Felles innsats er avgjerande for å handsame asylstraumen
Artikkel | Sist oppdatert: 23.11.2015 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Det er betydelege utfordringar med asyltilstrauminga til Noreg. Talet på asylsøkjarar har i fleire månader vore ekstraordinært, og ein kan nå definera det som ei krise for mottakssystemet. Det blei registrert om lag 8700 asylsøknadar i oktober, og fleire dagar i det siste har det kome over 400 nye søkjarar. Dette krev mykje av oss, både praktisk og økonomisk.
Regjeringa er takksam overfor dei som handsamer desse krevjande utfordringane i førstelinja, som står på dag og natt og som har jobba på randen av eigen kapasitet. Det gjeld utlendingsmyndigheiter, politi, kommunar, helsepersonell, frivillige og mange andre.
Godt samarbeid og dialog med kommunesektoren er avgjerande. 16. november sendte statsministeren og KS brev til alle kommunane med eit sterkt ønske om felles innsats for å løyse krisa i asylmottakssystemet og behovet for bustader til dei som får opphald i Noreg. Les brevet her (pdf).
I dette brevet blir kommunane oppmoda til til å ta ansvar for å opprette asylmottaksplassar og til å busetje 18 000 flyktningar i 2016.
Toppmøte mellom kommune og stat
25. november skal statsministeren og statsrådar frå Justisdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet møte KS og 15 kommunar. Temaet er korleis staten og kommunane saman kan få til løysingar. Det hastar spesielt med å opprette nok mottaksplassar.
Informasjon
Det blir løpande lagt ut informasjon på KS og regjeringa sine nettstader om ulike tema og utviklinga på asyl- busetting- og integreringsfeltet. På regjeringa.no/bruksendring har KMD samla informasjon om bruk av bygningar som asylmottak på ei nettside.
Sjå òg nettstadane til UDI og IMDI for meir informasjon om asyl-, busetnads- og integreringsspørsmål.