5 Førskolelærarutdanning
Underside | | Kunnskapsdepartementet
5 Førskolelærarutdanning
5.1 Innleiing
Forlenga foreldrepermisjon og skolestart for 6-åringane medfører endra alderssamansetjing i barnehagane. Målet om full barnehagedekking i år 2000 er langt på veg nådd. Pr desember 1995 hadde 188213 barn plass i barnehage. Det faktum at ein så stor del av norske barn går i barnehage gjer at det òg vert stilt større krav til kvalitet og innhald.
Barne- og familiedepartementet har med heimel i lov av 5 mai 1995 nr 19 om barnehager §2 andre ledd fastsett rammeplan for barnehagens innhald. Rammeplanen er ei forskrift til lova, jf forvaltingslova §2 og kap VII, og gjeld frå 1. januar 1996.
5.2 Ny rammeplan for førskolelærarutdanninga
Førskolelærarutdanninga er ei 3-årig utdanning som kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage, med 6-åringar i skolen, med barn på tilsvarande utviklingstrinn i andre institusjonar og i skolefritidsordningar.
Førskolelærarutdanning blir tilbode ved dei statlege høgskolane i Agder, Bergen, Bodø, Finnmark, Hedmark, Nesna, Nord-Trøndelag, Oslo, Sogn og Fjordane, Stavanger, Stord/Haugesund, Telemark, Tromsø, Vestfold, Volda, Østfold, Samisk høgskole og ved den private høgskolen Dronning Mauds Minne i Trondheim. Høgskolen i Sogn og Fjordane har i perioden 1993-1996 hatt ein klasse innan førskolelærarutdanninga der delar av undervisninga er felles med allmennlærarutdanninga.
Ny rammeplan for førskolelærarutdanning vart godkjend i januar 1995 og gjort gjeldande frå studieåret 1995/96. Rammeplanen frå 1995 tar omsyn til at førskolelærarar også skal kunne undervise 6-åringar i skolen og kjenne læreplan for grunnskolen når det gjeld småskolesteget. Departementet understreka i oversendingsbrevet at reformene i barnehagen og grunnskolen skal følgjast opp i førskolelærarutdanninga. Fordi denne utdanninga alt var justert, vart ikkje førskolelærarutdanninga inkludert i mandatet for lærarutdanningsutvalet då dette vart nedsett i 1995, bortsett frå at det innleiande felles kapitlet i alle rammeplanane òg skal gjelde for førskolelærarutdanninga.
Tilpassing til grunnskolereforma består særleg i at matematikk vart eige fag, men og at alle faga i førskolelærarutdanninga har med eit moment som gjeld førskolelærarens arbeid med 6-åringar i skolen og skolefritidsordninga. Dei fagleg-pedagogiske studia viser til at studentane må kjenne til læreplanen og didaktikk for dei enkelte faga på småskolesteget.
Førskolelærarutdanning omfattar pedagogisk teori og praksis og fagleg-pedagogiske studium i ei rekkje fag. Utdanninga inneheld dessutan val av 10 vekttal fordjuping i eitt fag, fagområde eller arbeidsområde.
Nedafor er det gitt ei oversikt over innhaldet i førskolelærarutdanninga slik det er fastsett i gjeldande rammeplan:
Pedagogisk teori og praksis, 15 vekttall + ca 20 veker praksis (*)
Fagleg-pedagogiske studium:
- Forming, musikk, drama, 10 vekttall
- Fysisk fostring, 4 vekttall
- Matematikk, 2 vekttall
- Naturfag med miljølære, 5 vekttall
- Norsk, 5 vekttall
- Religion/etikk, 4 vekttall
- Samfunnsfag, 5 vekttall
- Fordjupingseining, 10 vekttall
(*) Praksis vert rekna som del av dei ulike studieeiningane i utdanninga
Matematikk er nytt fag i førskolelærarutdanninga. Siktemålet med faget er at førskolelærarane skal kunne stimulere barna i utvikling av matematiske omgrep og forståing. Fagleg-pedagogiske studium har eit samla omfang på 35 vekttal. Dei estetiske faga forming, musikk og drama har til saman 10 vekttal. Ingen av faga kan veljast bort eller ha mindre enn 3 vekttal. Den enkelte høgskolen kan sjølv velje kva for eit av desse faga som skal ha 4 vekttal. Innan den fagleg-pedagogiske delen av utdanninga kan høgskolen slå saman ulike delar til tverrfagleg orienterte studieeiningar. Mål og innhald skal vere i samsvar med rammeplanane, men høgskolane står fritt til å velje ulike organisatoriske rammer. Det er vanleg at pedagogisk teori og praksis blir lagt over alle tre studieåra, fordi denne studieeininga skal ha ein samanbindande funksjon i utdanninga. Fordjupingseininga blir som regel lagt til 3. studieår.
Departementet vil understreke at førskolelærarutdanninga framleis skal leggje vekt på det tverrfaglege aspektet.
Fordjupingseininga byggjer vidare på innhald frå pedagogisk teori og praksis eller dei fagleg-pedagogiske studia. Fordjupingseininga må byggje på godkjend rammeplan eller vere innan område godkjende av departementet.
I rammeplanen er organisasjon og leiing, norsk, samfunnsfag, naturfag med miljølære og praktisk estetiske studieeiningar nemnde som døme på aktuelle fordjupingseiningar. Fleire høgskolar har utarbeidd studieplanar for andre alternativ og fått godkjenning av departementet.
Ein del høgskolar har hatt tilbod om fordjuping i 5-9 års pedagogikk. Departementet har avgjort at 5-9 års pedagogikk (vidareutdanning for pedagogisk arbeid på småskolesteget, første halvårseining) ikkje kan inngå som del av grunnutdanning for førskolelærarar. Heller ikkje spesialpedagogikk kan inngå som del av grunnutdanninga for førskolelærar, men vil bli gitt som vidareutdanning. Årsaka er at den 3-årige førskolelærarutdanninga ikkje skal gi kompetanse utover arbeid i barnehage, første klasse/førskolen og skolefritidsordning.
Departementet har godkjent rammeplanar for 10 vekttals fordjupingseiningar i førskolelærarutdanninga i følgjande fag:drama, forming, fysisk fostring, musikk, norsk og organisasjon og leiing.
Som følgje av reformene i grunnskolen, vil det bli endring i alderssamansetjinga i barnehagen. Det vil bli fleire små barn i barnehagen og alle deler av førskolelærarutdanninga skal ta omsyn til dette. Mange av høgskolane har alt oppretta ei eiga fordjupingseining i småbarnspedagogigkk (0-3 år) på 10 vekttal. Departementet arbeider med ein rammeplan for denne fordjupingseininga.
Førskolelærarutdanning for døve
Førskolelærarutdanning for døve blir gitt i eit samarbeid mellom Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen Dronning Mauds Minne. Utdanninga omfattar teiknspråk med omfang 5 vekttall og norsk som andrespråk som fordjupingseining med omfang 10 vekttal. Organiseringa elles er som i anna førskolelærarutdanning.
5.3 Vidareutdanning for småskolesteget
Med eitt års vidareutdanning innretta mot arbeid på småskolesteget kan førskolelærarar tilsetjast for arbeid på dette steget i grunnskolen, jf Ot prp nr 40 (1995-96) Om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr 24 om grunnskolen m m, s 8, der det heiter:
"Førskolelærarane har som tidlegare nemnt kompetanse for å arbeide med 6-åringar. Det er ønskeleg at læraren kan følgje klassen meir enn eit år. For at førskolelærarar skal ha formell kompetanse for å arbeide på 2.-4. klassetrinn, meiner departementet at dei bør ha eitt års vidareutdanning innretta på arbeid på småskoletrinnet. Utdanning for småskoletrinnet bør dekkje den første lese-, skrive- og rekneopplæringa, men bør også ha eit breiare perspektiv på heile utviklings- og læringsmiljøet i skolen. Nye rammeplanar for årseining i pedagogisk arbeid på småskoletrinnet (20 vekttal) vil bli utarbeidde. Dei som allereie har teke ei 10-vekttalseining, bør få høve til påbygging til 20 vekttal".
I samsvar med Stortingets tilråding vil departementet i forskriftene opne for overgangsordningar der mellom anna førskolelærarar med halvårseining i pedagogikk innretta på opplæring for 5-9-åringar får høve til å undervise på heile småskoletrinnet i ein overgangsperiode under føresetnad av at dei skaffar seg relevant kompetanse innan 5 år. Slike forskrifter er under utarbeiding.
I Innst O nr 56 (1995-96) Om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr 24 om grunnskolen m m, s 6, heiter det at komitefleirtalet
"støtter departementets forslag når det gjelder kompetansekrav for førskolelærerne, og finner særlig grunn til å understreke at også de som allerede har 10-vekttallsenhet, snarlig får tilbud om påbygging."
Komitefleirtalet understrekar vidare at det òg er viktig at allmennlærarar som skal undervise 6-åringane får etter- og vidareutdanningstilbod i førskolepedagogikk.
5.4 Departementets vurderingar
Rammeplanen for førskolelærarutdanning vart send ut til høgskolane utan kapittel 1 som er felles for all lærarutdanning. Generell del av planverket for lærerutdanningane var utforma i 1992. Som del av utgreiinga om lærarutdanning er det utforma eit framlegg til nytt innleiande kapittel til alle rammeplanane. Dei fleste høyringsinstansane har ikkje uttalt seg om dette kapitlet høver i rammeplan for førskolelærarutdanninga. Dei som uttaler seg, påpeikar at kapitlet ikkje er i samsvar med Rammeplan for barnehagen. Dette vil departementet justere.
Førskolelærarutdanninga er primært retta mot pedagogisk arbeid i barnehage og for arbeid i første klasse/førskolen i grunnskolen og i skolefritidsordninga. Det skal vere samarbeid mellom førskolelærarar og allmennlærarar på småskoletrinnet. For å undervise på heile småskolesteget, er det krav om eitt års relevant vidareutdanning.
Høgskolane har i fleire år hatt tilbod om halvårseiningar i pedagogikk innretta mot overgangen barnehage-skole og arbeid på småskolesteget. Høgskolane har i dei seinare år hatt tilbod om 10 vekttal 5-9-årspedagogikk for allmenn- og førskolelærarar. Studieåret 1995/96 vart dette tilbodet gitt ved 15 høgskolar og mange allmennlærarar og førskolelærarar har denne 10 vekttals-eininga. To høgskolar har hatt tilbod om 20 vekttal studium i 5-9 års pedagogikk.
Det er utarbeidd framlegg til rammeplan for "Vidareutdanning i pedagogisk arbeid på småskolesteget" som er eit studietilbod for førskolelærarar og allmennlærarar. Planframlegget inneber at utdanninga blir organisert som to studieeiningar, kvar med omfang 10 vekttal. Studieeiningane kan nyttast i den valfrie delen av allmennlærarutdanninga, men ikkje som fordjupingseining i førskolelærarutdanninga. Planframlegget er no på høyring. Den andre 10-vekttals-eininga av denne vidareutdanninga skal òg fungere som påbygging for førskolelærarar og allmennlærarar som alt har fullført ei første 10 vekttals eining i pedagogisk arbeid innretta på småskolesteget.
Departementet satsar òg på etterutdanning i "Leik og læring på småskoletrinnet" for lærarar som alt er i arbeid.
I samsvar med Stortingskomiteens innstilling vil departementet understreke at høgskolane må leggje til rette for at dei som alt har ei 10 vekttalseining så snart som råd får tilbod om påbygging til 20 vekttal. Dette er særleg viktig fordi mange førskolelærarar får midlertidig tilsetjing med første halvårseining, og må ta neste halvårseining i løpet av 5 år.
Stortingsmelding om auka førskolelærardekking.
Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet har i fleire år samarbeidd med Barne- og familiedepartementet om tiltak for å auke førskolelærardekkinga i barnehagane. Frå 1992 er det utdanna store kull førskolelærarar kvart år. Det vart i 1992 uteksaminert ca 1000 og i 1995 ca 1500 kandidatar.
Ved utgangen av 1995 var det om lag 3 200 færre førskolelærarar i barnehagane enn det som er behovet. Ein må rekne med at ein del førskolelærarar følgjer 6-åringane over i skolen. Det kan derfor ventast skort på førskolelærarar både i barnehage og grunnskole frå hausten 1997. Stortinget har i vedtak 23. februar 1995 og 18. november 1996 bedt Regjeringa om ein handlingsplan for auka førskolelærardekking. Dette er eit spørsmål departementet vil komme tilbake til Stortinget med som eiga sak i løpet av våren.
Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen