Kommunalnytt nr. 2 2018

Nyhetsbrev frå Kommunalavdelinga om kommune- og fylkesforvaltning


Innhald:

  • Ei ny og moderne kommunelov
  • Minsak.no på samisk
  • Nytt kommunebarometer som viser representasjonen av kvinner og menn i lokalpolitikken
  • Notater frå TBU om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og den demografiske utviklinga
  • Samarbeid om digital kompetanse i kommunane
  • Invitasjon til prosjektleiarsamling i prosjektet Framtidas lokaldemokrati i nye kommunar
  • Oppstart av arbeid med stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor
  • Innovasjonseksempel: Etablering av innovasjonslab i Bergen kommune

Ei ny og moderne kommunelov

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og nestleder i KS Mette Gundersen deltok på framlegginga av ny kommunelov 16. mars
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og 1.nestleder i KS Mette Gundersen deltok på presentasjonen av ny kommunelov 16. mars. Foto: KMD

Regjeringa la fredag 16. mars fram forslag til ny kommunelov. Det er 26 år sidan forrige gang dette skjedde. Samfunnet, kommunane og teknologien har endra seg mykje på desse åra. Det nye forslaget tar høgde for dette.

Kommunelova er grunnmuren i vårt lokaldemokrati. Den skal lesast og bli forstått av folkevalde, tilsette og innbyggjarar. Det er difor viktig at lova er moderne og tilgjengeleg. Departementet har lagd stor vekt på å skrive lova i klarspråk. I arbeidet med lova har det og vore eit mål å gjere regelverket enklare. Dette gjeld både strukturen og innhaldet.

Lovfestar det kommunale sjølvstyret

Regjeringa foreslår å lovfeste det kommunale sjølvstyret. Styrkinga av det kommunale sjølvstyret går igjen også i andre endringar av lova. Det er mellom anna forslag om å lovfeste prinsipp for tilhøvet mellom nasjonale styresmakter og kommunane.

Den vide organisasjonsfridomen som kommunane har i dag blir ført vidare i den nye kommunelova. Dette er avgjerande for at den einskilde kommune sjølv skal kunne gjere lokale vurderingar og prioriteringar for å løyse  oppgåvene sine.

Betre styring og kontroll

Kommunane må ha god styring og kontroll med eiga verksemd. Utan styring og kontroll vil ikkje kommunane kunne levere dei tenestene dei skal. Då vil kommunane miste tillit hos innbyggjarane. Forslaget til ny kommunelov inneheld fleire nye tiltak som i større grad legg til rette for god styring og kontroll i kommunane.

Prop. 46 L (2017–2018) Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)


Minsak.no på samisk

Nettstedet minsak.no er nå også på samisk

Nettsida minsak.no vart den 1. mars lansert på nordsamisk. Dette inneber at samiske språkbrukarar no kan fremja saker til kommunestyret eller fylkestinget også på samisk via minsak.no. Nettsida gjev innbyggjarane moglegheit til å samle inn underskrifter til saka si via internett. Når ei sak har tilstrekkeleg mange underskrifter, kan ho sendast til kommunestyret eller fylkestinget der innbyggjaren er folkeregistrert. Departementet lanserte minsak.no i 2013, og har hatt over 750.000 besøkande på sida.


Nytt kommunebarometer som viser representasjonen av kvinner og menn i lokalpolitikken - motivasjonskampanje

Kommunebarometer med kart og søyler som viser antall kvinner og menn i lokalpolitikken

8. mars lanserte kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland eit nytt kommunebarometer, eit digitalt kart som gir oversikt over representasjonen av kvinner og menn i kommunestyrer og formannskap, kor mange som har fått stemmetillegg på vallistene, og talet på kvinner og menn i ordførarvervet, i alle norske kommunar. 

I vår vil Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomføre ei motivasjonskampanje retta mot lokale parti og lokale lister, for å setje søkjelyset på den viktige rolla partia og nominasjonskomitane har i arbeidet med å skape ei jamnare kjønnsfordeling i kommunestyre og kommunepolitiske maktposisjonar.

Kommunebarometeret


Notater frå TBU om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og den demografiske utviklinga

Illustrasjonsbilde av skolebarn
Foto: Colourbox

Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) fekk i samband med det første konsultasjonsmøtet mellom staten og kommunesektoren ved KS om statsbudsjettet for 2019 i oppdrag å lage to notat. Notatet om den økonomiske situasjonen gir ein kort gjennomgang av situasjonen ved utgangen av 2017 og byggjer på tilgjengeleg informasjon per 2. mars 2018. Utvalet gjer og greie for si oppfatning av den økonomiske situasjonen i kommunesektoren.

Notatet om korleis kommunesektorens utgifter verkar på den demografiske utviklinga søker å seie noko om kva det vil koste å føre vidare standard og dekningsgrad på sentrale tenester når befolkninga blir endra. Tema her er såleis berekningar av kommunale meirutgifter i 2019 knytt til den demografiske utviklinga. I tillegg har utvalet oppdatert tidlegare utgiftsberekningar for 2018.


Samarbeid om digital kompetanse i kommunane

Fra venstre: Adminstrerende direktør i KS Lasse Hansen, statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo og leder i Fagforbundet Mette Nord
Fra venstre: adminstrerende direktør i KS Lasse Hansen, statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo og leder i Fagforbundet Mette Nord. Foto: KS

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS, Unio, LO kommune, YS kommune og Akademikerne signerte i september 2017 ein avtale om eit nytt utviklingsprosjekt om digitalisering. Måndag 5. mars var det oppstartskonferanse for prosjektet. 40 prosjekt med til saman 71 kommunar er tekne med i prosjektet.

Gjennom partssamarbeid skal prosjektet styrkje og vidareutvikle den digitale kompetansen i kommunane. Utviklingsprosjektet skal gi til stønad i organisasjonsutvikling og omstilling som følgje av digitalisering, og tilby verkty for tenesteutvikling og gode utviklingsprosessar.

www.komdigi.no


Invitasjon til prosjektleiarsamling i prosjektet Framtidas lokaldemokrati i nye kommunar

 Norgeskart med 32 kommunekonstellasjoner som deltar i prosjektet Fremtidens lokaldemokrati
32 nye kommunar deltek i prosjektet Framtidas lokaldemokrati.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterer kommunar som deltek i prosjektet, Framtidas lokaldemokrati i nye kommunar til prosjektleiarsamling i Sandnes 29. – 30. mai. Les programmet og meld deg på her.

Vilkåra for demokratiutvikling varierer mykje i dei nye kommunane, mellom anna avhengig av om det er stor forskjell i folketalet i dei kommunane som skal bli ei ny kommune. Der ein eller fleire mindre kommunar skal slå seg saman med ei stor bykommune, vil det ofte være andre oppfatningar av kva som er dei viktige utfordringane ein bør ta tak i når det gjeld lokaldemokratiet - og kva løysingar som er aktuelle, enn der kommunane som skal slå seg saman er likare i folketal. På samlinga vil du gjennom foredrag frå forskarar og praktikarar i kommunar, og gjennom djupdykk og dialog rundt bordet, reflektere, dele erfaringar og la deg inspirere av andre kommunar. Du vil få presentert moglege løysingar på ulike situasjonar som dei nye kommunane står i, knytt til fire tema:

  • politisk organisering
  • arbeidsmåtar
  • innbyggjarmedverknad
  • digitale løysingar

Kommunar som skal utvikle og fornye lokaldemokratiet i den nye kommunen saman, vil kunne hente mange gode eksempel og erfaringar på denne prosjektleiarsamlinga.

Program for prosjektledersamlinga i Sandnes 29.-30. mai.

25. og 26. september blir det lokaldemokratikonferanse i Trondheim. Då vil departementet invitere lokalpolitikarar som arbeider med fornying og utvikling av lokaldemokratiet i dei nye kommunane.


Oppstart av arbeid med stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor

Statsråd Monica Mæland i samtale med Kristoffer Dybvik fra flyktningtenesten i Bydel Grünerløkka i Oslo kommune. Dei har starta "Do-It-Yourself", ein grøn innovasjonsplattform for nyankomne flyktningar, som mellom anna har eit prosjekt med urbant landbruk.
Statsråd Monica Mæland i samtale med Kristoffer Dybvik frå flyktningtenesta i Bydel Grünerløkka i Oslo kommune. Dei har starta "Do-It-Yourself", ein grøn innovasjonsplattform for nyankomne flyktningar, som mellom anna har eit prosjekt med urbant landbruk. Foto: KMD

Kommunal- og moderniseringsminister inviterte 19. mars til DOGA for å markere starten for regjeringa sitt arbeid med ei stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor. Over 250 deltakarar var til stades. Det var i tillegg mogleg å følgje med på regjeringa sine nettsider.

Mæland trakk fram at offentleg sektor framover må tenkje nytt og innovativt for å møte utfordringane knytte til mellom anna demografi og strammare økonomiske rammer. Regjeringa ønskjer difor eit innovasjonsløft for å møte måla om ein bærekraftig, effektiv og moderne offentleg sektor med høg tillit hos innbyggjarane.

Arbeidet har akkurat kome i gang, men det vil i tida framover vere mogleg å følgje arbeidet på http://nettsteder.regjeringen.no/innovasjonioffentligsektor/. Her ligg også sendinga frå oppstartsarrangementet.


Innovasjonseksempel: Etablering av innovasjonslab i Bergen kommune

Illustrasjon av innovasjon i kommunene

Bergen kommune har nyleg etablert InnoLab, ein innovasjonslab som skal vere eit knutepunkt for idéarbeid i kommunen som gjelder innovasjon og digitalisering på alle område. Målet med Innolab er å skape ein enklare veg for gode idear og forslag til forbetringar inn til kommunen. Innolab skal kople dei gode ideane mot dei rette aktørane i kommunen gjennom eit eige innovatørnettverk. Nettverket vil ha jamlege møter med Innolaben og Næringsseksjonen for å gå gjennom ideane som kjem inn, for å sjå om dette er noko som kan bli prøvd ut i kommunen.

Innovasjonslaben i Bergen kommune