Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)
Artikkel | Sist oppdatert: 23.11.2015 | Kommunal- og distriktsdepartementet
TBU la måndag 23. november fram haustrapporten for 2014. Rapporten gir informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra, med særleg vekt på den økonomiske situasjonen i 2015.
Utvalet skriv i sin situasjonsforståing at aktivitetsveksten i 2015 er estimert til 1,8 prosent, som er noe lågare enn inntektsveksten. Investeringane veks raskare enn inntektene, medan sysselsettingsveksten er venta å ta seg opp i 2015, men då frå låge nivå i 2013 og 2014. Veksten i sysselsettinga (1,2 prosent) er framleis lågare enn inntektsveksten. Utvalet ventar ut frå dette at netto driftsresultat for sektoren vil gå svakt opp i 2015 samanlikna med 2014 (1,5 prosent).