7 Praktisk-pedagogisk...
Underside | | Kunnskapsdepartementet
7 Praktisk-pedagogisk utdanning
7.1 Innleiing
Dagens praktisk-pedagogiske utdanning er i hovudsak forankra i to ulike utdanningstradisjonar, den allmennfaglege universitetstradisjonen og den yrkesfaglege "laugstradisjonen". Innafor kvar av desse utdanningstradisjonane er det igjen eit spenningsfelt som gjeld forholdet mellom "akademisering" og praksisretting.
Reformene i opplæringssystemet føreset større grad av samspel på tvers av tradisjonelle faggrenser og aktualiserer såleis behovet for ei sterkare kopling mellom praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar. Det er og ønskjeleg med ei tettare kopling mellom den fagspesifikke delen og den praktisk-pedagogiske utdanninga. Det har skjedd ei positiv utvikling i denne retninga, ma med kraftig styrking av den fagdidaktiske kompetansen ved universiteta.
Alle elevar og lærlingar skal etter Reform 94 få opplæring i ein felles stamme av allmenne fag. I tillegg til det praktiske og yrkesteoretiske innhaldet i yrkesfaga har såleis allmennfag som engelsk, norsk, samfunnsfag, matematikk og naturfag blitt viktige i fag- og yrkesopplæringa. Allmenn kunnskap skal balanserast med yrkesretta kompetanse på ein slik måte at eleven/lærlingen vil stå betre rusta til å møte eit yrkesliv i stadig endring.
Lov om lærarutdanning §21 nr 5 slår fast:
"Praktisk-pedagogisk utdanning skal femne om pedagogisk teori, fagmetodikk, didaktikk og praksis, som til saman svarar til minst eit halvt års studietid."
Etter Stortingets behandling av St meld nr 40 (1990-91) Fra visjon til virke og Innst S nr 230 (1990-91) er praktisk-pedagogisk utdanning blitt utvida til eitt år. Denne utdanninga er i dag organisert i separate kurs for allmennfag og for yrkesfag og er regulert i kvar sin nasjonale rammeplan godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar
Praktisk-pedagogisk utdanning kombinert med utdanning i allmennfag kan gi lærarutdanning på dei tre ulike nivåa lektor, adjunkt og faglærar. Rammene for studiet gir rom for tung fagleg fordjuping. Fagutdanninga foregår i hovudsak ved universiteta, men og ved nokre vitskaplege høgskolar og statlege høgskolar. Ein stor del av kandidatane frå allmennfakulteta ved universiteta går inn i undervisningsstilling i skolen. Universiteta er såleis blant dei største lærarutdanningsinstitusjonane. Det er også eit stort tal fag og fagområde som kan inngå som fagutdanning i universitetas lærarutdanning. Utdanninga gir gode fagkunnskapar og sterk fagidentitet i den praktisk-pedagogiske utdanninga og kvalifiserer for undervisning i to eller tre fag i vidaregåande opplæring, på ungdomssteget og eventuelt for undervisning i enkelte fag på mellomsteget, jf forskrift om lærar-, adjunkt- og lektorutdanning av 9. juni 1987 og endringar av 26. juni 1991.
Sjølv om den fagspesifikke delen av universitetas lærarutdanning ikkje inneheld obligatoriske didaktiske element, er det viktig at fagdidaktiske problemstillingar blir tatt opp også i fagstudia. Mellom anna er det positivt at fagdidaktiske hovudfag er utvikla ved fleire av fakulteta.
Eit premiss for utviding til eittårig praktisk-pedagogisk utdanning var at 10 vekttal fagdidaktiske emne skulle innpassast innafor normert studietid for cand.mag.- grad i historisk-filosofiske og samfunnsvitskaplege fag. I matematisk-naturvitskaplege fag skulle normalt heile den pedagogiske utdanninga kome i tillegg til gradsstudiet. Universiteta har organisert den praktisk-pedagogiske utdanninga på ulike måtar, og i realiteten har ikkje alle følgt opp føresetnaden om at den fagdidaktiske delen skulle kunne innpassast innafor 4-årig cand. mag.-grad.
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag har følgjande innhald:
- pedagogisk teori, 8 vekttal
- praksis 12-14 veker
- fagdidaktikk 1. fag, 6 vekttal
- fagdidaktikk 2. fag, 6 vekttal.
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar
Praktisk-pedagogisk utdanning kombinert med fagopplæring, yrkesteoretisk utdanning og praksis gir utdanning som yrkesfaglærar. Studentane fell i to hovudgrupper: dei som har fagbrev med etterfølgjande praksis og yrkesteori som grunnutdanning, og dei som har høgskoleutdanning i helsefag, ingeniørfag e l. Den yrkesteoretiske delen kan ha svært ulikt fagleg innhald, lengde og nivå. I ei rekkje tradisjonelle handverks- og industrifag er det ikkje utbygd tilbod om yrkesteoretisk utdanning (sjå og kapittel 9). Praktisk-pedagogisk utdanning for lærarar i yrkesfag blir gitt ved 10 høgskolar og ved Universitetet i Tromsø. Utdanninga kvalifiserer primært for undervisning i yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, jf forskrift om lærar-, adjunkt og lektorutdanning.
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har følgjande innhald:
1. eining (10 vekttal):
- pedagogisk teori med innføring i spesialpedagogikk, fagdidaktikk og norsk som kommunikasjon
- 6-7 vekers praksis
2. eining (10 vt)
- Praktisk-teoretisk studium som består av to fordjupingsemne:
- Tilpassa opplæring og eitt av følgjande emne:
- IT i arbeidsliv og skole
- Norsk med vekt på formidlingsaspekt
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- 6-7 vekers allsidig praksis.
7.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling
Lærarutdanningsutvalet viser til at opplæringa etter Reform 94 har som siktemål ei fagleg integrering som vil svekke faglege skiljelinjer og føre saman den allmennfaglege og yrkesfaglege opplæringstradisjonen. Utvalet understrekar at lærarar med ulik fagbakgrunn skal arbeide saman mot felles mål på tvers av studieretningar og at det er sterkt ønskjeleg at grunnlaget for eit slikt samarbeid blir lagt i løpet av utdanningstida. På dette grunnlaget framhevar utvalet at det ligg eit stort potensial i å samordne opplæringa i eitt organisatorisk, fagleg og pedagogisk perspektiv på ein slik måte at praktisk-pedagogisk utdanning blir felles for studentar med allmennfagleg og yrkesfagleg bakgrunn.
Det blir utarbeidd ein felles rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for studentar som har ei av følgjande utdanningar:
- fag-/sveinebrev eller anna fullført 3-årig yrkesutdanning og
2-årig yrkesteoretisk utdanning
- generell studiekompetanse og profesjonsretta høgskoleutdanning
- allmennfagleg universitets- eller høgskoleutdanning.
- Utdanninga får følgjande organisering og innhald:
- pedagogisk teori og praksis (10 vekttal)
- fag-/yrkesdidaktikk I og praksis (5 vekttal)
- fag-/yrkesdidaktikk II og praksis (5 vekttal)
- Studentar med allmennfagleg kompetanse i minst to fag skal ta fagdidaktikk tilsvarande 5 vekttal i kvart fag. Studentar med yrkesfagleg kompetanse skal gjennomføre ein samla fag-/yrkesdidaktikk som tilsvarar 10 vekttal.
- Det skal utviklast 11 rammeplanar i fag-/yrkesdidaktikk i samsvar med strukturen i vidaregåande opplæring, yrkesfagleg studieretning. I allmennfag skal 12 av dagens 14 fagdidaktiske rammeplanar for fag reviderast.
- Innhaldet i planen må utviklast med tanke på undervisning i allmennfaglege og yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, lærebedrifter, i mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen og i opplæring av vaksne. Tyngdepunktet i utdanninga må vere retta mot vidaregåande opplæring.
- Tilpassa opplæring inngår som integrert del av studiet med omfang tilsvarande 5 vekttal.
- Rettleia praksis skal ha eit omfang på minst 12-14 veker.
- I organiseringa av utdanninga skal det vere eit tett samspel mellom dei ulike delane slik at utdanninga framstår som ein integrert heilskap. Prinsippet om heilskap og samanheng skal nedfellast i rammeplanen og skal synleggjerast i fagplanar som blir utarbeidde med bakgrunn i rammeplanen.
- Studentar med allmennfagleg bakgrunn skal både i fagdidaktikk og i praksis arbeide med problemstillingar knytte til yrkesretting av allmennfaga.
7.3 Høyringsfråsegner
Det er stor oppslutnad om innføring av ein felles rammeplan i praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag. Av dei som har gitt fråsegn i saka er det 5 universitet og vitskaplege høgskolar, 9 høgskolar, 13 statlege utdanningskontor, 12 fylkeskommunar som støttar framlegget.
Ingen instansar innafor dei nemnde gruppene går i mot prinsippet om ein felles rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning. Men Opplæringsrådet for Tre- og Møbelfag og Opplæringsrådet for tekstil- og konfeksjonsfag meiner at ei samanslåing av eittårige praktisk-pedgagogisk utdanninga for yrkesfag og allmennfag er uheldig. Dei to råda grunngjev dette med at særpreget med ei yrkesretta utdanning då vil bli svakare.
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet meiner at den nye modellen vil ivareta det internasjonale perspektivet og dei endringar i arbeidslivet som utdanninga skal førebu ungdomen til, samstundes som det tradisjonelle skiljet mellom yrke og fag blir nedtona.
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og fleire fylkeskommunar framhevar at det spesialpedagogiske feltet i praktisk-pedagogisk utdanning må bli synleggjort. Dei fire universiteta, Norges musikkhøgskole og Lærerforbundet problematiserer utvalet si tilråding om at tyngdepunktet i den praktisk-pedagogiske utdanninga skal rettast mot vidaregåande opplæring samstundes som utdanninga også skal kvalifisere for undervisning i ungdomsskolen og eventuelt på mellomsteget. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet meiner at det ikkje er realistisk å slå saman enkelte av rammeplanane for dei 12 allmennfaga.
Universitetet i Oslo problematiserer følgjemodellen der 10 av 20 vekttal kan takast parallelt med fagstudia, og meiner denne modellen ikkje ser ut til å fungere heilskapleg og integrerande.
Lærarutdanningsrådet legg vekt på at i ein fullgod modell for lærarutdanning vil universiteta måtte endre sine praktisk-pedagogisk utdanningsmodellar. Både må ein del av det praktisk-pedagogiske studiet (med praksiskomponent) leggjast inn før alle fagstudia er avslutta, og det må ryddast plass til ein fagdidaktisk komponent og praksis til fagstudiet på grunnfagsnivå i dei sentrale skolefaga.
7.4 Departementets Vurderingar og framlegg
Departementet vil følgje lærarutdanningsutvalet si tilråding om å utvikle ein felles rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag. Ein felles modell for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar vil bidra til ei samordning på tvers av to tradisjonelt åtskilde utdanningstradisjonar. Ei slik samordning vil såleis vere viktig for å realisere intensjonane i Reform 94 om ei auka vekt på samspel på tvers av tradisjonelle faggrenser.
Det vil bli utvikla ein felles rammeplan for studentar som har følgjande typar fagleg utdanningsbakgrunn:
- generell studiekompetanse og allmennfagleg universitets- eller høgskoleutdanning
- generell studiekompetanse og profesjonsretta høgskoleutdanning og minimum 2 års yrkespraksis
- fag-/sveinebrev eller anna fullført 3-årig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, minimum 2 års yrkespraksis og yrkesteoretisk utdanning
I kompetanseforskrifta §37 heiter det m a:
"Når det til utlyst stilling eller delstilling i yrkesfag ikke melder seg søker som fyller kompetansekravene, har departementet dispensert i henhold til lærerutdanningslovens §12 nr 1 bokstav d, slik at søker som fyller de faglige krav, men som mangler pedagogisk og/eller yrkestoretisk utdanning kan tilsettes på oppsigelse på vilkår."
Departementet vil som ei mellombels løysing vidareføre denne dispensasjonsadgangen til ny organisering av yrkesfaglærarutdanning er etablert, jf. kapittel 9.
Departementet legg følgjande hovudprinsipp til grunn for praktisk-pedagogisk utdanning:
- innhaldet i planen må utviklast med tanke på undervisning i allmennfaglege og yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring og lærebedrifter, på mellom- og ungdomssteget i grunnskolen og med tanke på opplæring av vaksne
- prinsippet om heilskap og samanheng må gå klart fram av planen
- utdanninga skal vere praksisbasert og ma ta utgangspunkt i det praktiske lærararbeidet og erfaringar og praksisopplevingar til studentane.
Når det gjeld struktur, innhald og organisering sluttar departementet seg til hovudinnhaldet i utvalets tilråding, jf kapittel 7.2.
- pedagogisk teori skal utgjere 10 vekttal
- fag-/yrkesdidaktikk skal tilsaman utgjere 10 vekttal
- rettleia praksis skal ha eit omfang på minst 12-14 veker. Teori og praksis skal utfylle kvarandre og integrerast i alle delar av studiet
- tilpassa opplæring inngår som integrert del av studiet med omfang tilsvarande 5 vekttal.
- fagdidaktikken i allmennfaga må omfatte prinsippa for arbeid med faget i yrkesfagleg samanheng.
Pedagogisk teori, rettleia praksis og fag- og yrkesdidaktikk må ta omsyn til utfordringar både i grunnskolens mellom- og ungdomssteg og i vidaregåande opplæring, på allmennfaglege og yrkesfaglege studieretningar. Ein viktig funksjon for praktisk-pedagogisk utdanning er å ivareta fleksibiliteten i lærarutdanningssystemet ved å utdanne lærarar med variert kompetanse- og erfaringsbakgrunn. Departementet ser det derfor som ønskjeleg å oppretthalde eit visst mangfald når det gjeld fag-/yrkesdidaktiske retningar i utdanninga som er tilpassa behov, struktur, fag og innhald i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.
Departementet meiner det er nødvendig å evaluere den eitt-årige praktisk-pedagogiske utdanninga for allmennfaglærarar, herunder erfaringane med ulike organisatoriske modellar. Ulik organisering medfører ulik studietid til cand. mag.-graden og er også eit hinder for studentmobilitet mellom universitet med ulike modellar for praktisk-pedagogisk utdanning.
Fag- og yrkesdidaktikk vil stå sentralt i den praktisk-pedagogiske utdanninga. Fagdidaktikken i Noreg har i dei seinare åra vore i god utvikling i mange fag, men det er framleis fag som heng etter. Spesielt er yrkesdidaktikk lite utvikla. Departementet vil derfor satse særleg på utviklingsarbeid på dette feltet framover.
Ein rammeplan med felles pedagogisk del for allmennfag og yrkesfag legg til rette for at ulike lærargrupper som skal samarbeide og utfylle kvarandre kompetansemessig vil kunne møtast i ei felles forståing av opplæringssystemet og opplæringsansvaret. Ei felles utdanning kan i tillegg føre til ein tilnærma likare status for ulike kategoriar av lærarar.
Departementet vil:
- organisere praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag i ein felles rammeplan
- evaluere den praktisk-pedagogiske utdanninga for allmennfaglærarar, ma erfaringane med ulike modellar for organisering
- leggje vekt på fag- og yrkesdidaktisk utviklingsarbeid.