærarar dersom dei skal makte å gi opplæring som er relevant for arbeidslivet. Utvalet peiker på at etterutdanning av yrkesfaglærarar ma kan vere knytt til praksis eller hospitering i arbeidslivet og gjerne også til forsøks- eller utviklingsarbeid.

Veksten i tilbodet av pedagogisk orienterte hovudfagstilbod karakteriserer lærarutdanningsutvalet som gledeleg. Utvalet meiner dette er ein type vidareutdanning som lærarar opplever som meir relevant for arbeid i opplæringssektoren enn dei tradisjonelle hovudfagsstudia. Lærarutdanningsutvalet meiner det bør opprettast fleire slike tilbod både for å auke den totale kapasiteten og for å utvide tilbodet til alle aktuelle fag.

Lærarutdanningsutvalet tilrår at ein i arbeidet med etter- og vidareutdanning ma må leggje følgjande prinsipp til grunn:

  • Institusjonar som gir grunnutdanning for lærarar, bør ha eit hovudansvar for å tilby etter- og vidareutdanning for dei lærarkategoriane institusjonane utdannar.
  • Etterutdanning må vere eit sentralt verkemiddel for å kvalifisere lærarar til nye oppgåver i opplæringssektoren. Utdanningsinstitusjonane bør kunne gi etterutdanning finansiert både som oppdrag og over eige budsjett. (Eit mindretal i utvalet meiner at lærarutdanningsinstitusjonane berre skal gi etterutdanning finansiert som oppdrag.)
  • Tilhøva må leggjast til rette slik at alle lærarkategoriar kan fullføre relevant vidareutdanning fram til adjunkt- og lektornivå. Etterutdanning bør i større grad enn tidlegare tilbydast som modular som samla kan utgjere vidareutdanning.

Utvalet tilrår følgjande konkrete tiltak innan etter- og vidareutdanning:

  • Det bør opprettast fleire pedagogisk orienterte hovudfagstilbod.
  • Dersom intensjonane med reforma i vidaregåande opplæring skal kunne realisert, må etter- og vidareutdanningstilbodet for lærarar i yrkesfag styrkjast.
  • Dersom intensjonane med reforma i grunnskolen skal kunne realiserast, må:
    • vidareutdanningstilbod med tanke på småskolesteget styrkjast
    • fleire lærarar gjennomføre vidareutdanning i engelsk, kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, og musikk
    • etter- og vidareutdanningstilbodet i naturfag styrkjast.

Lærarutdanningsutvalet har dessutan gitt generell tilråding om at lærarutdanningsinstitusjonane i større grad bør fungere som ressurssentra og oppdragsinstitusjonar. I den samanheng har utvalet gitt tilrådingar om tilrettelegging som både gjeld organisatoriske og faglege spørsmål. Utvalet har ma tilrådd at ein må syte for naudsynt etterutdanning av personalet ved lærarutdanningsinstitusjonane.

11.6.3 Høyringsfråsegner

Høyringsinstansar som uttaler seg om etter- og vidareutdanning, sluttar seg i hovudtrekk til tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet, men med noko ulik vektlegging og argumentasjon. Nokre av høyringsinstansane meiner at lærarutdanningsutvalet kunne ha arbeidd grundigare med desse spørsmåla.

Dei statlege utdanningskontora seier seg stort sett samde i tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet om etter- og vidareutdanning. Mange peiker på behov for betre og meir omfattande tilbod. Eitt av utdanningskontora framhevar at utvalet i for liten grad har vurdert nye etterutdanningsformer basert på fjernundervisning og ny teknologi.

Mellom dei statlege utdanningsråda er det fire instansar (Det sentrale kontaktutvalget for etterutdanning, Opplæringsrådet for elektro- og elektronikkfag, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet, Statens lærerkurs) som stør framlegget om betre etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar. Fire av høyringsinstansane (Det sentrale kontaktutvalget for etterutdanning av lærere, Lærarutdanningsrådet, Opplæringsrådet for håndverksfag, Statens lærarkurs) i denne gruppa meiner etterutdanningstilbodet ved lærarutdanningsinstitusjonane må finansierast både som oppdrag og over institusjonane sine eige budsjett. Det sentrale kontaktutvalget for etterutdanning peiker ma på at finansiering av etterutdanning over eige budsjett gjer det mogleg med meir langsiktig planlegging og med utvikling og utprøving av nye tilbod. Kontaktutvalet meiner at for stor vekt på oppdragsverksemd kan medføre prioritering av tilbod meir etter kor lønsame dei er enn ut frå dei behov som skal dekkjast.

I høyringsgruppa av universitet og vitskaplege høgskolar viser Universitet i Oslo til universitets- og høgskolelova §1 nr 5 og peiker på at dei høgre utdanningsinstitusjonane no for første gong er forplikta på å gi eller organisere etterutdanning. Det bør derfor vere eit krav at etter- og vidareutdanning får same status som annan verksemd ved institusjonane. Ein bør ma krevje forpliktande måltal for etter- og vidareutdanningsstudentar i årsplanane til dei ulike fagmiljøa. Avdeling for lærerutdanning ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet gir uttrykk for liknande standpunkt.

Statlege høgskolar som uttaler seg om etter- og vidareutdanning, seier seg samde i prinsippet om at grunnutdanningsinstitusjonane også må ha eit hovudansvar for etter- og vidareutdanning av dei lærarkategoriane dei utdannar. Fleire av høgskolane peiker på behov for betre økonomi til etter- og vidareutdanning.

Høyringsfråsegnene frå kommunar/fylkeskommunar gir i hovudsak støtte til tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet. Fem av fylkeskommunane gir eksplisitt støtte til fleirtalet i utvalet som meiner at etterutdanning ved lærarutdanningsinstitusjonane må finansierast både som oppdrag og over institusjonens eige budsjett. Ein av fylkeskommunane framhevar at midlar til etterutdanning må overførast til dei som etterspør slik utdanning, ikkje til dei som tilbyr utdanninga. Kommunenes Sentralforbund seier seg samd i at lærarutdanningsinstitusjonane bør ha eit hovudansvar for å tilby etterutdanning av lærarar. Forbundet peiker på at kvaliteten på tilboda er avhengig av at institusjonane driv aktivt forskings- og utviklingsarbeid og at dei maktar å formidle kunnskap frå dette arbeidet. Kommunenes Sentralforbund spør dessutan om høgskolane bør utvikle eigne tilbod for skolering av skoleleiarar.

Student- og lærarorganisasjonane seier seg i hovudsak nøgd med tilrådingane om etter- og vidareutdanning frå lærarutdanningsutvalet. Norsk Lærerlag peiker på nye behov for etter- og vidareutdanning knytte til pedagogiske tilbod for yngre barn. Lærerforbundet peiker spesielt på behov for etterutdanning i vaksenpedagogikk. Skolenes landsforbund sluttar seg til tilrådingane frå lærarutdanningsutvalet. Forbundet seier seg samd med mindretalet i utvalet med tanke på at etterutdanning skal finansierast gjennom oppdrag og ikkje over det ordinære budsjettet til institusjonane.

11.6.4 Departementets vurderingar og framlegg

Verksemda i opplæringssektoren krev at alle lærarar følgjer med i utviklinga og styrkjer sin faglege og pedagogiske kompetanse. Arbeidsgivar har det primære ansvaret for etterutdanning av dei tilsette, men staten skal og leggje til rette for at lærarar får ta etterutdanning, jf lærarutdanningslova §4 nr 2. Dei nye arbeidstidsordningane bør vere ei utfordring til barnehage- og skoleeigar om å gjere kompetanseutvikling til ein naturleg og sjølvsagt del av dei årlege arbeidsoppgåvene for alle lærarar

Den nye universitets- og høgskolelova definerer det som ei oppgåve for universitet og høgskolar at dei skal gi eller organisere etterutdanning. Dette, saman med arbeidstidsavtalen for lærarar, utgjer etter departementets vurdering eit godt grunnlag for samarbeid om etterutdanning mellom kommunar/fylkeskommunar og høgre utdanningsinstitusjonar. Det er i tillegg viktig at også dei statlege utdanningskontora/fylkesmennene deltar i dette samarbeidet. I samband med Reform 97 er det i alle fylke etablert strukturert samarbeid om etterutdanning mellom statens utdanningskontor, høgskole/universitet og skoleeigar.

Departementet vil peike på at langsiktige avtalar om slikt samarbeid vil vere til beste for alle partar. Langsiktige avtalar vil gjere det mogleg for universitet og høgskolar å utvikle relevant fagleg og pedagogisk kompetanse for etterutdanningstilbod. Samstundes vil slik langsiktig planlegging vere med og sikre kvaliteten på dei etterutdanningstenestene kommunar/fylkeskommunar kjøper av universitet og høgskolar. Departementet har med interesse merka seg at fleire barnehage- og skoleeigarar også inngår samarbeid med høgre utdanningsinstitusjonar om ulike typar forsøks- og utviklingsarbeid. Kompetanseutvikling gjennom slike prosjekt er truleg eit interessant supplement til meir tradisjonelle etterutdanningstiltak.

Utdanningsreformer i nasjonal skala gir behov for rask kompetanseoppbygging i heile lærarstaben. I samband med slike sentralinitierte reformer er det naturleg at departementet tar initiativ til etterutdanning saman med kommunar og fylkeskommunar. Når det blir konstatert omfattande etterutdanningsbehov på spesielle område, kan det også vere aktuelt med nasjonale initiativ for å leggje forholda til rette for etter- og vidareutdanning.

Det er etter departementets vurdering rimeleg at etterutdanningstilbodet ved lærarutdanningsinstitusjonane primært blir finansiert gjennom oppdragsverksemd. Departementet vil vurdere satsing på etter- og vidareutdanning i samband med den årlege budsjettbehandlinga.

Departementet meiner på same måte som lærarutdanningsutvalet, at det er god grunn til å styrkje lærarutdanning for yrkesfaglærarar. Det gjeld også etter- og vidareutdanning for denne lærargruppa, jf kapittel 9.

Lærarutdanningsutvalet har gjort konkret framlegg om satsing på etter- og vidareutdanning for nokre fag. Som nemnt i avs 11.6.1 har departementet allereie tatt initiativ til nye rammeplanar for nokre av desse faga. Når rammeplanane for ny grunnutdanning av lærarar er ferdige, vil departementet vurdere kva for vidareutdanningstilbod ein bør utarbeide rammeplanar for. Det er viktig at det innan Noregsnettet blir gitt tilbod innafor alle relevante fag- og fagområde som det er behov for i opplæringssystemet.

Departementet har merka seg at lærarutdanningsutvalet har gitt tilråding om kva ein bør gjere for at lærarutdanningsinstitusjonane i høgre grad kan framstå som ressurssentra i områda der dei arbeider. Etter departementets meining er dette eit viktig perspektiv på korleis lærarutdanningsinstitusjonane bør fungere overfor brukarane. Departementet reknar med at dei ulike institusjonane sjølve må sikte seg inn mot å kunne fungere som ressurssentra og gjennomføre dei tiltak som er naudsynte for å nå eit slikt mål. På sikt vil slike funksjonar truleg ha nær samanheng med korleis høgre utdanningsinstitusjonar kan fungere i den planlagte etter- og vidareutdanningsreforma.

Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen