4 Utdanningskrav for...
Underside | | Kunnskapsdepartementet
4 Utdanningskrav for lærarar
4.1 Innleiing
Med reformene i grunnskole og vidaregåande opplæring skal opplæringa no i prinsippet inkludere alle elevar og lærlingar frå 1. til 13. alderssteget. Reformene set krav om samordning og heilskap både innafor og mellom stega i opplæringssystemet. Dette er krav som er særleg utfordrande i overgangen mellom barnehage og småskolesteget og mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Vidare har reformene aktualisert behovet for ei sterkare horisontal kopling mellom allmennfagopplæring og yrkesopplæring.
Reformene har medvirka til at det er nødvendig å sjå på utdanningskrav for stillingar på ulike nivå i opplæringssystemet. Departementet har derfor gitt både opplæringslovutvalet og lærarutdanningsutvalet i mandat å vurdere praktiske og formelle sider ved dagens utdanningskrav til lærarar i ulike skoleslag. Dette kapittelet tar særleg opp utdanningskrav for lærarar i grunnskolen.
4.1.1 Gjeldande lov og forskrift om utdanningskrav for lærarar
Lov om lærarutdanning av 1973 fastset at den som skal undervise eller ha anna pedagogisk arbeid i opplæringssystemet, må ha lærar-, adjunkt- eller lektorutdanning, jf §5 nr 1. Utdanningskrava for dei tre nivåa er gitt i kapittel III i lova.
Kapittel IV i lærarutdanningslova gjer greie for utdanningskrav for stillingar i grunnskolen, folkehøgskolen og vidaregåande opplæring. Departementet har med heimel i §§10 og 12 i lærarutdanningslova presisert desse utdanningskrava nærmare i forskrift om lærar-, adjunkt- og lektorutdanning av 9. juni 1987 (kompetanseforskrifta) med seinare endringar 26. juni 1991 og 8. april 1997. Kapittel VI i forskrifta tar for seg krav til utdanning for tilsetjing i grunnskolen.
Dei viktigaste hovudkrava til utdanning for tilsetjing i barneskolen (småskolesteget og mellomsteget), jf §32 i kompetanseforskrifta, er utdanning som:
- allmennlærar
- faglærar i musikk, formingsfag, kroppsøving eller ernæring, helse- og miljøfag (eller lærarar med anna utdanning godkjend for tilsetjing i ungdomsskolen med minst 10 vekttal i dei nemnde faga)
- faglærar for framandspråklege elevar
- førskolelærar som har utdanning i spesialpedagogikk, eller som det ut frå særlege omsyn er ønskjeleg å tilsetje.
Etter endringar i kompetanseforskrifta 8. april 1997 skal førskolelærarar med eitt års relevant vidareutdanning kunne tilsetjast på småskolesteget (1.-4. klasse). Førskolelærarar med eit halvt års relevant vidareutdanning kan tilsetjast på vilkår. Førskolelærarar utan vidareutdanning kan tilsetjast for undervisning av den nye 1. klassen/førskolen. Forskrifta er i samsvar med føringane i Ot prp nr 40 (1995-96) og Innst O nr 56 (1995-96) og blir sett i verk frå 1. juli 1997.
Dei viktigaste hovudkrava til utdanning for tilsetjing på ungdomssteget er, jf §33 i kompetanseforskrifta, utdanning som:
- allmennlærar
- faglærar
- adjunkt
- lektor.
Innhaldet i utdanningskrava for barneskolen (småskolesteget og mellomsteget) og ungdomssteget er nærmare spesifisert i §§32 og 33 i kompetanseforskrifta.
4.1.2 Stortingets behandling av spørsmålet om undervisningskompetanse
I Innst S nr 230 (1990-91) uttalte kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen følgjande om undervisningskompetansen til allmennlærarar:
"Allmennlærerutdanningen bør derfor legges opp slik at den gir gjennomgående kompetanse for alle trinn i grunnskolen samtidig som det enkelte skolestyre bør gis mulighet til å kreve faglig fordypning i nærmere angitte fag der dette anses nødvendig."
Med innføring av 10-årig grunnskole har allmennlærarane fått utvida sitt kompetanseområde til også å gjelde 6-åringar. I Innst S nr 234 (1992-93) til St meld nr 40 "..vi smaa, en Alen lange" Om 6-åringer i skolen - konsekvenser for skoleløp og retningslinjer for dets innhold, blir det understreka av fleirtalet i komiteen at "senket skolealder må få konsekvenser for grunnutdanningen for begge lærergrupper. En felles innføring i småskolepedagogikk må sikres i begge utdanningene" (dvs allmennlærar- og førskolelærarutdanningane).
I samband med behandlinga av Dokument 8:18 (1994-95) vurderte Stortinget igjen undervisningskompetanse til allmennlærarane. Utgangspunktet for drøftinga var eit framlegg frå stortingsrepresentantane Siri Frost Sterri og Jan Tore Sanner om ma å endre krava til undervisningskompetanse i ungdomsskolen slik at lærarar som underviser i teorifag skal ha minimum eitt års fagleg fordjuping i sine undervisningsfag, jf Innst S nr 101 (1994-95).
Fleirtalet i Stortinget konkluderte med at det er ønskjeleg å halde fast ved ei allmennlærarutdanning som dekkjer alle stega i grunnskolen, både ut frå pedagogiske og personalmessige omsyn. Fleirtalet framheldt også at ein sterkt fagoppdelt skoledag med lærarar som stadig skifter, vil auke vekta på faget og læreboka, framfor til dømes sosial læring og haldningsdanning. Det blir vidare vist til at det innafor allmennlærarutdanninga er godt med rom for fagleg fordjuping, gjennom den fagstrukturen som blir tilbode ved lærestadane. På dette grunnlaget konkluderte fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen med at:
"Flertallet mener at det ikke er grunnlag for å endre kompetansekravet for ungdomstrinnet til minimum ett års faglig fordypning i teorifag. De problemer som er knyttet til ungdomstinnet, er i større grad manglende pedagogisk tilrettelegging i de ulike fag og for lite fagintegrering. Det vises også til at mulighetene til faglig fordypning vil bedres med en fireårig lærerutdanning."
4.2 Opplæringslovutvalets innstilling
Framlegget frå opplæringslovutvalet er referert i Ot prp nr 36 (1996-97) kapittel 18.2.
Opplæringslovutvalet foreslår å føre vidare den ordninga som gjeld i dag for andre enn allmennlærarar til å undervise i enkelte fag i barneskolen. Utvalet meiner at den faglege fordjupinga på mellomsteget tilseier at det som eit supplement til allmennlæraren også blir opna for å tilsetje faglærarar, adjunktar og lektorar i denne delen av grunnskolen, når læraren har ei relevant fagleg fordjuping som svarer til minst eit halvt års studietid. Utvalet gjer framlegg om at lærarar på ungdomssteget, med unntak av lærarar i lokalt fastsette valfag, skal ha ei fagleg fordjuping som svarer til minst eit halvt års studietid som er relevant for minst eitt av dei faga dei er sette til å undervise i.
Utvalet gjer framlegg om å lovfeste dei tre utdanningsnivåa lærar, adjunkt og lektor også i den nye opplæringslova, og at departementet får heimel til å konkretisere utdanningsnivåa gjennom forskrifter. Utvalet meiner at nivåa framleis gir ei føremålstenleg sortering av dei enkelte utdanningane under dei enkelte skoleslaga, opplæringsretningane og klassestega.
4.3 Høyringsfråsegner til opplæringslovutvalet
Høyringsfråsegnene til tilrådingane om lovfesting av utdanningskrav er fyldig refererte i Ot prp nr 36 (1996-97) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Det er brei tilslutnad blant høyringsinstansane til utvalets framlegg om kompetansekrav. Universiteta og fleire høgskolar støttar framlegget om å tilsetje faglærarar på mellomsteget, men understrekar at det må stillast krav om eitt års fagleg fordjuping for å undervise, særleg på ungdomssteget.
4.4 Lærarutdanningsutvalets innstilling
Det er eit særtrekk ved det norske opplæringssystemet at fleire ulike lærarkategoriar arbeider saman på dei ulike stega. Dette gir ein såkalla overlappande undervisningskompetanse. Etter utvalet si oppfatning er dette mangfaldet ein styrke som bidrar til allsidig og variert kompetanse på dei ulike stega i opplæringssystemet. Fleire lærarkategoriar kan utfylle og komplettere kvarandre, og elevane møter dermed eit langt meir allsidig og variert lærarkollegium enn tilfellet er i mange andre land. Etter utvalets oppfatning gir ordninga skoleeigar den fleksibilitet som er nødvendig for å finne løysingar på skolens behov for lærarar med ulike kvalifikasjonar.
4.4.1 Allmennlærarens undervisningskompetanse
Utvalet tilrår at allmennlærarutdanning framleis skal kvalifisere for undervisning på alle steg i grunnskolen og i grunnskolens fag i vaksenopplæringa. Utvalet understrekar at dette ikkje inneber at alle allmennlærarar skal vurderast som fullt kvalifiserte for å undervise i alle fag på alle grunnskolens steg. Utvalet føreset at skoleeigar ut frå lokale forhold og behov fastset nærare spesifiserte krav til kompetanse og faglege kvalifikasjonar.
4.4.2 Utdanningskrav for grunnskolen for andre enn allmennlærarar
På det nye småskolesteget kjem både allmennlærarar og førskolelærarar til å kunne undervise, men førskolelærarane må ha relevant vidareutdanning for å kunne undervise 2.-4. klasse.
Utvalet tilrår at følgjande lærarkategoriar kan tilsetjast for arbeid på mellomsteget og ungdomssteget i alle fag dei har relevant kompetanse i:
- faglærarar
- lærarar med praktisk pedagogisk utdanning
- yrkesfaglærarar utdanna etter den nye modellen som utvalet foreslår blir innført
Etter §13 i lærarutdanningslova kan lærarar som ikkje har allmennlærarutdanning berre tilsetjast for å undervise i enkeltfag på barnetrinnet. I føresegn om lærar-, adjunkt og lektorutdanning har departementet i §32 fastsett at desse enkeltfaga er avgrensa til musikk, formingsfag, kroppsøving og heimkunnskap. Utvalet ser ingen grunn til ei slik avgrensing av relevante fagområde for undervisning på mellomsteget.
Utvalet meiner at utdanning i aktuelle fag med omfang 5-10 vekttal inklusive fagdidaktikk retta mot grunnskolen, bør vurderast som relevant kompetanse. Enkelte grupper yrkesfaglærarar utdanna etter den hovudmodellen utvalet foreslår, vil truleg f eks ha realfag med eit slikt omfang at dei bør kunne undervise i slike fag på mellomsteget og ungdomssteget.
Utvalet finn det vanskeleg å tilrå at dei nemnde lærargruppene også skal kunne tilsetjast for undervisning på det nye småskolesteget, dersom ikkje utdanninga også omfattar grundig innføring i begynnaropplæring og småskolepedagogikk, og at dei har praktisk-estetiske fag i fagkrinsen.
4.5 Høyringsfråsegner til Lærarutdanningsutvalet
Dei fleste høgskolane problematiserer ordninga med at allmennlærarar underviser på alle steg og i alle fag i grunnskolen. Det blir understreka at ei slik ordning føreset ei differensiert allmennlærarutdanning som både kan gi ein brei klasselærarbakgrunn og samstundes høve til fagleg fordjuping for undervisning på ungdomssteget. Det blir og sagt, ma av Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Volda, at skoleeigar har ansvar for å føre ein tilsetjingspolitikk som sikrar at alle fag blir dekte av kvalifiserte lærarar.
Høgskolen i Østfold framhevar at:
"Det må aldri være tvil om at det er allmennlærere som er bjærebjelken i grunnskolens virksomhet og som til enhver tid må utgjøre tyngden i lærerstaben."
Høgskolen i Hedmark stiller spørsmål til korleis ein med 4-årig utdanning skal kunne oppretthalde full kompetanse til å undervise både 6-åringar og 15-åringar. Etter Høgskolen i Volda si vurdering bør det stillast minstekrav til formell fagleg kompetanse for undervisning i enkeltfag på ungdomssteget.
Når det gjeld tilsetjing av nye lærarkategoriar på mellomsteget går 3 av høgskolane inn for nyordninga, mens 2 er mot. Fleire er skeptiske til framlegget frå utvalet. Høgskolen i Østfold uttaler mellom anna at framlegget om at faglærarar og universitetsutdanna lærarar kan undervise på mellomsteget er interessant, men seier vidare:
"Samtidig er det en fare for at en innføring av mange og svært ulike lærerkategorier helt ned til mellomtrinnet kan bidra til å utvikle et miljø hvor faglærere kommer og går i klassene, og hvor det blir vanskelig å opprettholde helhet og kontinuitet i skolehverdagen. Det er derfor viktig at klasselærersystemet fortsatt blir dominerende, i alle fall på mellomtrinnet."
Høgskolen i Bergen uttaler og at utstrakt bruk av faglærarar på mellomsteget kan svekkje den norske skolen si vektlegging av klasselæraren.
Høgskolen i Bodø framhevar at dersom dei nye lærarkategoriane skal få tilsetjingskompetanse i grunnskolen må dette få konsekvensar for innhald og arbeidsmåtar i og omfang av så vel yrkesteori og fagdidaktikk, i faget pedagogisk teori, som praksiserfraring for desse lærerkategoriane. Høgskolen i Akershus ser eit problem i at lærarar som berre har kompetanse i to fag skal kunne undervise i dei mange små skolane i Noreg. Høgskolen i Volda meiner at det på mellomsteget berre må vere lærarar med fagkombinasjonar av sentrale skolefag som kan få tilsetjing.
Universitet og vitskaplege høgskolar
Universitetet i Oslo meiner at utvalet burde har gjort ei grundigare drøfting av motsetninga mellom å ha allmennlærarar med kompetanse for alle trinn i den 10 -årige grunnskolen og ønsket om ein høgre fagleg kompetanse for lærarane i dei faga dei skal undervise i. Prinsippet om at alle lærarane skal kunne undervise i alle fag på alle klassesteg i grunnskolen, legg etter universitetets vurdering så sterke føringar på innhaldet i lærarutdanninga at det ikkje blir plass til å gi lærarane ei tilstrekkeleg fordjuping i sentrale skolefag. Universitetet i Oslo vil understreke at dersom ein ønskjer å halde fast på klasselærarsystemet i grunnskolen og samtidig sette faglege krav til ungdomssteget, vil ei todeling av allmennlærarutdanninga tvinge seg fram.
Alle universiteta støttar utvalet sitt framlegg om tilsetjingskompetanse på mellomsteget i fag ein har minimum 10 vekttal kompetanse i. Mellom anna Universitet i Bergen, Universitet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er opptatt av at rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning for desse lærarkategoriane må innehalde grunnskolepedagogikk.
Dei fleste statlege utdanningskontora uttrykkjer at allmennlærarutdanninga bør kvalifisere for alle stega i grunnskolen. Statens utdanningskontor i Troms ser dette som viktig for å sikre samanheng i tenking, haldning, forståing og praktisering av læreplanverket. Statens utdanningskontor i Rogaland meiner at ei slik ordning er nødvendig på grunn av dei fådelte skolane og fordi ei brei allmennlærarutdanning er ein føresetnad for klasselæraroppgåve og samarbeid mellom lærarar om tverrfaglege opplegg.
Statens utdanningskontor i Buskerud meiner at det bør fastsetjast ulike kompetansekrav til småskolesteget, mellomsteget og ungdomssteget. Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag meiner at ein på ungdomssteget normalt bør ha 20 vekttal i fag ein underviser i, på mellomsteget bør 10 vekttal vere minimum.
Av dei statlege utdanningskontora går 7 inn for at nye lærarkategoriar skal få tilsetjingskompetanse på mellomsteget og 2 av kontora går mot dette. Ein viktig føresetnad for ei slik ordning er at pedagogikk for mellomsteget blir innarbeidd i rammeplanane.
Statens utdanningskontor i Nordland uttaler at:
"det også i framtida vil være naturlig at det pedagogiske arbeidet på barnetrinnet (småskole- og mellomtrinnet) fortrinnsvis ledes og utføres av allmennlærere, gjerne med innslag av førskolelærere med tilleggsutdanning på småskoletrinnet. Et betydelig innslag av faglærere på barnetrinnet vil bl a i for sterk grad kunne vanskeliggjøre en friere, mer helhetlig organisering av skoledagen ut fra pedagogiske hensyn."
Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag meiner at det er viktig at lærarutdanningslov og andre føresegner ikkje gir unødige avgrensingar i skoleeigars høve til å leggje opp ein rasjonell rekrutterings- og personalpolitikk.
Dei fylkeskommunane som uttaler seg, går i hovudsak inn for at allmennlærarar skal ha undervisningskompetanse for heile grunnskolen. Nå det gjeld tilsetjing av nye lærarkategoriar i grunnskolen, går 10 fylkeskommunar inn for at dei nye lærarkategoriane skal kunne tilsetjast på mellomsteget og ein går mot ei slik ordning.
Finnmark fylkeskommune seier mellom anna:
"Når grunnskolen gis mulighet til å rekuruttere lærerkrefter med svært forskjellig yrkesbakgrunn og yrkeserfaring, vil veiledning og hjelp til elever i "det vanskelige valg med omsyn til fortsettende utdanning" få et løft. Mangfold og variasjon er en berikelse for skoleslaget. For det første får vi et variert lærerkollegium, skillelinjene mellom skoleslagene i grunn- og videregående skole tones ned. For det andre kan den nye modellen påvirke og bygge bro over de tradisjonelle skillelinjene i den yrkesfaglige- og allmennfaglige utdanningstradisjon i den videregående skole. Forutsetningen er selvsagt at lærerne skal undervise i alle fag der de har relevant kompetanse - slik utvalget foreslår."
Kommunenes Sentralforbund meiner at nye lærarkategoriar bør få undervisningskompetanse frå mellomsteget. Det vil føre til at arbeidsfeltet for yrkesfaglærarar blir meir fleksibelt. Ordninga vil og vere viktig for små kommunar som ofte må kombinere lærarstillingar.
Lærar- og studentorganisasjonar
Det er 5 lærar- og studentorganisasjonar som støttar utvalet i at nye lærarkategoriar bør ha undervisningskompetanse på mellomsteget.
Lærerforbundet går inn for ei nivåbasert lærarutdanning som siktar mot ulike skoleslag. Skolens landsforbund meiner at allmennlærarar bør kunne undervise på alle steg i grunnskolen og framhevar at det er viktig med klasselærar i barnesteget, og at bruk av faglærar bør avgrensast.
Landslaget for Norges Lærerstudenter meiner at praktisk-pedagogisk utdanning som påbyggingseining bør kvalifisere for arbeid i vidaregåande opplæring, men at praktisk-pedagogisk utdanning som følgjestudium bør kvalifisere for arbeid ned på mellomsteget.
Lærarutdanningsrådet (LR) støttar framlegget om at lærarar med 20 vekttal praktisk-pedagogisk utdanning kan undervise frå og med mellomsteget under føresetnad av at grunnskoleperspektivet vert forsterka i studiet. LR ser fram til at yrkesfaglærarar kan undervise i grunnskolen, men understrekar at dette først kan skje etter innføring av ny yrkesfaglærarutdanningsmodell. LR meiner at allmennlærarutdanninga skal gi kompetanse til å undervise i heile grunnskolen, men dette føreset ein utdanningsmodell som gir høve til både brei og djup fagprofil.
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet støttar utvalets framlegg om at faglærarar i musiske og visuelle kunstfag utdanne etter ny modell bør kunne tilsetjast på mellom- og ungdomssteget i grunnskolen. Rådet presiserer at det er viktig at det blir lagt til rette for at slike lærarar får høve til å oppnå undervisningskompetanse i fleire fag slik at dei kan tilsetjast på heiltid i grunnskolen.
4.6 Departementets vurderingar og framlegg
4.6.1 Allmennlærarens undervisningskompetanse i grunnskolen
Departementet vil halde fast ved at allmennlærarutdanning framleis skal kvalifisere for undervisning på alle steg i grunnskolen og grunnskolens fag i vaksenopplæringa. Det er tre hovudgrunnar til å halde fast ved ordninga:
- Allmennlærarens rolle som klassestyrar.
- Allmennlæraren har ein viktig rolle i å bidra til heilskap og samanheng mellom hovudstega i grunnskolen.
- Omsynet til dei mange fådelte eller små barne- og ungdomsskolar med eit lite lærarkollegium, som gjer at det vil vere behov for ein lærar med brei fagkompetanse som både kan undervise mange fag i same klasse og på ulike steg.
Allmennlærarens kompetanse er viktig for å sikre at nasjonale mål om einskapsskolen og eit likeverdig skoletilbod blir realisert. Departementet ser som eit sentralt prinsipp ved einskapsskolen og det likeverdige opplæringstilbodet at alle elevar, uavhengig av geografisk bustad og storleik på skolen, kan møte ein lærar med kompetanse i alle dei sentrale skolefaga, jf kapittel 6.4.2. Allmennlæraren er særleg kvalifisert for klassestyrarfunksjonen i grunnskolen.
Ein klassestyrar har det overordna ansvaret for det faglege, sosiale og emosjonelle læringsmiljøet i ein klasse og for kontakt med heimen. Klassestyraren skal representere ein kontinuitet i barns og unges vaksenkontakt. Han har gjerne den same klassen over fleire år, både i praktiske og teoretiske fag, og har såleis eit særskilt høve til å følgje samspelet i klasserommet og den faglege, personlege og sosiale framgangen til kvar elev, jf 6.4.2.
Klassestyraren er til vanleg tillagt eit særleg ansvar for:
- elevens faglege, personlege og sosiale utvikling
- å vere med på å utvikle skolens og klassens pedagogiske plattform
- klassens sosial-pedagogiske miljø, ma tiltak mot mobbing og vald
- elevvurdering
- tverrfaglege arbeidsformer som tema- og prosjektarbeid
- klassens undervisningsplanar
- heim-skolesamarbeid, samarbeid med arbeidslivet
- tverrsektorielt arbeid med helse og livsstil
- å arbeide med individuelle opplæringsplanar.
Ein klassestyrar på ungdomssteget vil til vanleg undervise i færre fag enn ein klassestyrar på småskole- og mellomsteget. Ungdomssteget legg større vekt på fagleg fordjuping og stiller større faglege krav. Det er derfor særleg viktig at ein klassestyrar på ungdomssteget har god fagleg kompetanse i undervisningsfaga.
Lærarutdanningsutvalet har ikkje tilrådd at det skal fastsetjast eit minste utdanningskrav for allmennlærarar på ungdomssteget. Departementet vil heller ikkje fastsetje eit slikt utdanningskrav. Det er skoleeigar som ved utlysing, tilsetjing og årleg fordeling av arbeidsoppgåver, må sikre at lærarkollegiet får ein samla kompetanse som best mogleg samsvarer med skolens behov på ulike klassesteg og i ulike fag og fagområde.
4.6.2 Utdanningskrav i grunnskolen for andre enn allmennlærarar
Allmennlærarar arbeider saman med fleire andre lærargrupper på dei ulike stega i opplæringssystemet. Lærarkollegiet får såleis ein allsidig og variert kompetanse. Departementet legg dette prinsippet til grunn for dei vidare framlegga om endringar av utdanningskrav til lærarpersonale for mellom- og ungdomssteget.
Departementet vil halde fast ved dagens ordning med at faglærar i musikk, formingsfag, kroppsøving eller ernæring, helse- og miljøfag eller lærarar med anna utdanning godkjende for tilsetjing i ungdomssteget med minst 10 vekttal i dei nemnde faga, kan undervise på alle steg i grunnskolen, inkludert det nye småskolesteget. I tillegg vil førskolelærarar kunne arbeide i den nye førsteklassen/førskolen og i 2.-4. klasse dersom dei har eitt års relevant vidareutdanning, jf Ot prp nr 40 (1995-96) og Innst O nr 56 (1995-96).
Departementet vil følgje tilrådinga frå lærarutdanningsutvalet om at også faglærarar og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning eller anna utdanning godkjend for undervisning i ungdomssteget, kan tilsetjast for undervisning på mellomsteget i fag dei har relevant kompetanse i og som har eit omfang på minimum 10 vekttal, fagdidaktikk inkludert. Dette føreset at rammeplanane for praktisk-pedagogisk utdanning legg til rette for at lærarane skal kunne undervise på mellom- og ungdomssteget i grunnskolen.
Ved å opne for denne gruppa lærarar på mellomsteget, vil departementet tru at det blir lettare å tilsetje slike lærarkategoriar i kombinerte barne- og ungdomsskolar. Departementet vil samstundes understreke at kompetansen til allmennlæraren er den som generelt er best tilpassa organiseringa av undervisninga på mellomsteget. Mellom anna er det allmennlæraren som bør sikre funksjonen som klassestyrar.
Generell del av læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring føreset samordning innafor og mellom dei ulike delane av opplæringssystemet. Departementet meiner dette bør få konsekvensar for yrkesfaglærarens kompetanse i grunnskolen. Yrkesfaglærarane vil kunne tilføre grunnskolen eit anna samfunnsperspektiv og vil fylle behov som allmennlærarar og faglærarar ikkje dekkjer godt nok. Departementet meiner derfor at yrkesfaglærarar som er utdanna etter ny modell eller som har to år yrkesteoretisk utdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, skal kunne tilsetjast på mellom- og ungdomssteget i alle fag dei har relevant kompetanse i og som har eit omfang på minimum 10 vekttal inkludert fagdidaktikk. Dette føreset at rammeplanane for praktisk-pedagogisk utdanning legg til rette for at lærarane skal kunne undervise på mellomsteget.
4.6.3 Oppsummering
Departementet meiner at
- allmennlærarutdanning framleis skal kvalifisere for undervisning på alle steg i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolens fag
- lærarar med faglærarutdanning og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning eller anna utdanning godkjend for undervisning i ungdomssteget, kan tilsetjast for undervisning på mellomsteget i fag dei har relevant kompetanse i og som har eit omfang på minimum 10 vekttal, inkludert fagdidaktikk
- yrkesfaglærarar utdanna etter ny modell eller yrkesfaglærarar med to års yrkesteori og praktisk-pedagogisk utdanning skal kunne tilsetjast på mellom- og ungdomssteget i fag dei har relevant kompetanse i og som har eit omfang på minimum 10 vekttal inkludert fagdidaktikk
- skoleeigar kan ved utlysing, tilsetjing og årleg fordeling av arbeidsoppgåver i lærarkollegiet, fastsetje nærmare krav til kompetanse og fagleg kvalifikasjon ut frå lokale forhold og behov.