1 Innleiing og samandrag
Underside | | Kunnskapsdepartementet
1 Innleiing og samandrag
1.1 Bakgrunn for meldinga
Regjeringa legg med dette fram ei melding om struktur og innhald i lærarutdanninga.
Lærarutdanninga vart sist drøfta i Stortinget i samband med St meld nr 40 (1990-91) Fra visjon til virke. Om høgre utdanning. Under behandlinga av Innst S nr 230 (1990-91) vedtok Stortinget at allmennlærarutdanninga skulle vere 4-årig og gi undervisningskompetanse for heile grunnskolen. Vidare vedtok Stortinget at den praktisk-pedagogiske utdanninga skulle utvidast frå eit halvt år og til eitt år med hovudvekt på den fagdidaktiske delen. På denne bakgrunn utarbeidde departementet i 1992 nye rammeplanar for 4-årig allmennlærarutdanning og eittårig praktisk-pedagogisk utdanning. Allmennlærarens undervisningskompetanse vart også drøfta i Stortinget våren 1995, jf Dokument 8:18 og Innst S nr 101 (1994-95).
Seinare har Stortinget vedtatt ei rekkje reformer i opplæringssystemet som mellom anna omfattar:
- ny generell del av læreplanen for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring
- læreplanar for faga i grunnskolen
- senka skolestart til 6 år og 10 års obligatorisk opplæring i grunnskolen
- lovfesta rett til 3 års vidaregåande opplæring fram mot yrkeskompetanse, studiekompetanse eller delkompetanse, ny struktur i opplæringa med 13 breie grunnkurs, eit nytt system for fagopplæring og nye læreplanar
- nedlegging av statlege spesialskolar og etablering av statlege kompetansesentra
- etablering av Noregsnett for høgre utdanning og forsking
- ny lov om universitet og høgskolar.
Regjeringa har gjort framlegg om nytt lovverk for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, jf Ot prp nr 36 (1996-97) og Stortinget har bedt regjeringa om å leggje fram ei stortingsmelding om ei livslang læringsreform som grunnlag for ein nasjonal handlingsplan for etter og vidareutdanning og vaksenopplæring, jf Innst S nr 133 (1995-96).
For å kunne realisere dei omfattande reformene i skole og opplæring og møte nye krav frå samfunns- og arbeidsliv, er det nødvendig at også lærarutdanninga blir gjennomgått og omforma. Det trengst omlegging når det gjeld innhald, organisering og struktur i utdanninga av lærarar til alle steg i opplæringssystemet, med unntak av førskolelærarutdanninga som fekk ny rammeplan i 1995 på grunnlag av ny rammeplan for barnehagen og reforma i grunnskolen.
Omforminga av lærarutdanninga har som mål å få ei utdanning som:
- tar vare på og utviklar prinsippet om einskapsskolen og eit likeverdig opplæringstilbod
- gir barn og unge del i eit sosialt fellesskap og samstundes gir vekstvilkår for individuelle føresetnader og behov
- er tilpassa dagens opplæringssystem og dei læreplanar som gjeld
- er tilpassa dei endringar som skjer i samfunnet og kan møte nye utfordringar i framtidas skole
- gir eit godt grunnlag for medverknad til vidare utvikling av opplæringssystemet.
Siktemålet med meldinga er:
- på grunnlag av opplæringsreformene og mål for lærarutdanninga å skissere prinsipp og retningslinjer for oppbygging, organisering og innhald av dei ulike lærarutdanningskategoriane
- å avklare grunnlaget for det vidare arbeid med nasjonale rammeplanar for lærarutdanningane
- å leggje eit grunnlag for ei kvalitativ vidareutvikling av lærarutdanninga.
Dei lærarutdanningskategoriane som blir vurderte i meldinga er:
- førskolelærarutdanning
- allmennlærarutdanning
- faglærarutdanning
- yrkesfaglærarutdanning
- praktisk-pedagogisk utdanning
1.2 Relevante bakgrunnsdokument
linkdoc014005-020005#docNOU 1996:22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal
Hovudmaterialet til denne meldinga er arbeidet til eit utval oppnemnd av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 31. oktober 1995. Utvalet vart leia av fylkesopplæringssjef Kristin Hille Valla. Målet for arbeidet var å bringe lærarutdanninga best mogleg i samsvar med generell del av ny læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, og med reformene elles i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Mandatet for utgreiingsarbeidet hadde tre hovuddelar. Lærarutdanningsutvalet skulle m a:
- beskrive dei ulike typane lærarutdanning ma med omsyn til
- oppbygging
- organisering
- etter- og vidareutdanning
- undervisningskompetanse
- praksisopplæring og øvingslærarens funksjon i teori og praksisopplæring
- eksamens- og vurderingsformer i lærarutdanninga
- FoU-arbeid
- studentane sine val av fag.
- vurdere:
- samsvaret mellom fagtilbod, studentane sine fagval og kompetansebehova i grunnskole og vidaregåande opplæring
- kvaliteten på noverande lærarutdanning og FoU-arbeid
- oppfølging frå lærarutdanningsinstitusjonane av reformene i grunnskole og vidaregåande opplæring
- samsvar mellom innhald i noverande utdanning og arbeidet til lærarane i dagens og framtidas skole.
- foreslå:
- tekst til felles innleiande prinsipiell del av rammeplanar for alle grunnutdanningane
- prinsipp for mellom anna:
- mål, innhald og arbeidsmåtar som bør vere felles for all lærarutdanning
- endringar i organisering av og innhald i ulike typar lærarutdanning
- forholdet mellom fag, fagdidaktikk og pedagogisk teori og praksis i ulike typar lærarutdanning
- rettleiing av studentar og vurdering i lærarutdanning
- bruk av informasjonsteknologi i all lærarutdanning.
Utvalsinnstillinga NOU 1996: 22 Lærarutdanning. Mellom krav og ideal vart avgitt til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 19. september 1996. Innstillinga har vore på ei omfattande høyring og om lag 200 instansar har uttalt seg til departementet. Høyringsmaterialet er gjennomgått og utgjer ein viktig del av grunnlaget for denne meldinga.
linkdoc014005-020002#docNOU 1995:18 Ny lovgivning om opplæring
Eit anna viktig bakgrunnsdokument for denne meldinga er innstilling frå opplæringslovutvalet, NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring. Utvalet vart leia av professor Eivind Smith og avga innstilling til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 4. juli 1995. Innstillinga og høyringsfråsegnene er grundig refererte i Ot prp nr 36 (1996-97) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
Hovudsiktemålet for opplæringslovutvalets arbeid var å få eit lovverk som samla sett framstår som eit best mogleg styringsmiddel for å nå dei nasjonale måla for opplæringa. Utvalet skulle gjennomgå opplæringssektorens styringsordning, vurdere kva forhold som bør vere gjenstand for nasjonal styring og om denne bør skje i lovs form eller på annan måte. Forslaga skulle ta sikte på løysingar som ivaretar omsynet til nasjonale mål, og vurderingane skulle mellom anna omfatte lov om lærarutdanning. På grunnlag av utgreiinga frå opplæringslovutvalet og høyringsfråsegnene har regjeringa lagt fram eit utkast til ny opplæringslov i Ot prp nr 36 (1996-97). Melding om lærarutdanning tar opp spørsmål frå utvalsarbeidet som gjeld lovfesting av innhaldet i lærarutdanning og utdanningskrav til undervisningspersonalet.
1.3 Samandrag - konklusjonar
Dei enkelte hovudkapitla i meldinga har ei relativ lik oppbygging: kort innleiing og omtale av det aktuelle temaet, lærarutdanningsutvalets vurderingar og tilrådingar, høyringsfråsegner, departementets vurderingar og framlegg og til slutt ei punktvis oppsummering. I dette kapittelet blir det gjort eit samandrag av dei viktigaste konklusjonane i meldinga.
I kapittel 2 som set lærarutdanning inn i ein større samanheng, blir det vist til dei omfattande reformene i opplæringssystemet. Dersom reformene skal realiserast, er det nødvendig med revisjon av struktur og innhald i lærarutdanninga. Lærarutdanninga skal samsvare med intensjonane og innhaldet i opplæringsreformene, gjeldande opplæringslovgiving og dei oppgåvene som går fram av det nye læreplanverket. Dette stiller nye krav til lærarrolla og føreset innsikt i og kunnskap om den nye elevrolla. Det er lagt vekt på at eleven skal vere aktiv, handlande og sjølvstendig og at han etter kvart skal ta meir ansvar for eiga læring i praktiske og teoretiske oppgåver knytte til fag og tverrfaglege problemstillingar. Elevens læring er hovudmålet for all opplæringsverksemd, og eleven skal delta i arbeidet med å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa. Dette er prinsipp som vil bli lagt til grunn for det vidare rammeplanarbeidet.
Det blir understreka at lærarutdanninga må leggje større vekt på forståing av heilskap, samanheng og kontinuitet i opplæringssystemet. Lærarutdanninga skal vere ein integrert del av nettverksamarbeidet mellom institusjonane i Noregsnettet for høgre utdanning og forsking og dei ulike lærarutdanningskategoriane skal dekkje opplæringssystemets behov for lærarar med ulik breidde og djupne i fagleg og pedagogisk kompetanse.
I kapittel 3 blir dei viktigaste elementa i nasjonal styring av lærarutdanning drøfta. Styring av lærarutdanning gjennom lov, forskrifter og rammeplan blir gjort greie for og sett i forhold til lærarutdanningsutvalets og opplæringslovutvalets vurderingar. Departementet foreslår at lærarutdanningslova blir oppheva og at innhaldet i lærarutdanninga fullt ut blir fastsett i medhald av universitets- og høgskolelova og at ein i opplæringslova gir heimel for departementet til å gi forskrifter om kompetansekrav for undervisningspersonale i grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Det blir vidare sagt at rammeplanar skal gi tydelegare og klarare styringssignal for å sikre at institusjonane sine fagplanar er relevante og at det skal setjast i verk tiltak som kan gi betre grunnlag for å vurdere om institusjonane gir utdanning i samsvar med rammeplanane.
Eit anna viktig element i den sentrale styringa er dimensjonering av opptaket til dei enkelte lærarutdanningane og utdanningsnivåa, og departementet vil setje i gang eit arbeid med å få fram nærmare overslag over behovet for lærarar i åra framover.
I kapittel 4 blir utdanningskrav til lærarar, hovudsakleg i grunnskolen, drøfta. Det blir vist til at opplæringsreformene har medvirka til at det er nødvendig å sjå nærmare på utdanningskrava for stillingar på ulike nivå i opplæringssystemet. Både lærarutdanningsutvalet og opplæringslovutvalet har vurdert praktiske og formelle sider ved dagens utdanningskrav. Departementet meiner at allmennlærarutdanning framleis skal kvalifisere for undervisning på alle steg i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolens fag. Vidare blir det foreslått at faglærarar og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning eller anna utdanning godkjend for undervisning på ungdomssteget, kan tilsetjast for undervisning på mellomsteget i fag dei har relevant kompetanse i og som har eit omfang på minimum 10 vekttal, inkludert fagdidaktikk.
Det blir samstundes understreka at skoleeigar ved utlysing, tilsetjing, årleg fordeling av arbeidsoppgåver i lærarkollegiet og etterutdanning av personalet, kan fastsetje nærmare spesifiserte krav til kompetanse og fagleg kvalifikasjon ut frå lokale forhold og behov.
I kapittel 5 om førskolelærarutdanning blir det vist til at ny rammeplan for 1995 alt har tatt omsyn til reformene i barnehage og grunnskolen. Fordi denne utdanninga alt var justert, vart ikkje førskolelærarutdanninga inkludert i mandatet for lærarutdanningsutvalet då dette vart nedsett, bortsett frå at det innleiande kapittelet i alle rammeplanar òg skal gjelde for førskolelærarutdanninga.
Departementet vil våren 1997 leggje fram ei eiga melding for Stortinget om auka førskolelærardekking.
I kapittel 6 blir det gjort greie for dagens allmennlærarutdanningsmodell. Departementet skisserer grunnleggjande prinsipp for revisjon av allmennlærarutdanninga. Det blir m a framheva at utdanninga skal leggje til rette for å utvikle vidare prinsipp ved einskapsskolen og det likeverdige opplæringstilbodet om fellesskap og individuell tilpassa opplæring. Vidare blir det understreka at studentens faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse skal styrkjast i samsvar med mål og krav i opplæringsreformene.
Departementet foreslår at den obligatoriske delen av allmennlærarutdanninga blir utvida frå 50 til 60 vekttal, og at engelsk inngår som eit obligatorisk fag på 5 vekttal og matematikk blir utvida frå 5 til 10 vekttal. I det 4. studieåret blir det innført eit såkalla "styrt val" på 10 vekttal mot fag det er særleg viktig å styrkje i skolen. Vidare blir det fastsett ein felles nasjonal studiemodell for organisering av allmennlærarutdanninga.
Departementet ser det som viktig å styrkje realfaga si stilling i lærarutdanning og foreslår m a å auke det obligatoriske omfanget av matematikk, "styrt val" mot realfag i 4. studieåret, etter- og vidareutdanningstiltak og eigne "realfaglinjer" ved utdanningsinstitusjonane. Departementet ser det som særleg viktig å leggje forholda til rette for å auke interessa for realfag og informasjonsteknologi hos kvinnelege elevar og studentar.
Det blir framheva at det må leggjast til rette for å rekruttere fleire studentar frå språklege minoritetar til lærarutdanninga. Eit tiltak vil vere at studentar frå språklege minoritetar som er fritatt frå eksamen i sidemål i vidaregåande opplæring kan få fritak frå kravet om eksamen i begge målformer i allmennlærarutdanninga.
Departementet vil ta initiativ til at det blir utvikla ein eigen studieplan for allmennlærarutdanning for døve. Det er vidare viktig at det blir organisert eit permanent tilbod for høyrande lærarar i teiknspråk.
Kapittel 7 om praktisk-pedagogisk utdanning peikar på at reformene i opplæringssystemet føreset større grad av samspel på tvers av tradisjonelle faggrenser. Dette aktualiserer behovet for ei sterkare kopling mellom praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar. Departementet er samd i lærarutdanningsutvalets vurderingar og tilråding om å organisere ein felles rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag. I tillegg ønskjer departementet å evaluere den praktisk-pedagogiske utdanninga for allmennfaglærarar, m a erfaringane med ulike modellar for organisering. Det blir avslutningsvis sagt at det er viktig å leggje vekt på fag- og yrkesdidaktisk utviklingsarbeid.
I kapittel 8 faglærarutdanninga blir det peika på at utdanninga er relativt smal og at i dei fleste tilfella kan tilsvarande fordjuping oppnåast gjennom andre utdanningsvegar.
Departementet foreslår å endre den noverande faglærarutdanninga i ernæring, helse- og miljøfag til yrkesfaglærarutdanning basert på søkjarar med fagbrev, yrkespraksis og generell studiekompetanse. Det blir vidare foreslått å avvikle ordninga med eigne rammeplanar for faglærarutdanning i kroppsøving, faglærarutdanning i naturfag med matematikk og faglærarutdanning for økonomisk-administrative fag. I samsvar med lærarutdanningsutvalets tilråding, går departementet inn for å vidareføre og utvide dei to faglærarutdanningane i musikk og forming og formingsfag som faglærarutdanning i musikk, dans og drama og faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk, begge med eigne rammeplanar.
Kapittel 9 skisserer dei prinsippa som bør liggje til grunn for yrkesfaglærarutdanninga og på det grunnlag blir svake og sterke sider ved organiseringa av dagens ordning vurdert. Det blir m a konkludert med at det er behov for radikale endringar av struktur og innhald i grunnutdanninga til yrkesfaglærarar dersom ho skal kunne gi kompetanse for undervisning både i dei breie grunnkursa og i vidaregåande kurs i yrkesfaglege studieretningar, og dessutan på grunnskolens mellom- og ungdomssteg, i arbeidsmarknadsopplæring og vaksenopplæring.
Ulike alternative løysingar for grunnutdanninga blir drøfta, og departementet tilrår at det blir innført ein ny modell for yrkesfaglærarutdanning med hovudprinsipp, struktur og innhald som foreslått av lærarutdanningsutvalet. Departementet vil innføre den nye modellen i to fasar, og foreslår at det i første omgang blir innført ny yrkesfaglærarutdanning for fem (eventuelt seks) yrkesfaglege studieretningar frå år 2000. Dette vil gjelde yrkesfaglærarutdanning i helse- og sosialfag, hotell- og næringsmiddelfag, formgivingsfag, mekaniske fag og elektrofag. Fullt utbygd modell, med dei utdanningstilbod og den utdanningskapasitet som opplæringssystemet har behov for, vil vere i drift frå år 2006. Den nye yrkesfaglærarutdanningsmodellen kan organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning.
Det vil bli lagt til rette for yrkesfagleg forsking og etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar.
I kapittel 10 blir det lagt vekt på at samisk lærarutdanning må førebu for ei heilskapleg samisk opplæring med forankring i samisk språk og kultur. Departementet ser det som viktig å styrkje rekrutteringa til samisk lærarutdanning og få ei betre dekking av samisktalande personell innan opplæringssystemet og førskolesektoren. For å få eit breiare grunnlag til å vurdere samisk lærarutdanning på, vil departementet ta initiativ til ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning som inkluderer alle dei tre samiske språkgruppene.
I kapittel 11 er ulike fellestiltak for all lærarutdanning behandla. Dagens ordning med å vurdere om ein kandidat er skikka for læraryrket blir drøfta. Departementet meiner at vurdering av studentens arbeid, framferd og haldningar som lærar skal skje gjennom heile studiet og dokumenterast gjennom utført pedagogisk praksis og anna fagleg arbeid. Departementet vil i rammeplan gi klare kriterium for krav til godkjend praksis. Etter departementets oppfatning er det ikkje behov for ein eigen lovheimel for vurdering av om lærarstudentar er skikka for yrket.
Lærarutdanningsutvalet har tilrådd å innføre eit såkalla kandidatår. Departementet vil ikkje gå inn for den foreslåtte ordninga. Det vil likevel bli tatt initiativ til eit avgrensa prøveprosjekt med rettleiing av nyutdanna lærarkandidatar i samarbeid mellom barnehage-/skoleeigar og utdanningsinstitusjon. Departementet ser det som viktig å auke yrkesrettinga i lærarutdanninga.
I kapittel 11.3 legg departementet til grunn at alle lærarar må ha god generell kunnskap om informasjonsteknologi og dei må kunne nytte IT både som fagleg og pedagogisk hjelpemiddel. Alle nye rammeplanar for lærarutdanning skal omfatte kunnskap om IT og bruk av IT. I meir langsiktig perspektiv vil departementet ta initiativ til å utvikle ein samla strategisk plan for IT i norsk lærarutdanning.
Behovet for vaksenopplæring og vaksenpedagogisk kompetanse vil auke i åra som kjem. Etter departementets vurdering er ikkje innhaldet av vaksenpedagogikk i grunnutdanningane og omfanget av vidareutdanningstilbod på dette området i dag godt nok til å møte dei nye utfordringane. I samband med revisjon av rammeplanar, vil innføring i vaksenpedagogikk derfor inngå i pedagogisk teori i all grunnutdanning for lærarar. I tillegg er det viktig å byggje ut vidareutdanningstilbod på området.
Forsking og utviklingsarbeid skal vere med å sikre kvaliteten i utdanninga ved lærarutdanningsinstitusjonane, og det er venta at desse institusjonane skal utvikle ny kunnskap som kan vere til gagn for opplæringssystemet og dei som arbeider der. Departementet understrekar at det er viktig at lærarutdanningsinstitusjonar kan vere kompetansesentra for opplæringssystemet og lokale/regionale og statlege styresmakter. Kompetanseutvikling innan allmenn didaktikk, fagdidaktikk og yrkesdidaktikk er eit viktig satsingsområde for å styrkje det vitskaplege grunnlaget for lærarutdanning.
Utdanningsreformer i nasjonal skala gir behov for rask kompetanseoppbygging av heile lærarstaben. I samband med slike sentraliserte reformer er det naturleg at departementet tar initiativ til etterutdanning saman med kommunar og fylkeskommunar. Det er i denne samanheng viktig med eit strukturert samarbeid mellom statens utdanningskontor/fylkesmennene, kommunar/fylkeskommunar og utdanningsinstitusjonane. Departementet vil peike på at langsiktige avtalar om slikt samarbeid vil vere til beste for alle partar. Innan Noregsnettet må det bli lagt til rette for vidareutdanning innafor dei ulike fag, fag- og arbeidsområde i lærarutdanninga.
I kapittel 12 gjer departementet greie for økonomiske og administrative konsekvensar av lærarutdanningsreforma.
Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen