6 Allmennlærarutdanning

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

6 Allmennlærarutdanning

6.1 Innleiing

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen fastset dei generelle måla og retningslinjene for opplæringa i grunnskolen og læreplanane for faga. Planverket er behandla av Stortinget etter dei siste endringane i lærarutdanninga i 1992. Grunnskolereforma medfører nye arbeidsformer og nye fagområde for lærarane, og det er derfor nødvendig å vurdere organiseringa av og innhaldet i allmennlærarutdanninga på nytt.

6.1.1 Organisering av og innhald i dagens allmennlærarutdanning

I lov om lærarutdanning av 8. juni 1973 nr 49 med seinare endringar er mellom anna siktemålet for, organiseringa av og innhaldet i lærarutdanningane fastsette. I §21 nr 3 i lova heiter det at allmennlærarutdanninga skal femne om:

  1. Pedagogisk teori og praksis.
  2. Innføring i føremål, grunnleggjande innhald og arbeidsmåtar i dei fleste obligatoriske fag og emne som er med i gjeldande plan for grunnskolen (fagdidaktisk innføring).
  3. Fag- og emnestudium i fag, fagområde eller arbeidsområde, som i alle høve femner om kristendomskunnskap med livssynsorientering, norsk, matematikk og eit praktisk-estetisk fag. I norsk kan ei av dei offisielle målformene byttast ut med samisk. Fag- og emnestudia kan ha ulikt omfang, men minst eitt av dei skal svare til eit •1/•2 års vanleg studietid, eller meir.

I rammeplan for 4-årig allmennlærarutdanning, seinast justert i 1995, er innhaldet i allmennlærarutdanninga nærmare spesifisert. Det blir her sagt at utdanninga skal ha eit samla omfang på 80 vekttal der både ein obligatorisk og ein valfri del inngår. Den obligatoriske delen utgjer 50 vekttal og omfattar følgjande fag:

  • pedagogisk teori og praksis, 10 vekttal teori
  • kristendomskunnskap med livssynsorientering, 5 vekttal
  • matematikk, 5 vekttal
  • natur, samfunn og miljø, 10 vekttal
  • norsk, 10 vekttal
  • praktiske og estetiske fag (heimkunnskap, kroppsøving, forming, musikk) 10 vekttal. Det kan veljast 5 vekttal i to av faga eller 10 vekttal i eitt fag.

I tillegg til faga skal studentane ha 16-18 veker med praksis. Denne praksisen er rekna som del både av pedagogisk teori og av dei faglege studieeiningane som til vanleg inngår i dei tre første studieåra. Studieeiningar som inngår i det 4. studieåret vil til vanleg også omfatte praksis.

Kristendomskunnskap med livssynsorientering er obligatorisk. Studentar som av overtydingsgrunnar ikkje ønskjer å delta i undervisning i faget eller å undervise i kristendomskunnskap i grunnskolen, kan fritakast etter grunngitt søknad til høgskolen.

Den valfrie delen av allmennlærarutdanninga har eit omfang på 30 vekttal. Studentane kan innafor høgskolens tilbod anten velje nye fag og fagområde eller byggje vidare på fag dei alt har tatt til med i den obligatoriske delen. Studieeiningar frå spesialpedagogikk, sosialpedagogikk, migrasjonspedagogikk, drama, mediekunnskap, informatikk eller andre fag, fagområde eller arbeidsområde som er relevante for arbeid i grunnskolen, kan også inngå i den valfrie delen.

For den enkelte student vil det vere mogleg å velje til dømes ei utdanning med stor breidde med tanke på undervisning på barnesteget. På same måten vil det kunne gå å setje saman ei meir spesialisert utdanning, til dømes med tanke på undervisning på ungdomssteget eller innan spesielle arbeidsfelt i grunnskolen. Allmennlærarutdanninga skal omfatte minst 6 av dei obligatoriske faga i grunnskolen.

Høgskolane utformar studietilbodet innafor dei rammer som er gitt. Utdanninga skal byggjast opp slik at studentane etter 3. året skal kunne bytte studiestad dersom dei ikkje finn dei tilboda om fordjuping som dei ønskjer ved den institusjonen der dei starta lærarutdanninga. Utdanningsinstitusjonane skal til vanleg tilby studieeiningar i alle fag som er obligatoriske i grunnskolen, men omfanget av tilbodet vil kunne variere frå høgskole til høgskole.

6.1.2 Stortingets utsegner om allmennlærarutdanning

Under behandlinga av Innst S nr 230 til St meld nr 40 (1990-91) Fra visjon til virke. Om høgre utdanning, vedtok Stortinget at allmennlærarutdanninga skal ha eit omfang på 4 år og i hovudsak vere innsikta mot arbeid i grunnskolen. Som grunngiving for å utvide allmennlærarutdanninga frå 3 til 4 år uttalte eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, jf Innst S nr 230 (1990-91) s 20:

"Flertallet vil særlig vise til at kombinasjonene av kort utdanningstid og mange fag innen fagkretsen i liten grad er egnet til å møte økte krav til faglig styrking og fordypning."

Fleirtalet i komiteen uttalte vidare mellom anna:

"at en i en 4-årig allmennlærerutdanning i tillegg til obligatoriske skolefag kan velge fordypning i viktige fagområder som spesialpedagogikk, sosialpedagogikk, migrasjonspedagogikk, drama, mediekunnskap og informatikk [...]

Ved siden av den rene kunnskapsformidlingen skal skolen også gi elevene impulser til personlig vekst og modning, slik at de kan utvikles til selvstendige, ansvarsbevisste og tenkende mennesker. Verdiformidling i skolen vil således måtte vektlegges i betydelig grad [...]

Allmennlærerutdanningen bør derfor legges opp slik at den gir gjennomgående kompetanse for alle trinn i grunnskolen samtidig som det enkelte skolestyret bør gis mulighet til å kreve faglig fordypning i nærmere angitte fag der dette anses nødvendig."

Med innføring av 10-årig grunnskole har allmennlærarane fått utvida sitt kompetanseområde til også å gjelde 6-åringar. I Innst S nr 234 (1992-93) der kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen behandla St meld nr 40 "..vi smaa, en Alen lange" Om 6-åringer i skolen - konsekvenser for skoleløp og retningslinjer for dets innhold, blir det understreka av fleirtalet i komiteen at

"senket skolealder må få konsekvenser for grunnutdanningen for begge lærergrupper. En felles innføring i småskolepedagogikk må sikres i begge utdanningene" (dvs allmennlærarar- og førskolelærararutdanningane).

Stortinget har ved fleire høve behandla det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Det er blitt sagt av fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at lærarane sin kompetanse i det nye faget bør styrkjast, jf St meld nr 29 Om prinsipper og retningslinjer for tiårig grunnskole - ny læreplan og Innst S nr 15 (1995-96) og fleirtalet i komiteen er samd med departementet når det foreslår å fjerne fritaksretten for lærarar, jf Ot prp nr 40 og Innst O nr 56 (1995-96) Om lov om endringer i lov av 13. juni 1969 nr 24 om grunnskolen m m.

I behandlinga av St meld nr 24 og i Innst S nr 135 (1993-94) Om informasjonsteknologi sluttar Stortinget seg einstemmig til at informasjonsteknologi må inn som eit viktig element i lærarane si grunnutdanning.

6.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

6.2.1 Ein felles modell for organisering av allmennlærarutdanninga

Etter utvalets oppfatning vil eit system med høve til å nytte allmennlærarar på alle steg, førskolelærarar i første klasse, førskolelærarar med vidareutdanning på resten av småskolesteget og andre lærarar på mellom- og ungdomssteget, gi skoleeigar den fleksibilitet som er nødvendig for å finne løysningar på skolens behov for lærarar med ulike kvalifikasjonar.

Utvalet er kritisk til dagens rammeplan for allmennlærarutdanning som gir stor fridom for den enkelte lærarutdanningsinstitusjonen til lokal utforming. Etter utvalets oppfatning maktar ikkje rammeplanen å binde saman dei ulike delane av utdanninga på ein god måte. Dette medfører at samanhengen mellom faga og dei pedagogiske komponentane, pedagogisk teori og praksis, er for svak og utydeleg. Strukturen og progresjonen er også uklar, og det tverrfaglege arbeidet har i for stor grad eit tilfeldig preg. Utvalet tilrår derfor ei sterkare nasjonal styring av allmennlærarutdanninga gjennom ein felles studiemodell der:

  • den obligatoriske delen blir utvida frå 50 til 60 vekttal
  • dei obligatoriske faga kjem dei tre første åra i same rekkjefølgd
  • pedagogisk teori og praksis går over dei tre første åra
  • dei valfrie faga skal i hovudsak liggje i det 4. studieåret
  • ny rammeplan må leggje vekt på ei heilskapleg 4-årig grunnutdanning. Rammeplanane for kvart studieår bør få ei profilering med vekt på emne og arbeidsformer som bind dei ulike faga saman og som slik sikrar at viktige sider av lærarkompetansen vert dekt.

Lærarutdanningsutvalet legg vekt på at rammeplanane i sum må oppjusterast for å stå i forhold til dei mangfaldige utfordringane den nye grunnskolen vil representere for framtidas lærarar. Utvalet har grunngitt behovet for ein felles nasjonal modell for allmennlærarutdanninga gjennom ønsket om å:

  • styrkje det faglege og pedagogiske profesjonsaspektet
  • sikre heilskap og samanheng i allmennlærarutdanninga
  • skape progresjon i innhald og arbeidsmåtar
  • leggje til rette for meir omfattande tverrfaglege samarbeidsformer med varierte arbeidsformer
  • skape betre samanheng mellom faga og mellom studiet og yrket
  • gjere det lettare for studentane å skifte studiestad
  • få ein modell som gir betre oversikt og som er meir eigna til resultatoppfølging for sentrale styresmakter.

6.2.2 Innhaldet i studiemodellen

I spørsmål om kva fag som skal inngå i studiemodellen deler utvalet seg i eit fleirtal på 8 medlemmer og eit mindretal på 7.

Fleirtalets modell består av:

  • 15 vekttal pedagogisk teori
  • 10 vekttal norsk
  • 10 vekttal natur, samfunn og miljø
  • 10, eventuelt 5+5 vekttal val praktisk-estetiske fag
  • 5 vekttal matematikk
  • 5 vekttal kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering
  • 5 vekttal styrt val (engelsk, praktisk-estetisk fag eller påbygging kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering eller matematikk )
  • 20 vekttal val i 4. studieåret.

Minst eitt av faga i utdanninga skal ha 20 vekttal.

Mindretalets modell består av:

  • 10 vekttal pedagogisk teori
  • 10 vekttal norsk
  • 10 vekttal natur, samfunn og miljø
  • 5 vekttal val praktisk og 5 vekttal estetisk fag
  • 10 vekttal matematikk
  • 10 vekttal kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering
  • 20 vekttal val i 4. studieåret.

Modellen har ikkje binding av 20 vekttal til eitt fag.

Både fleirtalet og mindretalet gjer framlegg om at praksis framleis bør ha omfang på 16-18 veker, og begge gruppene ønskjer i utgangspunktet 10 vekttal som minste studieeining i modellen, men finn at dette av ulike årsaker ikkje lar seg realisere.

Med unntak av 3 representantar meiner lærarutdanningsutvalet at kristendomskunnskap med religions - og livssynsorientering skal vere obligatorisk i allmennlærarutdanninga og utan høve til fritak. Fleirtalet i utvalet peiker på at faget gir eit godt grunnlag for samarbeid med andre fag. Med sterk vekt på tverrfagleg arbeid og profilering av studieår, uttaler fleirtalet at det vil vere viktig at alle deltar i undervisninga av faget.

Lærarutdanningsutvalet meiner at dersom kravet til heilskap og samanheng mellom utdanning og yrke skal innfriast, bør det som hovudregel setjast krav om fagdidaktikk og praksis for faga også i det 4. studieåret. Utvalet er klar over at ein styrt struktur vil kunne skape ein del overgangsproblem på høgskolane, men meiner likevel at ei slik ordning på sikt vil lette høgskolane si organisering av allmennlærarutdanninga.

Dei to modellane kan setjast opp slik:

Fleirtalets modellMindretallets modell
Pedagogisk teori15 vt10 vt
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering5 vt, evt ekstra 5 vt i styrt val10 vt. Estetiske element frå kunst og handverk forming, musikk og drama.
Val praktisk-estetisk fag10 vt eller 5 + 5 vt, evt ekstra 5 vt i styrt val5 + 5 vt. Studentane må velje eitt praktisk og eitt estetisk fag.
Matematikk5 vt, evt 5 vt ekstra i styrt val10 vt
Norsk10 vt10 vt
Natur, samfunn og miljø10 vt.10 vt
Styrt obligatorisk valEngelsk, praktisk-estetisk fag, eller påbygging kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering eller matematikk - 5 vt
Vekttal dei tre første åra60 vt obligatorisk60 vt obligatorisk
4. åretNytt fag inntil 20 vt eller påbygging av tidlegare fag slik at minst eitt fag får omfang 20 vt.Val 10 + 10 vt.

6.2.3 Andre sider ved allmennlærarutdanninga

Lærarutdanningsutvalet ser det som viktig at det innan Noregsnettet kontinuerleg blir gitt tilbod om allmennlærarutdanning for døve. Utvalet understrekar at det også vil vere behov for høyrande lærarar med kompetanse i teiknspråk og at studentar som tar 10 vekttal teiknspråk kan få dette godkjent som del av valfri del av allmennlærarutdanninga. Vidare tilrår utvalet at høyrselshemma som tar 10 vekttal teiknspråk som del av grunnutdanninga, blir fritatt frå ei av dei offisielle målformene i den obligatoriske 10 vekttalseininga i norsk i grunnutdanninga.

Utvalet viser til at det er få lærarar med innvandrarbakgrunn i grunnskolen og at det derfor bør setjast i verk tiltak for å motivere fleire studentar med innvandrarbakgrunn til å ta lærarutdanning. Mellom anna tilrår utvalet at lærarstudentar med innvandrarbakgrunn som ikkje har hatt vurdering i sidemål i vidaregåande opplæring, blir fritatt frå eksamen i ei av målformene i norsk i allmennlærarutdanninga. I staden for skriftleg eksamen i begge målformer meiner utvalet at studentane bør bli pålagde t d ei didaktisk prosjektoppgåve i norsk for tospråklege eller munnleg eksamen i litteratur frå den målforma som dei ikkje har skriftleg eksamen i.

6.3 Høyringsfråsegner

6.3.1 Ein felles studiemodell

Statlege høgskolar

Av høgskolane er det 12 som støttar ein nasjonal studiemodell. For mange, t d Høgskolen i Agder og Høgskolen i Hedmark, er det ein føresetnad at allmennlærarutdanninga også skal ha rom for differensierte val og ikkje binde så mykje som 60 vekttal.

5 av høgskolane går klart mot ein nasjonal modell, mellom andre Høgskolen i Tromsø og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Dei hevdar ma at ei felles organisering av faga vil:

  • gi lite rom for differensierte opplegg innretta mot ungdomssteget
  • stride mot sentrale intensjonar i lov om universitet og høgskolar som gjeld institusjonane si sjølvstende
  • føre til einsretting av utdanninga og fagleg smale lærarkollegium
  • stå i motsetning til Noregsnettanken og høgskolanes profilering
  • gi rammeplanar for kvart studieår som kan stå i motsetning til eigenart og didaktisk særpreg ved det enkelte faget
  • at ein nasjonal modell og binding på 60 vekttal vil føre til at dei valfrie studia berre kan tilbydast studentar på 4. årstrinnet samt vidareutdanningsstudentar. Dette vil avgrense søkjargrunnlaget for desse studia og dermed føre til eit meir avgrensa tilbod til studentar, i alle fall ved dei små høgskolane

Fleire av høgskolane drøftar det obligatoriske omfanget i allmennlærarutdanninga sett frå ståstaden til ein allmennlærar som skal kunne undervise i alle grunnskolens fag og på alle nivå. Det blir framheva at det er nødvendig med ei allmennlærarutdanning som gir høve til differensierte val innretta mot småskole-, mellom- og ungdomssteget. Mellom anna frå ein slik synsvinkel går 10 høgskolar mot ei utviding av den obligatoriske delen av utdanninga til 60 vekttal. Høgskolane har gjort grundige drøftingar av kva studiemodell som bør liggje til grunn for allmennlærarutdanninga. I val mellom dei to studiemodellane som læararutdanningsutvalet har foreslått, støttar 6 fleirtalet og 4 mindretalet. 3 høgskolar framhevar at engelsk bør vere eit obligatorisk fag. Høgskolen i Volda peikar på problemet med lærarar med svak realfagkompetanse og foreslår at det kan lagast ei ordning der fordjuping i realfag gir ekstra poeng ved opptak til allmennlærarutdanninga.

Universitet og vitskaplege høgskolar

Universiteta går inn for 10 vekttal som minste studieeining i allmennlærarutdanninga. NTNU meiner at allmennlærarutdanninga ikkje kan gi undervisningskompetanse i alle faga i grunnskolen og at 20 vekttal må vere obligatorisk krav for undervisning i sentrale skolefag på ungdomssteget. Norges musikkhøgskole og NTNU ber om at departementet vurderer alternative modellar innafor allmennlærarutdanninga for å styrkje dei estetiske faga i tråd med opplæringssystemets behov.

Norsk Lærerakademi ser det kan vere nødvendig med ei noko sterkare nasjonal styring gjennom binding i rammeplanen, men meiner samtidig at høgskolane bør ha meir fridom til profilering enn det utvalet legg opp til. Norsk Lærerakademi foreslår at ein alternativ modell der samarbeid mellom pedagogikkfaget og dei andre faga vert synleggjort i vekttalsstruktur, blir vurdert.

Kunsthøgskolen i Oslo meiner at 5 vekttal i eit estetisk fag vil gi avgrensa kunnskap og at kandidaten derfor vil mangle tryggleik for å kunne undervise i faget. Kunsthøgskolen legg vekt på at eigen dugleik dannar basis for kunnskap i dei estetiske faga, og at undervisning i desse faga i størst mogleg grad må ivaretakast av faglærarar.

Statlege utdanningskontor

9 av dei statlege utdanningskontora støttar framlegget om ein nasjonal modell og 10 går inn for ein auke av obligatorisk omfang frå 50 til 60 vekttal. Det er ingen som konkret går mot dei to framlegga. Tre utdanningskontor støttar fleirtalets og eitt mindretalets modell. Fleire av dei andre utdanningskontora ser positive sider med begge modellane. 8 av utdanningskontora meiner at pedagogisk teori bør vere på 15 vekttal. Det blir lagt særleg vekt på at spesialpedagogikk og migrasjonspedagogikk må sikrast eit innhald i utdanninga.

5 utdanningskontor drøftar om allmennlærarutdanninga kan byggje på studieretningar frå vidaregåande skole slik at dei som til dømes tar realfag kan starte på eit høgare nivå enn dei som ikkje har slike fag frå vidaregåande skole. Statens utdanningskontor i Sogn og Fjordane problematiserer om ei form for styring av studentstraumen kan vere å la studentane gjere eit val 3. studieåret, til dømes slik at 40 prosent av studentane tar 10 vekttal engelsk og 60prosent tar 10 vekttal matematikk.

Fylkeskommunar

Det er 10 av fylkeskommunane som meiner at allmennlærarutdanninga bør ha ein felles studiemodell og 11 som støttar ei utviding av den obligatoriske delen til 60 vekttal. Ingen går konkret mot dei to framlegga. 6 av fylkeskommunane støttar studiemodellen som er tilrådd av mindretalet og 2 går inn for fleirtalets modell.

Fylkeskommunen i Østfold, Rogaland og Finnmark og Oslo kommune går inn for 10 vekttal som minste studieeining. Vest-Agder fylkeskommune saknar ei fokusering på behovet for lærarar med innvandrarbakgrunn. Finnmark fylkeskommune ser på det nye kristendomsfaget med religions- og livssynsorientering som ein felles arena og interkulturell læring og at dette er element som gjer at faget bør vere obligatorisk.

Kommunenes Sentralforbund (KS) meiner at einskapsskolen føreset ei einskapleg lærarutdanning og støttar framlegget om at den obligatoriske delen av allmennlærarutdanninga vert utvida til 60 vekttal. KS understrekar at fagleg fordjuping har mykje å seie og anbefaler at opplæringa i faga skal organiserast med heilårs- og halvårseiningar og at pedagogikkfaget vert eit samanbindande fag.

Lærar- og studentorganisasjonar

Av lærar- og studentorganisasjonane går 7 inn for ein felles studiemodell for allmennlærarutdanninga (Lærerforbundet, Studentenes Landsforbund, Norsk elevorganisasjon, Norsk Lærerlag, Forskerforbundets forening for lærerutdanning, Skolenes landsforbund). Ingen organisasjonar går eksplisitt mot ei slik ordning.

Av desse organisasjonane ønskjer 6 ein auke til 60 vekttal, medan Nasjonalt nettverk for naturfagutdanning går mot dette. 7 organisasjonar går inn for fleirtalets modell, medan 2 går inn for mindretalets. 4 organisasjonar meiner at kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering bør vere på 5 vekttal.

Lærerforbundet går primært inn for sin eigen modell som består av 50 vekttal obligatoriske fag, inkludert 20 vekttal pedagogikk, og med 10 vekttal som minste eining. Lærerforbundet framhevar at dette vil gi ein differensiert modell som kan siktast inn mot småskole- og mellomsteget eller ungdomssteget. Modellen får støtte av Akademikernes Fellesorganisasjon. Lærerforbundet meiner at det er viktig å styrkje migrasjonspedagogikk og at det er uklart kva utvalet tenkjer om dette.

Norsk Musiker- og Musikkpedagogforening og Landslaget Musikk i Skolen meiner det bør utgreiast alternative framlegg til modellar som tek betre vare på den estetiske dimensjonen i lærarutdanninga.

For å sikre at profesjonskompetansen blir eit sentralt mål i heile utdanninga og for å motvirke at resultatet blir ei 3-årig utdanning med 1-årig vidareutdanning for alle, foreslår Skolenes landsforbund at praksis blir lagt over 4 år med eit samla omfang på 24 veker.

LNL meiner at halvårs- og årseiningar som er tatt utanom den 4-årige allmennlærarutdanninga berre kan bli godkjende som tilleggsutdanning, dvs eit femte studieår. Organisasjonen ser det som viktig at dei ulike delane av allmennlærarutdanninga i større grad blir integrerte. Ein føresetnad for at dette skal kunne skje, er at rammeplanane klargjer kven som har ansvaret for oppfølging av studentkulla. LNL meiner at all lærarutdanning skal ha mimimum 20 vekers praksis og det blir understreka at det må løyvast ekstra midlar til gjennomføring av praksis fordi praksisdelen av lærarutdanninga gir ein meirkostnad for avdelinga i forhold til andre avdelingar ved ein høgskole.

Rådsorgan

Lærarutdanningsrådet er einig i at allmennlærarutdanninga skal samlast i ein felles modell. Ein føresetnad er at modellen gir høve til fleksible val i både breidde og djupne. Rådet ønskjer at 25 vekttal i studiemodellen skal vere frigitt til val, slik at studentar skal kunne velje ei meir profilert utdanning.

Arbeidsgruppa som departementet har nedsett for å vurdere tiltak for å styrkje matematikk, naturvitskap og teknologi i norsk utdanning peikar på undersøkingar som viser at svært mange lærarar som underviser i matematikk og naturfag i grunnskolen har svak kompetanse i desse faga*. Arbeidsgruppa ser det som viktig at lærarar så langt som mogleg underviser i fag som dei har god nok kunnskap i. Gruppa peikar på at skoleeigar gjennom vidareutdanning og tilsetjing må sikre skolen den kompetanse som det er behov for og at den enkelte skole, der det er praktisk mogleg, bør utvikle lærarteam som har god fagleg kompetanse i alle skolens fag.

* Sjå og punkt 6.4.3.

Vidare meiner arbeidsgruppa at matematikk bør vere på 10 vekttal og at faget natur- og miljøfag og samfunnsfag bør vere sjølvstendige fag. I tillegg blir det lagt vekt på at ny rammeplan for allmennlærarutdanning må ta vare på informasjonsteknologi, teknologi og innovasjon. Arbeidsgruppa meiner at faglærarutdanning i naturfag med matematikk kan leggjast ned dersom eit visst tal på studieplassar i allmennlærarutdanninga blir prioriterte for studentar som vel fordjuping i realfag.

6.3.2 Andre sider ved allmennlærarutdanninga

Allmennlærarutdanning for døve

Dei høyringsinstansane som gir fråsegn om spørsmålet, ser det som viktig å vidareutvikle ei allmennlærarutdanning for døve studentar.

Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) er positiv til at lærarutdanningsutvalet har drøfta lærarutdanning for døve. Høgskolen meiner at både 10 vekttal teiknspråk og 10 vekttal norsk for døve (andrespråk) bør vere obligatoriske fag for døve allmennlærarar. Vidare bør ikkje Norsk I kunne erstatte Norsk for døve, som har eit innhald retta mot behov døve elevar har for undervisning i norsk som andrespråk. HiST saknar eit framlegg om faget drama og rytmikk som alternativ til musikkfaget for døve allmennlærarstudentar. Høgskolen oppsummerer si fråsegn med at det må utviklast ein eigen studiemodell for allmennlærarutdanning for døve som kan fråvike ein eventuell felles studiemodell.

Studentenes Landsforbund ser det som positivt at utvalet har presisert at teiknspråk er eit eige sjølvstendig norsk språk, noko som er viktig for å oppnå likestilling og likeverd i skolen.

Allmennlærarar med innvandrarbakgrunn

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg på dette området, meiner at det er viktig å leggje forholda til rette for at fleire studentar med innvandrarbakgrunn blir rekrutterte til allmennlærarutdanninga.

Rogaland fylkeskommune er mellom dei som støttar framlegget om å erstatte eksamen i sidemål med ein munnleg eksamen eller ei prosjektoppgåve i norsk for framandspråklege lærarstudentar som har hatt fritak frå vurdering i sidemål i vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen framhevar at elevar med innvandrarbakgrunn utgjer ein stadig større del av elevkulla og at dei har behov for å møte lærarar med tilsvarande bakgrunn, med erfaring som framandspråkleg og kanskje også kjennskap til elevane sitt morsmål og kulturelle bakgrunn.

Skolenes landsforbund peikar på at spesialordningar med omsyn til sidemål for lærarar med innvandrarbakgrunn kan føre til avgrensa tilsetjingskompetanse i skoleverket i høve til andre med allmennlærarutdanning. Ei avgrensing må i tilfelle vere mot skolar som har målforma som er valt vekk som hovudmål.

Norsk Lærerlag (NL) hadde ønskt eit grundigare arbeid i høve til språklege minoritetar. NL støttar at språklege minoritetar kan "bytte ut" den eine målforma i norsk med morsmål. Organisasjonen meiner det i tillegg bør vere tilbod om tilrettelagt lærarutdanning for minoritetsspråklege studentar, kompletterande tilleggsutdanning som gir ordinær førskolelærar-, allmennlærar- eller faglærarkompetanse for lærarar med pedagogisk utdanning frå utlandet og at studietilbod ved høgskolar og universitet kan inngå i ei grunnutdanning for morsmålslærarar utan pedagogisk utdanning.

Norsk Lærerlag meiner at migrasjonspedagogikk og antirasistiske emne skal vere med i grunnutdanninga for alle førskolelærarar og allmennlærarar. Vidare at faga norsk som andrespråk, migrasjonspedagogikk og morsmål for språklege minoritetar skal vere ein del av studietilbodet i lærarutdanninga.

Lærerforbundet legg vekt på at tilgangen til høgskolesystemet må gjerast lettare for studentar frå språklege minoritetar. Ei overgangsordning med kvotering kan vere føremålstenleg og godkjenning og supplering av lærarutdanning frå utlandet må gjerast lettare. Lærerforundet vil understreke betydninga av at lærarar som skal undervise i og på morsmål har godkjent utdanning.

Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) har nedsett ei arbeidsgruppe med oppdrag å foreslå tiltak for å styrkje samarbeidet mellom heim og skole når det gjeld framandspråklege foreldre. På bakgrunn av dette arbeidet går FUG ma inn for at det blir avsett øyremerka midlar til etterutdanning av lærarar som arbeider med minoritetsspråklege elevar, at personar med lærarbakgrunn frå eige land blir prioriterte for kompletterande utdanning i Noreg, at foreldrearbeid og tverrkulturell kommunikasjon blir obligatoriske emne i all lærarutdanning og at fleire lærarar tar etterutdanning i migrasjonspedagogikk.

Utlendingsdirektoratet framhevar at bortfall av fritaksrett for faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering kan gjere det vanskelegare å rekruttere studentar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanninga.

Norsk språkråd ser det som viktig å auke rekrutteringa til læraryrke frå språklege minoritetar. Rådet problematiserer utvalets framlegg til eksamensordning for studentar som får fritak i sidemål og meiner at dette kan innebere at det ikkje blir stilt krav om kunnskap i norsk språk og litteratur på den målforma som studentane ikkje går opp i til skriftleg eksamen. Dette kan føre til at kandidatane kan kome til å undervise i norsk utan å måtte dokumentere kjennskap til vesentlege sider ved den norske språksituasjonen og den norske litterære arven. Språkrådet meiner at departementet bør utgreie spørsmålet om tilpassing av norskfaget i allmennlærarutdanning til studentar med innvandrarbakgrunn.

6.4 Departementets vurderingar og framlegg

6.4.1 Innleiing

I kapittel 1 og 2 er mål og perspektiv i arbeidet med lærarutdanningsreforma og rammeplanarbeidet skisserte. Departementet legg i tillegg følgjande prinsipp til grunn for revisjon av allmennlærarutdanninga:

  • utdanninga skal vere i samsvar med siktemål og retningslinjer for, organisering av og innhald i grunnskolen
  • utdanninga skal primært kvalifisere for arbeid på alle stega i grunnskolen og for vaksenopplæring i grunnskolens fag
  • utdanninga må ta omsyn til allmennlærarens rolle som klassestyrar og den faglege og pedagogiske breidde dette føreset

6.4.2 Studiemodell

Med rammeplanen av 1992 fekk 4-årig allmennlærarutdanning eit omfang på 80 vekttal der 50 vekttal er obligatoriske fag og 30 vekttal er valfag. Departementet vil halde fast ved at allmennlærarutdanninga skal vere 4-årig og ha eit omfang på 80 vekttal.

Ei viktig vurdering for departementet har vore å avklare det obligatoriske omfanget av allmennlærarutdanninga og kva fag som skal vere obligatoriske og omfanget av desse faga. Både den todelte tilrådinga frå lærarutdanningsutvalet om studiemodell og nye, alternative framlegg i høyringsfråsegnene, viser at det er mange til dels motstridande omsyn å ta.

Stortinget har tidlegare drøfta ei differensiert lærarutdanning som er retta mot småskole-, mellom- og ungdomssteget, jf Dokument nr 8: 18 (1994-95) og Stortingets behandling i Innst S nr 101 (1994-95). Fleirtalet uttalte i innstillinga at det ma er ønskjeleg å behalde ei allmennlærarutdanning som gir gjennomgåande kompetanse for alle stega i grunnskolen, både ut frå pedagogiske og personalmessige omsyn. Enkelte høyringsinstansar har foreslått ei liknande løysing for allmennlærarutdanninga, men ma med bakgrunn i Stortingets behandling og vurderingar i Innst S nr 101 (1994-95) vil departementet halde fast ved ei allmennlærarutdanning som dekkjer alle stega i grunnskolen.

Dagens studiemodell med 30 vekttal valfag gir rom for studentane til å velje ei utdanning med stor breidde med tanke på undervisning på barnesteget, eller ei meir spesialisert utdanning med tanke på undervisning på ungdomssteget eller innan spesielle arbeidsfelt i grunnskolen. Tilrådinga både frå mindretalet og fleirtalet i lærarutdanningsutvalet inneber 20 vekttal valfag i allmennlærarutdanninga. Departementet har merka seg at med unntak av statlege høgskolar går eit fleirtal av dei ulike gruppene av høyringsinstansar også inn for 20 vekttal valfag.

Ei stor utfordring for opplæringssystemet er å skape eit læringsmiljø som gir elevane rom til å utvikle seg fagleg, emosjonelt og sosialt. Klassestyrar vil ha ei viktig rolle i å leggje til rette for eit slikt læringsmiljø, og allmennlæraren er særleg kvalifisert for å ta vare på denne funksjonen, jf kapittel 4.6.1. Dette føreset at allmennlæraren har brei og solid kompetanse i dei ulike skolefag og fagområda. Allmennlærarens kompetanse er vidare viktig for å sikre at nasjonale mål om einskapsskolen og eit likeverdig og individuelt tilpassa skoletilbod blir realiserte. Departementet ser som eit sentralt prinsipp ved einskapsskolen at alle elevar, uavhengig av geografisk bustad og storleik på skolen, kan møte ein lærar med kompetanse i alle dei sentrale skolefaga. For å oppnå ein større felles basis og styrkje den faglege breidda for alle studentar i allmennlærarutdanninga vil departementet derfor auke den obligatoriske delen av utdanninga til 60 vekttal. Ei utviding av det obligatoriske omfanget til 60 vekttal vil sikre at sentrale skolefag ikkje kan veljast vekk.

Den nye studiemodellen som departementet foreslår, vil dels byggje vidare på dagens studiemodell, men samstundes gjere engelsk og val av eitt praktisk og eitt estetisk fag obligatorisk og i tillegg styrkje det obligatoriske omfanget av matematikk. Departementet vil generelt ikkje gå inn på ei ordning i dei obligatoriske studia som differensierer mellom kva fordjupingsfag studentane har frå vidaregåande opplæring. Ordninga med "realfaglinje" og "musikklinje" vil bli vidareført, og departementet vil i tillegg vurdere å opprette tilsvarende linjer innafor andre fagområde, td språkfag eller estetiske fag.

Omfanget av dei obligatoriske faga er slik:

Fag:Vekttal:
Pedagogisk teori10 vekttal
Norsk10 vekttal
Matematikk10 vekttal
Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering5 vekttal
Engelsk5 vekttal
Praktisk fag5 vekttal
Estetisk fag5 vekttal
Natur, samfunn og miljø10 vekttal

Den valfrie delen av allmennlærarutdanninga vil liggje i det 4. studieåret og utgjere ei fordjuping eller ei vidareføring i sentrale fag eller fag- og arbeidsområde på 10 eller 20 vekttal. Studentane kan velje mellom to alternativ. Det første alternativet inneber at studentane vel to studieeiningar som begge er på 10 vekttal og der den eine er eit "styrt val". Det andre alternativet inneber eitt studium på 20 vekttal. I begge tilfella kan studentane byggje vidare på fag frå obligatorisk del av utdanninga, eller dei kan velje eit nytt fag, fag- eller arbeidsområde som utdanningsinstitusjonen tilbyr:

Alternativ 110 vekttal10 vekttal
"styrt val"
Alternativ 220 vekttal

Alternativ 1 det 4. året er at studentane kan velje to einingar på 10 vekttal. Dette alternativet inneber at studentane i dei obligatoriske faga kan oppnå 20 vekttal i norsk og matematikk og 15 vekttal i dei andre obligatoriske faga. Vidare kan studentane velje ei 10 vekttals eining frå eitt ikkje-obligatorisk fag, fag- eller arbeidsområde. Dette er særleg aktuelt for studentar som ønskjer å få ein brei utdanningsbakgrunn. Den eine 10 vekttalseininga vil bli organisert som "styrt val", d v s at valfridomen er avgrensa til fag som det er særleg viktig å styrkje i skolen. Dei faga som inngår i "styrt val" vil kunne variere i tidsavgrensa periodar på 3 år. I første periode, d v s frå hausten 1998 og tre år framover, vil matematikk og naturfag vere dei faga som inngår i "styrt val". Departementet må gjere ei løpande vurdering av kva fag som det er særleg behov for i opplæringssystemet. Dersom behova i grunnskolen endrar seg, kan departementet fastsetje at andre fag skal inngå i "styrt val".

Alternativ 2 er at studentane kan velje ei årseining (20 vekttal). Dette alternativet er særleg aktuelt for studentar som ønskjer å spesialisere seg i eit nytt fag, fag- eller arbeidsområde, eller som ønskjer å byggje ytterlegare 20 vekttal på eitt av dei obligatoriske faga. Dette inneber at studentane i løpet av grunnutdanninga kan oppnå 30 vekttal i matematikk og norsk eller 25 vekttal i dei andre obligatoriske faga som er på 5 vekttal: kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, engelsk, naturfag, samfunnsfag eller eitt praktisk-estetisk fag. Studentane kan også velje eit ikkje-obligatorisk fag på 20 vekttal.

Departementet ser det som viktig at det blir lagt til rette for tilbod om ikkje-obligatoriske fag, fag- og arbeidsområde både i valfri del av grunnutdanninga og som vidareutdanningstilbod. Med 20 vekttal valfag er det mogleg for studentar t d å oppnå ei årseining i grunnutdanninga si eller å velje studium innan nye fagområde. Studiemodellen vil såleis sikre ei spreiing av fagval, gi grunnlag for fordjuping og dermed variasjon i utdanningsbakgrunnen til allmennlærarar.

I den bundne delen av allmennlærarutdanninga skal følgjande fag inngå:

  • pedagogisk teori og praksis, omfang 10 vekttal pedagogisk teori og 16-18 vekers rettleia praksis som inngår i dei ulike faga og pedagogisk teori som i dag

Arbeidet med pedagogisk teori og rettleia praksis skal gå over tre år og saman bidra til å binde dei ulike delane av utdanninga saman og slik leggje grunnlaget for lærarens yrkesidentitet. Både praksis og fagdidaktikk skal integrerast i alle undervisningsfaga. Departementet legg vekt på at pedagogikkfaget skal vere med på å utvikle studentens dugleik og evne til refleksjon over eige arbeid og val av lærestoff og arbeidssmåtar. Faget bør bl a få eit sterkare innslag av pedagogisk filosofi, etikk og sosiologi, med tanke på at grunnleggjande spørsmål knytte til undervisning, læring og oppseding skal kunne inngå i studiet på ein forsvarleg måte. Derfor må faget få eit tydeleg samfunnsperspektiv, og læreplankunnskap må inkluderast. I tillegg må tema frå spesialpedagogikk, vaksenpedagogikk og migrasjonspedagogikk inngå i faget. Pedagogikklærar, faglærar, øvingslærar og student må samarbeide om førebuinga, gjennomføringa og etterarbeidet av praksisperioden.

  • kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, omfang 5 vekttal som i dag

Dette er eit nytt undervisningsfag i grunnskolen. Faget er eitt breitt kunnskaps- og kulturfag som også ligg til rette for samarbeid med andre fag, som til dømes kunst og handverk, musikk, drama, samfunnsfag, norsk. Faget skal formidle kunnskap og tradisjon, ivareta identitet og byggje bruer som gir innsikt og fremjar samtale. Departementet vil leggje vekt på at studiet i allmennlærarutdanninga ma skal gi studentane høve til å utvikle evne til dialog og dugleik i tilrettelegging av dialog. Det er vidare nødvendig at studiet gir grundig kjennskap til elevens rett til fritak frå delar av opplæringa og dei folkerettslege pliktene som ligg til grunn for fritaksretten og andre lov- og forskriftsreglar knytte til faget.

Fritaksretten for lærarar fell bort ved innføring av kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, jf Stortingets behandling av Ot prp nr 40 i Innst O nr. 56. Det er viktig at allmennlærarstudentar er informerte om dette kravet før dei tek til på studiet.

  • norsk, omfang 10 vekttal som i dag

Norskfaget er i ei særstilling, då både skriftleg og munnleg norsk er eit avgjerande reiskap for forståing og for evna til å uttrykkje seg og slik ein føresetnad for opplæring innafor alle skolefaga. Dette inneber at undervisninga i norsk må vere av høg kvalitet i lærarutdaninga så vel som i grunnskolen. Skriftleg og munnleg framstillingsevne må i tillegg leggjast vekt på i alle undervisningsfaga i utdanninga. I norskfaget skal det også skapast rom for innføring i drama og eksemplifisering av drama som kommunikasjons- og undervisningsmetode. Litteratur og den estetiske dimensjonen vil ha ei sentral plassering i faget og gi rom for utvikling av identitet, oppleving og danning.

  • matematikk, omfang 10 vekttal

Matematikk er etter norsk det faget i grunnskolen som har størst timetal og er eit fag som alle klassestyrarar i småskole- og mellomsteget må kunne undervise i. Departementet vil styrkje faget ved å utvide den obligatoriske ramma frå 5 til 10 vekttal og styre 10 vekttal i 4. studieåret matematikk. Faget bidrar til å utvikle kunnskapar og evner som verktøy for vidare utforsking, strukturering og oversikt. Det er viktig å skape og halde ved like interessa for faget hos elevane, kanskje særleg hos jentene. Mykje av grunnlaget for og haldningane til faget blir utvikla alt på småskole- og mellomsteget, og det er derfor viktig at lærarane på dette nivået har god fagkunnskap.

Departementet vil dessutan framheve at læreplanen for grunnskolen legg vekt på å knyte ein nær samanheng mellom matematikken på skolen og matematikken i samfunnet utafor skolen. I lærarutdanninga vil det vere ei didaktisk og fagleg utfordring å knyte dagleglivets erfaringar, leik og eksperimentering saman med fagets teoridel. Det må her takast omsyn til at ulike kjønn og sosiale og kulturelle grupper har ulike referanserammer.

  • praktisk-estetisk fag, omfang 5 vektal praktisk (kroppsøving eller heimkunnskap) og 5 vekttal estetisk fag (musikk eller kunst og handverk)

Dei 4 praktiske og estetiske faga utgjer om lag 25 prosent av undervisningstimetalet i den 10-årige grunnskolen. Det er derfor viktig å sikre at ein klasselærar ikkje berre har eit teoretisk grunnlag, men også har kompetanse og dugleik i minst eitt praktisk og eitt estetisk fag.

Kunnskap i desse faga, særleg i kunst og handverk og musikk, inngår i dag som verktøy i ei rekkje andre fag. I læreplanverket i grunnskolen blir den estetiske dimensjonen framheva i alle fag, t d matematikk og engelsk. Forming blir nytta som arbeidsform i dei fleste fag og inngår i dei fleste tema- og prosjektoppgåver. Vidare er kunnskap om musikk og kunst ein føresetnad for å kunne undervise i det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Eit moment som set desse faga i ei særstilling i lærarutdanninga er at med unntak av kroppsøving har eit fåtal av studentane hatt praktisk-estetiske fag i vidaregåande opplæring.

Departementet vil ikkje fasetsetje drama som eit valbart estetisk fag i obligatorisk del. Drama vil inngå i norsk og det vil i tillegg vere høve til å velje faget i valfri del av utdanninga.

  • natur, samfunn og miljø, omfang 10 vekttal, som idag

Sidan 1992 har alle allmennlærarstudentar hatt 10 vekttal natur, samfunn og miljø som eit obligatorisk fag. I det nye læreplanverket for grunnskolen er natur- og miljøfag og samfunnsfag to separate fag, men med sterk vekt på tverrfaglege tema og prosjektorganisert opplæring. Departementet vil følgje lærarutdanningsutvalets tilråding og halde fast ved dette faget i si noverande form, men styrkje naturfag gjennom 10 vekttal "styrt val" 4. studieåret. Faget vil gi studentane erfaring frå tverrfagleg samarbeid på eit felt som er viktig i grunnskolen, og på denne måten vil miljølære bli allsidig belyst, jf "det miljøbevisste menneske".

  • engelsk, omfang 5 vekttal

Behovet for å kommunisere på engelsk aukar stadig, både i privatlivet, i utdanning og i arbeidslivet. Dei allmenne krava til breiare og betre språkkunnskap er skjerpa, og engelsk vil få ei ny vektlegging og rolle etter at grunnskolereforma har gjort engelsk som munnleg fag obligatorisk frå 1. klasse/førskolen. Fleire lærarar vil gi opplæring i engelskfaget, mellom anna som klasselærar på småskolesteget. Det er viktig for språkutviklinga til elevane at dei alt i begynnaropplæringa har lærarar som har engelsk språk- og kulturkunnskap og engelsk vil derfor inngå som eit nytt obligatorisk fag på 5 vekttal i allmennlærarutdanninga.

Departementet vil vidare framheva at informasjonsteknologi opnar for andre og nye måtar å arbeidet med språket på, og det er viktig at allmennlærarstudentar får god forståing for bruk av slike verktøy også i språkfaga.

Den obligatoriske delen på 60 vekttal skal såleis dekkje pedagogisk teori og praksis og faga norsk, matematikk, kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, engelsk, natur, samfunn og miljø og eitt praktisk og eitt estetisk fag.

Reform 97 fører til at fleire elevar enn tidlegare vil få tilbod i tilvalsspråk som tysk, fransk og finsk. Dette vil auke behovet for lærarar med språkkompetanse. Det er viktig at det innafor Noregsnettet blir gitt tilbod i grunnskolerelaterte språkfag i det 4. året av allmennlærarutdanninga og som vidareutdanningstilbod. Departementet vil utvikle nye rammeplanar i både tysk og fransk og i tillegg utvikle eigne etterutdanningsplanar. For å dekkje ulike regionale behov, vil tilvalsspråk vere eit prioritert område for etter- og vidareutdanningstiltak for Statens lærarkurs.

Framtidas skole føreset aktiv bruk av informasjonsteknologi. IT er eit arbeidsverktøy som opnar for differensiering og fleksible måtar å organisere undervisninga på. Det er nødvendig at lærarar får god kompetanse i bruk av IT og at dei kjenner dei didaktiske utfordringar på området. Siktemålet er at bruk av IT skal inngå som eit arbeidsverktøy og ei naturleg og trygg arbeidsform i all fagopplæring i allmennlærarutdanning. IT som studieemne vil kunne inngå som valfri del av det 4. studieåret.

Rettleia praksis og fagdidaktikk skal integrerast i alle fag i allmennlærarutdanninga Dette vil bidra til å yrkesrette utdanninga og understreke samanhengen mellom fag og pedagogisk teori og praksis. Skolens mål, innhald, organisering av læringsarbeidet, vurdering og forholdet mellom fellesstoff og individuell tilpassing må drøftast og synleggjerast i dei einskilde fagstudia. Prinsippet om tilpassa opplæring og opplæring av barn, unge og vaksne med særskilde behov må sikrast plass i alle fag. I fagdidaktikken må det bli tatt opp korleis elevrolla og kravet til læraren som framgår av læreplanen får konsekvensar for undervisninga, jf kapittel 2.

I ei tid der kravet til god kompetanse blir eit stadig viktigare grunnlag for vidare fagleg utvikling og spesialisering, er det ein føresetnad at lærarar på alle steg i grunnskolen har god fagleg bakgrunn. Høg fagkunnskap, pedagogisk innsikt og didaktisk forståing er nødvendig for å kunne utvikle handlingskompetanse og evne til refleksjon over eigen praksis og val av arbeidsmåtar. Dette er også viktige føresetnadar i eit livslang lærings perspektiv.

Grunnskolereforma legg vekt på temaorganisering og prosjektarbeid, noko som mellom anna gir nye utfordringar når det gjeld samarbeid mellom lærarar. Departementet ser det som viktig at studentane møter liknande arbeidsformer både i den faglege og tverrfaglege undervisninga ved utdanningsinstitusjonane.

Det er viktig å understreke skoleeigars ansvar for så langt som mogleg å sikre eit kollegium som har fagkompetanse som samsvarar med skolens behov og som framgår av gjeldande kompetanseforskrift og sjå til at lærarar med best fagleg kompetanse så langt som mogleg blir brukt i dei ulike faga. Mange grunnskolar har alt utvikla "lærarteam" som til saman har god fagleg kompetanse i alle skolens fag og slik kan ivareta undervisning, temaorganisering og prosjektarbeid i den enkelte klasse på ein fagleg forsvarleg måte. Departementet ser at i fagområde der det viser seg vanskeleg å skaffe nok kvalifiserte lærarar, kan ei organisering i lærarteam også vere gunstig for å utnytte personalet sin faglege bakgrunn på ein føremålstenleg måte. TIMSS-undersøkinga har vist at sjølv om lærarar t d har god realfagleg bakgrunn, så blir ikkje denne kompetansen alltid utnytta fullt ut.

6.4.3 Felles modell for organisering av allmennlærarutdanninga

Departementet vil følgje utvalets tilråding når det gjeld å utvikle ein felles studiemodell for organisering av allmennlærarutdanninga. Departementet ser på ein felles nasjonal studiemodell som eit viktig tiltak for å styrkje det faglege og pedagogiske profesjonsaspektet ved allmennlærarutdanninga. For å sikre samanheng og eit heilskapleg perspektiv, må samarbeidet, samspelet og vekslinga mellom dei ulike delane av enkeltfaga, pedagogikkfaget og praksis gjerast greie for i arbeidet med ny rammeplan for 4-årig allmennlærarutdanning. Vidare vil dei obligatoriske faga kome i same rekkjefølgd, pedagogisk teori og praksis vil gå over dei tre første åra og studentens val vil skje i 4. studieåret. Kvart studieår vil få ei profilering med vekt på emne og arbeidsformer, på tverrfagleg tema og prosjektarbeid, som bind dei ulike faga saman og slik sikrar at viktige sider ved lærarkompetansen blir dekt. Ei slik organisering av undervisninga vil ta utgangspunkt i årskull og gi betre samanheng mellom fag og studieår og eit sterkare preg av heilskap for studentane.

Departementets vurdering er at ein felles studiemodell på lengre sikt vil kunne lette det administrative arbeidet ved høgskolane og føre til eit betre samarbeid mellom institusjonane. I tråd med Noregsnettanken vil modellen dessutan kunne gjere det lettare for studentar å flytte mellom institusjonane under det 4- årige studieløpet når dette er ønskjeleg.

Tilboda det 4. studieåret ved høgskolane må så langt som mogleg utbyggjast til å omfatte dei sentrale faga og viktige fag- og arbeidsområde i skolen. Samstundes er det nødvendig med samarbeid og arbeidsdeling mellom høgskolane for å sikre at alle dei aktuelle faga og arbeidsområda er tilgjengelege innafor Noregsnettet. Tilbod som blir gitt i den valfrie delen av allmennlærarutdanninga, må inkludere rettleia praksis og fagdidaktikk.

Når det gjeld fritak og innpassing av utdanning frå andre institusjonar, vil departementet gi nærmare retningslinjer i samband med rammeplanarbeidet.

6.4.4 Styrking av realfaga

Barn veks opp i eit samfunn prega av vitskap, bruk av avansert teknologi og ein veksande vilje til å ta ansvar for naturen og det felles livsmiljøet vårt. Opplæring i matematikk, naturvitskap og teknologi og opplæring om samanhengar i naturen skal hjelpe elvane til å tileigne seg kunnskap, dugleik og haldningar, slik at dei kan bli aktive samfunnsborgarar og medvirke til ei berekraftig utvikling. I eit teknologi- og kunnskapssamfunn som Noreg er ein del av, er brei og solid kompetanse i realfag viktig for vidare utvikling og innovasjon. Departementet har merka seg fleire internasjonale og nasjonale undersøkingar som viser at kompetansen i realfaga til norske lærarar og elevar ikkje er så god som ønskjeleg.•3 Dette kan igjen føre til dårleg rekruttering til vidaregåande opplæring, høgre utanning og forsking. Det er derfor viktig å leggje forholda til rette for å styrkje dette fagområdet og departementet vil i denne samanheng framheve følgjande tiltak:

  • Jf Naturfagutgreiingane, Rapport 1: Naturfag i grunnskole og lærarutdanning (1994) og Rapport 2: Naturfagenes stilling i videregående skole og i lærerutdanning for dette nivået (1995); MISS-rapporten (Matematikk i skole og samfunn, 1996) og TIMSS-undersøkinga (Third International Mathematics and Science Study)
  • Det obligatoriske omfanget av matematikk i allmennlærarutdanninga blir auka frå 5 til 10 vekttal, slik at realfag totalt utgjer 15 av 60 obligatoriske vekttal i utdanninga.
  • I ein 3-årsperiode frå hausten 1998 skal 10 vekttal i det 4. året styrast mot realfag.
  • Oppretting av fleire "realfaglinjer". Ei vidare styrking av realfag i allmennlærarutdanninga treng ikkje primært vere ei omfattande styrking av fagområdet for alle allmennlærarar, men heller ei tilrettelegging for at fleire allmennlærarar enn tidlegare kan få eit solid innslag av realfag i grunnutdanninga. Det kan ein oppnå ved å organisere strukturerte løp med vekt på realfag, ei "realfaglinje". Ei slik løysing er i bruk ved to høgskolar i dag. Departementet vil ta initiativ til at det blir oppretta fleire slike "linjer" der det ligg til rette for realfagleg prioritering. Linja kan vere relativt lik anna allmennlærarutdanning, men med heile den valfrie delen bunden til realfag, slik at studentane oppnår 20 vekttal i matematikk og 15 vekttal i naturfag.
  • Departementet vil vurdere om opptaksgrunnlaget for dette studiet bør vere 2 MX/2 MY og 2 FY eller 2 KJ eller 2 BI frå vidaregåande skole slik at forholda ligg godt til rette for fagleg fordjuping. Dette føreset at det blir eit særskilt opptak til desse studieplassane.
  • Departementet vil i rammeplanarbeidet leggje vekt på at informasjonsteknologi, teknologi, innovasjon og entreprenørskap blir ein integrert del av allmennlærarutdanninga.
  • Departementet vil gjennomføre planmessig satsing på etter- og vidareutdanning i matematikk og naturfag, t d gjennom Statens lærarkurs.
  • Departementet vil oppfordre lærestadane om å leggje forholda til rette for at fleire studentar med realfagleg bakgrunn blir rekrutterte til lærarutdanninga.
  • Departementet ser det som viktig å leggje forholda til rette for å auke interessa for realfag hos kvinnelege elevar og studentar.
  • Departementet har merka seg og er positiv til at skolerelaterte hovudfag i realfag er oppretta, og vil oppfordre til ytterlegare styrking av slike tilbod.
  • Ved å aktivt informere om det faktiske behovet for realfag i grunnskolen, kan ein motivere fleire studentar til å ta slike fag i valfri del av utdanninga.
  • Skoleeigar bør ved utlysing, tilsetjing og etterutdanning av personalet sikre den kompetansen i realfag som det er behov for.
  • Departementet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal vurdere tiltak for å styrkje matematikk, naturfag og teknologi i utdanninga. Utvalet skal gjere framlegg om tiltak som er retta mot alle delar av utdanningsløpet, også lærarutdanninga. Høyringsfråsegn frå arbeidsgruppa er referert under punkt 6.3.1.

6.4.5 Kartlegging av grunnskolens behov for kompetanse

Det er viktig at lærarutdanningsinstitusjonane utdannar lærarar med den fagkombinasjonen og faglege fordjupinga som skolesystemet til ei kvar tid har behov for. Dette behovet vil kunne variere over tid, til dømes på grunn av reformer i opplæringssystemet og demografisk utvikling, samt endringar av obligatoriske fag i allmennlærarutdanninga, avgang av lærarar frå skolen og omfanget av undervisningskompetansen i grunnskolen, for førskolelærarar, faglærarar eller lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning.

Departementet vil derfor gjennom regelmessig kartlegging av læraranes kompetanse i grunnskolen, sørgje for å få utarbeidd oversyn som viser kva for fag eller arbeidsområde som har eller kan få skort på lærarar. For lærarstudentar vil det vere viktig å velje fag der det er eit dokumentert behov for lærarar. Vidare vil kartlegginga vere eit signal for departementet om kva fag som bør byggjast ut ved institusjonane for styring av både vidareutdanningstilbod og allmennlærarstudentane sine val i grunnutdanninga. For skoleeigar vil det vere viktig at det blir lagt til rette for at utdanningssystemet til ei kvar tid kan tilby dei faga som det er behov for i grunnskolen.

Departementet vil understreke at det er viktig at høgskolane gir god informasjon til studentar om kva som er konsekvensen av fagval når det gjeld tilsetjing i ulike skoleslag. Det er likevel skoleeigar som har ansvar for å sikre lærarkollegiet ein variert kompetanse ved nytilsetjing og ved etterutdanning av personale.

Departementet legg vekt på at det er tilbod om vidareutdanning for lærarar som deltidsstudium, desentralisert og modulorganisert, slik at lærarar kan få høve til å utvide sin kompetanse. Det er ei utfordring for lærarutdanningsinstitusjonane å ha god kontakt med opplæringssystemet for å kunne gi ei utdanning som heile tida er relevant, yrkesretta og av høg kvalitet. Den omfattande etterutdanninga av lærarar som no pågår, vil bidra til at høgskolepersonalet får nær kontakt med aktuelle problemstillingar i opplæringssystemet. Dette er kunnskapar og erfaringer som det er viktig blir tilbakeførte til grunnutdanningsmiljøa.

6.4.6 Andre sider ved allmennlærarutdanninga

Allmennlærarutdanning for døve

Etter §2-4 i revidert forskrift for grunnskolen har høyrselshemma elevar med teiknspråk som førstespråk rett til opplæring i og på teiknspråk. Forskrifta trer i kraft 1. juli 1997. I Ot prp nr 36 (1996-97) har departementet gjort framlegg om at retten blir lovfesta. Med grunnskolereforma 1997 får ein for første gong eigne felles og forpliktande læreplanar i faga teiknspråk og teiknspråk som tilvalsspråk på ungdomstrinnet. Det er i tillegg utarbeidd tilpassa læreplanar i norsk, engelsk, engelsk som tilvalsspråk og i rytmikk/drama. Endringane vil medføre eit auka behov for lærarar med kompetanse i og på teiknspråk. Det må leggjast til rette for tilbod innafor dei nemnde faga i Noregsnettet.

Departementet vil ta initiativ til at det blir utvikla ein eigen studieplan for allmennlærarutdanning for døve. Studieplanen må gjere greie for kva fag som skal vere obligatoriske og ta vare på heilskap og samanheng i utdanningsløpet. Høgskolen i Sør-Trøndelag er tildelt knutepunktfunksjon i Noregsnettet for lærarutdanning for døve og vil få eit hovudansvar for utvikling av studieplanen. Det må også leggjast til rette for at døve studentar kan få ei fullverdig allmennlærarutdanning ved andre institusjonar. og at det innan Noregsnettet er tilbod om teiknspråk som førstespråk for døve.

Departementet har tatt initiativ til oppretting av eit 10 vekttals studium i teiknspråk for lærarar. I ein tidsavgrensa periode over to år, 1996-97, har staten gått inn med midlar for å dekkje utgifter for å framskaffe den ekstra teiknspråkkompetansen i kommunane.

Departementet ser det som viktig at det blir organisert eit permanent tilbod for høyrande lærarar i teiknspråk. Eit slikt studium bør vere på 10+10 vekttal og vil kunne inngå i valfri del av allmennlærarutdanninga og som vidareutdanningstilbod.

Lærarutdanning for studentar med innvandrarbakgrunn

Lærarutdanning for studentar med innvandrarbakgrunn I NOU 1995: 12 Opplæring i et flerkulturelt Norge er ulike utfordringar for allmennlærarutdanning i eit fleirkulturelt samfunn gjort greie for og vurdert. Det blir m a sagt at det må gjerast noko med innhaldet i lærarutdanninga. I tillegg blir det lagt vekt på at det må bli lettare for studentar med innvandrarbakgrunn å bli representerte i læraryrket. Lærarutdanningsutvalet peiker på at det i dag er ein mangel på lærarar med innvandrarbakgrunn i opplæringssystemet.

Departementet ser det som viktig å leggje tilhøva til rette for å rekruttere studentar frå språklege minoritetar til lærarutdanninga og til anna høgre utdanning. Lærarar med innvandrarbakgrunn er viktige som forbilde og rollemodellar for barn og ungdom med tilsvarande bakgrunn. I tillegg er det behov for lærarar som kan kommunisere med framandspråklege foreldre, og departementet ser det som viktig at opplæringssystemet rekrutterer personar som har arbeid som går ut over morsmålsoppgåvene. Å møte framandspråklege vaksne som har likeverdig kompetanse med andre lærarar, kan dessutan ha stor innverknad på haldningsdanning hos alle barn. I St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge blir det derfor sagt at departementet vil få utgreia tiltak som kan betre rekrutteringa av framandspråklege studentar til høgre utdanning generelt og til profesjonsstudium med stor kontaktflate med befolkningsgrupper med innvandrarbakgrunn spesielt.

Aktivt rekrutteringsarbeid må begynne alt i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Lærarutdanningsrådet har på denne bakgrunn tatt initiativ til eit informasjonsskriv om norsk lærarutdanning som har ungdom frå språklege minoritetar som målgruppe. Skrivet vil vil òg bli sendt til rådgivarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring.

Som eit anna tiltak har Regjeringa i St meld nr 17 (1996-97) signalisert at det vil bli lempa på kravet om eksamen i norsk i begge målformer i allmennlærarutdanninga. I følgje lærarutdanningslova § 21 kan i dag ei av dei offisielle målformene byttast ut med samisk. I samsvar med Regjeringas synspunkt, vil tilsvarande ordning bli innført for studentar frå språklege minoritetar som har vitnemål frå vidaregåande opplæring utan eksamen i sidemål. Departementet meiner i tillegg at tilsvarande høve til fritak frå eksamen i begge målformer bør innførast for studentar som har kvensk bakgrunn og for døve og høyrselshemma studentar som har teiknspråk i fagkrinsen. Det vil bli gitt nærmare retningslinjer om høve til fritak i ei av målformene i samband med rammeplanarbeidet. Avtalen om fritak må vere klargjort ved opptak til lærarutdanninga. Departementet vil vurdere tilsvarande ordning for førskolelærarutdanninga.

Departementet vil understreke at eit slikt fritak ikkje inneber at studentar vil få generelt fritak frå opplæring i begge målformer i utdanninga. Det vil bli fastsett nærmare kva ordning som skal gjelde for studentar som ikkje tar eksamen i begge målformer i i norskfaget. Fritak i ei målform må markerast på vitnemålet, og det må framgå kva kompetanse kandidaten har i staden. Skoleeigar vil ved tilsetjing ha ansvar for å vurdere om utdanninga i norsk samsvarar med det behovet som er i skolen.

Høgskolen i Oslo fekk i 1996 tildelt ekstra midlar for å gjennomføre eit forsøksprosjekt med kurs i norsk fagspråk for utanlandske studentar som er tatt opp til lærarutdanning og sosial- og helsefaglege studium. Dette er utdanningar for yrke der evne til kommunikasjon på norsk er særleg viktig. Ein førebels rapport viser m a at det er vanskar med å motivere dei aktuelle studentane til å delta i frivillige tilbod som kjem i tillegg til fulltidsstudium. Det er for tidleg å trekkje endelege konklusjonar etter første prøveåret. Departementet tar derfor sikte på at prosjektet skal halde fram eitt år til.

I St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge er det uttrykt at innsatsen i forskings og utviklingsarbeid innan fleirkulturell pedagogikk skal styrkjast. Det vil særleg bli lagt vekt på å systematisere kunnskapen om opplæringa og kva modellar som gir best resultat.

Pedagogisk arbeid i eit fleirkulturelt samfunn gir nye utfordringar for lærarar og leiarar på alle nivå i utdanningssystemet, frå barnehage og til vaksenopplæring. Migrasjonspedagogikk, arbeid mot rasisme og diskriminering og utfordringar i eit fleirkulturelt skolemiljø og samfunn er derfor område som vil inngå som obligatorisk del i departementets vidare arbeid med å utvikle nye rammeplanar for lærarutdanningane. Migrasjonspedagogikk, fleirkulturell pedagogikk, norsk som andrespråk, o l er studium som vil kunne inngå i valfri del av allmennlærarutdanninga og som vidareutdanningstilbod, og departementet vil utvikle ein eigen rammeplan for migrasjonspedagogikk.

6.4.7 Oppsummering

Departementet foreslår at:

  • den obligatoriske delen av allmennlærarutdanninga blir utvida frå 50 til 60 vekttal
  • engelsk inngår som eit obligatorisk fag på 5 vekttal
  • matematikk i den obligatoriske delen blir utvida frå 5 til 10 vekttal
  • 10 vekttal i 4. studieåret vil i 3-års periodar styrast mot fag det er særleg viktig å styrkje i skolen
  • det blir innført ein felles nasjonal studiemodell for organisering av allmennlærarutdanninga
  • yrkesrettinga i allmennlærarutdanniga skal styrkjast og gjerast tydelegare ma gjennom rammeplanarbeidet
  • realfaga blir styrkte ma gjennom "styrt val" i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga, etter- og vidareutdanningstiltak og eigne "realfaglinjer" ved utdanningsinstitusjonane
  • det blir gjennomført regelmessige kartleggingar av fagkompetansen til lærarane i grunnskolen
  • det blir utvikla ein eigen studieplan for allmennlærarutdanning for døve
  • forholda må leggjast til rette for å rekruttere fleire studentar frå språklege minoritetar til lærarutdanninga
  • studentar frå språklege minoritetar som er fritatt frå eksamen i sidemål i vidaregåande opplæring kan få fritak frå kravet om eksamen i begge målformer i allmennlærarutdanninga
  • eit migrasjonspedagogisk perspektiv skal innarbeidast i rammeplanane for allmennlærarutdanninga.
Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen